Daniel Grindeland grindelandentertainment@gmail.com SAKSBEHANDLAR: INGVILD HANSEN NYSTAD ARKIVKODE: 2019/4479-432.2 DATO: 03.09.2019 Dispensasjon for filming med drone på Skageflå, Geiranger-Herdalen landskapsvernområde Daniel Grindeland får dispensasjon frå forbodet mot droneflyging i landskapsvernområdet ein dag i haust frå dd. 1. Dispensasjonen gjeld på vilkår om at filminga følgjer konsentrert omsøkt område,og tar særleg omsyn til fugl og vilt. Filminga skal avsluttast så snart det skulle oppstå tvil om forstyrring av desse. 2. Dispensasjonen gjeld kun omsøkt motiv på og rundt Skageflå, og må ikkje bevege seg vekk frå dette verken i avstand eller tid. 3. Publiseringa av filmen skal opplyse om at filminga har gått føre seg med løyve frå Geiranger- Herdalen landskapsvernområde. 4. Flyging nær dyr og fugl skal unngåast. Ved observasjon av rovfugl må dronen takast ned og filming utsetjast til fuglane har trekt vekk. 5. Det skal haldast god avstand til eventuelle turfolk som er i området, og flyging skal av omsyn til friluftslivet skje berre på vekedagar (ikkje laurdag eller søndag). 6. Verneområdeforvaltar skal ha melding om dato seinast dagen før flyging, via e-post eller SMS. 7. Dispensasjonsvedtaket skal takast med under oppdraget og skal kunne visast fram ved ev. kontroll. Dispensasjonen fritek ikkje søkjar frå å søkje og innfri anna aktuelt regelverk som gjeld droneflyging. Dette vedtaket er fatta med heimel i Naturmangfoldlova 48, og er vurdert i forhold til verneforesegn 3,6.2 og 4.1 og Naturmangfoldlova 8-12. Klage: Vedtaket kan klagast på av ein part eller annan med rettsleg klageinteresse, jf Forvaltingslova 28. Frist for klage er tre veker etter at vedtaket er motteke. Klagen stilast til Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Geiranger-Herdalen. Skjema for klage: www.fylkesmannen.no/fvlklagemr. (Full saksbehandling ligg ved.) Postadresse: Telefon: E-post: ingvild.hansen.nystad@fylkesmannen.no Postboks 2520 928 20 034 Web: www.nasjonalparkstyre.no/geiranger-herdalen/ 6404 Molde
Med helsing Ingvild Hansen Nystad (e.f. leiar i verneområdestyret for Geiranger-Herdalen) Verneområdeforvaltar Geiranger-Herdalen landskapsvernområde Kopi: Kopi til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Postboks 2520 6404 MOLDE SNO Geiranger Stranda kommune Øyna 13 6200 STRANDA
Arkivsaksnr: 2019/4479-0 Saksbehandlar: Ingvild Hansen Nystad Dato: 03.09.2019 Utval Utvalssak Møtedato Verneområdestyret for Geiranger - Herdalen Dispensasjon for filming med drone på Skageflå, Geiranger-Herdalen landskapsvernområde Forvaltar si tilråding Daniel Grindeland får dispensasjon frå forbodet mot droneflyging i landskapsvernområdet ein dag i haust frå dd. 8. Dispensasjonen gjeld på vilkår om at filminga følgjer konsentrert omsøkt område,og tar særleg omsyn til fugl og vilt. Filminga skal avsluttast så snart det skulle oppstå tvil om forstyrring av desse. 9. Dispensasjonen gjeld kun omsøkt motiv på og rundt Skageflå, og må ikkje bevege seg vekk frå dette verken i avstand eller tid. 10. Publiseringa av filmen skal opplyse om at filminga har gått føre seg med løyve frå Geiranger- Herdalen landskapsvernområde. 11. Flyging nær dyr og fugl skal unngåast. Ved observasjon av rovfugl må dronen takast ned og filming utsetjast til fuglane har trekt vekk. 12. Det skal haldast god avstand til eventuelle turfolk som er i området, og flyging skal av omsyn til friluftslivet skje berre på vekedagar (ikkje laurdag eller søndag). 13. Verneområdeforvaltar skal ha melding om dato seinast dagen før flyging, via e-post eller SMS. 14. Dispensasjonsvedtaket skal takast med under oppdraget og skal kunne visast fram ved ev. kontroll. Dispensasjonen fritek ikkje søkjar frå å søkje og innfri anna aktuelt regelverk som gjeld droneflyging.
Dette vedtaket er fatta med heimel i Naturmangfoldlova 48, og er vurdert i forhold til verneforesegn 3,6.2 og 4.1 og Naturmangfoldlova 8-12. Klage: Vedtaket kan klagast på av ein part eller annan med rettsleg klageinteresse, jf Forvaltingslova 28. Frist for klage er tre veker etter at vedtaket er motteke. Klagen stilast til Miljødirektoratet, men sendast til Verneområdestyret for Geiranger-Herdalen. Skjema for klage: www.fylkesmannen.no/fvlklagemr. Søknaden Daniel Grindeland søkjer om dispensasjon for filming med drone ( epost 16.august).Dronefilminga er meint å vare i 10-15 minutt. Søknaden gjaldt 20.august, noko han har utsett i påvente av løyve frå verneområdestyret. Grindeland jobbar med eit videoprosjekt som «innebærer Norges ekstreme natur, mangfoldige kultur og ikke minst hvordan dens fire sesonger påvirker levemåten på menneskene landet over. Gjennom akrobatikk og dans inspirert av halling viser jeg de mange sidene av norsk kultur fra de ulike lokalsamfunnene som gjør dem unike på sin egen måte.» Tiltaket er knytta til eit kunstprosjekt, hovudsakleg marknadsført av kommunale støtteordningar og Solofondet. Grindeland vil filme dans med lokale tradisjonar på ein ny måte,og frå ulike utpeika stader i landet. I den samanhangen ønskjer han å filme ein «duett med en budeie» på Skageflå, alt kledd i bunad. Målet er å gi sjåaren norsk kultur, livsstil og natur på ein ny måte. Han nemner også tidligare filmprosjekt med 460 000 visningar. Naturmangfoldlova og verneforskrifta Søknaden vurderast etter: 1. Forskrift om vern av Geiranger-Herdalen landskapsvernområde (FOR 2004-10-08) 2. Forvaltningsplan Vestnorsk fjordlandskap delområde Geirangerfjorden Geiranger- Herdalen landskapsvernområde (Rapport nr 2008:04) 3.Naturmangfoldloven (LOV 2009-06-19) Føremåla med opprettinga av Geiranger-Herdalen landskapsvernområde er å: Ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv.
Ta vare på viktige kulturlandskap der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. Ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer. Vurdering av saka Lov om motorferdsel i utmark gjeld ikkje små luftfartøy av denne typen, då denne lova berre omfattar farkostar som er store nok til å frakte ein person. Verneforskrifta 3, pkt 6.2 om støy har derimot forbod mot bruk av «modellfly og liknande» i verneområdet. Denne lova omfattar også dronar, jf retningslinjer frå Miljødirektoratet. Unntaksregel for denne typen tiltak finst ikkje, og ein søknad om dispensasjon krev då handsaming etter Naturmangfoldlova 48. Denne lova set svært strenge krav når ein dispensasjon eventuelt skal givast, og opnar for dispensasjon for tiltak som «ikke strider mot verneformålet og ikke påvirker verneverdiene nevneverdig». Begge vilkår må vere oppfylt. Dispensasjon må heller ikkje gjevast om vilkåra er oppfylt. Dispensasjonsregelen i 48 kan ikkje brukast for å utvide rammene gjevne i vernevedtaket, men skal blant anna kunne fange opp uforutsette eller spesielle tilfelle som ikkje var vurderte på vernetidspunktet. Forvaltningsplanen frå 2008 har heller ikkje føringar for bruk av dronar, som representerte ein lite kjent teknologi då planen vart laga. Kunnskapen om dronen sin innverknad på fugle- og dyreliv er ikkje fullstendig, men vi må ta høgde for at denne typen farkost kan gjere skade på nært hald. Særleg sårbar er hekke- og yngletida, som er overstått når denne filminga er meint å pågå. Kjem ein i nærkontakt med sensitive fuglar og dyr, må likevel kamera trekkast tilbake eller styrast vekk frå desse. Jamfør Artsdatabanken finst registreringar av særs sårbare hekkelokalitetar nært omsøkt område. Dronen bør såleis konsentrere seg om å filme utan å bevege seg langt frå gjeldande aktivitet. Omsøkt område nærmar seg også leveområde for rein (jf Gislink), men utvalet for villrein (v Knut Granum) ventar ikkje reinaktivitet som kan forstyrrast her i år. Omsøkt dispensasjon gjeld eit svært avgrensa tidsrom og lokalitet, og droneføraren må vere innført i vilkåra. Følgjast dette opp, vil aktiviteten ikkje virke nemneverdig inn på verneinteressene i området. Drone-aktivitet har fått ein særleg fokus dei siste åra. Forvaltinga har fått fleire søknader om dispensasjon, og endå fleire spørsmål om informasjon rundt foreskrift om dronebruk. Verneområdestyret har behandla kvar dispensasjon svært grundig, og har uttalt seg prinsipielt strengt mot den aukande aktiviteten i landskapsvernområdet. I tråd med tidlegare dronesøknader både i Geiranger-Herdalen og andre verneområde, er natur- og naturarvformidling teke spesielt omsyn til. Søkjaren framhevar denne gongen kombinasjonen av natur/menneskeforholdet gjennom utradisjonell og nyskapande form for kunstformidling. Desse omsyna er ikkje nemnde i verneformåla, men kan indirekte fungere positivt for forståinga av vernet. Dette er teke med i forvaltningsplanen sine føringar når det gjeld motorferdsel, og det er rimeleg å tenkje
at det same skal gjelde droneforbodet.:»i utgangspunktet vil berre tiltak som kan knytast til innhaldet i føremålet med vernet kunne få dispensasjon frå forbodet mot motorferdsel» (Forvaltningsplanen 4.12 Media) Aukande søknadsmengde aktualiserer spørsmålet «Med verdsarvstatusen aukar mediemerksemda ytterlegare, og det vil vere behov for å klargjere retningslinjer for handtering av media der slike interesser kan kome i konflikt med verneformålet for området» (Same kapittel). Komande retningslinjer vil overgå eventuell presedens som måtte kunne tolkast ut frå denne einskile dispensasjonen. Det er positivt at søkjar er medviten om varsemd innanfor vernegrensene. Dersom søkjar får dispensasjon frå droneforbodet, må dette klargjerast i publikasjonen av filmen. Dette vilkåret vil vere opplysande om eksistensen av forbodet. Vurdering i forhold til Naturmangfoldlova 8-12 Søknaden skal vurderast etter NML 8-12. Når det gjeld kunnskapsgrunnlaget ( 8) manglar vi eksakt kunnskap om dronen sin påverknad på fugle- og dyreliv. Ut frå føre-var-prinsippet ( 9) er det viktig å unngå nærføring til rovfugl eller vilt som måtte finnast i området. Samla belastning ( 10) under filminga blir liten i og med at dette er eit eingongstiltak, der dronen ikkje blir hengande lenge på same plass, maks 10-15 minutt. Løyvet må ikkje reknast som eit vedtak som lett kan gjentakast. Dronefilming kan fort bli ei større påkjenning med fleire førarar og utvida bruk av teknikken, så tanken om presedens er her svært viktig å ta høgde for. Om mengda droneaktivitet aukar betrakteleg, må ein vurdere samla belasting på nytt. Det har dei siste åra vore fleire tilfelle av ulovleg flyging i verneområdet og det synest svært viktig å informere om regelverket. Ei publisering der droneløyvet blir informert, kan virke opplysande. Kostnader ved eventuell miljøforringing ( 11) er ikkje aktuelt i dette tilfellet. 12 gir føringar om «miljøforsvarlige teknikker og driftsmetoder». Samanlikna med eventuell helikopter-filming, kan drone reknast som eit miljøforsvarleg alternativ i enkelte tilfelle. På same tid kan du kome i nærkontakt med fugle/dyre /friluftsliv på ein måte som kan virke uheldig. Med dei vilkåra som er lagde i forhold til dette, meiner vi å kunne forsvare dispensasjon i dette tilfellet. Konklusjon Ut frå ei samla vurdering kan søkjar få dispensasjon frå verneføresegna i dette tilfellet. Løyvet kan givast på vilkår. Så lite kunnskap som finst om dronane sin påverknad på verneverdiane, fokuserer vi på førevar-prinsippet. Denne enkeltsaka blir ikkje rekna som presedensgivande for generell droneaktivitet i området. Dette løyvet omhandlar berre verneformåla, og fritek ikkje søkjar frå å søkje og innfri anna aktuelt regelverk som gjeld droneflyging. Dispensasjonen må ha klare vilkår som avgrensar tiltaket og opplyser ålmenta.