Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule"

Transkript

1 Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule Bakgrunn I denne rapporten er vi 3 lærarar og 28 elevar frå første til tredje klasse involverte. Vi gjennomførde rettleidd lesing i veke seks, sju og ni. Stasjonsundersvisning har me prøvd før, så denne gongen har det vore Rettleidd lesing som har vore i fokus. Rettleidd lesing i gruppe på fire elevar, krev ei litt anna organisering enn vanleg klasseromsundervising med ein lærar pr klasse. Etter å ha prøvd ut rettleidd lesing i haust, fann vi ut at ei vidareføring av dette opplegget var både spennande og nyttig. Denne gongen har vi hatt fem ulike stasjonar. Rettleidd lesing føregjekk i eit klasserom med 1 lærar og tre eller fire elevar. I rommet ved sidan av hadde ein lærar ansvaret for tre eller fire grupper med skrivestasjon og stillelesing. I det siste rommet var ein lærar med ansvar for tre eller fire grupper på data og lesespel. Teori Rettleidd lesing er ein undervisningsmetode som er utvikla på New Zealand. Sentrale moment ved denne metoden som vi la til grunn ved val av praksisopplegg: fokus på lesing som grunnleggjande ferdigheit i alle fag I Kunnskapsløftet vert grunnleggjande ferdigheitar i norsk definert som: Å kunne lese innebærer å sette seg inn i, granske, tolke og reflektere over faglige tekster og skjønnlitteratur med økende vanskelighetsgrad. Å kunne lese vil også innebære å kunne behandle og bruke variert informasjon fra bilder, film, tegninger, grafer, tabeller etc. (Saabye, 2007: 19). møte elevane der dei er i sin eigen leseutvikling Læraren legg til rette for at det dei treng hjelp til i dag skal dei klare på eiga hand i morgon. Vygotsky kallar dette for den næraste utviklingssona. (Holen, 2009, førelesingsnotat). gje elevane erfaring med ulike lese- og læringsstrategiar elevane kan lære av kvarandre Små grupper, tryggare elevar. Lettare å spinne på kva andre seier. Målsetjing med prosjektet Etter ein grundig diskusjon rundt erfaringar vi fekk når vi prøvde ut metoden i haust er det to punkt vi vil setje fokus på i dette prosjektet. 1. Vi har stor tru på denne metoden, og ynskjer å få betre kjennskap til rettleidd lesing, samt å gjere elevane kjende med ulike læringsstrategiar. 2. Vi vil setje fokus på rammevilkåra. Dette gjer vi fordi erfaringane vi fekk i haust gav oss ein indikasjon på at det er ting som må leggjast betre til rette for ein optimal læringssituasjon. På lang sikt er sjølvsagt målet å få elevar som er gode lesarar. Vi vil no vidare vurdere våre erfaringar opp mot våre forventningar og teoretiske bakgrunn.

2 Vurdering Etter ein kort praksisperiode med utprøving av rettleidd lesing som arbeidsmetode, sit vi att med mange positive opplevingar. Vi hadde som mål å lære elevane ulike lesestrategiar. Gjennom samtale rundt bøkene i rettleidd lesing, introduserte vi omgrepet lesestrategi for elevane. Vi snakka om bileta, om forventningar til kva boka skulle handle om, om overskrifter og om teksta passa til bileta. Fekk vi meir informasjon når vi såg tekst og bilete samla eller var det den same informasjonen? Hadde teksten ein bodskap? Samtalen gjekk ivrig rundt bordet og elevane var flinke å sette ord på det dei såg. Strategi er eit vanskeleg omgrep for dei yngste elevane, så det var naudsynt å kople det til situasjonar dei kjende. Korleis les ein handlelista? Korleis les ein oppgåver i matteboka? Det var interessant å sjå korleis dei assosierte daglegdagse situasjonar til ulike måtar å lese på. Dess yngre elevane på gruppene var, dess kortare hadde dei kome i si leseutvikling. Dette vart også gjenspegla i valet av bøker. Mindre tekst og fleire, større bilete prega bøkene til dei yngste, for eksempel To hundar, der den korte teksten til kvart bilete eigentleg er overflødig. Elevane klarte å fortelje heile historia utan å lese eit einaste ord. Når det er sagt, så var det eit par-tre elevar som hadde lese boka før og visste kva som skjedde på neste side før vi hadde bladd om. Litt uheldig kanskje, men dei var utruleg nok like ivrige i samtalen likevel. Uansett sit vi igjen med gode erfaringar av samtalene rundt bøkene. Vi fokuserte på bileta. Elevane vart spurd om kva dei trudde boka handla om utifrå biletet på framsida. Det var ikkje vanskeleg å få forslag. Vi funderte og på om teksten passa til bileta. I boka To hundar viser framsida bilete av to hundar, men i boka er det og ein katt med på alle bileta. Dette vart kommentert av ein av elevane. Det fekk i gong ein diskusjon som enda opp med at alle fire meinte at tittelen på boka burde være To hundar og ein katt. Vi tek utgangspunkt i ei av gruppene som bestod av fire elevar i første klasse. Desse er i den første fasen av leseopplæringa og har begynt å lese enkle ord. Vi tok for oss boka To hundar, ei hefta bok på 8 sider. Det var ei linje med tekst på kvar side skrive med store bokstavar. Dei tre første orda i setninga gjekk att på dei fleste sidene. Boka vart kopiert opp med eitt eksemplar til kvar elev. Kopien var i svart/kvit. Vi oppdaga snart at alle såg meir i lærar si bok fordi dei ville sjå bileta med fargar. Vi tok for oss framsida først. Elevane svarte fort på spørsmåla rundt teikninga. Som tittelen på boka viser til, var det bilde av to hundar. Ein liten og ein stor langhåra. Allereie då kom diskusjonen i gong om ulike hunderasar. Lærar måtte avbryte den samtalen for at vi skulle komme oss vidare. På kvar side fokuserte vi på dei same tinga i same rekkefølgje. Elevane peika på ord dei kunne, vi las teksten i fellesskap og heldt fingeren under det ordet som vart lest. Vi snakka om bokstavar, ord, mellomrom, punktum og teikninga til teksten. Dei fleste klarte å følgje med på lesinga og samtalen, men lærar noterte at eit par elevar var meir interessert i teikningane. Det å få alle elevane i gruppa engasjerte er ei utfordring. Det vart difor viktig å passe på at alle fekk seie det dei ville, samtidig som at ein som lærar måtte stille spørsmål til dei som ikkje tok ordet sjølv. Med tre-fire på kvar gruppe var ikkje dette eit stort problem. Elevane kjenner kvarandre godt og er ikkje redde for å seie noko feil. Medan ei gruppe var på lesegruppe, Rettleidd lesing, var dei andre gruppene fordelte på dei andre postane (sjå vedlegg 1). Gangen i rekkjefølgja var i utgangspunktet

3 ikkje så viktig for oss, anna enn at skrivestasjonen måtte kome rett etter den rettleidde lesinga, då elevane her fekk oppgåver som var direkte knytt til boka dei hadde lese. Etter å ha gjennomført prosjektet er det tid for evaluering. Ein naturleg part å spørje er då elevane som har vore med på dette. Så vi delte ut evalueringsskjema (sjå vedlegg 3) til elevane. Dei minste fekk hjelp til å svare, men eit poeng for oss var at det skulle vere muleg for også dei å svare utan hjelp. Responsen frå elevane var mangfaldig, men ikkje så overraskande. Dei aller fleste syns det var gøy og kjekt å vere med på lesegruppe, Rettleidd lesing. Nokon syns det var lett og andre syns det var vanskeleg. Stor variasjon i svara var det også på dei andre stasjonane, men kva anna kan ein vente frå 28 individualistar? Det var viktig for oss å prøve ut dette nye, og at elevane syntes det var gøy, er ein bonus for oss. Kanskje er dette med på å motivere dei til å lese meir? Ein kan jo drøyme. Kort kommentar til dei andre stasjonane Skrivestasjon: Etter Rettleidd lesing gjekk gruppene direkte til denne skrivestasjonen der dei fekk oppgåver knytta til boka dei nettopp hadde lese. (sjå vedlegg 2) Elevane var flinke å klare seg sjølv på denne stasjonen. For å hjelpe på minnet til elevane, låg eit eksemplar av boka på bordet, samt ark og blyantar så dei slapp å dra rundt på penal og sekk. Elevane hadde kvar si mappe som dei la arka sine inn i. Denne mappa hadde fast plass, så alle visste kvar dei fann mappa si. Stillelesing: Her fekk elevane eit utval lettleste bøker, frå dei med berre store bokstavar til andre med små og meir tekst enn bilete. Etter kvar leste bok skulle elevane fylle ut eit blad til lesetreet, med tittel, forfattar, antal sider og ein kommentar om korleis boka var. Dei yngste elevane trengte ein god del hjelp på denne stasjonen, både til lesing og til skriving. Dette gjorde at den vaksne på denne stasjonen til tider måtte la alle dei andre tre-fire gruppene klare seg sjølv medan ho hjelpte ei. Det har og vorte uro når mange på same tid skal finne seg ei ny bok å lese. Lesespel: I første runde hadde me sett fram for lite spel. Det vart difor ein del uro denne dagen. Det løyste seg etter kvart som me fekk meir å tilby elevane. Elevane kosa seg med Løko, og kunne sitte ganske lenge med ei oppgåve. I ettertid ser me at dette er ein aktivitet det er lett å ty til om ein har bruk for det, i andre timar og fag. I dette prosjektet var det lesing som var i fokus, men skulen har oppgåver både i matematikk og engelsk til desse Løko-bretta. Data: Elevane kunne her velje mellom DrillPro, eit tastaturtreningsprogram, og Nynorskbuketten. Det siste er eit program som utfordrar elevane i lesing på ulike nivå, frå å gjenkjenne bokstav til å skrive setningar. Dei fleste valde Nynorskbuketten. Her var det interessant å sjå korleis ein førsteklassing klarte å gjenkjenne bokstavar, medan ein annan åt opp like ord. Det var ein orm som gjorde den jobben, men eleven styrte den. Ingen av desse hadde knekt lesekoda, men klarte likevel å løyse oppgåvene på skjermen.

4 Data er eit hjelpemiddel som kanskje er for lite brukt i småskulen, til tross for at det er ein av hovudområda i Kunnskapsløftet. (LK, 2006: 39) I denne samanhengen var det ein populær stasjon som dei fleste gledde seg til å kome på. Konklusjon Sjølve situasjonen i rettleidd lesing, det å få sitte med fire elevar og konsentrere seg om ei oppgåve utan å verte forstyrra, er ein god situasjon som det er vanskeleg å få til i ein travel kvardag. Elevane viste også at dei treivst i situasjonen ved at dei følgde med og var engasjerte i samtalen. Det var satt av 15 minutt til kvar gruppe. Vi hadde utan problem kunna halde på lenger. Assosiasjonane til elevane gjekk gjerne vidare enn akkurat det boka dreidde seg om. Det var vanskeleg å vite kva tid ein skulle avbryte ein god samtale for at ein skulle komme seg vidare i boka. Ein vesentleg ting å setje fingeren på er mangelen på klassesett i lettlestbøker. Det held ikkje å jobbe med rettleidd lesing ved å kopiere opp bøkene. Det fengar ikkje elevane like godt som ei bok med fargeglade teikningar. Dette er ikkje noko stort problem, men må ordnast fort så vi kan fortsetje metoden utover våren. Det største problemet er å få nok vaksne til dei andre stasjonane. Elevane var delt i åtte grupper med tre vaksne (sjå vedlegg 1). Når ein vaksen vart knytt til lesegruppa, måtte dei to andre dele på sju grupper. I same rom var det i periodar to grupper på fire datamaskiner. Dei jobba med oppgåver frå nynorskbuketten. Dei elevane som hadde mest erfaring med data, hjalp dei som trengte det. Men til tider vart det for mykje venting. I gruppa med lesespel var det løko som var mest populært. Desse vart for vanskeleg for nokre av elevane i første klasse. Vi prøvde å få dei eldste elevane til å hjelpe dei yngste med lesing av enkle ord, men dei ville helst halde på med løkospela. Venting vart det også ein del av på stillelesingsstasjonen, slik at støynivået her til tider var godt over akseptabelt nivå. Det ideelle hadde vore å ha to vaksne personar til med på opplegget slik at me hadde vore ein vaksen på kvar stasjon. Alt i alt, det har vore ei tid med mange aha -opplevingar og artige situasjonar. Rettleidd lesing som metode er ein arbeidsmåte vi utan tvil kjem til å ta med oss vidare her på skulen vår. Så får framtida vise om elevane våre vert betre lesarar. Kjeldeliste Holen, G. (2009): Førelesingsnotater. Kursdagane 30. og 31. oktober i Brekke. Saabye, M. (2007): Om læreplanverket for Kunnskapsløftet. Grunnskolen. Oslo: Pedlex Utdanningsdirektoratet (2006, juni). Kunnskapsløftet fag og læreplaner.

5 Vedlegg 1 Dato: Bøker Veke 6: Tys 9/2 Gr.1 Rettleidd lesing skrivestasjon "Isboka" Gr.2 data Rettleidd lesing "To hundar" Gr.3 lesespel Gr.4 Stillelesing Gr.5 Stillelesing Gr.6 lesespel Gr.7 Stillelesing Gr.8 Stillelesing Lesespel stillelesing stillelesing Data stillelesing Lesespel Tors 11/2 Gr.1 lesespel data stillelesing stillelesing Gr.2 Skrivestasjon stillelesing data lesespel Gr.3 Rettleidd lesing skrivestasjon stillelesing lesespel "To hundar" Gr.4 data Rettleidd lesing Skrivestasjon stillelesing "To hundar" Gr.5 lesespel stillelesing Rettleidd lesing skrivestasjon "Sirkus" Gr.6 Stillelesing Stillelesing lesespel Rettleidd lesing "Sirkus" Gr.7 Stillelesing lesespel lesespel data Gr.8 data lesespel stillelesing stillelesing Veke 7: Tys 16/2 Gr.1 Data Lesespel Rettleidd lesing "Kaninen til Line" Gr.2 lesespel stillelesing stillelesing Gr.3 Stillelesing Stillelesing lesespel Gr.4 Stillelesing stillelesing data Gr.5 lesespel Data stillelesing Gr.6 Skrivestasjon Lesespel Data Gr.7 Rettleidd lesing skrivestasjon lesespel "To hundar" Gr.8 stillelesing Rettleidd lesing Skrivestasjon "To hundar" Tors 18/2 Gr.1 Skrivestasjon stillelesing lesespel Gr.2 Rettleidd lesing skrivestasjon Data "Froskar" Gr.3 Data Rettleidd lesing Skrivestasjon "Froskar" Gr.4 lesespel stillelesing Rettleidd lesing "Froskar" Gr.5 Stillelesing Lesespel lesespel Gr.6 Stillelesing Lesespel lesespel Gr.7 lesespel Data stillelesing Gr.8 lesespel Data stillelesing

6 Veke 9: Tys 2/3 Gr.1 lesespel stillelesing Gr.2 lesespel stillelesing Gr.3 stillelesing lesespel Gr.4 skrivestasjon lesespel Gr.5 Rettleidd lesing Skrivestasjon "To hundar" Gr.6 stillelesing Rettleidd lesing "To hundar" Gr.7 data data Gr.8 data data Tors 4/3 Gr.1 stillelesing lesespel Gr.2 stillelesing lesespel Gr.3 lesespel stillelesing Gr.4 lesespel stillelesing Gr.5 skrivestasjon data Gr.6 data data Gr.7 Rettleidd lesing Skrivestasjon "Pedro" Gr.8 stillelesing Rettleidd lesing "Pedro"

7 Vedlegg 2 Oppgåver til TO HUNDAR 1. Kva handlar boka om? Svar: 2. Kva ville du ha gjort, dersom dette skjedde med hunden din? Svar: 3. Teikn eller skriv fortsettinga av fortellinga om To hundar. Kva trur du skjedde vidare?

8 Vedlegg 3 Evaluering av Rettleidd lesing kl 1. LESEGRUPPE SET RING RUNDT: SKRIV HER: 2. SKRIVESTASJON 3. STILLELESING 4. LESESPEL 5. DATA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune 23.07.2014 Side 1 av 8 Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Innlevert av 6. og 7. ved Marvik Skule (Suldal, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2015 Det er første gong både lærar og elevar i 6. og 7. ved Marvik skule

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal sikre progresjon, heilskap

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. Handlingsplan for biblioteket ved Sylte skule, perioden 2009-2010 Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. 1. Biblioteket skal vere ein viktig aktør når det gjeld å stimulere elevane til leselyst, og vere

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Mål: Lære å lese fagtekstar (både tekst, bilete og overskrifter). Lære å kunne trekke ut opplysningar frå ei fagtekst. Lære å kunne søke etter informasjon

Detaljer

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen Anette, Jarl Vegard, Ola Tobias i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste 1. Innleiing

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Lesarhistoria -ny veg til lesaren Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule Kven er vi? Lesarhistoria Kverndokken den enkelte si historie som lesar ligg til grunn for vidare lesing. -interesser,

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE SPØRJEGRANSKING Om leselyst og lesevanar blant unge SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE Irene, Terese, Sigurd, Lars i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 INNHALD Innleiing... 3 Diagram og Kommentarar...

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket OB Starta med å besøkja alle ressursgruppene 25 stk Skulebesøk Ca 1 2 timar på kvar plass Skulane hadde svært ulikt utgangspunkt

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Kvifor satse på lesing? si rolle i ungdomstrinnsatsinga Praktiske eksempel / erfaringar frå piloteringa Nettresurssar Kva er tilgjengeleg for kven Eksempel

Detaljer

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Anne Randi Fagerlid Festøy Stipendiat ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Innlandet Forskningsspørsmål Kva funksjon

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov. PRAKSISKONTRAKT Barnehagens forutsetningar Praksislærers forventning til studenten Eige ark Studentens forutsetninger (faglige, personlige, praktiske) Eg har ikkje noko erfaring med barnehage før eg starta

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

UTVIKLINGSARBEID I OPPVEKSTSENTER

UTVIKLINGSARBEID I OPPVEKSTSENTER UTVIKLINGSARBEID I OPPVEKSTSENTER I prosjektideen står det skrive: Dette prosjektet vil setja fokus på oppvekstsentra og samanheng og progresjon i aktiviteten frå barnehage over i skulen og vidare i grunnskuletida

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Vi lærer om respekt og likestilling

Vi lærer om respekt og likestilling Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Innledning Eg valde å tolke oppgåva slik at ein skulle framstille ein «historie» kun ved hjelp av bilete. Eg tolka det òg slik

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Vekeplan 10. klasse. Namn:.. Veke 20-21. Norsk: Eksamen / På nett. Matte Tal og algebra/eksamen. Samf: Geografi: Australia/Oseania. Eng.

Vekeplan 10. klasse. Namn:.. Veke 20-21. Norsk: Eksamen / På nett. Matte Tal og algebra/eksamen. Samf: Geografi: Australia/Oseania. Eng. Namn:.. Vekeplan 10. klasse Norsk: Eksamen / På nett For dei det gjeld: gjere ein god skriftleg eksamen. Mål: Hald ei god munnleg framføring med tanke på vurderingskriteria. Samf: Geografi: Australia/Oseania

Detaljer

Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012

Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012 Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012 Note 2012 Driftsinntekter Medlemskap 1 89,660.56 Bedriftspartner 2 15,000.00 Sum;driftsinntekter 104,660.56 Driftskostnader Husleie 80,714.00 Labutstyr 3 3,327.00

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt Legge til brukar Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt 2. Skriv inn Fornamn, Etternamn og Klasse. Dersom programmet

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing Vekeplan 9. klasse Veke 4 Namn:.... Norsk: BOKMÅL: Lære bøyningsmønster svake verb lære om presens-og perfektum partisipp, parverb og verb på -s. Mål: NYNORSK: Lære setningsanalyse: subjekt, verbal og

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen Utgangspunkt Få elevar til å skrive forklaringar etter å ha gjort eit praktisk arbeid. Kom

Detaljer

Halvårsplan, hausten 2011

Halvårsplan, hausten 2011 Halvårsplan, hausten 2011 Skule Straumen skule Rektor e-post Inger Marie Tørresdal imt@tysver.kommune.no Prosjektansvarleg Grete Fjeldheim Vestbø e-post GFVestbo@tysver.kommune.no Skriv kort kva skulen

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer