Til AMU Møteinnkalling arbeidsmiljøutvalet Det vert med dette kalla inn til møte i arbeidsmiljøutvalet. Møtestad: Stort møterom Foss, Sogndal Dato: Torsdag 17. oktober 2013 Tidspunkt: Kl. 12.15 14.00 Saksliste Saksnr.: Saker: Sak 13/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Sak 13/14 Godkjenning av møtereferat frå førre møte Sak 13/15 Orienteringssaker Sak 13/16 Sjukefråvær pr 3. kvartal 2013 Sak 13/17 Arbeidsmiljø og klimaundersøking (ARK) i UH-sektoren Sak 13/18 Arbeidsmiljøkartlegging i HiSF status Sak 13/19 Helsekonsultasjonar i regi av bedriftshelsetenesta 2013/14 Sak 13/20 Tilrettelagt treningstilbod for ulike grupper i HiSF Sak 13/21 Ymse Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte Eventuelt forfall må snarast meldast til leiar Liv Synnøve Bøyum 57 67 61 24 eller e-post liv.boyum@hisf.no. Med helsing Wenche Fjørtoft Leiar amu Liv Synnøve Bøyum sekretær amu 1
Sak 13/15 Orienteringssaker Førstehjelpskurs for HiSF tilsette onsdag 30. okt 2013 Hjartestartar i alle HiSF bygg f.o.m. november 2013 Besøk av Kif (kjønnsbalanse i forsking)-komiteen mai 2013 fornøyd med HiSF si rapportering på likestilling Handlingsplan for likeverd og likestilling ute på høyring styrehandsaming i november 2103 Sak 13/16 Sjukefråvær pr 3. kvartal 2013 Nedanfor følgjer samla sjukefråværstal for HiSF pr. 3. kvartal 2013. Vi ser at det er sjukefråværstalet går noko ned frå 2. til 3 kvartal i år. Samanlikna med 3. kvartal 2012 har sjukefråværet gått ned frå 5,71% til 4,21%. Oversikt sjukefråvær HiSF totalt pr. kvartal pr. år. (lege- og eigenmeldt) - tal i % År Kvartal: 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 1. kvartal 4,93 4,31 3,68 5,02 5,69 6,72 5,4 2. kvartal 3,93 3,57 3,77 3,99 4,64 5,21 4,71 3. kvartal 3,15 4,83 4,75 3,38 4,67 5,71 4,21 4. kvartal 2,98 4,23 5,24 4,06 6,60 5,89 Totalt 3,75 4,24 4,36 4,11 5,40 5,92 5,05 Vi ser og at det er avdelingsvise skilnader på sjukefråværet. Ved AHF, som i fleire år har hatt sjukefråvær på 6-7%, er sjukefråværet redusert til vel 2% i 2. og 3. kvartal i 2013. Fellesadministrasjonen (administrativt tilsette på avdelingane er ikkje med i denne gruppa, men kjem med i avdelingsoversikta) på avdelings er den gruppa med høgast sjukefråvær. Nedanfor følgjer avdelingsoversikt. Meir detaljert avdelingsoversikt går fram i eige rekneark. Oversikt sjukefråvær HiSF avdelingsvis pr år (lege- og eigenmeldt) - tal i % År Avdeling: 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Pr.3 kvartal AHF 6,39 7,63 4,39 7,20 6,26 6,92 3,3 ASF (inkl AØR frå 2011) 4,80 3,40 4,88 4,61 5,57 5,34 5,22 AØR 1,03 2,92 2,98 2,75 ALI 3,06 2,76 3,06 4,24 4,74 5,87 5,56 AIN 5,28 4,01 0,82 0,77 0,62 0,60 2,76 FADM 3,20 4,67 7,95 4,87 6,24 8,11 6,97 HiSF totalt 3,75 4,24 4,37 4,15 5,40 5,92 5,05 2
Sak 13/17 Arbeidsmiljø og klimaundersøking (ARK) i UH-sektoren Det er utvikla eit eige verktøy for arbeids- og klimakartlegging (ARK) i universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren) som vart presentert i mai 2013. NTNU eig og forvaltar ARK, og har oppretta eigne nettsider der ein kan lese meir om prosjektet http://www.ntnu.no/ark/ark Eit av vilkåra for å setje i gang slik undersøking er m.a forankring i verneorganisasjonen, tillitsvaldsapparatet og leiargruppa. Det vert gitt ein presentasjon av ARK i amu-møte. Sak 13/18 Arbeidsmiljøkartlegging i HiSF status Amu handsama i junimøte 2012 forslag til opplegg for undersøking av arbeidsmiljøet. I vedtaket heiter det at amu ber rektor sørgje for at der vert sett i gang kartlegging og underssøking av arbeidsmiljøet i HiSF som er i tråd med framgangsmåten som Pedersen/Einarsen skisserer. Med dette som bakgrunn har to avdelingar sett i gang undersøking/kartlegging av arbeidsmiljøet. AIN / naturfag hadde slik undersøking vår 2013 og AHF har gjennomført undersøking no i haust. I møte vil Inger Auestad, som var delaktiv i gjennomføring av undersøking på AIN, orientere om opplegget ved AIN; kva er gjort, kva kom fram og kva er gjort av oppfølgingstiltak. I tillegg vil vi innhente erfaringar undersøkinga ved AHF og presentere dette i møte. Sak 13/19 Helsekonsultasjonar ved HiSF Medlemsskapet i Bedriftshelseteneste1 inneber mellom anna tilbod om helsekonsultasjon for alle tilsette kvar 3. år. Bedriftshelse1 har sendt følgjande informasjon om årets helsekonsultasjon: «I år vil vi tilby helsekonsultasjonar / helsesamtalar med fysioterapeut eller ergoterapeut med bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse. Det vil vere ein arbeidsmiljøsamtale med tema som de ynskjer, og vi kan ha fokus på arbeidsrelaterte muskel- skjelettplager, stress, og livsstil, etter ynskje og behov. Aktuelle blodprøvar og eventuelt urinprøvar og høyrselstestar får de tilbod om i tillegg, samt oppfølging av bedriftslege ved behov. Vi vil gjerne planlegge dette nærare i møte. Kan hende er det noko ulike ynskje og behov for ulike avdelingar også.» Ut frå informasjonen frå bht er det naturleg at AMU diskuterer kva tilbod bør inngår i helsekonsultasjonen - helsesjekk og /eller arbeidsmiljøsamtale? kva vil vere naturleg å kartlegge gjennom helsekonsultasjonar ut frå HiSF sin situasjon kva tema inngår i helskonsultasjonen, i medarbeidersamtalen og i ei arbeidsmiljøkartlegging Erfaring tilseier at HiSF-tilsette tykkjer det er veldig greitt å få tilbod om den tradisjonelle helsesjekken, som tek høgde for blodprøve, blodtrykkmåling, høyrselstest m.m.. 3
Vi har ved tidlegare helsekonsultasjonar hatt fokus på område som t.d. fysisk aktivitet og trivsel. Tilbodet om helsekonsultasjon er som nemnt frivilleg, og deltaking har variert frå avdeling til avdeling. Ut frå dette må ein og vurdere kor systematisk slik kartlegging er, og korleis iverksetjing og oppfølging av tiltak skal utøvast. Sak 13/20 Tilrettelagt treningstilbod for ulike grupper i HiSF Det er meldt inn ynskje om at AMU tek ein diskusjon om det er muleg å målrette treninga mot dei som har plager som gir utslag på sjukefråværet, og spesielt invitere dei som er sjukmelde eller står i fare for å bli det. I oversikt frå NAV viser at muskel og skjelettlidingar, og lettare psykiske lidingar er sjukdomsårsaker som er mest vanleg hos oss. Spørsmål til diskusjon; Kva type treningar er aktuelt for dei dei ulike gruppene? Korleis leggje til rette for deltaking trening i eller utanfor arbeidstida? Bruk av eigne ressursar kven kan bidra og korleis? Kva er arbeidsgjevar sitt ansvar og kva er den tilsette sitt ansvar? Trenings- og aktivitetstilbod for tilsette noko mange institusjonar jobbar med. Nedanfor ser ein døme på korleis nokre har valt å gjere det. 4
Faksimile fra Høgskoleavisa HiST 5
Oppslag som henger på veggene på UiO: 6