KU Geithei Naturmangfaldlova tredde i kraft 1. juli 2009. Sentrale prinsipp i lova skal leggast til grunn ved utøving av mynde etter naturmangfaldlova og annan lov, slik som lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. 8 Kunnskapsgrunnlaget Ein skal så langt som mogleg bygge på vitskapelig kunnskap om artars bestandssituasjon, utbreiing av naturtyper og økologiske tilstand, samt effekten av påverknader. Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i eit rimelig forhold til sakens karakter og risiko for skade på naturmangfaldet. Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen. 9 Føre-var-prinsippet Når det blir teke standpunkt utan at det ligg fører tilstrekkelig kunnskap om kva verknader det kan ha for naturmiljøet, skal det takast sikte på å unngå mogleg skade på naturmangfaldet. Ligg det føre risiko for alvorlig eller irreversibel skade på naturmangfaldet, skal ikkje mangel på kunnskap brukast som grunngjeving for å utsetje eller unnlate å treffe forvaltningstiltak. Føre-var-prinsippet er ei retningsline for korleis ein handterer tvil om kunnskapsgrunnlaget. Vurdering av området: Foreslåtte område har avgrensa bruk i dag. Det fins nokre støylar og hytter i området. I tillegg vert det somme år køyrt skiløyper inn i området. Elles er området i bruk som turområde, sommar og vinter. Kunnskapsgrunnlaget anser ein som godt. Føre-var-prinsippet kjem difor ikkje til anvending her. 10 Økosystemtilnærming og samla belastning Prinsippet i naturmangfoldloven 10 skal sikre at nye påvirkningar, herunder motorferdsel i utmark, blir underlagt kva belastningar økosystemet blir utsatt for. Dette har særlig betydning dersom miljøbelastninga er ved ei kritisk grense der sjølv ein lita auke, til dømes motorferdsel, vil ha en stor betydning for økosystemet. Vurdering: Bunnvegetasjon/plantedekke Det er ikkje tenkt at området skal nyttast til opplæring før marka er dekka med eit godt lag snø. Bruken vil heilt klart vere avhengig av ein god tjukkleik på snølaget. Bunndekke vil på den måten ikkje bli skada. Det er heller ikkje registrert sårbare årtar. Samla belastning vil difor ikkje være et moment opp mot bunnvegetasjon/plantedekke. 11 Kostnadene ved miljøforringing Tiltakshavar skal dekke kostnadene ved å hindre eller begrense skade på naturmangfoldet som tiltaket volder, dersom dette ikkje er urimelig ut frå tiltakets og skadens karakter. Vurdering: Aktiviteten skal foregå vinterstid. Det skal ikkje gjerast terrenginngrep. Ut fra dei opplysningane som ligg føre er det ikkje noko som tyder på at bruken vil føre til miljøforringing. Prinsippet blir vurdert som ikkje relevant.
12 Miljøforsvarlige teknikkar og driftsmetodar Prinsippet om miljøforsvarlige teknikkar, driftsmetodar og lokalisering vil bli lagt til grunn i samband med bruk av området. Naturmangfald Inngrepsfrie områder (INON) INON (definisjon): Inngrepsfrie område er definert som område liggande ein kilometer eller meir (i luftlinje) unna tyngre tekniske inngrep. Kart som viser inngrepsfri natur er basert på kartlegging av definerte tyngre, tekniske inngrep. Kartlegginga tek ikkje mål av seg å dekke alle former for påvirkning av naturen. Tyngre tekniske inngrep er kjenneteikna ved at dei må være av ein viss/gitt storleik, varige og ikkje midlertidige konstruksjonar og tiltak. Vegar blir eksempelvis sett på som varige inngrep, men dersom dei etter nokre tiår ikkje vert vedlikehalde og gror att blir dei ikkje reikna som tyngre tekniske inngrep. Kartlegginga seier heller nødvendigvis ikkje noko om kvalitetar eller verdiar knytt til dei inngrepsfrie områda. Områda omfattar alle typar natur, også natur som er påvirka av menneske gjennom til dømes eksempel hogst og beite. Kartutsnittet viser INON innan området. Vurdering av tiltaket: Eitt av kriteria for etablering av område for opplæring er at det ikkje skal gjerast terrenginngrep. Etablering av traseen vil difor ikkje kome i konflikt med INON jamfør definisjon av INON.
Villrein Området ligg inne i biologisk leveområde for villrein. Området ligg i bygdeutviklingssona i Heiplanen: Her er eksisterande område for utbygging (bustader, hytter, reiselivsanlegg mm), tettstader, landbruksareal mm. Retningsliner: Villreinens interesser reiknast som avklart i denne sona.
Gjeldande planstatus er styrande for vidare utvikling inntil nye planer ligg føre. Sårbare viltarter Ingen kjende registreringar. Hjortevilt Det er hjortevilt i området, men dersom mykje snø vil dyra trekke ned i dalane. Ingen spesielle tiltak vurdert. Kulturminner Det ligg fleire kulturminner innanfor omsøkte område. Stort sett vert desse liggande under snøen. Synlege kulturminner vinterstid er gamle buer og støylar. Desse vil ein ta omsyn til ved bruk av området.
Snøskred Deler av området er av ein slik karakter (bratte hellingar) at det kan vere rasfare vinterstid. Deler av undervisninga vil vere opplæring i å ta omsyn til slike område, så det vil vere verdifullt at området nettopp inneheld dette. Friluftsliv I kommunedelplanen ligg følgjande planlagte løypetrasear for området:
Det er ikkje gjort kartlegging av viktige og svært viktige friluftsområde i kommunen. Sidan Bortelid er eit viktig friluftsområde for både hytteeigarar og fastbuande, må området Geithei kunne seiast å karakteriserast som viktig eller svært viktig friluftsområde. Det vil difor bli ein konflikt i forhold til bruken i dag og planlagt aktivitet. Begrensing av bruk av området gjennom fastsatte tider for køyring, ikkje køyring i feriar og helger vil kunne redusere konflikten betydeleg. Oppsummering Ingen konflikt Noko konflikt Stor konflikt Tema INON Villrein Sårbare viltartar Hjortevilt Kulturminner Snøskred Friluftsliv Konfliktnivå Ved å begrense bruken av området til tider der ikkje friluftsinteressene blir berørt, forbod mot køyring fredagar, helger og feriar, vil konfliktnivået bli betydeleg redusert (grøn farge).