Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Hans Erik Ringkjøb

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Hans Erik Ringkjøb"

Transkript

1 Møteprotokoll Nærøyfjorden verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: E-post, Fjordsenteret Aurland Dato: Tidspunkt: 09:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Leder Hans Erik Ringkjøb Medlem Marianne Øren Medlem Merknadar Møtet vart gjennomført med svar på e-post. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Anbjørg Nornes Sekretær Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei sidene vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet.

2 Saksliste Utvalssaksnr ST 15/15 ST 16/15 ST 17/15 Innhald Lukka Arkivsaksnr Godkjenning av innkalling og dagsorden Nærøyfjorden landskapsvernområde - forlenga dispensasjon til landing med helikopter ved Øvsthusnipa Nærøyfjorden landskapsvernområde - landing med helikopter på Horten for henting av felt storvilt. 2014/ /2998

3 NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE Saksframlegg Arkivsaksnr: 2014/ Saksbehandlar: Anbjørg Nornes Dato: Utval Utvalssak Møtedato Nærøyfjorden verneområdestyre - AU 16/ Nærøyfjorden landskapsvernområde - forlenga dispensasjon til landing med helikopter ved Øvsthusnipa Innstilling frå forvaltar Arbeidsutvalet i Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Telenor Norge AS forlenga løyve til landing med helikopter ved Niba under Øvsthusnipa frå og med 7. september til og med 30. september Løyvet er gjeve med heimel i naturmangfaldlova ledd, og gjeld med same vilkår som løyve i sak 12/15, : Landingsløyvet gjeld 25 landingar totalt i perioden frå 29. juni til og med 30. september Landingsplassen for helikopteret skal vera er i nærleiken av punktet for reflektormasta slik det kjem fram i søknaden frå Telenor Norge AS, datert Omfanget av motorferdsel skal avgrensast til det som er strengt naudsynt for og gjennomføre arbeidet. Under helikoptertransporten skal det takast omsyn til dyreliv og folk på tur i området slik at ein så langt som råd er unngår å uroe desse. Motorferdsle skal ikkje skje på søndagar av omsyn til friluftslivet. Statens naturoppsyn v/ Kristoffer Ullern Hansen (tlf ) skal varslast dagen før transporten skal gjennomførast. Dette løyvet skal vera med i helikopteret under transport. Det skal sendast rapport om flygingane samtidig med rapport for arbeidet med bygging av reflektormasta. Rapporten skal sendast til sekretariatet for verneområdestyret. Me gjer merksam på at dette løyvet berre gjeld forhold etter verneforskrifta. Det må i tillegg innhentast løyve til landing frå grunneigarar i området.

4 Saksprotokoll i Nærøyfjorden verneområdestyre - AU Handsaming i møte Vedtak i samsvar med innstilling frå forvaltar. Vedtak Arbeidsutvalet i Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Telenor Norge AS forlenga løyve til landing med helikopter ved Niba under Øvsthusnipa frå og med 7. september til og med 30. september Løyvet er gjeve med heimel i naturmangfaldlova ledd, og gjeld med same vilkår som løyve i sak 12/15, : Landingsløyvet gjeld 25 landingar totalt i perioden frå 29. juni til og med 30. september Landingsplassen for helikopteret skal vera er i nærleiken av punktet for reflektormasta slik det kjem fram i søknaden frå Telenor Norge AS, datert Omfanget av motorferdsel skal avgrensast til det som er strengt naudsynt for og gjennomføre arbeidet. Under helikoptertransporten skal det takast omsyn til dyreliv og folk på tur i området slik at ein så langt som råd er unngår å uroe desse. Motorferdsle skal ikkje skje på søndagar av omsyn til friluftslivet. Statens naturoppsyn v/ Kristoffer Ullern Hansen (tlf ) skal varslast dagen før transporten skal gjennomførast. Dette løyvet skal vera med i helikopteret under transport. Det skal sendast rapport om flygingane samtidig med rapport for arbeidet med bygging av reflektormasta. Rapporten skal sendast til sekretariatet for verneområdestyret. Me gjer merksam på at dette løyvet berre gjeld forhold etter verneforskrifta. Det må i tillegg innhentast løyve til landing frå grunneigarar i området. Saksopplysningar Arbeidsutvalet i Nærøyfjorden verneområdestyre gav Telenor Norge AS løyve til inntil 25 landingar med helikopter ved Nipa under Øvsthusnipa i samband med bygging av reflektormast (sak 12/15, ). Løyvet gjaldt for perioden frå og med 29. juni til og med 15. august Telenor Norge AS søkte i byrjinga av august om å få utvida løyve til å gjelde ut august Dei hadde ikkje fått gjennomført arbeidet med reflektormasta som planlagt på grunn av mykje tåke og dårleg ver. Verneområdestyret gav løyve til forlenga periode fram til og med 31. august (sak 14/ ). Telenor Norge AS søkjer no om ny dispensasjon for helikoptertransport ut september Reflektormasta er montert, men det står att arbeid med fininnstilling og opprydding etter anleggsarbeidet.

5 Vurdering Søknaden frå Telenor Norge AS gjeld forlenging av løyveperioden med 30 dagar for transport med helikopter. Det er ikkje søkt om fleire landingar eller nye landingsområde. Kunnskapsgrunnlaget er det same som ved fyrste søknaden. Vurderingane i saksframlegget frå fyrste søknaden vert difor lagt til grunn for den forlenga perioden. Forvaltar rår til at det vert gjeve løyve til å forlenga perioden til og med 30. september. Saksutgreiing sak 12/15 i arbeidsutvalet for Nærøyfjorden verneområdestyre: Dokument som bakgrunn for saka: Søknad frå Telenor Norge AS om løyve til landing med helikopter i samband med montering av reflektormast ved Øvsthusnipa, datert og Dispensasjon til bygging av reflektormast ved Øvsthusnipa i Voss kommune, sak 21/14 Nærøyfjorden verneområdestyre, Søknaden vert vurdert etter: Forskrift om vern av Nærøyfjorden landskapsvernområde av Naturmangfaldlova av Forvaltningsplan for Vestnorsk fjordlandskap delområde Nærøyfjorden 2007 Området der det er planlagt landing med helikopter er innafor Nærøyfjorden landskapsvernområde. Nærøyfjorden verneområdestyre har i sak 21/14 gjeve løyve til bygging av reflektormast ved Øvsthusnipa på koordinatane X: , Y: Telenor Norge AS søkjer om å få landa med helikopter i nærleiken av dette punktet. Det er entreprenør Antmacom AS som skal utføra arbeidet. Dei søkjer om 25 landingar med helikopter i tidsrommet frå og med veke 27 og fram til medio august. Dei planlegg ein kort og hektisk anleggsperiode. Opplastningsplassen vil vera i nærleiken av Stalheim hotell. Lengda på anleggsperioden er avhengig av vêrforholda. Det vart gjeve løyve til helikoptertransporten i november i 2014, men på grunn av dårlege vêrforhold i fjor haust, kom dei ikkje i gang med bygginga. Lovgrunnlaget «Føremålet med Nærøyfjorden landskapsvernområde er å ta vare på eit vakkert og eigenarta natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell i eit storfelt isbreutforma landskap med ein mangfald av plante- og dyreliv og der eit kulturlandskap med slåtteteigar, beitelandskap, stølsområde, gardsbruk og kulturminne, skapt gjennom aktiv landbruksdrift, utgjer ein vesentleg del av landskapets karakter» jf. verneforskrifta 2. «Motorferdsle på land og i vatn/vassdrag er forbode, likeins lågtflyging under 300 meter og landing» jf. verneforskrifta 2.1. Denne søknaden må vurderast som unntak i særskilt høve. Forvaltningsstyresmakta kan i fylgje naturmangfaldlova 48 «..gjøre unntak fra et vernevedtak dersom det ikke strider mot vernevedtakets formål og ikke kan påvirke verneverdiene nevneverdig, eller dersom sikkerhetshensyn eller hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig». Etter naturmangfaldlova 7 skal prinsippa i 8 12 leggjast til grunn ved utøving av offentleg mynde, og det skal koma fram av vedtaket korleis prinsippa er vurdert og vektlagt i saka.

6 Vurdering I fylgje verneforskrifta er all motorferdsel forbode i verneområdet. I denne saka vert det vurdert om dispensasjon til landing er i strid med føremålet i vernevedtaket, og om det kan påverka verneverdiane nemneverdig. Kunnskapen om naturverdiane i området er kjent gjennom forvaltningsplan for Nærøyfjorden, og registreringar av rovfugl og villrein. Det er ikkje registrert sårbare og trua artar i området (Artskart ). Me kjenner ikkje til at villreinen nyttar området der reflektormasta skal byggjast. Kunnskapsgrunnlaget jf. naturmangfaldlova 8 er vurdert som god for å vurdera saka, og føre-var-prinsippet 9 er difor ikkje tillagt vekt i denne saka. Det er viktig å halda motorferdsel i verneområdet på eit lågast mogleg nivå, av omsyn til naturverdiane og friluftslivet. Planlagt byggeperiode i juli og august er i den tida det er stor turisttrafikk i området, og ei viktig tid for friluftslivsaktivitet i fjellet. Det er difor viktig å ta ekstra omsyn til dette og avgrensa transporten til færrast moglege turar. Verneområdestyret har gjeve dispensasjon til å byggja reflektormasta, og det er naudsynt med helikoptertransport av utstyr, materiale og arbeidsfolk for og gjennomføra arbeidet. Forvaltar vurderer flyginga til å vera på eit akseptabelt nivå jf. naturmangfaldlova 10. Det er liten fare for miljøforring ved flyginga og landingane, og 11 er difor ikkje vurdert i denne saka. Flyginga vil berre føra til uro den tida den pågår, og vil i liten grad påverka verneverdiane i området. Helikopter vil vera den beste metoden for transport av utstyr og materiale til reflektormasta. Forvaltar vurderer bruk av helikopter til dette føremålet som miljøforsvarleg jf. naturmangfaldlova 12. Forvaltar vurderer bruk av helikopter til dette føremålet til ikkje å vera i strid med verneformålet, og det påverkar verneverdiane i liten grad. På denne bakgrunn, og vurderingane etter naturmangfaldlova 8 til 12, meiner forvaltar det kan gjevast løyve til landing med helikopter med heimel i naturmangfaldlova 48.

7 NÆRØYFJORDEN VERNEOMRÅDESTYRE Saksframlegg Arkivsaksnr: 2015/ Saksbehandlar: Anbjørg Nornes Dato: Utval Utvalssak Møtedato Nærøyfjorden verneområdestyre - AU 17/ Nærøyfjorden landskapsvernområde - landing med helikopter på Horten for henting av felt storvilt. Innstilling frå forvaltar Arbeidsutvalet i Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Svenn Vidar Stegen løyve til å landa med helikopter på Horten eller Hortastølen for utfrakting av felt storvilt. Løyvet gjeld for 1 landingar pr. år innan for godkjent jakttid for storvilt. Løyvet er gjeve med heimel i naturmangfaldlova 48 fyrste ledd fyrste alternativ. Løyvet gjeld for 3 år, frå og med 2015 til og med Det er ikkje tillate med frakt av jegerar og anna persontransport ut og inn av området Løyvet gjeld med fylgjande vilkår: Det skal leggjast til grunn ein restriktiv bruk av helikopter frå jegerane si side, dvs. omfanget av kjøt skal vera større enn det ein kan forventa at jegerane kan bera ut at området. Bruk av helikopter skal i størst mogleg grad samordnast med annan helikoptertransport i området. Bruk av helikopter skal meldast til SNO v/kristoffer Ullern Hansen (tlf ) seinast dagen før transport. Det skal sendast rapport til sekretariatet for verneområdestyret kvart år innan 31.12, med oversikt over bruken av helikopter. Løyvet kan endrast eller trekkast tilbake dersom vilkåra vert brotne. Me gjer merksam på at dette løyvet berre gjeld tilhøvet til verneforskrifta og ikkje lov om motorferdsel. Det må sendast eigen søknad til Aurland kommune. Saksprotokoll i Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

8 Handsaming i møte Vedtak i samsvar med innstilling frå forvaltar. Vedtak Arbeidsutvalet i Nærøyfjorden verneområdestyre gjev Svenn Vidar Stegen løyve til å landa med helikopter på Horten eller Hortastølen for utfrakting av felt storvilt. Løyvet gjeld for 1 landingar pr. år innan for godkjent jakttid for storvilt. Løyvet er gjeve med heimel i naturmangfaldlova 48 fyrste ledd fyrste alternativ. Løyvet gjeld for 3 år, frå og med 2015 til og med Det er ikkje tillate med frakt av jegerar og anna persontransport ut og inn av området Løyvet gjeld med fylgjande vilkår: Det skal leggjast til grunn ein restriktiv bruk av helikopter frå jegerane si side, dvs. omfanget av kjøt skal vera større enn det ein kan forventa at jegerane kan bera ut at området. Bruk av helikopter skal i størst mogleg grad samordnast med annan helikoptertransport i området. Bruk av helikopter skal meldast til SNO v/kristoffer Ullern Hansen (tlf ) seinast dagen før transport. Det skal sendast rapport til sekretariatet for verneområdestyret kvart år innan 31.12, med oversikt over bruken av helikopter. Løyvet kan endrast eller trekkast tilbake dersom vilkåra vert brotne. Me gjer merksam på at dette løyvet berre gjeld tilhøvet til verneforskrifta og ikkje lov om motorferdsel. Det må sendast eigen søknad til Aurland kommune. Saksopplysningar Dokument som bakgrunn for saka: Søknad om landingsløyve for helikopter på Horten, datert Kart med avmerkte landingsplassar Søknaden vert vurdert etter: Forskrift om vern av Nærøyfjorden landskapsvernområde av Naturmangfaldlova av Forvaltningsplan for Vestnorsk fjordlandskap delområde Nærøyfjorden 2007 Svenn Vidar Stegen søkjer om løyve til uttransport av felt hjort og elg frå Horten og Hortastølen for fleire år, og for 3 landingar pr. år. Flygeruta er frå Undredal til Horten. Horten storviltvald er på om lag 2000 daa teljande areal, og har i dag fellingsløyve på ein elg og 2 hjortar pr. år. Valdet er med i bestandsplanområde i Aurland, og det kan difor fellast fleire dyr enn det teljande areal for storvilt tilseier. Svenn Vidar Stegen er einaste rettshavaren i valdet, og han ynskjer å nytta jaktterrenget rundt Horten og Hortastølen. Han opplyser at helikoptertransporten i hovudsak vil verta nytta for uttransport av elgkjøt er fyrste året det er gjeve fellingsløyve på elg i dette valdet. Grunngjevinga for søknad om helikopterløyve er at terrenget er vanskeleg tilgjengeleg. Tilkomst til Horten er på sti som går frå fjorden og opp den bratte lia til garden Horten.

9 Det er tungt å bæra kjøtet ned den bratte stien til sjøen. Hovuddelen av jaktterrenget ligg på mellom moh. Lovgrunnlaget Formålet i Nærøyfjorden landskapsvernområde er definert i verneforskrifta 2: «Føremålet med Nærøyfjorden landskapsvernområde er å ta vare på eit vakkert og eigenarta natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell i eit storvelt isbreutforma landskap med eit mangfald av plante- og dyreliv og der eit kulturlandskap med slåtteteigar, beitelandskap, stølsområde, gardsbruk og kulturminne, skapt gjennom aktiv landbruksdrift, utgjer ein vesentleg del av landskapets karakter». Motorferdsel er forbode, likeeins lågtflyging under 300 meter og landing jf. verneforskrifta 3 pkt 2.1. Landing med helikopter i samband med utfrakting av jaktutbytte er det ikkje opning for i dei spesielle dispensasjonsreglane i verneforskrifta, og må behandlast etter den generelle dispensasjonsregelen. Etter naturmangfaldlova trådde i kraft 19. juni 2009, er verneforskrifta 4 erstatta med 48 i naturmangfaldlova. Søknaden må vurderast etter 48 i naturmangfaldlova 1. ledd; «Forvaltningsmyndigheten kan gjøre unntak frå et vernevedtak dersom det ikkje strider mot vernevedtakets formål og ikkje kan påvirke verneverdiene nevneverdig.» Vurdering Jakt er definert som ein aktivitet innan friluftsliv, og det vil vera høg terskel for å gje løyve til bruk av helikopter i samband med uttak av jaktutbytte, jf. forvaltningsplan for Nærøyfjorden. I område som vert vurdert som ekstremt bratt og med vanskeleg terreng, kan det vurderast å gje løyve til bruk av helikopter (forvaltningsplan s. 57). Det er gjeve løyve til uttransport av felt storvilt i Kidjajuvet (Undredal), Frondalen/Flenjane og Stølshaug i Nærøyfjorden landskapsvernområde. Alle desse område har særs vanskeleg tilgjengelege terreng. Rapportar frå desse hjortevalda, viser at jegerane har oppfylt vilkåra med og vera restriktive, og har ikkje nytta løyve til helikoptertransport unødig. Stien frå fjorden og opp til Horten er ekstrem bratt på enkelte punkt, og er vanskeleg å gå med tung bør. Garden Horten har ikkje vore i bruk sidan rundt 1960-talet. Stien har vore lite i bruk etter det, og er til dels attgrodd og utrasa. Svenn Vidar Stegen har gjort noko vedlikehald av stien, men det er fortsatt eit krevjande terreng å gå med tung bør i. Stien og området kan samanliknast med dei andre områda i dette landskapsvernområdet som har fått løyve til uttransport av felt storvilt. I Horten storviltvald kan det i utgangspunktet fellast ein elg og 2 hjortar. Forvaltar meiner det difor bør vera tilstrekkeleg med ei landing pr. år for uttransport av elgkjøt. Då det er fyrste året det vert søkt om løyve til uttransport av storviltkjøt i dette området, meiner forvaltar løyvet bør avgrensast til 3 år for å hausta erfaringar med transporten. Etter naturmangfaldlova (nml.) 7 skal prinsippa i nml leggjast til grunn ved utøving av offentleg mynde, og det skal koma fram av vedtaket korleis prinsippa er vurdert og vektlagt i saka. Kunnskapen om området er dokumentert gjennom forvaltningsplan for Nærøyfjorden, forarbeidet til verneforskrifta og tidlegare erfaring med helikoptertransport i området. Det er ikkje registrert trua og sårbare artar eller naturtypar i nærleiken av Horten (Naturbase ), og transporten føregår utanfor den sårbare hekke- og kalvingstida. Fjellet over Horten er ein del av Nordfjella villreinområde, og det bør visast

10 særskilt omsyn til villreinen. Kunnskapsgrunnlaget jf. nml. 8 vert vurdert som godt for denne saka, og føre-var prinsippet jf. nml. 9 er difor ikkje vektlagt. Økosystemtilnærming og samla belastning på verneområdet skal vurderast jf. nml. 10. Det er liten aktivitet med motorisert ferdsle i dette fjellområdet. Det er viktig å halda motorisert ferdsel på eit lågt nivå, og det er difor sett vilkår om samordning av transport i området. Forvaltar meiner bruk av helikopter for uttransport storviltkjøt er innanfor det ein kan rekna som akseptabelt når transporten vert avgrensa til ein tur for året. Den samla belastninga på området av motorferdsle i denne delen av Nærøyfjorden landskapsvernområde vert vurdert til og vera på eit akseptabelt nivå. Helikoptertransporten vil ikkje medføra særleg miljøforringingar, og er difor ikkje vurdert etter nml. 11. Det er viktig at løyveinnehavaren planlegg transporten godt. Transporten bør skje ein kvardag, og ikkje helg av omsyn til friluftslivet. Forvaltar vurderer helikoptertransport som den einaste aktuelle transportmetoden i dei tilfelle det er naudsynt med uttransport av storviltkjøt i dette terrenget. Transport med helikopter vert vurdert som miljøforsvarlege til dette føremålet jf. nml. 12. Forvaltar vurderer løyvet til ikkje å påverka verneverdiane nemneverdig og er ikkje i strid med verneformålet. Området kan reknast som særs vanskeleg terreng, og er vanskeleg tilgjengeleg. Det kan vera vanskeleg å gå ned frå fjellet med tung bør i dette bratte og ulendte terrenget. Med tung bør meinast elg og hjort av vaksne dyr over 70 kg. Mindre dyr kan parterast i mindre deler, og berast av jegerane. På bakgrunn av vurderingane etter naturmangfaldlova 8-12 og verneforskrifta vurderer forvaltar det kan gjevast dispensasjon til uttransport av felt storvilt med heimel i naturmangfaldlova 48.