Vågå kommune Fellestenester Kontaktutvalet for Reinheimen v. nasjonalparkforvaltar Trond Stensby Melding om vedtak Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2008/866/39/ Ingunn Moen Helland 29.06.2012 61293617 Dispensasjon frå verneforskrifta for Finndalen LVO for plassering av søppelkonteiner Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning gjorde i sak 37/12 følgjande vedtak: «Med heimel i naturmangfaldlova 48 blir det gjeve løyve for tiltak som omsøkt for oppstilling av søppelkonteiner til bruk for den kommunale renovasjonsordninga (v. Lom kommune) i Finndalen. Tiltaket skal gjennomførast på ein skånsam måte. Søknaden er vurdert etter dei miljørettslege prinsipp som går fram av naturmangfaldlova 8-12.» Vedtaket kan påklagast til Direktoratet for naturforvaltning. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen då brevet kom fram til påført adressat. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt innan fristen. Klaga skal sendast skriftleg til den som har fatta vedtaket (Vågå kommune). Det må opplysast om vedtaket det blir klaga over, den eller dei endringar som ein ønskjer, og grunnen for klaga. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklart for oss om du har klaga i rett tid, må du gje opp når denne meldinga kjem fram. Med helsing Ingunn Moen Helland Plan- og miljørådgjevar Postadresse: Telefon: 61 29 36 00 Bankkonto: 2085.07.70000 Edvard Storms veg 2 Telefax: 61 29 36 01 Org.nr: 939 607 706 2680 Vågå E-post: postmottak@vaga.kommune.no www.vaga.kommune.no
Kopi til: Fylkesmannen i Oppland (per e-post) Lom kommune (per e-post) Finndalen Fjellstyre (per e-post) Administrativ faggruppe Reinheimen (per e-post) Direktoratet for naturforvaltning (per e-post) Side 2 av 7
Side 3 av 7 Vågå kommune Arkivsak: 2008/866-38 Arkiv: K12 Saksbehandlar: Ingunn Moen Helland Utv.saksnr Utval Møtedato 37/12 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning 29.06.2012 Dispensasjon frå verneforskrifta for Finndalen LVO for plassering av søppelkonteiner Vedlegg: Saksframlegg: Vågå kommune mottok 19.06.2012 følgjande søknad v. nasjonalparkforvaltar for Reinheimen, T. Stensby: «På synfaring 12.06.12 vart det avklart med Statskog SF og Finndalen fjellstyre at det blir ordna med ny oppstillingsplass for søppelkonteinar i Finndalen landskapsvernområde. Lom kommune er ansvarleg for renovasjonsordninga i Finndalen, og konteinaren har til no hatt ymse plasseringar både på Lom si side og Vågå si side av kommunegrensa, men då innanfor Finndalen landskapsvernområde. P.t. står konteinaren ved informasjonspunktet for Finndalen landskapsvernområde. Her dominerer den synsfeltet når ein nærmar seg informasjonspunktet, og er såleis skjemmande for landskapet. I tillegg kan det i periodar med varmt vær vere problem med lukt. Det er såleis gode grunnar for, og eit felles ønskje om å flytta konteinaren til eit meir skjerma område. På synfaringa den 12.06.12 samla grunneigar og fjellstyre seg om ei lokalisering vel 300 m aust for Gjerdingje, på oversida av vegen (sjå oversiktskart). Her er det ei dokk i terrenget som skjermar for innsyn. Tiltaket vil avgrense seg til å gruse opp (ca. 15 cm tjukkleik) standplassen for konteinaren, over eit areal på ca. 20 m2. Vi søkjer om løyve for tiltaket.»
Oversiktskart som viser ønskt plassering: Side 4 av 7
Side 5 av 7 Flyfoto over ønskt plassering: Vurdering: Som det går fram av søknaden ligg arealet i Finndalen landskapsvernområde, der det i verneforskrifta m.a. er nedfelt følgjande i 3 pkt 1.1: «Området er verna mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter.» Det er vidare gjort ei ikkje uttømande opplisting av ulike former for inngrep, t.d. «faste og midlertidige innretninger», gravearbeid, planering m.m. Det er ikkje gjort unnatak for type tiltak det er søkt om. Saka må difor behandlast etter naturmangfaldlova 48: «(dispensasjon fra vernevedtak) Forvaltningsmyndigheten kan gjøre unntak fra et vernevedtak dersom det ikke strider mot vernevedtakets formål og ikke kan påvirke verneverdiene nevneverdig, eller dersom sikkerhetshensyn eller hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig. I avveiningen mellom øvrige vesentlige samfunnsinteresser og hensynet til verneområdet skal det særlig legges vekt på verneområdets betydning for det samlede nettverket av verneområder og om et tilsvarende verneområde kan etableres eller utvikles et annet sted. Tiltakshaveren kan pålegges å bære rimelige kostnader ved ivaretakelsen, opprettelsen eller utviklingen av et slikt tilsvarende område. Trenger et tiltak tillatelse både etter verneforskriften og etter annet lovverk, kan tiltakshaver velge å søke om tillatelse parallelt. Vedtak skal i slike tilfeller først fattes etter verneforskriften, dersom ikke annet følger av verneforskriften eller forvaltningsmyndighetens samtykke.
Søknad om dispensasjon etter første ledd skal inneholde nødvendig dokumentasjon om tiltakets virkning på verneverdiene. I dispensasjon etter første ledd skal begrunnelsen for vedtaket vise hvordan forvaltningsmyndigheten har vurdert virkningene som dispensasjonen kan få for verneverdiene, og hvilken vekt det er lagt på dette.» Rådmannen finn å kunne gå inn for å gi dispensasjon da det blir oppnådd ei vesentleg landskapsmessig forbetring, knytt til verneføremålet, mot å gjere eit høvesvis lite inngrep. Det er ein føresetnad at tiltaket blir gjennomførast på ein skånsam måte, og da tiltaket vil skje ved eksisterande veg ligg alt til rette for dette. Vidare må ein vurdere tiltaket ift. miljørettsprinsippa 8-12. 8. (kunnskapsgrunnlaget): Kunnskapsgrunnlaget er tilfredsstillande. Det er ikkje registrert prioriterte artar eller naturtyper på arealet. 9. (føre-var-prinsippet): Det er eit enkeltståande tiltak knytt til renovasjonsordninga for området. 10. (økosystemtilnærming og samlet belastning): Det er eit enkeltståande tiltak, med eit svært lite arealmessig omfang. 11. (kostnadene ved miljøforringelse skal bæres av tiltakshaver): Ikkje relevant. 12. (miljøforsvarlige teknikker og driftsmetoder): Ikkje relevant. Side 6 av 7 Rådmannens innstilling: Med heimel i naturmangfaldlova 48 blir det gjeve løyve for tiltak som omsøkt for oppstilling av søppelkonteiner til bruk for den kommunale renovasjonsordninga (v. Lom kommune) i Finndalen. Tiltaket skal gjennomførast på ein skånsam måte. Søknaden er vurdert etter dei miljørettslege prinsipp som går fram av naturmangfaldlova 8-12. Saksprotokoll i Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning - 29.06.2012 Behandling: Samrøystes som innstillinga. Vedtak: Med heimel i naturmangfaldlova 48 blir det gjeve løyve for tiltak som omsøkt for oppstilling av søppelkonteiner til bruk for den kommunale renovasjonsordninga (v. Lom kommune) i Finndalen. Tiltaket skal gjennomførast på ein skånsam måte. Søknaden er vurdert etter dei miljørettslege prinsipp som går fram av naturmangfaldlova 8-12.
Side 7 av 7