Stryn kommune. Saksframlegg. Godkjenning av årsbudsjett 2018/økonomiplan Lillestøl

Like dokumenter
Den innleiande budsjettprosessen har følgd same mønster som tidlegare år, jfr. Vedlagde budsjettrundskriv nr 1 frå juni -16 (vedlegg).

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

Godkjenning av Handlingsdel med økonomiplan og årsbudsjett 2019

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

Saksnr. Utval Møtedato 050/17 Skule- og kulturutval /17 Formannskapet Kommunestyret

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

Arild Iversen, Krf, kom med fylgjande framlegg på vegne av Krf, H, Frp og Ferjelista: 1. Skattesatsen for eigedomsskatt i 2015 vert sett til 2

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Budsjett 2019 og økonomiplan

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Åge Starheim leiar

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

HARAM KOMMUNE Sakspapir

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.:

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Investeringsbudsjettet for 2018, og for økonomiplan perioden vert godkjent slik det ligg føre.

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Økonomiplan

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksnr. Utval Møtedato 114/16 Sektorutval for tekniske saker /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

SAKSFRAMLEGG. Budsjett 2019 og økonomiplan behandling i formannskapet

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Gunn Sande

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

Rådet for eldre og funksjonshemma

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer. Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: Tid: 13:00

Kvam herad. Sakspapir

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

Betalingssatsar 2017 for kjøp av mat frå Stryn og Vikane omsorgssenter

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: UTV.SAKSNR.

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 11/1133 Løpenummer: 11/ Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 14:00 16.

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:00. Møtested: Kommunehuset, 2. etg. Saksnr.

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Saksnr. utval Utval Møtedato 17/103 Formannskapet /093 Kommunestyret /022 Rådet for eldre og mennesker med nedsett

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

Saksprotokoll. Arkivsak: 07/779 Tittel: PROTOKOLL: BUDSJETT ØKONOMIPLAN

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksframlegg Valle kommune

SELJE KOMMUNE Driftsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 15:00 19:00. Møtested: Kommunehuset, 3 etg. Saksnr.

Møteprotokoll for Formannskapet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kåre Træen Arkiv: 004 &14 Arkivsaksnr.: 07/14 ÅRSREKNESKAP OG ÅRSMELDING SOGNDAL KOMMUNE.

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Selje kommune. Møtebok. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl. 13:00-14:00

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

SELJE KOMMUNE Råd for eldre og funksjonshemma. Møtebok

Kommunestyret. Innkalling

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Anne Lise Eklund

Møteprotokoll. Formannskapsmøte med innstilling i budsjett/økonomiplan og skulestruktursak

Personal- og økonomiutvalet drøfta moglege framtidige inntekter for å sjå kva evt. handlingsrom kommunen har utover i perioden.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaknr 12/215

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSFRAMLEGG. Budsjett 2018/Økonomiplan

Svar på oppmoding om busetting av flyktningar i 2016

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT


SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Sakspapir. Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Anny Bastesen FE /2782

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 14433/2015

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Transkript:

Stryn kommune Arkiv: FE - 145 JournalpostID: 17/14968 Saksbehandlar: Randi Rørvik Lillestøl Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 048/17 Helse- og sosialutvalet 14.11.2017 096/17 Sektorutval for tekniske saker 14.11.2017 051/17 Skule- og kulturutval 14.11.2017 016/17 Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne 15.11.2017 154/17 Formannskapet 22.11.2017 163/17 Formannskapet 29.11.2017 117/17 Kommunestyret 19.12.2017 Godkjenning av årsbudsjett 2018/økonomiplan 2018-2021 Bakgrunn for saka: Kommunen skal etter lova utarbeide årsbudsjett og økonomiplan som strekkjer seg over minst dei 4 komande åra. Første året i økonomiplanen er budsjettet for det komande året, og det er berre vedtaket om dette året som er ein bindande plan for kommunen sin drift, jfr. kommunelova 46, 1. Formkrava til budsjett og økonomiplan er gjevne i forskriftene til lova, og desse er lagde til grunn for Budsjett/økonomiplan for Stryn kommune 2018-2021. Budsjett og økonomiplan skal leggjast fram og vedtakast i økonomisk balanse for kvart år som planen omfattar. Vidare skal både inntekter og utgifter i perioden byggje på realistiske forventningar, og økonomiplanen skal medverke til at kommunen sine tilgjengelege ressursar blir nytta på ein best mogleg måte. Budsjettet er ein bindande plan for kommunen sin tilgang på og bruk av midlar for det komande året. Økonomiplanen skal først og fremst synleggjere framtidige satsingar, prioriteringar og konsekvensane minst 4 år framover. Vi har også i år delt arbeidet med budsjett og økonomiplan i ei administrativ- og ei politisk handsaming. I praksis tyder dette at rådmannen førebur og presenterer sitt budsjettframlegg og gjev innstilling til formannskapet. Dette budsjettforslaget blir også sendt sektorutvala og rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne som gir uttale til formannskapet før budsjettet blir handsama der. Formannskapet vidarefører prosessen og lagar innstilling til kommunestyret. Denne innstillinga skal etter lova ligge til allment gjennomsyn i 2 veker før kommunestyret slutthandsamar saka. Den innleiande budsjettprosessen har i store trekk følgt same mønster som tidlegare år, jfr. vedlagde budsjettrundskriv nr 1 frå juni -17 (vedlegg). Formannskapet har blitt orientert undervegs i prosessen og fekk orientering om konsekvensjustert budsjett både før og etter at regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2018 var kjent. I tillegg har

også kommunestyret og sektorutvala blitt orientert om arbeidet og rådmannen sine prioriteringar undervegs i arbeidet. Lovgrunnlag, reglar, føresegner, plandokument: Kommunelova med føresegner Plan- og bygningslova (handlingsprogrammet) Ikkje vedlagt sakstilfang: Kommuneøkonomiproposisjonen frå mai -17. Framlegget til statsbudsjett frå oktober -17. «Grønt hefte» - vedlegg til statsbudsjettet Vedlegg i saka: Handlingsdel med økonomiplan 2018-2021 1360926 Rådmannen sitt framlegg tiltak til ØPL 2018-2021 Vedtak formannskapet 29.11.2017 1362625 Kommentarar til prioriterte tiltak rådmannen sitt framlegg 1360339 ØPL 2018-2021 Økonomiske hovudoversikter ØPL 2018-2021.doc 1360777 Budsjettrundskriv I - Årsbudsjett 2018 Økonomiplan 2018-1351385 2021 Detaljert budsjett ØPL 2018-2021 - Drift 1360432 Detaljert budsjett ØPL 2018-2021 - Investering 1360431 27_17 Budsjett for Stryn kontrollutval 2018(14291)(59553) 1362639 Saksopplysningar: Kommunesektoren generelt og Stryn kommune spesielt har no vore igjennom det som i etterkant kan kallast nokre «gode» år. Med det meiner rådmannen at ein år for år har kunna vidareført kommunen sitt vedtekne driftsnivå med berre mindre sektorvise endringar. Utfordringa i år har vore å gjennomføre ein positiv og konstruktiv budsjettprosess samstundes som ein måtte gjennomføre kutt i rammene til sektorane. Konsekvensjustert budsjett etter framlegginga av forslag til statsbudsjett (og korrigering av feil) vart lagt fram for formannskapet 25. oktober. Følgjande økonomiske oversiktsbilete vart då presentert: Rådmannen vil poengtere at vi treng ein plan for å tilpasse kostnadane til inntektene i åra som kjem. For å gjere dette på ein god, og ikkje minst gjennomtenkt måte, ønskjer rådmannen å gjere dette i fleire etappar. For budsjettåret 2018 er rammene til sektorane reduserte med 0,5% (ca. 2,2 mill kroner) sett i høve til det ein skulle hatt om ein fekk kompensert løns- og prisstigninga fullt ut. Vidare foreslår rådmannen at ein i 2018 skal gjennomføre eit prosjekt som skal gå igjennom organisasjonen og måten denne løyser oppgåvene sine på i åra som kjem. Målsettinga med dette prosjektet er å frigjere 5 mill. kroner (i tillegg til innsparinga i 2018) frå og med budsjettåret 2019. Med desse innsparingane vil kommunen måtte bruke av disposisjonsfondet for å balansere drifta i 2018, men ein vil frå 2019 ha eit økonomisk handlingsrom. Dette handlingsrommet vil dessverre forsvinne igjen frå slutten av økonomiplanperioden om ein skal gjennomføre dei tiltaka som

kommunestyret i tidlegare økonomiplanar har teke inn i planane for kommunen. Rådmannen ber difor kommunestyret vurdere om alle tiltak som ligg i økonomiplanen frå tidlegare vedtak skal vere med vidare framover. Om tiltaka blir med vidare er det, sjølv med innsparingar i drifta på over 7 mill årleg frå 2018/2019 samt at vi unngår ein renteoppgang, ikkje rom for nye tiltak frå 2021 og utover. Økonomiplanen for 2018-2021 vert som følgjer: I tabellen viser overforbruk + / mindreforbruk. Kostnader + / Inntekter NB: Driftsverknad av tiltak vil i 2022 bli ca. kr. 15.000.000,- Dette vil føre til behov for auka bruk av fond ca. kr. 5.900.000 for å balansere budsjettet. Om ein ser utover det som er spesielt for Stryn kommune, så er der også fleire generelle tilhøve som skaper usikkerheit for framtida. Sett på bakgrunn av dei utfordringane den norske økonomien står framfor i dei komande åra, er det uansett slik at ein ikkje kan vente seg ei betring av rammevilkåra for kommunesektoren framover, og budsjettføresetnadane for dei komande åra kan vere usikre. Stikkord i denne samanhengen kan vere: Varierande statsbudsjett som er avhengig av kva parti som dannar fleirtal i budsjettprosessen på Stortinget. Økonomisk utvikling i kjølvatnet av kommunereforma Utviklinga innan finanssektoren (t.d. rentenivå) Nye og hittil ukjende behov lokalt og sentralt Stryn kommune har dei siste åra prioritert fleire store investeringar. Desse genererer både rente- og avdragskostnader samt høgare driftskostnader knytt til utviding av areal som er i bruk. Når dette kjem samstundes med at folketalsauken i kommunen flatar ut og vi heller ikkje er ein del av ein prosess med å lage ein ny kommune etter kommunereforma, og gjennom det får tilgang til «friske»

midlar, gjer det at handlingsrommet i økonomiplanperioden er borte. I dette budsjettframlegget har rådmannen prioritert å finne plass til naudsynte tiltak samstundes som effektivisering og innsparing blir gjennomført. I rådmannen sitt framlegg er utbygging av Tonning Skule prioritert i tillegg til ombygging av Storesunde til barnehage og ny veg til denne. Dette er store prosjekt, og saman med tiltak som kommunestyret tidlegare har vedteke å ta inn i våre planar, som m.a. bygging av ny barnehage i Innvik og bygging av terapi-/utebasseng i Stryn sentrum, blir det ein stor sum til nye tiltak som må finansierast i økonomiplanperioden. Dette er ikkje eit «krisebudsjett», men eit budsjett som synleggjer trongen for naudsynte tilpassingar til ein ny økonomisk røyndom for kommunen. Tiltaka som er foreslått er knytt både til drift og investering, og ein opplever at behov/krav/ønskje om nye tiltak og kommunal medverknad er stort frå heile kommunen. I tilrådinga har rådmannen prioritert tiltak basert på ei fagleg vurdering, samstundes som han har vore lojal mot tidlegare politiske vedtak i budsjett og økonomiplan. Konsekvensen av dette er som sagt tidlegare at det økonomiske handlingsrommet igjen blir sterkt redusert i slutten av økonomiplanperioden. Når vi simulerer vidare for åra etter 2021 ser vi at drifta, slik ho no ser ut, ikkje er berekraftig. Det betyr at kommunen relativt fort vil måtte tøme tilgjengelege fond. Det er etter rådmannen sitt syn ikkje sannsynleg at ein kan klare å tilpasse drifta til dei kostnadane som ein ser kjem utan at ein gjennomfører omfattande strukturendringar og gjennom det skaper rom for innsparingar i drifta. Alternativet er at kommunestyret allereie ved denne budsjetthandsaminga ser nærare på tidlegare prioriterte tiltak og vurdere korvidt alle desse skal vere med inn i komande økonomiplanar. Dei føreslegne tiltaka er kommenterte nærare i vedlegga til saka. Vurdering: Eit budsjett og ein økonomiplan er eit framtidsdokument som mest mogleg presist skal styre dei økonomiske rammene for den kommunale verksemda framover. Det er difor viktig at vurderingane kring ressursbruken er tufta på eit best mogleg fundament sjølv om uføresette og ukjende tilhøve kan endre dette framover. Det er likevel rådmannen si oppfatning at det er sannsynleg at dei føresetnadene som er lagde til grunn er påreknelege og såleis fullt forsvarlege å bygge på. Det er både som driftsvirkemiddel og finansieringsvirkemiddel føresett bruk av fondsmidlar. Bruken er endra i høve til økonomiplanen 2017 2020, og rådmannen er uroa for trongen for bruk av fondsmidlar i slutten av økonomiplanperioden. Det er viktig at kommunen har ein buffer i disponible fond for å unngå at uføresette hendingar slår direkte ut på den kommunale tenesteproduksjonen. Å bruke noko frå fond i 2018 for å gi oss tid til å planlegge ei endring av drifta i løpet av det komande året er ei rett prioritering, men kommunen må søke å unngå å planlegge med å måtte bruke fond på slutten av økonomiplanperioden. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Framlegget til budsjett/økonomiplan for perioden 2018 2021 blir godkjent. 2. Høgste tillatne skatteøre for inntekt og formue skal leggast til grunn. 3. Margin for skatt for inntektsåret 2017 og framover skal vere 11% 4. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån og godkjenne lånevilkår for 2018 i samsvar med vedlagde finansieringsoversikt til følgjande formål: Lån til eigne formål kr XXX,- Lån til forretningsformål kr XXX,-

Helse- og sosialutvalet 14.11.2017: Rådmannen sitt framlegg samrøystes tilrådd. HS- 048/17 Vedtak: 1. Framlegget til budsjett/økonomiplan for perioden 2018 2021 blir godkjent. 2. Høgste tillatne skatteøre for inntekt og formue skal leggast til grunn. 3. Margin for skatt for inntektsåret 2017 og framover skal vere 11% 4. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån og godkjenne lånevilkår for 2018 i samsvar med vedlagde finansieringsoversikt til følgjande formål: Lån til eigne formål kr XXX,- Lån til forretningsformål kr XXX,- Sektorutval for tekniske saker 14.11.2017: Rådmannen sitt framlegg teke til etterretning. TS- 096/17 Vedtak: 1. Framlegget til budsjett/økonomiplan for perioden 2018 2021 blir godkjent. 2. Høgste tillatne skatteøre for inntekt og formue skal leggast til grunn. 3. Margin for skatt for inntektsåret 2017 og framover skal vere 11% 4. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån og godkjenne lånevilkår for 2018 i samsvar med vedlagde finansieringsoversikt til følgjande formål: Lån til eigne formål kr XXX,- Lån til forretningsformål kr XXX,- Skule- og kulturutval 14.11.2017: Rådmannen sitt framlegg samrøystes tilrådd. SK- 051/17 Vedtak: 1. Framlegget til budsjett/økonomiplan for perioden 2018 2021 blir godkjent.

2. Høgste tillatne skatteøre for inntekt og formue skal leggast til grunn. 3. Margin for skatt for inntektsåret 2017 og framover skal vere 11% 4. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån og godkjenne lånevilkår for 2018 i samsvar med vedlagde finansieringsoversikt til følgjande formål: Lån til eigne formål kr XXX,- Lån til forretningsformål kr XXX,- Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne 15.11.2017: Framlegg til vedtak ikkje godkjent. Nytt vedtak: Årleg tilskot til Frivilligsentralen må aukast til kr. 600.000,- Eldrerådet si prioriteringsliste over tiltak som ikkje er teke med i rådmannen sitt forslag: Bemanning på dei to institusjonane bør prioriterast som første og andre prioritet Ergotarapeutressurs bør priotritrast som trede prioritet REF- 016/17 Vedtak: Årleg tilskot til Frivilligsentralen må aukast til kr. 600.000,- Eldrerådet si prioriteringsliste over tiltak som ikkje er teke med i rådmannen sitt forslag: Bemanning på dei to institusjonane bør prioriterast som første og andre prioritet Ergotarapeutressurs bør priotritrast som tredje prioritet Formannskapet 22.11.2017: Saka vert utsett til formannskapet sitt møte 29/11-17 FO- 154/17 Vedtak: Formannskapet 29.11.2017: Formannskapet vart utvida til finansutval der KrF og FrP var inviterte. KrF møtte. Vedtak skal gjerast av formannskapet.

Møtet vart heva. Det vart halde gruppemøte i 39 min. Formannskapet vart sett kl 15:40. Framlegg frå H/SP/AP. Som rådmannen sitt framlegg men med følgjande endringar: Drift: Innsparing: Ny stilling (60% engsjement) flyktning 2018 blir tatt ut. Innsparing 350.000 (2018) Nye tiltak: Søskenmoderasjon SFO. Kostnad 50.000 (2018) 96.000 (2019-2021) Tilskot Innvik Ullvare. 50.000 (2018) Auke tilskot turløyper/anlegg 250.000 (2018) Investering: Innsparing: Terapi/Utandørsbasseng går ut. - 1.000.000 (2020) - 30.000.000 (2021) Nye tiltak: Barnehage Loen. + 5.000.000 (2019) Forskottere gang og sykkelveg Loen - Solvik +25.000.000 (2020) Veg Solvik - Leite + 30.000.000 (2021) Finansiering: Auka innsparing knytt til "Prosjekt 2018" til 10.000.000 årleg frå 2020. Bruke øyremerka fond til finansiering der dette er mogeleg Om naudsynt bruke disposisjonsfond for å balansere budsjett/økonomiplan. Rådmannen får i oppdrag å korrigere budsjett/økonomiplan i tråd med konsekvensane av vedtaket før endeleg handsaming av saka i kommunestyret 19.12. Rådmannen sitt framlegg med endringsframlegget frå H//AP/SP samrøystes vedteke. FO- 163/17 Vedtak: 1. Framlegget til budsjett/økonomiplan for perioden 2018 2021 blir godkjent. 2. Høgste tillatne skatteøre for inntekt og formue skal leggast til grunn. 3. Margin for skatt for inntektsåret 2017 og framover skal vere 11% 1. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån og godkjenne lånevilkår for 2018 i samsvar med vedlagde finansieringsoversikt til følgjande formål: Lån til eigne formål kr 54.950.000,- Lån til forretningsformål kr 17.660.000,- Formidlingslån kr. 4.000.000,- Endringar: Drift:

Innsparing: Ny stilling (60% engsjement) flyktning 2018 blir tatt ut. Innsparing 350.000 (2018) Nye tiltak: Søskenmoderasjon SFO. Kostnad 50.000 (2018) 96.000 (2019-2021) Tilskot Innvik Ullvare. 50.000 (2018) Auke tilskot turløyper/anlegg 250.000 (2018) Investering: Innsparing: Terapi/Utandørsbasseng går ut. - 1.000.000 (2020) - 30.000.000 (2021) Nye tiltak: Barnehage Loen. + 5.000.000 (2019) Forskottere gang og sykkelveg Loen - Solvik +25.000.000 (2020) Veg Solvik - Leite + 30.000.000 (2021) Finansiering: Auka innsparing knytt til "Prosjekt 2018" til 10.000.000 årleg frå 2020. Bruke øyremerka fond til finansiering der dette er mogeleg Om naudsynt bruke disposisjonsfond for å balansere budsjett/økonomiplan. Rådmannen får i oppdrag å korrigere budsjett/økonomiplan i tråd med konsekvensane av vedtaket før endeleg handsaming av saka i kommunestyret 19.12. Kommunestyret 19.12.2017: Framlegg frå Ap og V: 60% stilling (flyktningtenesta) blir ivareført i 2018. Finansiering gjennom disposisjonsfond. ubrukt løn 2017 pga 20% permisjon, heile året 48 000 ubrukt løn 2017 pga 60% vakant engasjement, 7 mnd 149 000 sosiale utgifter 35 000 Refusjon frå Eid grunna flyktning flytta til Stryn 122 000 Sum 354 000 Kostnadar ein ikkje får dekka gjennom overførte midlar blir dekke av disposisjonsfond. Framlegg frå Ap og V Framskunding av oppvekstsenter i Vikane til 2019 - Etablering av Oppvekstsenter i Vikane blir framskunda og planlagt sluttført i 2019 - Investeringssummen vert endra frå 10 000 000 til 7 500 000, ved at Aaland sitt alternativ nr 2 vert lagt til grunn. Administrasjonen kan også vurdere andre byggtekniske løysingar innanfor same kostnadsramme. -Driftsutgiftene i 2020-21 vert justerte etter endra investeringsnivå og er i storleik på same nivå som

Formannskapet sitt vedtak for same perioden. Noværande 2018 2019 2020 2021 Sum i perioden Investering 10 000 000 10 000 000 Renter (1,8%) - - 90 000 178 875 268 875 Avdrag 40 år 125 000 250 000 375 000 Sum driftskostnad - - 215 000 428 875 643 875 Alternativ III-parallelt med Loen, 2018 2019 2020 2021 Sum i perioden redusert beløp Investering 7 500 000 7 500 000 Renter (1,8%) 135 000 131 625 266 625 Avdrag 40 år 187 500 187 500 375 000 Sum driftskostnad 322 500 319 125 641 625 Framlegg frå KrF: Varmtvassbasseng/terapibad må vurderast i Prosjekt 2018. Framlegg frå H: Terapibasseng ska utgreiiast. Det vart halde gruppemøte kl 15:45 Møte sett kl 16:30. Verbalframlegg frå H, FrP, KrF Vi har merka ogss reaksjonane etter at varmtvassbasseng vart fjerna frå budsjettet. Vi forstår reaksjonane. Vi forstår også trongen, og vil be administrasjonen i 2018 få fram konkrete kostnader for utbygging av varmtvassbasseng i Stryn. Framlegg frå Sp og H Stryn kommune inngår avtale med Turløyper Stryn i samsvar med søknad for 2018. Resten av fireårsperioden blir å ta stillling til i Prosjekt 2018. Det vart gjennomført røysting over framlegga: Framlegg frå Ap og V: 60% stilling (flyktningtenesta) blir ivareført i 2018. 15 røysta for, 10 røysta mot. Framlegget vart vedteke. Framlegg frå Ap og V: Framskunding av oppvekstsenter i Vikane til 2019. 6 røysta for 19 røysta mot: Framlegget fall. Verbalframlegg frå H, FrP og KrF: Varmtvassbasseng: Samrøystes vedteke. Framlegg frå Sp og H: Avtale med Turløyper Stryn: Klemet Bø gjekk frå som ugild. 24 røystsføre.

Samrøysstes vedteke. Formannskapet sitt framlegg med endringar samrøystes vedteke. KS- 117/17 Vedtak: Framlegget til budsjett/økonomiplan for perioden 2018 2021 blir godkjent. 1. Høgste tillatne skatteøre for inntekt og formue skal leggast til grunn. 2. Margin for skatt for inntektsåret 2017 og framover skal vere 11% 1. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån og godkjenne lånevilkår for 2018 i samsvar med vedlagde finansieringsoversikt til følgjande formål: Lån til eigne formål kr 54.950.000,- Lån til forretningsformål kr 17.660.000,- Formidlingslån kr. 4.000.000,- Investering: Innsparing: Terapi/Utandørsbasseng går ut. - 1.000.000 (2020) - 30.000.000 (2021) Nye tiltak: Barnehage Loen. + 5.000.000 (2019) Forskottere gang og sykkelveg Loen - Solvik +25.000.000 (2020) Veg Solvik - Leite + 30.000.000 (2021) Finansiering: Auka innsparing knytt til "Prosjekt 2018" til 10.000.000 årleg frå 2020. Bruke øyremerka fond til finansiering der dette er mogeleg Om naudsynt bruke disposisjonsfond for å balansere budsjett/økonomiplan. 60% stilling (flyktningtenesta) blir ivareført i 2018. Finansiering gjennom disposisjonsfond. ubrukt løn 2017 pga 20% permisjon, heile året 48 000 ubrukt løn 2017 pga 60% vakant engasjement, 7 mnd 149 000 sosiale utgifter 35 000 Refusjon frå Eid grunna flyktning flytta til Stryn 122 000 Sum 354 000 Kostnadar ein ikkje får dekka gjennom overførte midlar blir dekke av disposisjonsfond. Stryn kommune inngår avtale med Turløyper Stryn i samsvar med søknad for 2018. Resten av fireårsperioden blir å ta stillling til i Prosjekt 2018. Vi har merka oss reaksjonane etter at varmtvassbasseng vart fjerna frå budsjettet. Vi forstår reaksjonane. Vi forstår også trongen, og vil be administrasjonen i 2018 få fram konkrete kostnader

for utbygging av varmtvassbasseng i Stryn.