SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Are Endal Rognes Arkiv: K01 &18 Arkivsaksnr.: 15/325 Søknad om snøscooter og helikopterløyve Rådmannen si tilråding: Med heimel i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10.06.1977 nr.82 6 får Falkeblikk AS løyve til å landa i utmark med helikopter i samband med innspeling av reklamefilmar for Bergans på fylgjande vilkår: Løyvet gjeld for flyging kortaste veg til og frå Molden inntil 2 dagar i tidsrommet 05.02.2015 til 31.04.2015. Falkeblikk AS får løyve til å landa på Molden i samband med begge flygingane. Løyvet gjeld ikkje på søndagar eller andre helge- og høgtidsdagar. Løyvet gjeld frakt av tyngre utstyr i samband med innspelinga. Persontransport er ikkje tillate som einaste ærend, men det er høve til å nytta ledig kapasitet i helikopteret til frakt av personar. Det skal ikkje visast helikopter på skjermen i det ferdige TV-produktet. Søkjar skal gje melding til fjelloppsynet før flyging vert gjennomført slik at kommunen til ei kvar tid er informert om aktiviteten. Med heimel i Forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag nr. 365 av 15.05.1988 6 får Falkeblikk AS løyve til å nytta snøscooter til saman 8 dagar i perioden 05.02.2015 til 31.04.2015 i samband med filminga. Løyvet gjeld for følgjande område: Molden Sogn skisenter og området rundt toppen av heisen. Vorfjellet ved Gaupne. Veitastrond inn til Nasjonalparkgrensa. Sognefjellet. For køyring i område kring Sognefjellet skal ferdsle ikkje skje i Helgedalen eller sør for denne, og ikkje sør for Bergsdalen og Turtagrø. Løyvet vert gjeve på følgjande vilkår: Kommunen si leigekøyringsordning skal nyttast. Det skal ikkje køyrast meir enn strengt naudsynt, og køyringa skal gå føre seg på ein måte som er minst mogleg sjenerande for dyr og menneske i fjellet. Dersom det vert observert villrein under køyring, skal ruta leggjast om eller turen avbrytast og utsetjast slik at dyra ikkje vert jaga.
Ved ev. køyring innanfor verneområde må det også innhentast løyve frå vernestyresmaktene, v/nasjonalparkforvaltarane for dei aktuelle verneområda. Søkjar må innhente samtykkje frå grunneigar før ferdsel kan skje.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Søknad med vedlegg Uttale frå villreinnemda i Sogn og Fjordane i høve sak 15/307-1 Uprenta vedlegg: Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10.06.1977 nr. 82 Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag av 15.05.1988 nr. 365 Samandrag: Falkeblikk AS har kontrakt med Bergans for å produsere alt filmmateriale for dei i 2015. Dette inkluderer alle små reklamesnuttar som går før været på TV2 kvar kveld og andre reklamefilmar. Dei har avtale om 22 vær-snuttar fordelt utover året, og 5 større reklamefilmar som vil gå i reklamepausane. Dei søkjer om løyve til motorisert ferdsel til utstyr- og persontransport. Ei slik eksponering av kommunen på tv vil vera veldig viktig marknadsføring av området som reisedestinasjon. Reklamesnuttane vert synte på TV2 kvar kveld gjennom heile året og vil såleis bli lagde merkje til. I tillegg vil reklamesnuttar og bilete bli vist mykje også andre stader av Bergans, sportskjeder, Storm (værmeldinga) og i sosiale media (bl.a. YouTube). Utval som har vedtaksmynde: Plan- og forvaltningsstyret, jf. delegasjonsreglementet, k.sak 26/12. Fakta: I ein e-post 02.02.2015 søkjar Falkeblikk AS om løyve til motorferdsel i samband med filmproduksjon. Falkeblikk AS skal produsera i alt 22 vær-snuttar og fem større reklamefilmar på oppdrag frå Bergans, for framsyning på TV 2, spesielt i samanheng med vêrmeldinga. Filminga skal skje fleire stadar i indre Sogn, deriblant i Luster kommune. Dei nyttar dronar og tungt kamerautstyr til produksjonen av filmmaterialet og bruk av helikopter og snøscooter er naudsynt for å transportere nødvendig utstyr og personell over lengre avstandar. Kommunen har vurdert søknaden etter motorferdslelovverket. Falkeblikk har vore i dialog med Luster kommune sidan desember 2014. Dei hadde i utgangspunktet ønskje om eit fritt løyve i heile kommunen, noko som ville vore vanskeleg å imøtekoma. Dei vart difor bedne om å spesifisera kva område dei ville operere i og kor mykje dei skulle køyre. Falkeblikk AS ønskjer å kunna nytte eigen arbeidsscooter til saman 8 dagar i perioden frå februar og fram til 31.april i områda: Molden Sogn skisenter og med området frå rundt toppen av heisen. Vorfjellet ved Gaupne. Veitastrond inn til Nasjonalparkgrensa. Sognefjellet. Vidare ønskjer dei høve til to dagars transport med helikopter og langingsløyve på Molden. Vurdering:
Reklamar som brukar fjell og spektakulær natur som verkemiddel for å fremje sine produkt, vil tena som veldig god reklame for kommunen og regionen indre Sogn. Særskilt reiselivsnæringa vil kunne profittere på dette, men og med tanke på tilflytting til kommunen vil slike reklamefilmar kunne spele ei viktig rolle. Motorferdslelova slår fast at motorferdsel i utmark i hovudregelen ikkje er tillate ( 3), men 6 i motorferdsleforskrifta seier at : «I unntakstilfelle kan kommunestyret - eller et annet folkevalgt organ som kommunestyret bestemmer - etter skriftlig søknad gi tillatelse til kjøring utover 2-5, dersom søkeren påviser et særlig behov som ikke knytter seg til turkjøring, og som ikke kan dekkes på annen måte. Før eventuell tillatelse gis, skal transportbehovet vurderes mot mulige skader og ulemper i forhold til et mål om å redusere motorferdselen til et minimum». Falkeblikk AS nyttar dronar og tungt kamerautstyr til produksjonen av filmmaterialet og bruk av helikopter og snøscooter er difor naudsynt for å transportere nødvendig utstyr og personell over lengre avstandar. Dei er og veldig avhengige av gode vêrtilhøve for å få gjennomført filminga si, med tanke på dette er også bruk av motorkøyrety gunstig. Vurderingar i høve miljørettsprinsippa, 8-12 i naturmangfaldlova: Kunnskapsgrunnlaget bak vurderinga, ( 8), baserer seg på lokalkunnskap frå avdelinga for landbruk og naturforvaltning og uttale frå villreinnemda i Sogn og Fjordane i samband med sak 15/307-1. Villreinnemnda rår ifrå ferdsle med motorkøyrety i området sør/sør-vest og aust for Turtagrø, medan ein trase langs FV55 mot Oppland grense kan godtakast. Ei slik tilråding bør og leggjast til grunn i denne saka. Den største omsynsfaktoren i denne delen av kommunen er villreinen. Føre-var-prinsippet, ( 9), bør leggjast til grunn for avgjerda om å avgrense området som søkjaren får nytta motorkøyrety i. Etter lova er det difor ikkje tilrådeleg å tillata søkjaren køyre i områda sør og aust for Turtagrø av omsyn til villreinen og konsekvensane slik ferdsle kan ha for denne. Omfanget av skiturisme og motorferdsel i området er per i dag ei belastning for villreinen og ein bør derfor søkje å minimere denne belastninga, jamfør 10 om samla belastning. Med bakgrunn i dette tilrår rådmannen å leggja avgrensingar på kvar Falkeblikk kan ferdast i det omsøkte området kring Sognefjellet av omsyn til den sårbare villreinstamma i Vest- Jotunheimen 11 om at tiltakshavar skal dekka kostnader knytte til at miljøet taper seg, vert vurdert å ikkje vera relevant i denne saka. Etter 12 om miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar, tilrår rådmannen å setje vilkår for løyvet for å minimere den negative påvirkninga på naturmiljøet, derunder ei områdeavgrensing i Sognefjellsområdet. Dato 04.02.2015 Jarle Skartun rådmann Steinulf Skjerdal landbrukssjef Særutskrift skal sendast: Søkjar
m/kopi til: