BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid"

Transkript

1 BEST. NR. 456-NYN Ungdom i arbeid

2 Utgitt første gong i 1985 Direktoratet for arbeidstilsynet Statens hus, 7468 Trondheim September 2002 Brosjyren er revidert og har fått ny lay-out. Mars 2008 Brosjyren er oppdatert. På internettsidene til arbeidstilsynet finn du meir informasjon om bl.a. arbeidsmiljø og ungdom, sjekk eller Arbeidstilsynet gir råd og rettleiing om arbeidsmiljølova. Har du spørsmål, ring svartenesta vår: E-post: svartjenesten@arbeidstilsynet.no

3 INNHALD FØR DU BYRJAR I JOBB NÅR DU BYRJAR I JOBB NÅR DU ER I JOBB NÅR DU SLUTTAR I JOBBEN

4 4

5 Stort sett gjeld reglane i arbeidslivet for alle, utan omsyn til kor gammal du er, men på nokre område finst særskilte reglar for personar under 18 år. Desse reglane skal gi unge ekstra vern mot arbeid som kan vere skadeleg. I arbeidsmiljølova finn du føresegner som regulerer arbeidstilhøvet, og i ferielova finn du føresegner om ferie og feriepengar. Før du byrjar i jobb Dersom du er under 18 år, kan du ikkje ta alle slags jobbar. Årsaka til det er at somme jobbar kan vere skadelege. 5

6 UNDER 13 ÅR Personar under 13 år kan som hovudregel ikkje ta arbeid. Dersom familien driv gard, kan likevel barn under 13 år til dømes hjelpe til med å hauste inn poteter, plukke bær og drive med lett stell av dyr. Dette blir ikkje rekna som arbeid slik lova tolkar det. Aldersgrensa på 13 år gjeld heller ikkje dersom du til dømes skal vere med på filminnspeling eller teater, men då berre dersom det blir teke tilstrekkelig omsyn til tryggleiken, helsa, utviklinga og skulegangen din. Arbeidstilsynet må også gi samtykke på førehand år Personar mellom 13 og 15 år kan ta somme typar arbeid. Har du fylt 13 år, kan du utføre lett arbeid. Såframt arbeidet er lett, kan du til dømes ta jobb som avisbod eller utføre kontor- og butikkarbeid. 6

7 Har du fylt 14 år, kan du også ha anna arbeid som ledd i skulegangen eller i praktisk yrkesrettleiing. Slike opplæringsopplegg skal vere godkjende av skulestyresmaktene. Dersom du er under 15 år eller er skulepliktig, må du ha skriftleg samtykke frå foreldre eller andre føresette før du kan byrje i arbeid år Ungdom over 15 år kan ha arbeid som ikkje er til skade for tryggleiken, helsa, utviklinga eller deira skulegang. Det tyder at du til dømes kan ta butikkarbeid og rydde- og vedlikehaldsarbeid i parkar. Arbeidsgjevaren må i kvart tilfelle ta standpunkt til om arbeidet kan vere til skade for deg og pliktar å gjere det som er nødvendig for å ivareta di sikkerheit, helse og utvikling. Visse typar arbeid blir rekna som farleg arbeid, og er derfor 7

8 Visse typar arbeid blir rekna som farleg arbeid, og er derfor forbode å utføre for personar under 18 år. Arbeidsgjevaren din kan ikkje sette deg til slikt arbeid. Du kan til dømes ikkje utføre arbeid der du kan bli utsett for kreftframkallande kjemikaliar. Sjølv om arbeidet i utgangspunktet er forbode, kan ungdom mellom 15 og 18 år i visse tilfelle likevel utføre arbeidet dersom det skjer som ledd i ei yrkesretta opplæring. 18 ÅR Personar over 18 år kan ta dei aller fleste jobbar. I somme jobbar er det likevel eigne aldersgrenser. Du må til dømes ha fylt 20 år for å ha lov til å selje brennevin. 8

9 9

10 Når du byrjar i jobb ARBEIDSAVTALE Det skal skrivast ei arbeidsavtale i alle arbeidstilhøve. Ei slik avtale skal blant anna innehalde opplysningar om arbeidstid, lønn, oppseiingstid og andre vilkår. Dersom arbeidstilhøvet skal vare under ein månad, må arbeidsavtala skrivast med ein gong. Skal arbeidstilhøvet vare i meir enn ein månad, må ein inngå arbeidsavtala snarast mogeleg og seinast innan ein månad etter at arbeidstilhøvet byrja. ARBEIDSREGLEMENT På dei fleste arbeidsplassar skal det vere slått opp eit arbeidsreglement. Reglementet skal innehalde de ordensreglar som trengst og reglar for arbeidstidsordninga. Les reglementet og følg det. 10

11 PRØVETID Den første tida i ny jobb er gjerne såkalla prøvetid. Det vil seie at både arbeidsgjevaren og du sjølv skal sjå om du passar til jobben. Prøvetid gjeld berre om det er skriftleg avtala, og ho kan ikkje vare meir enn 6 månader. I prøvetida kan du seies opp på grunn av manglande tilpassing til arbeidet, fagleg dyktigheit eller pålitelegheit. I prøvetida er oppseiingsfristen 14 dagar både for arbeidsgjevaren og deg. 11

12 OPPLÆRING Når du er ny, har du krav på skikkeleg opplæring i jobben. Det gjeld både korleis sjølve arbeidet skal gjerast, og kva særskilde reglar du må følgje av omsyn til tryggleik og helse. SKATTEKORT Når du byrjar å tene egne pengar, må du ha vanleg skattekort eller frikort. Dette skal du levere til arbeidsgjevaren din. Skatteetaten kan gi nærare opplysningar om dette. 12

13 13

14 Når du er i jobb ARBEIDSTID Arbeidstida for personer under 18 år skal leggjast slik at ho ikkje hindrar skulegang eller hindrar dei i å dra nytte av undervisning. PERSONAR UNDER 15 ÅR SKULEPLIKTIGE For personar som er under 15 år, eller som er skulepliktige, må ikkje arbeidstida overstige 2 timar i døgnet og 12 timar i veka i veker med undervisning. På skulefrie dagar kan du arbeide opptil 7 timar i døgnet. I skuleferiar som varer i minst ei veke, kan du arbeide opptil 7 timar i døgnet og 35 timar i veka. Arbeidstilsynet kan gi løyve til at du kan arbeide utover 14

15 2 timar i døgnet og 12 timar i veka ved kulturelt og liknande arbeid. Eksempel på dette er deltaking i eit teaterstykke. Dersom du er med i ei ordning i regi av skulen som byter på teoretisk og praktisk utdanning, må arbeids- og skuletida til saman ikkje overstige 8 timar i døgnet og 40 timar i veka. PERSONAR MELLOM 15 OG 18 ÅR IKKJE SKULEPLIKTIGE For personar mellom 15 og 18 år som ikkje er skulepliktige, må arbeidstida ikkje overstige 8 timar i døgnet og 40 timar i veka. PERSONAR OVER 18 ÅR For personar over 18 år må den alminnelege arbeidstida ikkje vere meir enn 9 timar i døgnet og 40 timar i veka. Mange arbeidsplassar har avtale om kortare arbeidstid. OVERTID Personar under 18 år kan ikkje jobbe overtid. Dersom du er over 18 år, kan du jobbe overtid. Du har då krav på overtidsbetaling for den tida som overstig vanleg arbeidstid etter 15

16 arbeidsmiljølova. Vanleg arbeidstid etter arbeidsmiljølova er 9 timar i døgnet og 40 timar i veka. Etter arbeidsmiljølova skal du ha minst 40 % overtidsbetaling. Dei fleste stadene får du overtidsbetaling for arbeid ut over det som er avtala som vanleg arbeidstid, til dømes 8 timar per dag. Arbeidsmiljølova set grenser for kor mykje overtid du kan jobbe. PAUSAR/FRITID Personar under 18 år har krav på pause i minst 1/2 time dersom den daglege arbeidstida overstig 4 1/2 time. Er du over 18 år, har du krav på pause dersom arbeidstida overstig 5 1/2 time i døgnet. Du har krav på pause i minst 1/2 time dersom arbeidstida er på minst 8 timar i døgnet. Dersom arbeidet er lagt opp slik at du ikkje kan gå frå arbeidsstaden i matpausen, eller det ikkje finns tilfredsstil- 16

17 lande pauserom, skal du også ha betalt for pausen som då blir rekna med i arbeidstida. Det finst også reglar om dagleg kviletid og kor mykje fritid du skal ha i veka, noko som skal sikre at du får nok kvile mellom arbeidsperiodane. 17

18 NATTARBEID Personar som er under 15 år, eller som er skulepliktige, skal ikkje arbeide mellom kl og kl Det finst unntak frå denne regelen. Du kan til dømes vere med i filminnspeling eller teaterstykke. Personar mellom 15 og 18 år som ikkje er skulepliktige, skal ha ein arbeidsfri periode på minst 8 timer som omfattar tida mellom og Arbeid mellom og er nattarbeid og er berre tillaten på visse føresetnader. Det finst unntak frå denne regelen også. Du kan til dømes ta arbeid som avisbod eller arbeide på lærekontrakt i verksemder innan hotell- og restaurantnæringa. LØNN Lova seier ikkje noko om minstelønn. Kor mykje du skal ha i lønn er det di eiga avtale direkte med arbeidsgjevaren eller tariffavtala som avgjer. Arbeidsgjevaren din har som hovudregel ikkje lov til å trekkje deg i lønn eller i feriepengar. Det kan likevel bli gjort dersom 18

19 det til dømes er avtala på førehand eller er regulert i lova. Du har krav på ein skriftleg oversikt som viser korleis lønna er rekna ut, og kva for frådrag som er gjort. SJUKEPENGAR For å ha rett til sjukepengar må du ha vore i arbeid i minst to veker rett før du blei sjuk. Sjukepengane utgjer til vanleg full lønn. Du må som regel levere sjukemelding. Dersom det er snakk om ein kortvarig sjukdomsperiode (inntil 3 dagar), kan du levere eigenmelding. Eigenmelding kan nyttast 4 gonger i løpet av 12 månader. Føresetnaden for å nytte eigenmelding er at du har vore tilsett i minst 2 månader. 19

20 Somme arbeidsplassar har inngått ei eiga avtale om utvida eigenmeldingsordning. Arbeids- og velferdsetaten (NAV) kan gi nærare opplysningar om dette. FERIE Du har rett til ferie kvart år. Dersom du er organisert med tariffavtale, har du krav på 5 veker ferie. Er du ikkje organisert, har du krav på 4 veker ferie og ein dag. Dersom du er under 18 år og går på skule, må du ha minst 4 veker ferie i året. Av desse skal du ha minst 2 veker om sommaren. 20

21 FERIEPENGAR Same kor lenge du har jobba, har du krav på feriepengar. Dei som er i jobb heile året, får utbetalt feriepengane når dei tar ferie. Når du fråtrer eller byter jobb, skal du ha feriepengar utbetalt når du sluttar. Som organisert med tariffavtale utgjer feriepengane 12 % av feriepengegrunnlaget, og som uorganisert har du krav på 10,2 % av feriepengegrunnlaget. Feriepengegrunnlaget blir rekna etter kva du tente året før ferien tar til. All lønna inntekt blir rekna inn i feriepengegrunnlaget. ARBEIDSMILJØ/VERNEOMBOD Alt arbeid skal gå føre seg under trygge tilhøve. Det er arbeidsgjevaren som har ansvaret for dette, og som skal syte for at arbeidsmiljølova blir følgt. Men det er viktig at alle dei som jobbar ein stad er med på å betre arbeidsmiljøet. På dei fleste arbeidsplassar skal det vere eit verneombod. Verneombodet skal ta vare på interessene til dei tilsette i 21

22 saker som gjeld arbeidsmiljøet. Ta kontakt med verneombodet om det er noko du meiner er farleg eller uheldig på arbeidsplassen, og som du meiner bør rettast opp. OM SKADER OG ULUKKER I nokre yrke er det lett å sjå kva som kan vere farleg, til dømes maskiner og reiskap som det kan vere lett å skade seg på. Det kan finnast giftige eller helsefarlege stoff som er farleg å få på seg, svelgje eller puste inn. Det kan vere fare for å falle ned, til dømes frå stillas. Gjenstandar kan falle ned og råke nokon. Det er reglar for korleis ulike typar arbeid skal bli utført så trygt som mogeleg. Til dømes skal giftige og helsefarlege stoff vere merka på norsk. I andre yrke er likevel ikkje farane så lette å sjå, men arbeidet kan vere belastande og gi alvorlege skadar. Det gjeld til dømes jobbar der du må løfte tungt eller sitje i same arbeidsstilling lang tid om gongen. Mange i slike jobbar får 22

23 belastningssjukdomar. Skadane kjem ikkje så brått som i jobbar med dei synlege farane, men dei kan vere like alvorlege. I slike jobbar er det særleg viktig å lære seg gode arbeidsstillingar og syte for variasjon i arbeidet. VERNEUTSTYR Dersom det ikkje er mogeleg å tryggje arbeidsplassen på anna vis, er det nødvendig å bruke særskilt verneutstyr. Dette kan til dømes vere hjelm, maske, høyrselsvern og vernesko. Både av omsyn til deg sjølv og dei andre på jobben, er det viktig at du følgjer føresegnene om tryggleik. Får du beskjed frå arbeidsgjevaren om å bruke verneutstyr, har du plikt til å gjere det. FAGORGANISERING Det er ein fordel å vere medlem av ei fagforeining, særleg når du er i jobb over lengre tid. Arbeidsgjevaren din kan ikkje nekte deg å vere medlem av ei fagforeining. 23

24 Fagforeiningane forhandlar om lønn og andre gode, og dei er part i tariffavtalene som finst på mange arbeidsplassar. Dei tillitsvalde på arbeidsplassen kan gi deg nærare opplysningar om dette. 24

25 25

26 Når du sluttar i jobben SKRIFTLIG OPPSEIING Dersom du vil slutte i jobben, må du levere ei skriftleg oppseiing. Dette gjeld ikkje dersom du berre er tilsett for ei avgrensa tid og skal slutte til avtala tid. FRIST Dersom ikkje noko anna er skriftleg avtala eller fastsett i tariffavtala, er kortaste gjensidige oppseiingsfrist ein månad rekna frå første dag i månaden etter oppseiinga. ATTEST Du har krav på skriftleg attest når du sluttar i ein jobb. Attesten skal blant anna fortelje kva slags arbeid du har hatt og kor lenge du har vore tilsett. Når du skal søke nye 26

27 jobbar eller søke opptak ved skule, er det viktig at du har attest frå dei jobbane du har hatt tidlegare. OM Å BLI OPPSAGT Somme blir bedne om å slutte, utan at dei sjølve ønskjer det. I slike tilfelle har arbeidstakarane rettar som skal sikre at dei ikkje blir urettferdig handsama. Du kan ikkje bli sagt opp utan at arbeidsgjevaren har sakleg grunn til det, til dømes at du ikkje har passa jobben din, eller at verksemda må innskrenke. Dersom du blir sagt opp, skal du ha skriftleg beskjed. Du kan krevje ei grunngjeving. SØK HJELP Om du meiner at det ikkje er sakleg grunn for oppseiinga, bør du straks ta kontakt med tillitsvalde for å få hjelp med korleis du skal gå fram. Her finst det fristar som du må halde, så søk hjelp straks. Er det ikkje tillitsvald der du jobbar, kan Arbeidstilsynet hjelpe deg med råd. 27

28 AVSKJED Dersom det er heilt klart at du ikkje gjer jobben din, eller på anna vis klart bryt arbeidsavtala, kan arbeidsgjevaren gi deg avskjed og krevje at du sluttar straks. I slike tilfelle gjeld ikkje oppseiingsfristar. Avskjed er altså meir alvorleg enn ei oppseiing. Du har krav på attest sjølv om du blir sagt opp eller får avskjed. 28

29 29

30 Kontakt Arbeidstilsynets svarteneste tlf Fagfolk svarar på spørsmål om helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen, om arbeidsavtalar, arbeidstid, ferie, oppseiing og mykje anna.

31 Du kan tinge publikasjonar hos: Gyldendal Akademisk Postboks 6730 St. Olavs plass 0130 Oslo Ordretelefon: Ordrefaks: Sentralbord: E-post: Du kan også tinge publikasjonar over Internett: eller

32

Arbeidstilsynets publikasjoner Best.nr. 456. Ungdom i arbeid

Arbeidstilsynets publikasjoner Best.nr. 456. Ungdom i arbeid Arbeidstilsynets publikasjoner Best.nr. 456 Ungdom i arbeid Utgitt første gang i 1985 Direktoratet for arbeidstilsynet Statens hus, 7468 Trondheim September 2002 Brosjyren er revidert og har fått ny layout.

Detaljer

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 12/4098-2 112797/12 12.12.2012 Arbeidsreglement Vedteke i K.sak 95/48. Revidert av rådmannen 18.03.05. Oppdatert 01.07.10. Handsama i administrasjonsutvalet den 21.12.2012,

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Arbeidsreglement Sund kommune

Arbeidsreglement Sund kommune Dok.dato: 25.01.2013 Vår Ref: 2012001529-3 Arkiv: N- Arbeidsreglement Sund kommune Vedtatt i Administrasjonsutvalet i Sund kommune 23.01.2013 Side 1 av 7 Innhald: 1. Omfang 2. Tilsetjing 3. Tilsetjingsbrev/arbeidsavtale

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

11 Eg i arbeidslivet

11 Eg i arbeidslivet 11 Eg i arbeidslivet Arbeidsmarknaden Arbeidsmarknaden er stadig i utvikling. Ein kan rekne med å måtte skifte yrke fleire gonger gjennom ein arbeidskarriere. Arbeidsmarknaden blir meir internasjonal.

Detaljer

Husarbeid, tilsyn og pleie i privat arbeidsgivers hjem eller hushold

Husarbeid, tilsyn og pleie i privat arbeidsgivers hjem eller hushold Arbeidstilsynet Forskrift, best.nr. 572 Forskrift om Husarbeid, tilsyn og pleie i privat arbeidsgivers hjem eller hushold Forskrift til arbeidsmiljøloven fastsatt ved Kronprinsregentens resolusjon 5. juli

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2 KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda 0100.40.05.010 Vedtekter Nivå: 1. Volda Side : 1 Revisjon : 3 Erstatter : 2 Utarbeida av: Styrar i Oppigarden og styrar i Åsemyra barnehage Godkjend av direktør

Detaljer

A R B E I D S REGLEMENT

A R B E I D S REGLEMENT Austevoll kommune A R B E I D S REGLEMENT Vedteke av Austevoll kommunestyre den 11.02.88, sak 0018/88. Revidert den 24.04.90, sak 0038/90 Revidert av Administrasjonsutval K den 15.01.98, sak 0004/98 Administrativt

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Bustønad 2008. Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter Bustønad 2008 Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter 2 Denne brosjyren gir eit oversyn over bustønadskontoret. Brosjyren byggjer på gjeldande reglar per 1. januar 2008. Vi gjer

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR Vedteke i arbeidsmiljøutvalet 23.11.2015 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 15/733-8 7952/15 044 FSK/PER/LIER Innhaldsliste

Detaljer

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. Kva er ein støttekontakt/avlastar? Støttekontakten er ein person som gjev andre støtte og oppfølging på fritida. Tenesta skal vere tilpassa den enkelte, og målsettinga

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Administrasjonsutval Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Skolespørjeskjema 4. klasse Rettleiing Skolen din har sagt seg villig til å vere med i TIMSS 2003, ein stor internasjonal

Detaljer

Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret 23.6.2011, sak K 11/65

Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret 23.6.2011, sak K 11/65 Arbeidsreglement Vedteke i kommunestyret 23.6.2011, sak K 11/65 INNHALD: 1 DEFINISJON... 3 2 OMFANG... 3 3 TILSETTING... 3 4 ARBEIDSAVTALE... 3 5 LEGEATTEST/ POLITIATTEST... 3 6 OPPLÆRING AV NYTILSETTE...

Detaljer

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER Reglement for Sandøy kulturskule. 1 Samarbeid mellom skule og heim Kulturskulen freistar til ei kvar tid å utvikle samarbeidet/kontakten mellom skule og heim. I revideringa

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU Møteinnkalling Stølsheimen verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Fjordsenteret, Aurland Dato: 30.09.2014 Tidspunkt: 11:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylkesmannen.no.

Detaljer

Forsand kommune Personalkontoret

Forsand kommune Personalkontoret Forsand kommune Personalkontoret Saksbeh Ref. Arkivkode Dato: Siw Kristin Sundheim 10/750-10 /K1-401 18.05.2011 RUTINE FOR ROS-ANALYSE VED OMSTILLING I FORSAND KOMMUNE ROS-analyse ulike typar risiko 1

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Arbeid som utføres i arbeidstakers hjem

Arbeid som utføres i arbeidstakers hjem Arbeidstilsynet Forskrift, best.nr. 571 Forskrift om Arbeid som utføres i arbeidstakers hjem Forskrift til arbeidsmiljøloven fastsatt ved Kronprinsregentens resolusjon 5. juli 2002, nr. 715. Endret ved

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Bakgrunn Frå ulikt hald har vi fått signal om at det er ønskjeleg med ei omstrukturering av HMSdokumentasjonen

Detaljer

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Namning av vegar i Fræna Kommune

Namning av vegar i Fræna Kommune Namning av vegar i Fræna Kommune Mange bustadar i Fræna manglar adresse med vegnamn og husnummer. Etter innspel frå naudetatane, samt føringar frå sentrale styringsmakter, gjer at vi må sørgje for at alle

Detaljer

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 27.01.2009 Handboka 06.09 Kommunestyret har delegert ein del avgjerder til rådmannen, som har delegert vidare til

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta Til turnuslegane i kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta Sosial- og Helsedepartementet har sett i gang tiltak for å betre rekrutteringa til primærhelsetenesta

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE

ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE 1 Målsetting og omfang Arbeidsreglementet skal vise dei krav og forventningar Sunnfjord kommune har til sine tilsette. Det skal òg bidra til at arbeidsvilkåra er

Detaljer

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22) Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22) Dersom samlivet har vore brote i minst to år, kan kvar av dykk krevje skilsmisse ved å fylle ut dette skjemaet. Fylkesmannen har kun

Detaljer

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Vedteke i kommunestyret 12.12.2013, sak K 13/169 Endra i kommunestyret 27.8.2015, sak K 15/96 Gjeldande frå ny kommunestyreperiode 2015-2019 INNHALD:

Detaljer

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV 08.10.2013

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV 08.10.2013 Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV 08.10.2013 Vernerunde er den mest kjende metoden for generell kartlegging av arbeidsmiljøet.

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar. Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar. Den 4.01.2011 vart det gjennomført forhandlingar om lokal særavtale for tilsette i kap 4C mellom Hjelmeland kommune og Utdanningsforbundet Hjelmeland

Detaljer

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Forbrukerrådets husleiekontrakt Om kontrakten Dette er Forbrukarrådet sin standardkontrakt for leige av bustad. På Forbrukerrådets hjemmeside finn de informasjon om reglar i husleigeforhold, skjema ved overtaking av bustad, og inventarliste

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE VOSS KOMMUNE ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE Vedtekne i kommunestyret 30. november 1995, sak 93. Endra i kommunestyret 26. august 1999, sak 49 20. juni 2001, sak 53 27. november 2007, sak 78 (kursiv) og 29.

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste Sogndal kommune Møteinnkalling Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 03.03.2010 Tid: 09:00 Eventuelt forfall skal meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fritidsbåt mellom private

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fritidsbåt mellom private Partar Seljar Namn: Fødselsnr. (11 siffer) Adresse: Postnr./stad: Tlf.: E-post: Kjøpar Namn: Fødselsnr. (11 siffer) Adresse: Postnr./stad: Tlf.: E-post: Side 1 av 6 Båttype, motor og utstyr Båtfabrikat

Detaljer

Fastsatt av Tariffnemnda 27. november 2014 nr. 1481.

Fastsatt av Tariffnemnda 27. november 2014 nr. 1481. Arbeidstilsynet Forskrift, best.nr. 604 Forskrift om Allmenngjøring av tariffavtale for jordbruksog gartnerinæringene Fastsatt av Tariffnemnda 27. november 2014 nr. 1481. Utgitt februar 2011 Direktoratet

Detaljer

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE SKODJE KOMMUNE SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE Til behandling i Kommunestyret 14.12.2010 Sak PS /10 Saksnr.: 06/521-9 Side 1 2 1. MÅLSETJING I Skodje kommune ønskjer alle tilsette å halde fram i

Detaljer

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Ved valet vel vi representantar

Detaljer

Kl. 09.00: Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Kl. 09.00: Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere. RINGSAKER KOMMUNE BRUMUNDDAL UNGDOMSSKOLE Mai 2014 Til elever og foreldre på 10. trinn Informasjon om eksamen og klagerett Dette skrivet inneholder følgende informasjon: om skriftlig eksamen våren 2014

Detaljer

PENSJON Generelt om pensjon, AFP, offentlig tjenesstepensjon m.m. Kurs for atv/vgo - Tromsø 15. og 16. mars

PENSJON Generelt om pensjon, AFP, offentlig tjenesstepensjon m.m. Kurs for atv/vgo - Tromsø 15. og 16. mars PENSJON Generelt om pensjon, AFP, offentlig tjenesstepensjon m.m. Kurs for atv/vgo - Tromsø 15. og 16. mars 1 TEMA FOR DENNE ØKTA 1. Generelt om pensjon 2. AFP 3. Offentlig tjenestepensjon 2 TARIFF 2009

Detaljer

SOGNDAL KOMMUNE. Tilsetjingsreglement. Revidert i administrasjonsutvalet den 21.12.12, skal 2/12

SOGNDAL KOMMUNE. Tilsetjingsreglement. Revidert i administrasjonsutvalet den 21.12.12, skal 2/12 SOGNDAL KOMMUNE Tilsetjingsreglement Revidert i administrasjonsutvalet den 21.12.12, skal 2/12 Innhaldsoversyn 1. Omfang... 3 2. Tilsetjingsmynde... 3 3. Før utlysing... 3 4. Utlysing... 3 5. Kvalifikasjonar

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD (vedteke av Bjørnafjorden kyrkjelege fellesnemnd den 2. oktober 2018, sak 2018/025) 1 OMFANG Reglement gjeld alle arbeidstakarar i eit fast forpliktande

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING DRIFTSTILPASSINGI ØYGARDEN PROSESSAR VEDK ENDRINGAR I AREIDSTILHØVE Dok.ref. 13/430-2/K1-031//JOM Dato: 06.05.2013 SKISSE TIL: AVTALE MELLOM ØYGARDEN KOMMUNE OG ARBEIDSTAKARORGANISASJONANE: SPELEREGLAR

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord Sak til komité for levekår 05.10.04 1.0 Bakgrunn Komité for levekår vedtok 09.04.02 i sak 0008/02 å opprette eit prosjekt retta mot unge langtidsmottakarar

Detaljer

Orientering om. Innleige av arbeidskraft

Orientering om. Innleige av arbeidskraft Arbeidstilsynet Orientering, best.nr. 569-NYN Orientering om Innleige av arbeidskraft Utgitt juni 2001 Direktoratet for arbeidstilsynet Statens hus, 7468 Trondheim Manuskriptet er utarbeidd av Arbeidsog

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den 21.6.2011. Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/298-13 460 22.07.2011

Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den 21.6.2011. Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/298-13 460 22.07.2011 JØLSTER KOMMUNE Tenestekontoret Notat Permisjonsreglement Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den 21.6.2011 Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/298-13 460 22.07.2011 1. Generelt Gjeldande

Detaljer

INNFØRINGSKURS OM PENSJON I OFFENTLEG SEKTOR

INNFØRINGSKURS OM PENSJON I OFFENTLEG SEKTOR INNFØRINGSKURS OM PENSJON I OFFENTLEG SEKTOR 1 TEMA SOM BLIR OMHANDLA I KURSET 1. Innleiing og generelt om pensjon 2. AFP 62 64 år, 65 67 år 3. Offentleg tenestepensjon ved 67 år 4. Uførepensjon 5. Kvar

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer