Saksprotokoll Kommunestyret 17.12.2009 Sak: 107/09 Tittel: :: Luster kommune - Budsjett 2010, økonomiplan 2010-13 og planleggingsprogram 2010-13 Arkivsak: 09/1968 Behandling: Endringsframlegg frå AP v/anders Bolstad: 1 f) vert endra til: Grunnskulen : Driftsramma vert auka ved kr. 810.000. Kommunestyret vil i 2010 ta ein prinsipiell gjennomgang av skulestrukturen. Budsjettekst om skuletilpassingar på sidene 6,31 og 32 vert strokne. Framlegget vart samrøystes vedteke. Framlegg frå V v/jon Ove Lomheim: Pkt. 8b (subsidiert straum til næring) går ut. Forventa meirinntekter kr 370.000,- går til styrking av posten nærmiljøanlegg/kulturaktivitet (385). Framlegget fekk 2 røyster og vart ikkje vedteke. Framlegg frå Frp v/ernst Veum: Nye større investeringar vert utsett inntil neste regulering av økonomiplan. Dette gjeld likevel ikkje anlegg som har vore ute på tilbod, tilrettelegging av bustadfelt og næringsområdet på Galdatoppen. Framlegget fekk 3 røyster og vart ikkje vedteke. Det vart til slutt røysta samla over formannskapet si tilråding med vedtekne endringsframlegg. Budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram vart samrøystes vedteke. Vedtak: 1. Kommunestyret vedtek rådmannen sitt framlegg til driftsbudsjett for 2010 av 29.10.2009 med slike endringar og presiseringar: a. Følgjande feil vert retta: Side 7, 3. linje: Det skal stå 2011, ikkje 2008.
Side 45, overskrifta Omsorgsplassar (sone 2 og 3). (Sone 2 og 3) vert stroken. Side 45, det er 8 omsorgsplassar i Luster, ikkje 7. b. Folkevalde: Ny aktivitet 2010: Vedta organisasjonsmodell for drift av Luster bad. c. Administrasjon: Ny aktivitet 2010: Gjennomføre medarbeidarundersøking ultimo 2010. d. Pleie og omsorg / tekniske tenester: Utgiftene i høve Alarmsentralen (tryggleiksalarmar / brannalarm) vert auka med kr 90.000 til kr 540.000, fordelt med brannalarm kr 460.000, tryggleiksalarmar kr 80.000. e. Kultur: Utgiftene til biblioteket vert auka med kr 22.000 for kjøp av IKT utstyr i høve utlånssamarbeid med resten av fylket. f. Grunnskulen : Driftsramma vert auka ved kr. 810.000. Kommunestyret vil i 2010 ta ein prinsipiell gjennomgang av skulestrukturen. Budsjettekst om skuletilpassingar på sidene 6,31 og 32 vert strokne. g. Eigedomsskatten for 2010 vert auka med kr 522.000. h. Pensjonspremie KLP vert redusert med 1,2 mill kr. i. Renteutgifter vert auka med kr 800.000. j. Barnehage og grunnskule: Budsjettekstane i høve oppvekstsenter vert skriven slik at desse ikkje speglar formannskapet si tilråding i sak 121/09, men kommunestyret sitt endelege vedtak i sak 77/09. k. Sosial: Rådmannen vert beden om vurdere aktuelle styringsmål for NAV Luster i arbeidet med 1.budsjettrapport 2010. Styringsmåla bør i utgangspunktet relaterast til 1) Ungdom med norsk eller vestleg bakgrunn, 2) Innbyggjarar > 18 år med annan etnisk bakgrunn og 3) Andre innbyggjarar > 18 år. l. Administrasjon: Rådmannen vidarefører dagens praksis ved at disponeringa av ev ledige stillingsressursar hos rådmannen vert drøfta i formannskapet før utlysing. m. Barnehage: Ved vurderinga av plasstorleikar frå og med 2011/12 skal ein og vurdere innføring av ei felles ferieordning (2 veker) for alle barnehagane. I tilknyting til dette skal ein og vurdere om SFO i større grad enn i dag bør koplast til barnehagane i feriane. n. Barnehage: Rådmannen vert beden om å leggje opp til ei rimeleg harmonisering av driftsløyvingane til dei ulike barnehagane. o. Grunnskule: Arbeidet med å etablere fellessystem for administrasjon og drift vert vidareført. Ein må vidare syte for at gode erfaringar frå særskilde satsingar/prosjekt kjem alle einingar til del. p. Grunnskule: Likestilling nytt mål: Det skal arbeidast aktivt for å få fleire mannlege lærarar inn i grunnskulen i Luster. q. Tekniske tenester: Kommunestyret viser til eige vedtakspunkt i budsjettet for 2009 (1.1.k) og seinare vedtak i k-sak 81/09. r. Teknisk tenester: Rådmannen får i oppdrag å vurdere driftsnivået innanfor teknisk drift utover den vurdering som skal gjerast etter k.sak 60/09. s. Pleie/omsorg: Personar med nedsett funksjonsevne sitt behov for bistand i høve ferie og fritid skal vurderast ved føreståande gjennomgang av gjeldande regelverk og kriterium. 2. Kommunestyret vedtek rådmannen sitt framlegg til investeringsbudsjett for 2010/ økonomiplan 2010-13 med slike endringar og presiseringar: a. Løyvinga til Luster bad vert i talbudsjettet endra frå tenestestad 222261 til 381261. b. Løyvinga til avløpstiltak vert i talbudsjettet endra frå tenestestad 345602 til 353602. c. Det uspesifiserte innsparingskravet Generell reduksjon drift, jf tabell side 78, vert for åra 2011-13 tilpassa slik at Sum endringar = avvik svarar til (Avvik) lenger oppe i tabellen.
d. Driftsramma til grunnskule vert auka med kr 1.140.000 for 2011, jf punkt 1.f over. Det uspesifiserte innsparingskravet generell reduksjon drift vert auka tilsvarande. e. For Sosiale tenester vert det i økonomiplanteksten skrive inn følgjande tekst: Dei kvalifiseringsmidlar NAV Luster mottek som øyremerka løyving vil i 2011 inngå i kommunen sitt rammetilskot. Budsjettet for 2011 bør tilpassast dette. f. Det skal fremjast ei eiga politisk sak om sal av Jostedal eldresenter. g. Anleggsutvikling vert auka med 0,5 mill kr i 2010 relatert til naudsynt ekstraarbeid i høve Eide bru. Auken vert teken frå disposisjonsfondet. h. Galdatoppen/Hafslo næringsområde (side 64): Budsjetteksten vert endra til: Det er løyvd kr 100 000,- til planarbeid i 2008. Utarbeid reguleringsplan er vedteken i k-sak 96/09. Kostnaden ved utbygging av feltet er ikkje klarlagt. Det er førebels ikkje sett av økonomiske midlar til etablering og opparbeiding av området. Utbygginga er føresett finansiert over næringsfondet med delvis refusjon frå salsinntekter. Før ein startar utbygginga vil ein vurdere utnyttinga av eksisterande næringsområde og vurdere deltiltak slik at investeringa kan strekkast noko ut i tid. Kommunestyret vil få framlagt eiga sak. i. Bilar maskiner Teknisk drift (side 56). Siste setninga i budsjetteksten vert sletta. j. Bustadfelt infrastruktur (side 59): Budsjetteksten vert endra til: Kommuneplanen sin arealdel legg til rette for ny bustadbygging i kommunen. Ut frå planstatus og behov peikar budsjettet på 4 kommunale felt for vidare arbeid: Borhaug; Reguleringsplan ligg føre og det er gjennomført arkeologiske utgravingar. Prosjektering og grunnerverv er ikkje starta opp. Vidare arbeid må tilpassast økonomi, behov/etterspørsel og kapasitet. Kommunestyret vil i 2010 få seg førelagt ei eiga sak om utbyggingskostnad og vidare framdrift/prioritet. Beheim; Geotekniske undersøkingar pågår. Reguleringsplanlegging og prosjektering er ikkje starta opp, men feltet skal ha prioritert i 2010 med mål om byggeklare tomtar hausten 2011. Haugane/Tandle; Geotekniske undersøkingar pågår. Reguleringsplanlegging i samsvar med planleggingsprogrammet, mål om byggeklare tomtar i 2012. Bolstadmoen; reguleringsendring i samsvar med planleggingsprogrammet med mål om byggeklare tomtar i 2012, men om mogleg alt i 2011 ved hjelp av konsulent. Alt plan- og reguleringsarbeid i tilknyting til nye bustadfelt skal ha høgste prioritet og kan såleis føre til at andre oppgåver i planleggingsprogrammet må skyvast i tid. I budsjettet/økonomiplanen er det sett av 1,5 mill kr kvart år. Dette er å sjå på som ei kommunal nettoløyving der salsinntekter av tomter er tekne til inntekt. Eit anslag er klårgjering av 10 tomtar pr år og at kommunal nettoutgift er kr 150.000 pr tomt (som ikkje vert dekka av salsinntekter). Eit anslag er ei bruttoinvestering på 12-15 mill i ØPperioden. Kommunestyret får lagt fram sak/saker med utbyggingsvedtak. 3. Kommunestyret vedtek rådmannen sitt framlegg til planleggingsprogram for 2010-13 med slike endringar og presiseringar: a. Reguleringsplan Gjerde. Vert utført 2011. Tilpassing til økonomiplanen (retting av feil). b. Reguleringsplan Dale. Tidsplanen vert skyvd 1 år ut i tid. Tilsvarande for økonomiplanen. c. Det vert elles vist til vedtakspunkt 2.j over. 4. Kommunestyret vedtek at godtgjersla til ordføraren vert auka med 3 % får 2009-10.
5. Kommunestyret vedtek slik skattlegging for 2010: a. Skatt på formue og inntekt vert utskrive etter høgaste gjeldande satsar. b. Eigedomsskatten, jf. lov av 5.06.75, vert utskriven med kr. 7,- for kvar 1000 kr. i takstverdi. Skatten vert utskriven på verk og bruk. 6. Kommunestyret vedtek slik bruk av fond 2010: a. 9,5 mill kr av konsesjonsavgiftene vert brukt til driftstiltak og avdrag på lån. b. Renter og avkasting av kommunen sine omløpsmidlar, inklusive fond, vert å sjå samla. Avkastinga avsett til fond vert sett til 2 mill kr. Ev meiravkasting/mindreavkasting vert ført mot bufferfond. c. Det vert nytta 17.6 mill kr ( 2010) av heimfallsfondet til delfinansiering av Luster bad.
7. Kommunestyret vedtek å ta opp nye lån slik: a. Det vert teke opp lån til ordinære investeringar på kr 32.585.000,-. b. Forskotteringslånet til Gullringen vert auka frå 115 til 120,5 mill kr. Auka låneopptak vert teke opp som eit avdragsfritt lån tilsvarande tidlegare oppteke lån. 8. Kommunestyret vedtek slik forvaltning av konsesjonskrafta: a. Konsesjonskraft til eige bruk og til Sognekraft (gjenkjøp) vert seld som i 2009, jf vedtak i k-sak 92/09. b. Næringslivskundar får tilbod om kjøp av kraft til 28 øre pr kwh + påslag + mva gjennom eittårskontraktar (2010). c. Resterande kraft vert forvalta med grunnlag i vedteken risikostrategi, jf k-sak 92/09. 9. Fullmakter elles: a. Kommunestyret gjev formannskapet fullmakt til å disponere tilleggsløyvingar og nye løyvingar. Rådmannen får likevel fullmakt til å fordele tilleggsløyving løn. b. Kommunestyret gjev formannskap / rådmann fullmakt il å gjennomføre investeringane innanfor dei rammer/presiseringar som ligg i budsjettet. c. I tillegg får rådmannen følgjande meir spesifiserte fullmakter: Fullmakt til å inngå avtalar om grunnkjøp innafor dei kostnadsrammer og presiseringar som ligg i budsjettet.. Fullmakt til å inngå avtale med Reisemål Sogndal og Luster AS og Skjolden Cruisekai AS i høve cruisesatsinga i 2010-11. d. Kommunestyret gjev kyrkjeleg fellesråd fullmakt til å disponere løyvinga på kr 150.000 til investeringar kyrkja. 10. Rapportering 2010: Rådmannen rapporterer til kommunestyret slik: a. Årsmelding og rekneskap i samsvar med kommunelova sine reglar. b. Rapportar pr 1. og 2. tertial med tilråding om naudsynte budsjettendringar. c. Separate byggje- og anleggsrekneskapar for definerte investeringsprosjekt (kontoklasse 0) med eit samla kostnadsoverslag på minimum 2,5 mill kr. d. Ihht vedteken strategi for forvaltninga av konsesjonskrafta. Jf k-sak 92/09..