ØRSTA KOMMUNE Tekniske tenester Elias Lianes Lianes 6152 Ørsta Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2012/1467 5259/2013 WANGEN 7/2 24.04.2013 MELDING OM VEDTAK I SAMFUNNSUTVALET 16.04.13, SAK PS 27/13: GNR/BNR 7/2, LIANES - SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN FOR DELING AV GRUNN KRING EKSISTERANDE BUSTAD Saksprotokoll tilråding / vedtak i samfunnsutvalet - 16.04.2013 Samfunnsutvalet (SFU) syner til søknaden om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av tomt kring eksisterande hus på gnr 7 bnr 2 på Lianeset. 1. SFU finn etter ei samla vurdering at viktige omsyn bak kommuneplanen sitt LNF-føremål ikkje vert sett vesentleg til side og at det ligg føre ei overvekt av omsyn som talar for at fordelane er større enn ulempene ved å gje dispensasjon. Det vert då lagt særleg vekt på at garden ikkje er i sjølvstendig drift og at det ikkje er behov for eit hus nr. 2 på garden verken i dag eller i framtida. Vidare at landbruksnemnda har gjeve løyve til frådeling etter jordlova og tilrår frådeling etter pbl. Med heimel i plan- og bygningslova (pbl). 19-2 dispenserer SFU frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av tomt kring eksisterande hus i samsvar med søknaden, med følgjande vilkår: Utkøyrsle til E39 må utbetrast slik at den oppfyller tekniske krav, jamfør fråsegn frå Statens vegvesen. Det må tinglysast vegrett til den frådelte eigedomen som hefte på hovudbruket. 2. Med heimel i pbl kap. 20 og matrikkellova 3 gjev SFU løyve til frådeling av tomt i samsvar med pkt 1. Vedtaket om dispensasjon gjeld i tre år, og det må rekvirerast og gjennomførast kartforretning innan same frist. Handsaminga (9 røysteføre) Vedtak samrøystes i samsvar med tilrådinga. Rett utskrift av møteprotokollen 24.04.13 Toril Langlo konsulent Kopi til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde Landbrukskontoret Dalevegen 6 6150 Ørsta Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Statens vegvesen Region midt Fylkeshuset 6404 Molde Postadresse: Dalevegen 6 postmottak@orsta.kommune.no www.orsta.kommune.no 6153 ØRSTA 700 49 700 700 49 711 939461450 MVA 3992.07.30144
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2012/1467 Løpenr.: 2374/2013 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 27/13 Samfunnsutvalet 16.04.2013 GNR/BNR 7/2, LIANES - SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEPLANEN FOR DELING AV GRUNN KRING EKSISTERANDE BUSTAD TILRÅDING TIL VEDTAK: Samfunnsutvalet (SFU) syner til søknaden om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av tomt kring eksisterande hus på gnr 7 bnr 2 på Lianeset. 3. SFU finn etter ei samla vurdering at viktige omsyn bak kommuneplanen sitt LNF-føremål ikkje vert sett vesentleg til side og at det ligg føre ei overvekt av omsyn som talar for at fordelane er større enn ulempene ved å gje dispensasjon. Det vert då lagt særleg vekt på at garden ikkje er i sjølvstendig drift og at det ikkje er behov for eit hus nr. 2 på garden verken i dag eller i framtida. Vidare at landbruksnemnda har gjeve løyve til frådeling etter jordlova og tilrår frådeling etter pbl. Med heimel i plan- og bygningslova (pbl). 19-2 dispenserer SFU frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av tomt kring eksisterande hus i samsvar med søknaden, med følgjande vilkår: Utkøyrsle til E39 må utbetrast slik at den oppfyller tekniske krav, jamfør fråsegn frå Statens vegvesen. Det må tinglysast vegrett til den frådelte eigedomen som hefte på hovudbruket. 4. Med heimel i pbl kap. 20 og matrikkellova 3 gjev SFU løyve til frådeling av tomt i samsvar med pkt 1. Vedtaket om dispensasjon gjeld i tre år, og det må rekvirerast og gjennomførast kartforretning innan same frist. Utskrift til: Elias Lianes, 6152 Ørsta Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde Statens vegvesen, Region midt, Fylkeshuset, 6404 Molde Landbrukskontoret, her
Saksvedlegg: Søknad om deling, vedlagt kartutsnitt og brev datert 12.09.12 Kart/ortofoto Brev, tilleggsopplysningar, datert 09.11.12 Protokoll frå sak 5/13, den 14.02.13, landbruksnemnda Uprenta saksvedlegg: Innkomne merknader Diverse saksdokument Saksopplysningar: Kommunen har fått til handsaming søknad om dispensasjon frå kommuneplanen for frådeling av tomt på 1350m 2 kring eksisterande bustad på Lianeset. Føremålet er oppgitt å vere knytt til ev. generasjonsskifte eller sal. Huset er det nyaste av 2 hus på gardsbruket, som ikkje er i sjølvstendig drift. Området ligg i kommuneplanen sitt LNF-område sone D, der det er fastsett følgjande føresegn: Innanfor desse områda finn ein særleg viktige frilufts- natur- og viltinteresser. Det vert synt til temakart nr. 2, 5 og 8 frå Fylkesmannen. Byggje og anleggstiltak som ikkje har direkte tilknytning til landbruksverksemd vert ikkje tillate. Oppføring av fritidshus vert ikkje tillate med unnatak av i regulerte felt. Frådeling av tomt kring det eksisterande huset fører ikkje til fysisk endring av arealbruken og det ligg såleis ikkje føre ny konflikt med nokon registreringar knytt til allmenne interesser. Det ligg ikkje føre merknader ved nabovarslinga. Saka er sendt på høyring og det ligg føre følgjande fråsegner: Statens vegvesen, 13.12.12... Eksisterande avkjørsle til europavegen er ikkje geometrisk utforma i samsvar med gjeldande tekniske krav. Forholdet er seinast påpeika herifrå i skriv datert 20.11.12 til Ørsta kommune i samband med byggesak på tomta. Av trafikktryggingsgrunnar må avkøyrsla kortast vesentleg inn. Etablering av sjølvstendig bustadtomt i LNF-område medfører at det må søkjast om løyve til utvida bruka av eksisterande avkøyrsle. Slik løyve kan reknast med vil verte gitt med atterhald om utbetring av eksisterande avkøyrsle. Utanom dette forholdet har ikkje Statens vegvesen fleire merknader til dispensasjonssøknaden. Møre og Romsdal fylkeskommune, 14.12.12 Møre og Romsdal fylkeskommune har ut frå sine ansvarsområde ingen merknader Fylkesmannen i Møre og Romsdal, 20.12.12 Landbruksinteresser Gnr7 bnr2 består av totalt 340 dekar, derav 37 dekar dyrka mark, 186 dekar skog og resten fastmark og impediment. Bustaden som er søkt frådelt er hovedhuset på landbrukseigedomen, og utgjer ein vesentleg ressurs på eigedomen. Den omsøkte bustaden ligg i eigedomsgrensa i aust og grenser til vegen i nord, og ligg slik sett i utkanten av tunet og eigedomen. Men avstanden frå omsøkt bustad til gamlehuset på garden er omlag 6 m, og tomtegrensa vil gå svært nær det gjenverande gamle huset. Felles tilkomstveg, der vegen går heilt inn til den omsøkte bustaden, er uheldig dersom landbrukseigedomen igjen skal få ei
sjølvstendig drift i framtida. Det er mogleg det trengst avklaringar kring bruken av avkjørsla vest for driftsbygningen. Vi rår frå ei frådeling som omsøkt fordi omsøkte bustad ligg tett til gamlehuset i tunet. I tillegg har tunet og omsøkte bustad felles tilkomstveg. I denne saka ber vi om å få tilsendt jordlovsvedtaket straks det ligg føre. Landbruksnemnda i Ørsta, 14.02.13 VEDTAK: 1. Frådeling etter jordlova 12, vedtak: Landbruksnemnda viser til søknad registrert 12.09.12 frå eigar av gnr. 7 bnr. 2, Elias Lianes og Grethe Nytun Lianes, om frådeling av bustadhus på bruket, med tomt på om lag 1,35 da. Landbruksnemnda viser til saksutgreiinga med konklusjon, og gir løyve til frådeling etter jordlova 12, som omsøkt. Grunngjeving er at frådeling er forsvarleg utifrå den avkastning eigedomen kan gi, og at tilkomstvegen til tunet skal høyre til hovudbruket. Det vert også vist til at det ikkje er driftsbygning på bruket, og at avkøyrsle frå E39 vanskeleggjer framtidig drift med husdyrhald på bruket. 2. Dispensasjon frå kommuneplanen, tilråding: Landbruksnemnda viser til søknad registrert 12.09.12 frå eigar av gnr. 7 bnr. 2, Elias Lianes og Grethe Nytun Lianes, om frådeling av bustadhus med tomt på om lag 1,35 da. Landbruksnemnda kan tilrå at det vert gjeve dispensasjon frå kommuneplanen for frådeling, med same grunngjeving som i pkt. 1. Vurdering og konklusjon: Søknaden gjeld frådeling av tomt kring eksisterande bustad. Søknaden inneber såleis ikkje fysisk endring av arealtilstand eller arealbruk og ein finn såleis at saka ikkje påverkar tilhøve knytt til naturmangfaldet, interesser knytt til dei ulike temakarta til kommuneplanen, eller til nokon andre registreringar knytt til allmenne interesser. Det er såleis ikkje behov for vidare vurderingar knytt til Naturmangfaldlova 8-12. Det er ikkje sjølvstendig drift på bruket, og jordbruksareala vert haldne i drift som leigejord til eit bruk i nærleiken. Bruket har ikkje eigen driftsbygning. Det eldste huset er i bruk ved utleige. Det er trongt i tunet og kort avstand mellom husa. I utgreiinga til landbruksnemnda er det vurdert som usikkert om drifta vert teken oppatt på bruket. Så lenge det ikkje er sjølvstendig drift på bruket og det heller ikkje er sannsynleg at det er grunnlag for slik drift i framtida, er det ikkje direkte behov for eit hus nr 2 på eigedomen. Landbrukssjefen har i si vurdering konkludert med at det er forsvarleg å tilrå frådeling av huset, sjølv om det ligg nær det andre bustadhuset i tunet. Landbruksnemnda har gjort vedtak i samsvar med tilrådinga. Vert huset frådelt, er føresetnaden m.a. at det ikkje er behov for to hus på eigedomen, og det vil ikkje kunne reknast med at det kan byggast nytt hus nr 2 på eigedomen seinare utan at situasjonen endrar seg vesentleg i høve drift. I samband med høyringa elles har Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje merknader. Statens vegvesen stiller krav om at eksisterande avkøyrsle må utbetrast slik at den oppfyller tekniske krav. Fylkesmannen i Møre og Romsdal rår i frå å gje dispensasjon for frådeling. Fylkesmannen har lagt vekt på at huset, som er hovudhuset på eigedomen, utgjer ein vesentleg ressurs for eigedomen og at det ligg nær gamlehuset i tunet og med felles tilkomstveg.
Det ligg såleis føre motstridande fråsegner frå lokalt og regionalt landbruksmynde. I plan- og bygningslova 19-2 går det fram at kommunen ikkje kan gje dispensasjon dersom omsyna i bestemmelsen det skal dispenserast frå eller omsyn i lova sin føremålsparagraf vert sett vesentleg til side. Etter ei samla vurdering må fordelane ved å gje dispensasjon også vere klart større enn ulempene. Kommunen skal også tillegge statlege og regionale rammer særleg vekt, og kommunen bør ikkje gje dispensasjon dersom eit direkte berørt statleg eller regionalt mynde har uttalt seg negativt til søknaden, slik som no er tilfelle i saka. Fylkesmannen har rådd frå å gje dispensasjon, men har ikkje varsla konkret at det vil verte vurdert å klage på eit ev. vedtak om dispensasjon, slik det også vert gjort i ein del høve. Dette kan tolkast slik at Fylkesmannen likevel ikkje ser konflikten med regionale og nasjonale interesser og føringar som like alvorleg i denne saka som der ein varslar ei mogleg klage. Kommunen har i seinare år handsama fleire saker som har likskapstrekk med denne. Dette gjeld saker der både landbruksnemnda og samfunnsutvalet (eller tidlegare utval med tilsvarande ansvarsområde) har gjort vedtak om frådeling av eksisterande hus på gardsbruk som ikkje har vore i sjølvstendig drift, sjølv om det i dei faglege fråsegnene og utgreiingane har vore peika på fare for driftsulemper i dag eller i framtida. Rådmannen meiner denne saka i stor grad kan samanliknast med fleire av desse sakene og at det må leggast til grunn at det er gitt politiske føringar for ein praksis. Sjølv om det såleis ligg føre fråsegn frå Fylkesmannen som peikar på ulempene ein dispensasjon kan gi for landbruksinteressene, finn altså rådmannen å legge til grunn dei føringar tidlegare politiske vedtak i saker som kan direkte samanliknast med denne gjev, samt landbruksnemnda sitt vedtak og fråsegn i denne saka. Det må då også leggast vesentleg vekt på at garden ikkje er i sjølvstendig drift og at det såleis må leggast til grunn at det ikkje er behov for eit hus nr. 2 verken i dag eller i framtida. Det er også vektlagt at Fylkesmannen ikkje har vurdert det som aktuelt å varsle konkret at saka vil verte vurdert påklaga. Eldar Øye leiar plan- og utviklingsstaben Gunnar Wangen avdelingsleiar plan og miljø