Mandatory Assignment 07 Rapport

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Mandatory Assignment 07 Rapport"

Transkript

1 Mandatory Assignment 07 Rapport Malin Ersland Bjørgen våren 2015 Introduksjon Oppgåva me fekk handla om å utvikle ei merkevare og designe innpakning og salspunkt. Eg synes oppgåva virka veldig interessant når me fekk ho, og føler etter fire veker med arbeid at det har vore svært lærerikt. Eg valde tidleg å spele på mitt eige forhold til dyr og dyremat, og gjekk difor for eit alternativ eg føler at mangler i butikkane i dag: skikkeleg næringsrik, økologisk dyremat noko som òg ville vere passande ettersom økologi er svært «trendy» for tida. OBS! For å gjere teksten meir lettlest og uavbrutt har eg samle alle skisser og bilete på slutten av rapporten, med henvisning til bileta i teksten. Research og arbeidsprosess Mitt produkt Det første eg skulle gjere var å utvikle eit namn/merke og deretter lage ein logo for produktet. Ettersom eg er katteeigar og òg har hatt hund/dyr mykje i livet, så passa denne oppgåva fint for meg. Det første eg tenkte på var kva for type hundemat som kunne vore attraktivt/aktuelt å selje. Det første som spratt inn i hovudet var økologisk og næringsrik hundemat. Denne typen produkt er populært for tida, og for oss som bur ute på landet er det ikkje særleg mange dyrebutikkar som sel «god hundemat» lett tilgjengeleg. Difor valde eg to fokuspunkt for mitt produkt: økologisk og sunt/næringsrikt. Med desse to tinga i bakhovudet byrja eg å tenkje på namn. Av alle eg kom på var det ein av dei første som vart ståande: ECODOG. Namnet speler på «ecology/ecological» og «dog», og er eit namn som fungerer godt både på norsk og engelsk, slik at produktet vil kunne appellere òg til turistar eller utanfor landet. Merkevare og logo Som oppgåva spesiferte starta eg med å lage ulike forskjellige skisser med forslag til logoar i lite format. Ettersom eg veldig ofte ender opp med logoar som er unødig detaljerte (føler eg sjølv iallefall), valde eg denne gongen å sikte meg inn på noko langt enklare, med mindre bruk av farge og grafikk, og fokus på simplisitet. Det som var fokuspunktet for meg i produktet var at dette skal være hundemat som er bra for hunden, som er næringsrik og sunn, og difor ville eg setje hunden i fokus i logoen. Ut i frå skissene eg hadde laga så valde eg ut tre av desse som eg

2 likte godt og viste til fleire, og utifrå eiga meining og tilbakemelding frå andre valde eg så ut 2 stk som eg arbeida vidare med digitalt. Det som begynte som enkle skisser, blei til slutt omgjort til to digitale prosjekt eg kunne arbeida vidare med (bilete 1). Det neste steget var å gjere ferdig logografikken, som i mitt tilfelle som sagt blei med to forslag. Den første var ein logo kor økologi kom i fokus, med ein hund som kviler foran eit gardsbruk (bilete 3). Her hadde eg det eg følte var ein god idè, men under vidare arbeid følte eg at eg ikkje fekk det resultatet eg ynskja, og eg valde difor å leggje denne idèen til side. Den andre skissa var ein langt enklare variant, med konturen av to hundar som former eit hjerte (bilete 2). Denne likte eg langt betre, blant anna då han hadde eit simplare design. Eg hadde ein grov idè i hovudet som eg hadde skissert frå før, som eg deretter teikna inn i Photoshop og arbeida vidare med, før eg til slutt sat att med ei ferdig skisse. Denne overførte eg til Illustrator og brukte Trace Image for å konvertere den digitale A3 teikninga til vektorgrafikk. Eg var lenge usikker på korleis eg ville ramme inn logoen, så eg skisserte fleire alternativ i grovt format på papir. Desse viste eg fram til fleire, som var samde om at ei oval ramme med dobbel kant ville ta seg best ut. Eg teikna difor dette inn. Deretter eksperimenterte eg litt med fargar før eg sat att med ein hovudlogo eg var nøgd med.det siste som skulle gjerast var å plassere navnet på produktet/ideen inn i logoen. Her nytta eg etter litt prøving ein font som heitte Aires, som eg blåste opp i stor storleik. Denne blei òg konvertert til vektor, og eg brukte den same paletten som eg nytta på logoen for å setje farge, slik at det vart eit gåande design/fargeval både på logo og skrift. Til slutt sat eg igjen med ein ferdig logo som eg vart svært nøgd med, og som eg følte passa godt til produktet eg skisserte (bilete 4 og 5). Plakat og brosjyre Når eg skulle lage plakat og brosjyre starta eg med utgangspunktet eg hadde frå før; logoen og fargepaletten eg hadde vald meg ut i arbeidet med logo. I tillegg visste eg godt kva for slags produkt eg ynskja å lage, og det gjorde at tankeprosessen rundt oppgåva var starta allereie veka før. Etter at logoen var ferdig starta eg med skisseringa av både plakat og brosjyre (bilete 6-7). Som eg var inne på tidligare var eg tidlig ute med å tenkje på korleis eg ville nytte fargar i oppgåva mi, og her valde eg å halde fram med paletten eg hadde laga meg når eg skulle arbeide med plakat og brosjyre. Først ut var plakaten, og eg starta med inndelinga. Her skisserte eg opp eit forslag eg var nøgd med, og tok det vidare i Adobe InDesign. Oppgåva spesiferte at plakat og brosjyre skulle demonstrere næringsinnhaldet i hundematen, samt ein illustrasjon. Dette valde eg å løyse ved å nytte ei grafisk samanlikning mellom EcoDog og anna, generisk hundemat kjøpt i butikk både på plakaten og i brosjyren, som viste næringsinnhaldet i EcoDog samanlikna med andre typar hundemat. I brosjyren valde eg vidare å inkludere ein fòrtabell, og eg vurderte lenge å ha med ei komplett oversikt over vitaminer, mineraler osv. i tillegg. Denne valde eg derimot å ta han bort då eg følte det vart for mykje tekst. Oversikta som blei laga til brosjyren blei likevel tatt med vidare, og hamna til slutt på baksida av innpakninga. Det siste eg gjorde var å få på plass bakgrunn og typografi. Eg var lenge usikker på korleis eg ville ha bakgrunnen, anna enn at eg ville nytte fargane frå paletten. Etter litt prøving og feiling

3 fann eg ut at ein gradient med to av fargane frå paletten blei det eg var mest nøgd med, då med den mørkaste fargen på topp. Når det kom til skrifttypen/typografien ville eg ha ein enkel skrifttype som ikkje var «oppbrukt» (som t.d. Times New Roman, Arial eller verst av alt; Comic Sans). Etter å ha prøvd ulike variantar slo eg meg ned på Copperplate Gothic, kor eg valde å nytte Bold til overskrifter og Regular til brødtekst. Eg valde òg å nytte tekstfarge frå paletten for å gi heilskap i designet. Innpakning Innpakninga var det eg følte var enklast. Eg bestemte meg tidleg for at eg ville ha ein enkel innpakning, ulik det som dei fleste merka har i dag. Når eg var rundt i butikkane og kika følte eg at dei fleste dyremat-pakkane var veldig «blærete» og ikkje alltid like relevante til produktet. Eg ville i mykje større grad ha ei innpakning som harmonerte både med produktet og måten eg ynskja å selje det. Som tidlegare sagt, eg var opptatt av at dette skulle vere eit produkt kor designet skulle vidareføre konseptet slik at det var konseptet i seg sjølv som var attraktivt, ikkje berre designet. For å få ein heilskap valde eg å vidareføre mykje av arbeidet frå plakaten og brosjyren, og eg jobba i grunn lite på skissestadiet med denne oppgåva, med kun to enkle skisser av fram- og bakside (bilete 8 og 9). Eg hadde frå før bestemt meg kva for type innpakning eg ville ha, og designa ut i frå det. Designet var på mange måtar to-delt; logo og presentasjon i front, informasjon bak. Vidare tok eg tidligare arbeid med i prosessen, og blant anna havna tabellen med næringsinnhald, som eg fjerna frå brosjyren, på baksida saman med ingrediensane. Når det kom til sjølve formen valde eg typisk dyrematpose, med opning i toppen. Eit savn eg har hatt i forhold til dyremat har vore skikkeleg bærehåndtak, og eg teikna inn ein patent kor eg ville ha eit forsterka hjørne med separat handtak framføre å «skjære» eit handtak inn i pakken. Dette er illustrert i skissene bak (bilete 8 og 9), samt på foto av innpakninga (bilete 10). «Point of sale» Når eg skulle lage point of sale eller «sjokkar» så eg er vant med å kalle det, brukte eg mykje erfaring frå då eg sjølv arbeida i butikk. Det eg hugsa var at dei sjokkarane som fekk merksemd frå kundane var i stor grad dei som var rett på sak, gjorde lite nummer ut av produktet, og som hadde informasjon vedlagt. Utifrå dette såg eg for meg ein sjokkar basert på typisk EuroPallstørrelse, med to «etasjar» kor det kunne stå produkt. Eg valde å tenke marknadsføring, og køyrte på med gratis prøveporsjonar i toppetasjen, og store sekkar i underetasjen. I tillegg valde eg å ta med ein brosjyrehaldar, samt eit «ekstraskilt» kor ein kan ha pris og/eller informasjon. Utforminga kom difor svært kjapt, og eg gjekk vidare til designdelen. Som nemnd tidligare ynskja eg eit design som var meir anonymt enn vanleg, og som heller vidareførte konseptet og satte dei i fokus, framfor «overdriven» marknadsføring, som eg som sagt har sett tidligare at ikkje lokka kundar noko særleg. Eg starta med den vanlege paletten eg

4 nytta i heile oppgåva, men bestemte meg tidleg for å gå bort i frå gradienten som eg hadde nytta på dei andre produkta, og gjekk heller for ein av dei andre fargane. På denne måten følte eg at produkta ville komme meir i fokus. Vidare plasserte eg på brosjyrehaldar, ein godt synleg logo, og overskrifta kjent frå brosjyre, plakat og innpakning. Som eg var inne på i brand manual var det lite reklame på sjølve «sjokkaren», noko som vart gjort bevisst, med den tanken at ein heller nytter plakaten rundt/ved sjokkaren, samt henviser kunden til den informative brosjyren. På den måten får ein fram alt det ein vil utan at det blir eit «sirkus» av det. I arbeidet med point of sale / sjokkar nytta eg Illustrator til å lage sjølve utforminga, før eg nytt Photoshop til å setje saman eit komplett bilete med brosjyrar og produkt plassert. For illustrasjons skuld inkluderte eg både tom og full sjokkar i manualen (òg inkludert her som bilete 11 og 12). Brand manual / presentasjon Det siste eg arbeida med var å samle alt arbeidet i ein brand manual, som eg satte saman i InDesign. Tanken var at alle dei ulike produkta skulle visast fram, saman med guide rundt typografi og palett. Eg valde å vidareføre bakgrunnen frå dei andre produkta, men noko meir anonymt, med kvite ruter i senter til å plassere grafikk og tekst i. Eg valde å gå for eit A4- format (bretta A3) slik at sidene vart store nok til at grafikken vart godt synleg. Dette var den delen av arbeidet eg nytta minst tid på, då det i stor grad handla om å setje saman dei eksisterande produkta til eit felles framstilling. Etter at eg hadde satt alt saman brukte eg nokre timar på formulere tekstar til kvert enkelt element, slik at mykje av det som er med i manualen blei forklart. Det einaste eg blei mindre nøgd med var at plakaten blei mindre enn eg håpa i manualen, noko eg valde å «leve med» ettersom det same innhaldet var godt synleg i brosjyren og på innpakninga. Eg valde å samle bileta av produktet heilt til slutt. Design og inspirasjon Mykje om design er sagt i foregåande kapittel, men eg vil prøve å oppsummere litt dei tankane eg hadde rundt designbiten. Allereie frå første dag hadde eg mange tankar rundt dette med fargar, ettersom eg ville ha fargar som kunne representere økologi på ein god måte. Etter å ha prøvd ut mange variantar enda eg til slutt opp med ein palett av ulike grønne tonar ettersom eg følte det passa produktet, merkevara og dei ideane eg hadde på ein gode måte. Desse fargane blei difor tatt i bruk allereie i logoen første veka, og same paletten blei vidareført i dei tre neste vekene av arbeid. Når eg jobba så brukte eg mykje LOGO DESIGN WORKBOOK, for å få tips og idear for korleis eg skulle lage logoen, og mykje av tipsa eg fekk tok eg med meg vidare i heile arbeidet. Eg brukte og internett for å sjå om eg fann noko som kunne hjelpe meg med inspirasjonen, samt at eg var innom fleire butikkar og såg på utvalet av hunde- og dyremat for å sjå korleis andre hadde gjort det før. Når første veka nærma seg slutt hadde eg difor eit bilete i hovudet av

5 korleis eg ville at dei ulike delane skulle vere og sjå ut, og det blei i grunn få endringar i forhold til dei første planane mine utover i arbeidet dei neste vekene. Når eg skulle lage logoen tenkte eg mykje over korleis eg ville at kundane skulle sjå produktet. Etter forskjellige forsøk endte eg opp med ein logo eg sjølv meinar er både enkel, elegant og ikkje for mykje rot på, noko eg har slitt med i tidligare arbeidsoppgåver, nemlig at eg lager logoar som vert for innvikla. Eg følte samstundes at dei andre alternativa eg skisserte ville bli i overkant for mykje i forhold til konseptet eg ynskja. Når det kom til innpakninga såg eg over dei andre produkta som eg på markedet idag og kva eg sjølv kunne tenkt meg var annerledes med dei. Her valde eg som nevnt ovanfor å vidareføre logo og konsept på ein slik måte at konseptet kom i fokus, ikkje designet, då eg ynskja at det skulle vere konseptet som selde, ikkje designet. På den måten skapte eg mi eiga innpakning som eg sjølv vart svært nøgd med. Med dei resterande elementa (plakat, brosjyre, point of sale osv.) var eg veldig opptatt av dei same tinga, nettopp at det var konseptet som skulle selje. Difor valde eg å gå for eit svært anonymt design som gjekk igjen over heile oppgåva og alle produkta. Dette blei mest synleg i «point of sale», kor eg gjekk for ein veldig enkel modell, med tanke om å heller gi fokus til dei øvrige elementa (plakat, brosjyre osv.) Egenevaluering Eg føler sjølv at eg har fått til eit bra resultat med denne oppgåva, sjølv om designet kanskje har blitt veldig enkelt. Det er likevel det eg ynskja, men eg er spent om det er slik oppgåva ynskja det. Ved tidligare oppgåver har eg blitt veldig fokusert på å oppfylle oppgåva, framfor å bli nøgd med eige arbeid, og denne gongen har eg snudd veldig på dette, slik at eg no sit med eit produkt og ei oppgåve eg sjølv er svært nøgd med, med større usikkerheit rundt korleis evalueringa i forhold til oppgåva vil bli. Dette var den første store oppgåva på over eitt år, og eg merka godt at det var lenge sidan eg hadde arbeide med denne typen oppgåver. Eg brukte ei veke mindre enn tiltenkt på oppgåva pga. sjukdom, slik at eg starta med oppgåva i veke 2 og arbeida mykje inn att i påskeferien i staden for. Eg føler sjølv at eg er blitt meir rutinert og har betre arbeidsvanar no enn for eitt år sidan, sjølv om eg framleis kjenner litt på usikkerheita i forhold til eige arbeid. Likevel ei forbetring sidan sist, som eg er svært nøgd med.

6 Kilder og referansanser Inspirasjon og hjelp i arbeidet: Adams, Morioka, Stone (2004). Logo Design Workbook. Mass, USA: Rockport Publishers Bilete nytta til inspirasjon eller basis i arbeid: Basis for næringsinnhold til hundemat: t_energy_18294.pdf?1&_ga=

7 Bilete 1: Skissene som eg arbeida med når eg skulle lage logo.

8 Til venstre, bilete 2: skissa eg valde å arbeide vidare med til ferdig logo. Under, bilete 3: Skissa eg arbeida med ei stund, men forkasta då eg ikkje var nøgd med ho.

9 Bilete 4 (over): Den ferdige logoskissa med ramme. Bilete 5 (under): Den ferdige logoen med fargar og tekst.

10 Bilete 6 (over): skisse av plakaten.

11 Bilete 7 (over): skisse av brosjyren.

12 Bilete 8 (over): Skisse av innpakningen.

13 Bilete 9 (over): Skisse av innpakning bakside.

14 Bilete 10 (over): foto av mockup, med montert bærehåndtak.

15 Bilete 11 (over): Sjokkar uten produkt Bilete 12 (under): Sjokkar med produkt

Logo. Typografi. Typografien i logo er skrifttype AIRES i egendefinert størrelse tilpasset logo.

Logo. Typografi. Typografien i logo er skrifttype AIRES i egendefinert størrelse tilpasset logo. brand manual Logo Typografi Logo skal presenteres i sitt fulle format, med bilde og typografi. Logo skal aldri nyttes under medfølgende typografi i salg eller markedsføringssammenheng. Logoen kan brukes

Detaljer

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Innledning Eg valde å tolke oppgåva slik at ein skulle framstille ein «historie» kun ved hjelp av bilete. Eg tolka det òg slik

Detaljer

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR Utvikling av logo: Dei tre konsepta eg valde å jobba med var, energisparande, vatn og varme. Eg utvikla desse logoane innafor same stil, men med ulik form og symbolikk. Eg jobba med desse parallelt og

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

MANDATORY ASSIGNMENT 5 PRODUCT WEBSITE

MANDATORY ASSIGNMENT 5 PRODUCT WEBSITE MANDATORY ASSIGNMENT 5 PRODUCT WEBSITE MALIN ERSLAND BJØRGEN 14.02.2014 24.04.2015 NOROFF NETTSTUDIER GRAFISK DESIGN 1 http://www.malinersland.com/mandatory5/index.html Rapport Mandatory Assignment 05

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice Her er mine tre første skisser eg laga, etter vi fekk oppgåva: «I heimeoppgåve til neste gong får de velje mellom tre produkt. Alle tre produkta slit med å appellere til

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Mandatory Assignment 03 Door to Door Organics

Mandatory Assignment 03 Door to Door Organics Mandatory Assignment 03 Door to Door Organics Malin Ersland Bjørgen, GRA2 Noroff BRAND MANUAL KVEN ER ME? Door-to-Door Organics er ein leverandør av økologisk mat. Me tilretteleggjer pakkar med økologiske

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 2 Assosiasjonar... 3 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Bakgrunn Frå ulikt hald har vi fått signal om at det er ønskjeleg med ei omstrukturering av HMSdokumentasjonen

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

ehandel og lokalt næringsliv

ehandel og lokalt næringsliv ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket OB Starta med å besøkja alle ressursgruppene 25 stk Skulebesøk Ca 1 2 timar på kvar plass Skulane hadde svært ulikt utgangspunkt

Detaljer

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT: KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE Prosjektet starta opp i 2012 som eit samarbeidsprosjekt mellom Hjeltnes vgs, Sogn jord og hagebruksskule, Norsk fruktrådgiving Hardanger

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Sjumilsstegkonferansen Loen 12. mars 2014 Ved Solrun Samnøy, prosjektleiar Psykisk helse på timeplanen Fire skular i Sogn, i tre kommunar Aurland Vik Årdal (to skular)

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 3 Assosiasjonar... 4 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

Bilete og figurar i Word

Bilete og figurar i Word Bilete og figurar i Word av Kjell Skjeldestad Ofte har me behov for å setje inn ulike illustrasjonar i teksten vår. Det kan vere bilete, teikningar, diagram osv. Me skal sjå på nokre av dei mulegheitene

Detaljer

Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule

Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule Bakgrunn I denne rapporten er vi 3 lærarar og 28 elevar frå første til tredje klasse involverte. Vi gjennomførde rettleidd lesing i veke

Detaljer

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune Kundejobb Løysing - Forretningsmodell Sogn og Fjordane Fylkeskommune i samarbeid med Mentor AS Innleiing... 3 Samling 1: Kundejobben, vår løysing (4 timar)...

Detaljer

Lotteri- og stiftingstilsynet

Lotteri- og stiftingstilsynet www.isobar.no Isobar Norge Org.nr. 990 566 445mva Pilestredet 8 / N- 0180 Oslo. hello@isobar.no Lotteri- og stiftingstilsynet - Vurdering av publiseringsløysingar basert på open kjeldekode Utarbeida for:

Detaljer

Obligatorisk oppgave 02. One product Four decades

Obligatorisk oppgave 02. One product Four decades Obligatorisk oppgave 02 One product Four decades 20-tallet Plakat og emballasje-etikett 50-tallet Plakat og emballasje-etikett 70-tallet Plakat og emballasje-etikett 80-tallet Plakat og emballasje-etikett

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 27.01.2014 Kl. 17.15 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor.

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Innlevert av 6. og 7. ved Marvik Skule (Suldal, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2015 Det er første gong både lærar og elevar i 6. og 7. ved Marvik skule

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 12 2015 Hugs samtaletimen! Torsdag, 19.oktober, skal vi på utedag. Det ser ut til at det vert betre vèr enn vi har hatt. Vi må byggje på hyttene våre!

Detaljer

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis 1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis Dette er ikkje ein teikneserie Kva er ein teikneserie? «sidestillede billedlige og andre

Detaljer

Store dokument i Word

Store dokument i Word Store dokument i Word versjon 2007 av Kjell Skjeldestad Hjelp til betre organisering av skrivearbeidet august 2009 Ved skriving av store dokument er det viktig å få god oversikt over dei ulike delane av

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 3, 4, 7 og 8 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett

Detaljer

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå. 13. POLYGONDRAG Nemninga polygondrag kjem frå ein tidlegare nytta metode der ein laga ein lukka polygon ved å måle sidene og vinklane i polygonen. I dag er denne typen lukka polygon lite, om i det heile

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Velkommen til aktivitetsdag med fredsmarsj kl. 18.00- kl. 19.30 på torsdag 7.mai. Det vert program med korsong og dans. Etterpå er det fredsmarsj.

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister Personalportalen Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune personalportalen Oppbygging av brukarmanualen Denne brukarmanualen omhandlar

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg. Dagleg leiar Norge er det landet som pussar mest opp. Trendar, fargar og produkt forandrar seg frå år til år. Fargerike Malerboden er ein rein farge og interiørbutikk som ynskjer å vere best på varekunnskap,

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer