Austevoll kommune Norconsult v/ Fritjof Stangnes Vår ref. Arkivkode Dykkar ref. Dato 16/732-2018005137/14900 16/732 24.04.2018 Gnr. 26 bnr. 0008 m.fl. Hille. Referat frå innleveringsmøte med oppfølging Det vart halde innleveringsmøte for overnemnde sak den 05.04.2018 på kommunehuset. Møtedeltakarar: Forslagsstillar: Nils Magne Bakke, Laila Kalvenes og Stig Kalvenes Ansvarleg søkjar: Norconsult AS v/fritjof Stangnes og Lene Merete Rabben Austevoll kommune: - Erik Andreas Kyvig, plan- og byggesakssjef - Sunniva Skålnes Samdal, konsulent Bakgrunn for møtet Det vart gjeve oppstart til planforslaget i 2016. Kommuneplanen frå 2013 har lagt ned ein gjennomføringssone med krav til felles planlegging i området. For å oppfylle dette kravet vart planområdet om lag 73 daa. Ved varsel om oppstart kom det inn merknader som medførte at grunneigar ynskja å revurdere planarbeidet. I møte med kommunen 14.06.2017 vart det peika på at areal avsett til fritidsbebyggelse i kommuneplanen ikkje er omfatta av gjennomføringssona. Kommunen mottok revidert planmateriale til 1. gongs handsaming den 19.03.2018. Plankart vart her redusert til å bare inkludere areal avsett til fritidsbebyggelse. Føremålet med møtet var å diskutere endringar i planforslaget, problemstillingar og vegen vidare. Oppsummering av diskuterte punkt 1. T1 Eigar av gbnr. 26/36, Laila Kalvenes, ynskjer byggje to fritidsbustader på tomta. Postadresse Telefon Telefaks Bankgiro E post: postmottak@austevoll.kommune.no 5392 Storebø 55 08 10 00 55 08 10 01 6518.05.00949 Foretaksreg. NO 941 139 787 MVA
Austevoll kommune Side 2 av 6 Det vart gjeve løyve til tiltaka i 2007. Løyvet falt bort da arbeidet ikkje var satt i gong innen 3 år. Eigar fortell at dette var grunna sykdom. Kommunen skal ha gjeve munnleg beskjed om at løyvet ikkje ville gå ut. Situasjonskart frå 2007 viser at terrasse for ein av hyttane er utanfor 25 m byggegrense til sjø. Det viser seg nå at hytta ligg nærare sjø enn antatt i 2007. Utklipp av figur 29 frå planskildringa datert 14.03.2018. Utklipp syner at hytte nr. 2 ligg i areal avsett til LNF-føremål i kommuneplanens arealdel, og kjem innafor 25 meter byggegrense til sjø. Hytta kjem også innafor sone med krav til felles planlegging. Utviding av planområdet og regulering i strid med kommuneplanen kan difor risikere at heile gjennomføringssona på om lag 73 daa. må regulerast. Det var diskutert at ein kan søkje om dispensasjon for å bygge hytte nr. 2. Det må da søkjast om dispensasjon frå arealføremålet, byggegrense til sjø og krav om felles planlegging. Kommunen vurderte at det ikkje er ynskjeleg å utarbeide ein detaljreguleringsplan som det i ettertid er tenkt å søkje om dispensasjon frå. Eigar påpeika at gbnr. 26/15 og 20 har fått byggje nærare sjø enn 25 meter. Kommunen kunne ikkje i møte fortelje kvifor dette er tilfelle eller om det har vert søkt om dispensasjon for å bygge nærare sjø. Det vart semje om at kommunen i etterkant av møte skal vurdere om det er mogleg å regulere gbnr. 26/36 i tråd med eigar sine planar, utan at heile gjennomføringssona må regulerast. Dette skal sjåast opp i mot omsynet til likskapshandsaming. 2. Plassering, utnyttingsgrad og tal hyttetomtar Ansvarleg søkjar påpeika at eksisterande eigedomsgrensar legg avgrensingar for plassering og storleik på tomtane i plankartet. I planskildringa, side 23, har ansvarleg søkjar utarbeida ein tabell for å vise at alle tomtane er bebyggelege.
Austevoll kommune Side 3 av 6 Tabell frå planskildringa, s. 23. Føresegn 4.1.1 stiller krav til at maks BRA skal inkludere parkeringsplass på inntil 18 m 2 og terrasse på maks 30 m 2. Unnataket er T5 som er bebygd i dag og kan parkere på F_SKV2. På grunn av storleik og plassering på tomtane er det ikkje høve til å byggje garasje, utebod, anneks m.m. Kommunen informerte at hyttetomtar burde vere minimum 1 daa, men såg at dette ikkje er mogleg der hyttetomtar allereie er frådelt. Det vart påpeika at T7 og T8 vil opne for ein frådeling av gbnr. 26/39 til tre separate tomtar. T8 vil bli ein mindre hyttetomt på 0,5 daa. Ansvarleg søkjar viste til tabell og at tomta er bebyggeleg. Det vart diskutert at dersom ein legg om eksisterande veg på gbnr. 26/39 vil dette gje ein større hyttetomt. Møtepartane var ikkje sikker på om planforslag er i tråd med tomteeigar sine ynskjer. Tomteeigar skal få høve til å ta stilling til planløysing for gbnr. 26/39. Ansvarleg søkjar informerte om at storleik på tomtane skapar ein problemstilling høve lovpålagt krav om 4 meter byggegrense til tomtegrensa. For å gje dei mindre tomtane eit større bebyggeleg areal er byggjegrensa variert i plankartet. Byggjegrense sikrar ein minimum avstand mellom bygg på 6,5 meter. Kommunen stilte spørsmål til kvifor T3 og T4 ikkje har fått tilkomstveg sør for tomtane. F_SKV3 ligg i LNF-føremål og i gjennomføringssona med krav til felles planlegging. Veg
Austevoll kommune Side 4 av 6 reduserer også bebyggeleg areal på T4 frå 0,5 daa til 0,3 daa. Ansvarleg søkjar informerte at terrengtilhøva og eksisterande hytte på T5 gjer det vanskjeleg å vidareføre f_skv2 opp til T3 og T4. Det kan vere mogleg å leggje til rette for parkeringsplass for T3 og T4 nord for tomtane. Dette vil krevje at planområdet vert utvida inn i gjennomføringssona og at parkering vert lagt i LNF-område. Kommunen vurderte at dette ville gje ein betre planløysing, og vil vurdere om dette er mogleg utan å utløyse krav om felles planlegging. 3. Tilkomstveg Ved varsel om oppstart bad Statens vegvesen om at planavgrensing vart utvida til å inkludere eksisterande avkjørsle frå fylkesveg. Dette vil krevje ny varsel og auka kostnadar for forslagsstillar. Kommunen informerte om at det vanlegvis vert kravd at tilkomstveg og avkjørsle skal detaljregulerast. Dette vil hjemle bruk av avkjørsla til fylkesveg for utbyggingsomfanget og sikre vegtilkomst. Eigar av gbnr. 26/8 informerte om at Statens vegvesen i 2002 godkjente påknyting for 4 hytter. Det skal i ettertid ha vert bygd 2 hytter. Det var vurdert at Statens vegvesen kan krevje utbetring av kryss før det vert gjeve løyve til bruk av avkjørsla for nye hytter etter planforslaget. Kommunen skal vurdere om regulering av tilkomstveg krevjer ny varsel og/eller utløyser krav om felles planlegging. 5. Vatn og avløp Eigar av gbnr. 26/8 stilte spørsmål til krav til vatn og avløp. Kommunen informerte om at det i utarbeidinga av detaljreguleringsplanen må utarbeidast ein rammeplan for vatn og avløp. Det vart semje om at løysing for vatn og avløp skal diskuterast etter at det er tatt stilling til dei andre problemstillingane i saka. 6. Innspel til kommuneplanens arealdel Både eigar av gbnr. 26/8 og 26/36 skal ha sendt inn innspel til revideringa av kommuneplanen. Kommunen skal dobbeltsjekke at desse er registrert og vil bli vurdert i revideringsprosessen. 7. Tilbakebetaling av gebyr Forslagsstillar og eigar av gbnr. 26/8 spurte om ein nedskalering av området ville gje tilbakebetaling av kommunale gebyr for private reguleringsplaner. Kommunen skal sjekke om gebyrregulativ frå 2016 opnar for tilbakebetaling. 8. Framgang Kommunen må vurdere om det er naudsynt med ny oppstart pga. nedskalering av planområdet, eller om planforslaget kan 1. gong handsamast. Det vart semje om at kommunen i referat frå møtet inkluderte oppfølging på punkt som var uavklart. Vi ber om tilbakemelding dersom dykk har noko dykk ynskjer å tilføye referatet.
Austevoll kommune Side 5 av 6 Oppfølging etter møte Innspel Innspel til gbnr. 26/8, datert 26.09.2017 er mottatt (journalpost 17/12081 og 17/11761). Avsender var Norconsult v/fritjof Stangnes. Innspel til gbnr. 26/36, datert 24.09.2015, er mottatt (journalpost 15/11484). Avsender er Laila Kalvenes. Gebyr Forslagsstillar vart fakturert 68 073,- i kommunalt gebyr for oppstart av planforslaget i 2016. Etter gebyrregulativet for 2016 kan ein søke om endra gebyr dersom gebyret er openbart urimeleg. Dersom det er ynskjeleg å få tilbakebetalt gebyr må det difor sendast inn søknad om dette med argumentasjon for kvifor ein skal fastsette eit anna gebyr. Planområdet og krav til felles planlegging Vurderinga er at planområdet må utvidast til å inkludere tilkomstveg med avkjørsle til fylkesveg, og hyttetomtane i si heilskap. Føremålet med sjø må vere eit underføremål til LNF eller eit anna allmennyttig føremål. F_SKV3 burde takast ut og parkering løysast nord for T3 og T4. Ettersom kommuneplanen har avsett tomtane til fritidsbebyggelse og veg er allereie bygd, er vurderinga at det vil vere i tråd med intensjonene til kommuneplanen å regulere hyttetomtane, utan at krav til felles planlegging vert utløyst. Konsulent har vert i kontakt med Austevoll kommune sin kontaktperson hos Fylkesmannen. Føremålet var å avklare om dei vil ha innvendingar til skissert løysing. Representant for fylkesmannen var samd i at heile hyttetomtar og tilkomstveg må tas med i planavgrensinga. Vidare vurderte Fylkesmannen at planforslaget legger opp til ein for tett utbygging, med for små hyttetomtar. Det var informert om at nokre av desse tomtane er allereie frådelt. Av dei som ikkje vart frådelt vurderte Fylkesmannen at T8 må takast ut. Det vart stilt spørsmål om T1 var bebyggeleg utan for store inngrep i terrenget, grunna helning mot sjø. Fylkesmannen var kritisk til at areal avsett til fritids- og turistføremål ikkje var tenkt innlemma i planforslaget. Dersom ein skal ha ein tett fritidsbebyggelse var vurderinga at ein må kompensere for dette med regulering av fritids- og turistføremål til eit føremål for allmenn nytte. Dersom areal avsett til fritids- og turistføremål ikkje vert inkludert, var den førebelse vurderinga at Fylkesmannen vil varsle motsegn til planforslaget. I lys av førebelse merknader frå representant hos Fylkesmannen er vurderinga at det ikkje er tilrådeleg å gå i gong med reguleringsarbeidet utan at areal for fritids- og turisme er tatt med. Samstundes har kommunen i liknande sakar hatt ein høg terskel for å fråvike krav om felles planlegging. Likskapshandsaming må leggjast vekt på i vurderinga om krav om felles planlegging kan fråvikast. Førebels vurdering er at dersom planforslaget i liten grad endrar eksisterande høve i området som ligg i sone for felles planlegging, kan ein unngå at krav vert utløyst. Kva gjeld T1 er vurderinga at det ikkje er mogleg å ta stilling til om administrasjonen vil tilrå fråvik frå kommuneplanens arealdel og byggegrense til sjø på dette tidspunkt. Eit eventuelt fråvik må vurderast opp i mot planforslaget som heilskap.
Austevoll kommune Side 6 av 6 Endring av planavgrensing og eit eventuelt fråvik frå krav om felles planlegging må handsamast politisk. Framgang Det vurderast at planforslaget kan sendast til 1. gongs handsaming og ikkje trenger ny oppstart. Endring av planforslaget vil da bli handsama politisk. Plan- og byggesaksavdeling Erik Andreas Kyvig Plan- og byggesakssjef Sunniva Skålnes Samdal Konsulent Dette dokumentet er elektronisk godkjent og treng difor ikkje underskrift. Mottakere: Laila Kalvenes Norconsult v/ Fritjof Stangnes Vedlegg: Plankart Hille