Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 1. kommunikasjon, språk, tekst Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle sin språkforståelse, språkkompetanse og et mangfold av kommunikasjonsformer. I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialekter gjennom rim, regler, sanger, litteratur og tekster fra samtid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leker med språk, symboler og tekst og stimulere til språklig nysgjerrighet, bevissthet og utvikling. Rammeplanen I haust har barna fått møte tekst på ulike måtar. Me har hatt barnehagekor ein gong i veka der barna har fått øva på å synga saman og aleine i mikrofon. Barna har og hatt song og musikkstund ein gong i veka saman med ein lærar frå Stord Kulturskule. I samlingane les me bøker kvar dag og barna har fått vore med på biblioteket for å låna bøker der. Litteraturen har vore variert og barna har fått vore med å bestemma kva for bøker som skulle lesast. Eventyr har fenga barna og i haust tok nokre av barna initiativ til at me skulle laga eit heilt eige eventyr på gruppa. Barna dikta og alle fekk vera med bestemma. Etterpå når eventyret var ferdig, spelte barna teater for alle barn og vaksne i barnehagen på fellessamling. 2. kropp, rørsle, mat og helse Barna skal inkluderes i aktiviteter der de kan få være i bevegelse, lek og sosial samhandling og oppleve motivasjon og mestring ut fra egne forutsetninger. Barnehagen skal bidra til at barna blir kjent med kroppen sin og utvikler bevissthet om egne og andres grenser.- Rammeplanen I haust har me hatt fast turdag der me har gått varierte turar. Gruppa har gått ein del saman med gul gruppe og saman med dei har me laga mat på tur. Her har barna fått oppleva både
turglede, samhold, samt mat laga på bålpanne og stormkjøkken. Turane har gitt motorisk utfordring og meistring. Gruppa har jobba med psykologisk førstehjelp. Me har brukt opplegget med raude og grøne tankar i samlingsstunder. Elles har me relatert temaet til ulike bøker me har lese om vennskap og kjensler. Dette er eit opplegg som handlar om barns tankar og kjensler, og korleis ein skal forholda seg til dette på ein god måte. 3. kunst, kultur og kreativitet I arbeid med fagområdet skal personalet stimulere barnas nysgjerrighet, utvide deres forståelse og bidra til undring, undersøkelser, utprøvinger og eksperimentering. Barnehagen må legge til rette for og videreutvikle barnas kreative prosesser og uttrykk. - Rammeplan Barna har arbeida med ulike teknikkar og materiale. Gjennbruksmateriale har vore kjekt å utforska. Desse har vore brukt til å laga ulike kunstneriske uttrykk og bilete. Når me laga julegåver, var barna med å bestemma kva dei ville laga og kva for materiale me skulle ta i bruk. Barna har laga kunstbileter. Då fekk dei velja seg eit bilete av ein kjent kunstnar og herma etter det. Me har og introdusert ulike formings og handarbeidsteknikkar, til dømes brodering, veving og hekling. Vaksne på gruppa er merksame på å tilpassa vanskelighetsgrada aktivitetane for kvart enkelt barn, slik at alle skal få både utfordring og føle meistring.
4. natur, miljø og teknologi Barnehagen skal legge til rette for at barna kan få et mangfold av naturopplevelser og få oppleve naturen som arena for lek og læring. Rammeplanen Gruppa har vore mykje på tur i haust. Turane har vore varierte og me har vore til dømes på stranda, i skogen, langs fjellknausar, til leikeplassar og til fotballbanen. Fokuset er alltid leik og barna har fått gode leikekameratar på tvers av gul og raud gruppe. Barna har fått oppleva naturen i alle årstidene og utforska ulikskapane saman med vaksne. Dei har blant anna smaka på snøen, sett på rumpetroll, vassa i sjøen og smakt på ulike bær og sopp. Barna har fått prøvd ulike teknikkar. Dei har blant anna fått spikka sine eigne spiddepinnar og vore med å laga bål. Barna har og fått sjå korleis stormkjøkkenet fungera og vore med å laga mat på det. 5. antal, rom og form Fagområdet omfatter lekende og undersøkende arbeid med sammenligning, sortering, plassering, orientering, visualisering, former, mønster, tall, telling og måling. Det handler også om å stille spørsmål, resonnere, argumentere og søke løsninger. Rammeplanen Gjennom ulike spel har barna øvd på å telja og å bruka terning. Varierte spel har gjort at barna har måtta sortera, finna ulikskapar og likskapar, samanlikna og finne ulike former. Saman med vaksne har barna difor vore med å finna løysningar og sjå samanhengar. Ved å perla på perlebrett har barna laga ulike mønster og former. Til jula laga barna snøkrystallar. Ark måtte brettast og klippast, slik at det vart ulike mønster og former.
6. etikk, religion og filosofi Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon og blir kjent med religioner og livssyn som er representert i barnehagen. Rammeplanen Før jul var gruppa på julegudsteneste i nysæter kyrkje. Som førebuing til dette leste me juleevangeliet og snakka om den kriste jula. Barna fekk læra tradisjonsrike julesongar, både kristlege og ikkje- kristlege. Me snakka og ein del om den muslimske trua og muslimske juletradisjonar, då denne religionen er representert i barnegruppa. Vidare snakka me om dei humanetiske tankane kring jul. Barna har fått høyre om «guten i sivet» som er ei kristleg forteljing. Vaksne i barnehagen dramatiserte historia på fellessamling. 7. nærmiljø og samfunn Gjennom utforsking, opplevelser og erfaringer skal barnehagen bidra til å gjøre barna kjent med eget nærmiljø, samfunnet og verden. Rammeplanen På turdagane har me utforska barna sitt nørmiljø. Me har vore på leikeplassar i nærleiken og besøkt både fjell og skog i nærleiken av barnehagen. Me har besøkt brannstasjonen og fått helsa på dei som jobbar der. Me har og vore innom politistasjonen. Kulturskulen har invitert oss til kulturelle opplevingar i kulturhuset på Leirvik. Me har vore på fotballbanen ved Langeland skule og kikka oss rundt på skuleplassen. Denne skulen skal dei fleste av barna på gruppa starte på til hausten. Me har vore på høgskulen HVL og besøkt sjukepleiarstudentane. Der fekk barna delta på bamsesjukehuset.