. Org.nr. 990700281
Om oss Håbakk Vinimport AS er eit lite, familie-eigd vinimport selskap med hovudsete i Ryfylke i sørvest Noreg. Me har spesialisert oss på import av høg kvalitets vin frå Sør Afrika til grossistar og Horeca marknaden. Selskapet er eit resultat av vår kjærleik til Sør Afrika og alle dei fantastiske vinane me har smaka på våre reiser i dette spanande vinlandet. Me er stolte av å kunna å presentera desse vinane til den norske marknaden. Vinane våre er produserte ved som ligg i hjarta av Stellenbosch i Western Cape, Sør Afrika. Vingarden vart grunnlagd i 1981 av familien Saager frå Sveits som såg det høge potensiale dette området har til dyrking og produksjon av vin. Vingarden ligg ved kanten av Helderberg fjellkjeda kor den avkjølande og fuktege brisen frå Atlanterhavet kjem inn over det fruktbare landskapet. I kombinasjon med perfekte jordsmonn tilhøve og stor lidenskap for vin vert nokre av dei beste og mest premierte vinane i Sør Afrika laga her. Totalt er 70 hektar land dyrka med vinrankar, kor 60 % representerer raude vinar og 40 % er planta med druer som blir til kvitvin. Den årlege produksjonen ligg rundt 350000 flasker vin som alle held topp kvalitet. Vinmakaren ved er unge Henry Kotze som gjennom fleire år har studert vindyrking og økologi ved Universitetet i Stellenbosch og fullførte Bachelor grada si som ein av dei beste i sin klasse. Etter universitetet starta han som vinmakar assistent ved Bochendal og Vergelegenen før han i 2003 kom til Eikendal. Henry har gjennom sin kunnskap, innsikt og brennande entusiasme for vin fått til oppsiktsvekkande resultat med fleire prestisjetunge prisar i blant anna Decanter, Veritas, Michelangelo, John Platter og WINE Magazine.
Sauvignon Blanc -Chardonnay Brut Musserande kvitvin Årgang 2008 Sauvignon Blanc, Cardonnay Vinifikasjon Druene vert plukka tidleg om morgonen då dei gir optimal friskhet og Druesafta er i kontakt med drueskala i fleire timar før den vert tappa over på rustfrie temperaturkontrollerte ståltankar for fermentering. Alkohol: 12.5 % Dette er ein musserande vin som er best ung og frisk, men vil framleis halde god kvalitet i fleire år.. Karakteristikk Tørr og frisk musserande vin med smak av grøne eple og tropisk frukt. Elegant og velbalansert syre, medium fyldig med fruktig ettersmak. Stor smakoppleving og mykje nyting for pengane Serveringstemperatur 5-7 grader Eikendal Rosē Rosē Årgang 2008 62 % Merlot, 19 % Shiraz, 11 % Cabernet Sauvignon og 8 % Cabernet Franc. Vinifikasjon Druene vert plukka ved ein temperatur på 21.5 23.5º C. Ved å fermentera dei ulike avlingane kvar for seg i ståltankar, vert dei naturlege frukt aromane og smakane til dei ulike druesortane tatt vare på. Etter 2 månadar vert druesafta blanda saman. Alkohol: 13 % Dette er ein rosē vin som er best ung og frisk, men vil framleis halde sin friske stil og gode kvalitet i fleire år.. Karakteristikk Frisk rosēvin med aroma av jordbær og raud frukt i harmonisk balanse. Perfekt sommarvin! Serveringstemperatur 7-10 grader
Blanc 2009 Kvitvin Årgang 2009 Sauvignon Blanc, Chardonnay, Semillion Vinifikasjon Druene vert hausta i februar, då dei er godt modne og gir mest Alkohol: 12,5 % Dette er ein kvitvin som er best ung og frisk, men vil framleis halde sin friske stil og gode kvalitet i fleire år.. Karakteristikk Tørr kvitvin med frisk aroma. Crisp, elegant finish Serveringstemperatur 6-8 grader Chardonnay 2006 Kvitvin Årgang 2006 100 % Chardonnay Vinifikasjon Druene vert hausta i februar, då dei er godt modne og gir mest Lagra 9 månadar på nye franske eikefat Alkohol: 14 % Ung, drikkeklar vin, men vil framleis utvikla sitt potensial ved lagring. Karakteristikk Ein klassisk godt balansert vin med rik og frisk smak av sitron, vanilje og eik. Fin kompleksitet som resultat av lagring på eikefat har gitt ein distinktiv vin. Serveringstemperatur 7-10 grader
Chenin Blanc dessertvin 2007 Dessertvin Årgang 2007 Chening Blanc Vinifikasjon Druene vert handplukka tidleg om morgonen i april. Sukkerkonsentrasjonen for sertifisering av noble late harvest må vera over 100g/l,- Eikendal har 123,2 g/l. Dei lett pressa druene vert først fermenterte i to år i franske eikefat og så lagra i nye7 mnd. på eik. Alkohol: 12,19 % Fantastisk å drikka nå, men har utmerka potensial for lagring i 5 Karakteristikk Serveringstemperatur 10 år Gyllen, konsentert noble late harvest. Honning bouquet med aprikos og ananas aroma..
Rouge 2008 Årgang 2008 Merlot, Shiraz Vinifikasjon Druene er hausta i februar då dei er godt modne og gir best intesitet. Druesortane vert hausta og fermenterte kvar for seg Lagra 8 månader på store franske eikefat Alkohol: 13,5 % Ung, drikkeklar vin. Karakteristikk Ein ukomplisert tørr raudvin med nydeleg fruktaroma.frisk smak av bær, elegant finish. Serveringstemperatur 16-18 grader Cabarnet Sauvignon /Merlot 2004 Årgang 2004 Cabarnet sauvignon og Merlot Vinifikasjon Druene vert hausta i februar då dei er godt modne og gir mest 18 mnd. på franske eikefat Alkohol: 14,5 % Utmerka potensial for lagring Karakteristikk Mørk fiolettraud farge, konsentrert smak av svarte bær, krydder og eik balansert med frukt. Lang, søt finish. Serveringstemperatur 18-19 grader
Pinotage 2008 Årgang 2008 100 % Pinotage Pinotage er er ei spesiell drue frå Sør Afrika. Dette er ei kryssing av Pinot noir og Cinsaut. Lagra 14 mnd. på franske eikefat. Alkohol: 14 % Utmerka potensiale for lagring Karakteristikk Vinen har djup fiolettraud farge. Kompleks aroma av bær, sjokolade og kaffi. Mjuke tanninar med integrert eikepreg. Fyldig og godt strukturert med elegant, lang finish. Serveringstemperatur 18-19 grader Cabernet Franc 2004 Årgang 2004 100 % Cabernet Franc Vinifikasjon Druene vert handplukka i små kvanta for å maksimera kvaliteten på innhaustinga. Etter pressing vert druesafta gjæra i rustfrie, temperaturkontrollerte ståltankar. Lagra 12 månadar på franske eikefat Alkohol: 14.5 % Kan godt nytast i dag med sin unge stil, men har også potensial til å utvikla interessante kvalitetar ved lagring. Karakteristikk Djup fiolettraud farge. Konsentrert smak av unge, friske bær med preg av krydder, mint og urter. Lett og elegant struktur, godt balansert med ein lang fløyelsmjuk finish. Serveringstemperatur 16-18 grader
Shiraz 2004 Årgang 2004 100 % Shiraz Vinifikasjon Druene vert hausta i februar, då er dei godt modne og gir mest Lagra 15 månadar på franske eikefat Alkohol: 15.25 % Utmerka potensial for lagring Karakteristikk Vinen har djup fiolettraud farge. Kompleks aroma av krydder, svisker, plommer og svarte bær. Rik i smak med moden og krydra fruktkarakter, fyldig og godt strukturert med elegant, lang finish. Serveringstemperatur 18-19 grader Classique 2006 Årgang 2006 Cabarnet Sauvignon, Cabarnet Franc, Merlot Vinifikasjon Druene vert hausta i februar, då dei er godt modne og gir mest Lagra i 24 mnd i 300l franske eikefat. Alkohol: 14,5 % Utmerka potensial for lagring Karakteristikk Vinen har mørk fiolettraud farge. Elegant og velbalansert Bordaux stil. Fantastisk aroma og rik smak av krydder, sjokolade og bær. Lang mjuk finish og elegante tanninar. Serveringstemperatur 18-20 grader
Korleis bestille vin? Det norske lovverk om sal og servering av alkohol gjer at me må dela inn i to ulike grupper for korleis ein kan bestilla vin importert av Håbakk Vinimport. Privat personar og vinelskarar generelt Vinane våre er på spesialbestilling på Vinmonopolet. Ta kontakt med torunn@habakk.com for meir informasjon. Horeca marknaden (Hotell, restaurantar og cafe) Til hotell, restaurantar, cafear og andre som har skjenkeløyve, kan me levera direkte. Desse treng ikkje å kjøpa vinen gjennom vinmonopolet, men kan ta kontakt direkte kontakt for prisar og leveringsmåte. For meir informasjon sjå www.habakk.com