Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Versjonsnr. Forfattere Dato Kommentar 1.0 Læringsmiljøutvalget 28.10.2008 Vedtatt av høgskolestyret 1.1 Revisjon 24.11.2011 Arbeidsutvalg 2.0 Læringsmiljøutvalget 29.05.2012 Vedtatt 1. Visjon Høgskolen i Lillehammer skal ha som mål å vere universelt utforma og tilby eit inkluderande læringsmiljø. Læringsmiljøet skal utformast slik at det kan nyttast av alle i så stor grad som mogleg, utan trong for tilpassing og spesiell utforming. 2. Bakgrunn I Universitets- og høgskolelova kapittel 4 4-3 heiter det under punkt 2) at styret har ansvar for: at læringsmiljøet skal utformes etter prinsipper om universell utforming Under punkt 5 i same vedtekta blir det samstundes presisert at i tillegg til det generelle arbeidet med universell utforming og fysisk tilrettelegging skal institusjonen legge studiesituasjonen til rette for studenter med særskilte behov. Den nye tilgjengelegheits- og diskrimineringslova har mykje å seie for arbeidet med inkludering framover: Medfører plikt til universell utforming av IKT ( 11) Medfører plikt til rimeleg individuell tilrettelegging av lærestad og undervisning, for å sikre at studentar får likeverdige moglegheiter til opplæring og utdanning. Offentlege utgreiingar har slått fast at menneske med ulike funksjonsnedsettingar i omfattande grad vert stengde ute frå samfunnet. Gradvis har det vokse fram ei erkjenning av at det er miljøet og omgjevnadene - ikkje eigenskapane hos den enkelte - som er årsaka til dette. Slik har òg universell utforming blitt eit politisk satsingsområde i Noreg. I Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjengelighet 2009-2013, legg ein vekt på at målet om auka tilgjengelegheit i samfunnet vil ha høg prioritet. I tiltak FOU3 Universell utforming innan universitet- og høgskolesektoren heiter det: Nasjonal pådriverenhet ved Noregs teknisk-naturvitenskapelige universitet skal medvirke til å iverksette, følge opp og revidere handlingplaner for universell utforming ved universitet og høgskoler. Pådriverenheten følger også opp plan for kompetanseheving av V. 2.0 Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Side 1 av 9
universell utforming i utdanningsinstitusjonene. Dette innebærer blant annet å inkludere universell utforming i læreplaner og øke kompetansen hos faglig personale. Ein viser også til FN sin konvensjon om rettane til mennesker med nedsatt funksjonsevne frå 2006, som skal sikre mennesker med nedsatt funksjonsevne full og likeverdig rett til å realisere sine menneskerettigheter. Det skal vere eit mål at Høgskolen i Lillehammer har universell utforming i tankane ved gjennomføring av alle tiltak, fysiske så vel som pedagogiske, slik at ingen grupperingar blir utestengd. Dette betyr deltaking og likestilling i samsvar med FN sine standardreglar for like moglegheiter for alle menneske, nedsett funksjonsevne eller ikkje. Studentane skal oppleve høgskolen som open og tilgjengeleg. Ein høgskole som er godt tilrettelagt, er ein god høgskole for alle. Dette dokumentet er ein gjennomgang og revisjon av Prinsippdokument for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer (vedtatt av styret 28.10.2008). 3. Prinsipp for universell utforming The Centre for Universal Design har formulert sju prinsipp for universell utforming i utvikling og evaluering av bygning, produkt og teneste: a. Like moglegheiter for bruk Utforminga skal vere brukbar og tilgjengeleg for personar med ulike forutsetningar. b. Fleksibel i bruk Utforminga skal tene eit vidt spekter av individuelle preferansar og forutsetningar. c. Enkel og intuitiv bruk Utforminga skal vere lett å forstå utan omsyn til brukaren sin erfaring, kunnskap, språkferdigheiter eller konsentrasjonsnivå. d. Forståeleg informasjon Utforminga skal kommunisere nødvendig informasjon til brukaren på ein effektiv måte, uavhengig av tilhøve knytt til omgjevnadene eller brukaren sine sensoriske ferdigheiter e. Toleranse for feil Utforminga skal minimere fare og skader som kan gi ugunstige konsekvensar, eller minimalisere utilsikta handlingar f. Låg fysisk anstrenging Utforminga skal kunne nyttast effektivt og enkelt V. 2.0 Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Side 2 av 9
g. Storleik og plass for tilgang og bruk Formålstenleg storleik og plass skal gjere tilgang, rekkevidde, og bruk mogleg uavhengig av brukaren sin kroppsstorleik, kroppsstilling eller mobilitet. 4. Kva er funksjonshemming? I motsetnad til tidlegare, då ein såg funksjonshemming som ein eigenskap ved individet, legg ein i dag ein relasjonsmessig definisjon til grunn. I Regjeringens handlingsplan for funksjonshemmede 1998-2001 (s.11) nytta ein fylgjande definisjon: Funksjonshemming er et misforhold mellom individets forutsetninger og miljøets og samfunnets krav til funksjon på områder som er vesentlige for etablering og opprettholdelse av selvstendighet og sosial tilværelse. Ein ønskjer å kome bort frå ein tankegang der individet blir definert som problemet, og der spesielle tiltak blir hovedløysinga, til ei likeverdig form for tilgjengelegheit som gjer at hovedløysinga kan brukast av dei fleste. Med universelle løysingar vil svært få vere funksjonshemma. Funksjonshemma utgjer inga einsarta gruppe, verken i samfunnet eller på høgskolen. Dei som kjem til høgskolen, vil ofte vere mellom dei mest ressurssterke. Likevel vil utfordringane i studiesituasjonen vere vesentlege også for desse, mellom anna fordi det inneber tilpassing til nye omgjevnader og nye oppgåver. Noko av målet med ein handlingsplan som denne må være å gjere denne tilpassinga så lett som mogleg. 5. Strategiske mål for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Dei strategiske måla er ideelle. Måla er viktige merkesteinar for å stake ut retninga på arbeidet med praktiske tiltak for studentar med nedsett funksjonsevne. a. Fysisk tilgjengeleg Bygg, anlegg og lokaler ved Høgskolen i Lillehammer skal vere innretta slik at alle studentar har tilgang på lik linje og i tråd med intensjonane bak universell utforming. Her ønsker vi framover å ha fokus på: Døropnarar til alle undervisningsrom Teleslynger i alle undervisningsrom God lesevennlighet i tavler og prosjektorlerret. V. 2.0 Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Side 3 av 9
b. Pedagogisk tilgjengeleg Høgskolen i Lillehammer skal ta omsyn til alle, slik at alle studentar får eit likeverdig utbyte av undervisingstilbodet ved det enkelte studium. Dette inneber: ein felles standard for utforming av skriftleg undervisningsmateriell jf. Blindeforbundet.no. Dette inneber også kursing i programvare for tilsette, for eksempel PowerPoint bruk av mikrofon i auditorium, felles utforming og enkel i bruk undervisningsmateriell, til dømes PowerPoint-presentasjonar, bør så langt det er mogleg bli gjort tilgjengelig i Fronter i forkant av forelesninga, slik at studentar kan førebu seg fagleg med utskrift eller tilpasse ved bruk av ulike typer programvare. at kvart studiemiljø bør ha ei felles forståing av og praksis for korleis undervisningsmaterialet blir gjort tilgjengeleg for studentane. Dette kan til dømes gjerast gjennom Fronterkontrakten eller liknande avtale. c. Tilgjengeleg studielitteratur Pensumlister skal gjerast tilgjengelig i god tid før semesterstart, seinast 1.juni/1.november, slik at dei som har rett til lydbøker får tid til saksbehandling/produksjon hos Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek (NLB) før emnet startar opp. d. Kommunikasjon og informasjon HiL har som mål å utvikle samarbeid og dialog mellom Høgskolen og omverda gjennom bruk av interaktive tenester alumni-nettverk gode rutiner for formidling av forskning. e. Bevisstgjering og samarbeid Tilsette og studentar ved Høgskolen i Lillehammer skal bevisstgjerast dei problem alle studentar uansett funksjonsevne møter i studiesituasjonen. I undervising og rettleiing av studentar pliktar dei tilsette å sette seg inn i kva hjelpemiddel og særtiltak som kan lette studiearbeidet for den enkelte. Her er det behov for eit haldningsskapande arbeid. Informasjon kan hentast frå Universell.no eller ved å henvende seg til Studieadministrasjonen sin kontaktperson. f. Sikkerheit Sikkerheits- og arbeidsmiljørutiner ved Høgskolen i Lillehammer skal utformast slik at alle studentar uansett funksjonsevne er beskytta på lik linje. Her er det behov for at alle tilsette får ein innføring i: V. 2.0 Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Side 4 av 9
Evakuering ved brann, (trappefritt jf. rullestolbrukarar) Varsling av hørselshemma ved alarm g. Informasjonsteknologi Eit digitalt læringsmiljø skal vere godt utvikla ved alle studier, slik at studentane kan tilegne seg fagspesifikk digital kompetanse som del av utdanninga si. Det skal vere lett å delta på dei digitale læringsarenaene både som campusstudent og som fleksibel student. (jf. IKT-strategi for Høgskolen i Lillehammer 2011-2015). I samanheng med dette, er det utarbeidd ein Fronterkontrakt (sjå dei to siste sidene i dette dokumentet), som skal fyllast ut for kvart studium. Ansvarleg for gjennomgang og utfylling av Fronterkontrakten er studieleiar/studieansvarleg. Hensikta med denne kontrakten er å sørgje for at faglærarane i størst mogleg grad har ein einsarta bruk av læringsplattforma å gjere studentane kjend med korleis læringsplattforma nyttast ved det enkelt studium. Den utfylte Fronterkontrakten skal gjerast tilgjengeleg for studentane i det felles informasjonsrommet for studiet. h. Sosialt liv Høgskolen i Lillehammer skal samarbeide med Studentsamskipnaden i Oppland og studentorganisasjonar for at alle studentar uansett funksjonsevne skal ha tilfredsstillande boforhold, og kunne delta i sosiale aktivitetar. Tilsette og tillitsvalde studentar må legge til rette for inkludering i sosiale aktivitetar knytta til dei enkelte studia. 6. Status Høgskolen i Lillehammer kjem stadig nærare målet om universell utforming av læringsmiljøet, men mykje står enno att. Status kan oppsummerast slik: Det meste av bygningsmassen er gjort tilgjengeleg for alle. Høgskolen i Lillehammer er dessuten valgt som ein av sju eigedomar i Statsbygg som skal universelt utformast i 2012. Prosjektet har øyremerka 4 millionar kroner til arbeidet ved HiL. Allereie våren 2012 er det planlagt utbedring av belysning, døropnarar, ledelinjer og teleslynger. Ein prøver ved hjelp av informasjon, å få studentar med trong for tilrettelegging til å melde frå om dette allereie i søknadsprosessen, slik at HiL får tid på seg til å førebu mottak og tilrettelegging i størst mogleg grad. Høgskolen sitt nye kvalitetssystem har evaluering og avviksrapportering som også skal avdekke svikt i tilrettelegging for brukarar med særskilte behov. V. 2.0 Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Side 5 av 9
Studieadministrasjonen har ein kontaktperson for studentar som treng tilrettelegging. Her kan også tilsette søke råd om universell undervisning / spesiell tilrettelegging. Oppsummert meiner prosjektgruppa at det er gjort mykje på fysisk tilrettelegging av bygningsmasse og uteområde, men at det framleis er ein del å hente på pedagogisk tilrettelegging i studie- og undervisingssamanheng, haldningsskapande arbeid blant tilsette og bruk av informasjonsteknologi. Ein fersk rapport frå organisasjonen Unge funksjonshemmede viser at mange studentar med usynlege funksjonshemmingar ikkje er tilfreds med den tilrettelegginga dei får ved lærestadane. Universell utforming tek omsyn til mangfaldet blant studentane, gjev allmenne løysingar av god kvalitet og bidreg til auka deltaking og likestilling for alle studentar uansett funksjonsevne. Prosjektgruppa støttar det vidare arbeidet med å finne gode universelle løysingar. Nyttige lenker: Interesseorganisasjonen Unge Funksjonshemmede har gjennom prosjektet "Krev din rett" sett på tilrettelegging i høgare utdanning for studentar med "usynlege" funksjonshemmingar. Her er rapporten: Ute av øye ute av sinn V. 2.0 Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Side 6 av 9
Fronterkontrakt Studieår: 2012-2013 Studium: Studieleder: Faglærere: Veiledere: Gjestelærere (eksterne): Sett kryss i relevante ruter legg til evt. kommentarer Rommal(er) som skal benyttes Standard BillyFronter fagromsmal Standard BillyFronter fagromsmal uten ikoner/grafikk i overskrifter BillyFronter Light (standard filarkiv i stedet for fag/tema-sider) BillyFronter kullrom Felles informasjonsrom for studiet Kommentarer: Pensum, emnebeskrivelse, undervisningsplan o.l. på Førstesiden Opprette lenke til pensum på HiLs hjemmeside X 1 Opprette lenke til emnebeskrivelse på HiLs hjemmeside X 2 Opprette lenke til undervisningsplan/forelesningsplan X 3 (dokument) Kommentarer: Fagstoff/Forelesningsnotater o.l. Tidspunkt for når fagstoff/forelesningsnotater/presentasjoner o.l. legges ut (hovedregel) Senest dagen før: Kommentarer: Samme dag: Etter forelesningen Annet: 1 Obligatorisk 2 Obligatorisk 3 Obligatorisk V. 2.0 Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Side 7 av 9
V. 2.0 Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Side 8 av 9
Arbeidskrav Klargjøre for og utføre plagiatkontroll Kommentere besvarelsene ved å skrive kommentarene i selve dokumentet Kommentere besvarelsene ved å laste opp eget kommentardokument Skrive kommentarer i kommentarvinduet Benytte Godkjent, Ikke godkjent, På god vei osv. Kommentarer: SMS Faglærer skal kunne sende SMS til studenter fra deltakerlista i et rom Kalender La studentene velge veiledningstid i kalenderen Andre kommentarer: V. 2.0 Handlingsplan for universell utforming ved Høgskolen i Lillehammer Side 9 av 9