Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for Teknisk og Næring 22.04.2014 030/14 Saksbeh: Sigbjørn Haugen Saka vert avgjort av: Hovudutval for Teknisk og Næring Arkiv: N-504, GBNR- 36/45 Arkivsaknr. 13/56 Reguleringsplan gbnr 36/45 Torsnes Dokument i saka: Dok.nr. T Dok.dato Namn Tittel 1 I 24.01.2013 Ing. Egil Ulvund Tinging av oppstartmøte for reguleringsplan gbnr 36/45 Torsnes 2 I 03.07.2013 Henning Grønhaug Oppstart av planarbeid Plommevikane, Torsnes 4 I 20.02.2014 A4 Eiendom as v/ Henning Grønhaug Vedkomande reguleringsarbeid Plommevikane. 5 I 13.03.2014 A4 Eiendom as v/ Henning Grønhaug Redigert fotomontasje av prosjektet ved sjøen. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova 12-11. Kommuneplanen for Jondal, delplan Torsnes 19.12.2012 Saksopplysningar: Ing Egil Ulvund as har på vegne av Henning Grønhaug, eigar av gnr 36 bnr 45, Plommevikane på Torsnes bede om oppstartmøte for utarbeiding av detaljreguleringsplan for eigedomen. I kommuneplanen er området avsett til LNF spreidd bustadbygging og LNF.
Utsnitt kommuneplanen, LNF5, 2 bustader Illustrasjon, bustader, rorbuer, naust og småbåthamn. Området ligg i omsynssone for skred. Det ligg føre to skredvurderingar som konkluderer med at området kan byggjast ut.
Illustrasjonen viser 8 terasseleilegheiter, 5 rorbuer, naust og småbåthamn. Terrenget gjer det vanskeleg å byggje køyreveg frå fylkesvegen ned til sjøen Vurdering: Området er avsett til spreidd bustadbygging i kommuneplanen. Ein kan stille spørsmål om ei terasseblokk med 8 leilegheiter er rett utbyggingsform i dette området/jondal/torsnes. Terrenget gjer det vanskeleg å byggje køyreveg frå fylkesvegen ned til sjøen. Rorbuer vil også krevje store inngrep. Tiltak ved sjøen bør avgrensast til småbåthamn og naust/boder for bustadene. Rådmannen ser positivt på privat initiativ og tilrår at det kan varslast oppstart av planarbeid sjølv om tiltaket har større omfang enn føresett i kommuneplanen. TILRÅDING FRÅ RÅDMANN: 1. Det kan varslast oppstart av arbeid med reguleringsplan for Plommevikane for bustader, naust og småbåthamn. 2. Før arbeidet vert varsla skal det haldast oppstartmøte mellom tiltakshavar og Jondal Ragnvald Joakimsen/ass. rådmann 12.07.2013 Hovudutval for Teknisk og Næring Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart vedteke med 4 røyster, 1 røysta mot (1 Ap). HTN-035/13 VEDTAK: 1. Det kan varslast oppstart av arbeid med reguleringsplan for Plommevikane for bustader, naust og småbåthamn. 2. Før arbeidet vert varsla skal det haldast oppstartmøte mellom tiltakshavar og Jondal
NYE OPPLYSNINGAR I SAKA Saksopplysningar: Epost frå A4 Eigedom as 20 februar 2014: Viser videre til HTN vedtak datert 12.07.13., arkivsaknr. 13/377. Det presiseres at det er A4 Eiendom as som er søker, ikke Henning Grønhaug privat, slik det fremkommer i saksdokumentene. Ihht vedtak ble det avholdt oppstartsmøte, datoer som ovenfor. Saksinnstilling og vedtak i HTN som ovenfor, gir ikke anledning til å starte regulering med 5 rorbuer som planlagt. A4 Eiendom as ønsker saken gjenopptatt på det området som gjelder rorbuer ved sjøen. På oppstatsmøtene redegjorde A4 eiendom as ytterligere for nødvendigheten av etablering av disse rorbuene for å kunne gjennomføre prosjektet i sin helhet. Rorbuene er tenkt bygget som utleieenheter med høy standard. Enhetene vil ikke selges enhetsvis og etter A4 Eiendom as sin oppfatning fremstår derfor rorbuene som næringsbygg. Antallet rorbuer reduseres fra 5 til 4 enheter i forhold til opprinnelig plan. På oppstartsmøte åpnet Jondal Kommune for at det var grunnlag for å se på denne delen av planen på nytt. A4 Eiendom as anmoder derfor om at saken tas opp til ny vurdering når det gjelder rorbuene, med bakgrunn i dialog på oppstartsmøtene samt innhold i dette brev. Ny modifisert fotoillustrasjon er under utarbeidelse, og blir ettersendt så snart den foreligger.
Revidert fotomontasje med 4 rorbuer Vurdering: Tiltakshavar hevdar at det er avgjerande for gjennomføring av prosjektet at det også kan etablerast rorbuer for utleige. Rådmannen har vurdert saka på nytt. Omfanget er redusert frå 5 til 4 rorbuer. Dersom ein definerer rorbuer for utleige som næring knytt til sjø, er byggjegrensa mot sjø 0 meter i føresegnene til kommuneplanen. Tidlegare har rådmannen vist til at rorbuene krev store terrenginngrep og at det er vanskeleg å byggje køyreveg frå fylkesvegen til sjøen. I planføresegnene kan det stillast rekkjefylgjekrav som til dømes medfører at bustader og naust skal byggjast før rorbuene. TILRÅDING FRÅ RÅDMANN: 1. Det kan varslast oppstart av arbeid med reguleringsplan for Plommevikane for bustader, naust, småbåthamn og rorbuer for utleige. 2. Før arbeidet vert varsla skal det haldast oppstartmøte mellom tiltakshavar og Jondal Ragnvald Joakimsen/ass. rådmann
22.04.2014 Hovudutval for Teknisk og Næring Framlegg frå Jon Steinar Skeie, Sp: Som tilrådinga frå rådmannen, men med følgjande som nytt pkt. 2; I planføresegnene skal det stillast rekkjefylgjekrav som til dømes medfører at bustader og naust skal byggjast før rorbuene. Røysting: Tilrådinga frå rådmannen fekk ingen røyster og fall. Framlegget frå Jon Steinar Skeie vart vedteke med 4 røyster. HTN-030/14 VEDTAK: 1. Det kan varslast oppstart av arbeid med reguleringsplan for Plommevikane for bustader, naust, småbåthamn og rorbuer for utleige. 2. I planføresegnene skal det stillast rekkjefylgjekrav som til dømes medfører at bustader og naust skal byggjast før rorbuene. 3. Før arbeidet vert varsla skal det haldast oppstartmøte mellom tiltakshavar og Jondal