REGULERINGSPLAN FOR LUTELANDET ENERGIPARK Vedteken i kommunestyret 25.10.11, sak K 87/11. FØRESEGNER 1 GENERELT 1.1 Desse føresegnene gjeld for området innanfor plangrensa på plankartet. Utbygging av området skal skje i samsvar med plankart og tilhøyrande føreseger. 1.2 Føresegnene kjem i tillegg til det som til ei kvar tid er bestemt i plan- og bygningslova med forskrifter, samt vedtekter til plan- og bygningslova vedtekne av kommunestyret i Fjaler kommune. 1.3 Etter at desse føresegnene er vedtekne, er det ikkje tillate å inngå privatrettslege avtalar innanfor planområdet i strid med reguleringsføresegnene. 1.4 Området er regulert til følgjande formål: Byggeområde (Pbl 1985 25.1) - Byggeområde for transformatorstasjon (Plassering av byggjeområde for transformatorstasjon skal avklarast i detaljreguleringa) Offentlege trafikkområde (Pbl 1985 25.3) - Køyreveg - Trafikkområde i sjø Fareområde (Pbl 1985 25.5) - Høgspenningsanlegg Spesialområde (Pbl 1985 25.6) - Område for vindkraft - Område for naturvern - Område for kulturminnevern - Friluftsområde (land) - Friluftsområde (sjø og vassdrag)
2 PLANKRAV 2.1 Område for vindkraft Før det vert gitt byggjeløyve for tiltak innanfor område for vindkraft skal det vere utarbeidd ein detaljreguleringsplan i samsvar med plan- og bygningslova. Planen skal m.a. fastsetje aktuelle løysingar for veg, oppstillingsplassar for kran/køyretøy og lokalisering av turbinposisjonar. Detaljreguleringsplanen skal også avklare areal for mellombels massedeponi og kvar nødvendig fyllmasse skal hentast. 2.1.1 Område for vindkraftverk Øyatåholmane Dersom det vert aktuelt med utbygging av vindturbin på Øyatåholmane med veg på fylling i sjø mellom holmane og Lutelandet, skal nærare plassering av vindturbin og spørsmålet om bygging av veg på fylling i sjø avklarast gjennom detaljregulering (jf. PBL 2008 12-3) med tilleggsutgreiing av konsekvensar av vegbygging for dei marine førekomstane (tareskog). 3 FELLES FØRESEGNER 3.1 Omsyn til landskap og estetikk Alle inngrep skal generelt utførast slik at skadeverknadane vert så små som mogeleg. Bygg og anlegg innan planområdet skal tilfredstille omsyn til landskap og estetikk i samsvar med plan- og bygningslova og Fjaler kommune sine krav. Alle inngrep skal generelt utførast slik at skadeverknadane vert så små som mogeleg. Bygg og anlegg innan planområdet skal tilfredsstille omsyn til landskap og estetikk i samsvar med plan- og bygningslova og Fjaler kommune sine krav. Eksisterande vegetasjon skal ikkje fjernast utover det som er nødvendig for utbygging av veg, oppstillingsplassar/parkering, vindmøller, kraftlinje og aktuelle bygg i samsvar med denne planen og vedteken detaljreguleringsplan i samsvar med 2. Vegetasjonsdekke og jord som vert teke bort i samband med utbygginga skal takast vare på slik at dette kan tilbakeførast ved istandsetjing av området. Nærare tilleggsføresegner om landskapsomsyn og istandsetjing/ revegetering av område for vindkraft skal spesifiserast i samband med utarbeiding av detaljreguleringsplan. 3.2 Kulturminnevern Dersom det i samband med graving eller anna arbeid kjem fram noko som kan vere arkeologiske funn (flint og liknande) eller konstruksjonar, må arbeidet med ein gang stansast og kulturavdelinga i fylkeskommunen kontaktast, jf. lov om kulturminne 8. Det er forbod mot å skade eller på anna måte gjere inngrep i automatisk freda kulturminne, 3. Kulturavdelinga prioriterer å gje rask vurdering og tilbakemelding i saka
3.3 Kulturminnevern i strandområde og sjø Tiltakshavar pliktar å gje melding til Bergen Sjøfartsmuseum dersom det under eventuell mudring eller utfylling i sjøområda, vert påvist forhistorisk avslagsmateriale, skipsvrak, keramikk eller andre kulturminne. Dersom kulturminne på sjøbotn kan bli råka av tiltaket, må undervassarbeidet stoppast og ikkje takast oppatt før museet har undersøkt og ev. frigjeve området. 3.4 Støy Verksemd innanfor område for vindkraft skal ikkje medføre støyulemper som overskrid gjeldande grenseverdiar fastsett i retningsliner for støy i arealplanlegginga (T-1442), eller seinare erstattingar av retningslinene. Sprenging er ikkje omfatta av kravet. Støyande anleggsarbeid (t.d. boring, pigging av stein) i nattperioden frå kl. 2300-0700 er ikkje tillate. 3.5 Lågfrekvent støy Før val av alternativ for vindturbintype og lokaliseringa vert gjort i detaljreguleringsplanen, skal eventuelle ulemper ved lågfrekvent støy utgreiast og vurderast. 4 BYGGJEOMRÅDE 4.1 Transformatorstasjon Endeleg plassering av byggeområde for transformator er føresett avklara i planbeskrivinga for detaljreguleringsplanen. Dette gjeld bygg som transformatorstasjon og servicebygg. Servicebygget skal ligge utanfor fareområde knytt til magnetiske felt ved transformatoren. 5 OFFENTLEGE TRAFIKKOMRÅDE 5.1 Trafikkområde i sjø Det er ikkje tillate med anlegg/innretningar som kan vere til hinder for skipstrafikk til og frå kaiområde på Lutelandet, området kan nyttast til ordinær båttrafikk. 6 FAREOMRÅDE 6.1 Høgspenningsanlegg Området er regulert til fareområde på grunn av framføring av høgspenningsliner og dette er markert med skravur på plankartet. Tryggingsavstanden for høgspennings-linene er på 15 meter til kvar side av linjene og det er 20 meter mellom linene, totalbreidd på fareområdet er 50 meter. 7 SPESIALOMRÅDE 7.1 Område for vindkraft 7.1.1 Innanfor området er det tillate med bygging av inntil 20 vindturbinar. Vindmøllene kan ha ei navhøgd på maksimalt 136 meter frå planert bakkenivå
og ei total høgd på maksimalt 200 meter. Rotordiameteren kan vere maksimalt 135 meter. 7.1.2 Det er ikkje tillate med tiltak som kan vere til hinder eller ulempe for vindkraftproduksjon, dette gjeld også aktivitet som kan redusere vindkraftproduksjonen. 7.1.3 Tilkomsten til område for vindkraft skal vere stengt med bom for allmenn motorisert ferdsle. Ev. bruk av tilkomsten utover drift og vedlikehald skal vere avklart med utbyggar, berørte grunneigarar og Fjaler kommune. Grunneigarar og andre med bruksrett kan nytte det interne vegnettet etter nærare avtale med kommunen og utbyggjar. 7.1.4 Innanfor området kan det førast opp mindre servicebygg som er naudsunt for drift og vedlikehand av vindparken. Plasseringa skal gå fram av detaljreguleringa. 7.1.5 Det skal leggast vekt på å gje vindkraftanlegget eit heilskapleg og visuelt harmonisk preg. Alle møllene skal ha einsarta utforming og felles rotasjonsretning. 7.1.6 Nødvendige kablar internt i område for vindkraft skal leggast i bakken, og hovudsakleg ligge i, eller langs det interne vegsystemet fram til transformatorstasjonen. 7.1.7 Vindmøllene skal merkast i samsvar med gjeldande norm for luftfartsmerking og meldast inn til Statens kartverk for registrering i hinderdatabasen. 7.1.8 Eventuelle måle-/testmaster (t.d. for vindmåling, kalibrering, måling av kraftproduksjon) kan plasserast i tilknyting til aktuelle turbinposisjonar, eller på eigna stad fastsett i detaljreguleringsplanen. 7.2 Område for naturvern 7.2.1 Spesialområde naturvern inneheld registrerte naturtypelokalitetar av verdi «Svært viktig» og «Viktig» frå «Konsekvensutredning for verneinteresser, biologisk mangfald og friluftsliv av 18.02.09» 7.2.2 Det er forbod mot inngrep, køyring med maskin, deponering av massar og stein med vidare i områda. Eventuelle tiltak innanfor ein avstand av 50 meter frå spesialområde område for naturvern, skal avklarast gjennom detaljreguleringa. Dette gjeld òg for naturtypar med verdi «Svært viktig» og «Viktig» som ligg utanfor, men grensar inn til planområdet med avstand mindre enn 50 meter mellom naturtype-område og eventuelle tiltak. 7.3 Område for kulturminnevern 7.3.1 I spesialområda ligg det automatisk freda kulturminne, freda i meldhald av lov om kulturminne 4. Det er hovudsakleg buplassar og aktivitetsstader frå steinalderen. Det er forbod mot tiltak som er eigna til å skade, øydelegge,
skjemme eller medføre fare for at det skal skje, jf. 3. Det er forbod mot inngrep, køyring med maskin, deponering av massar og stein med vidare i områda. 7.3.2 Spesialområde K1 omfattar Lok 27 - ID nr 129 722. Spesialområde K2 omfattar Lok 28 - ID nr 129 723. Spesialområde K3 omfattar Lok 29 - ID nr 129 724. Spesialområde K4 omfattar Lok 30 - ID nr 129 725, Lok 31 - ID nr 129 726, Lok 32 - ID nr 129 727, Lok 33 - ID nr 129 728. Spesialområde K5 omfattar Lok 36 - ID nr 129 731 og Lok 37 - ID nr 129 732. Spesialområde K6 omfattar Lok 34 - ID nr 129 729, Lok 35 - ID nr 129 730, Lok 38 - ID nr 129 733, Lok 39 - ID nr 129 734, Lok 40 - ID nr 129 735, Lok 41 - ID nr 129 736. 7.3.3 I samband med detaljreguleringsplanen kan søknad om dispensasjon frå fredinga handsamast. Det kan eventuelt gjerast mindre justeringar i spesialområde kulturminnevern, i samråd med kulturavdelinga i fylkeskommunen. 7.4 Friluftsområde (land) Område for friluftsliv land utgjer Brattholmane. Det kan ikkje gjerast terrenginngrep på desse øyane og dei skal kunne nyttast til friluftsliv i den grad det er ønskjeleg. 7.5 Friluftsområde i sjø og vassdrag Eit større sjøområde vest for Lutelandet er sett av til friluftsområde i sjø. Området skal kunne nyttast til ordinær båttrafikk, friluftsliv og rekreasjon i den grad det er ønskjeleg. Det er ikkje tillate med inngrep i dette området. 7.6 Spesialområde bevaring kulturminne i sjø Område omfattar det verna skipsvraket D/S Havda (Askeladden ID 89265) og ei sone på 50 meter på kvar side av kulturminne. Det er forbode mot oppankring og eventuelle andre aktivitetar som kan medføre inngrep i sjøbotn. 8 OMRÅDE MED REKKJEFØLGJEBESTEMMING 8.1 Det er knytt rekkjefølgjebestemmingar til område C, D og F der kulturminna er frigjevne på vilkår om utgraving. Før iverksetjing av tiltak i medhald av plan, skal det gjennomførast arkeologiske undersøking av dei råka automatisk freda kulturminna i område C (lok 13 - ID nr 122 482), område D (lok 17 - ID nr 122 486 og lok 18 - ID nr 122 487) og område F (lok 20-ID nr 122 489). 8.2 Det skal takast kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga i god tid før tiltaket skal gjennomførast slik at omfanget av den arkeologiske granskinga, utgravinga kan fastsetjast. 8.3 Det er forbod mot inngrep, køyring med maskin, deponering, nedfall av sprengstein m.m. i område C, D og F før arkeologisk gransking er gjennomført.
9 EVENTUELL NEDLEGGING AV ANLEGGET Ved ev. nedlegging av vindkraftverket skal vindturbinane vere demontert og fjernast frå området til godkjent stad innan 1 år etter avslutta drift. Området skal ryddast og setjast i stand til aktuell