VERKSEMDSPLAN FOR Seljord barneskule 2017-2018 Adresse: Brøløsvegen 16 Tlf.: 35051331 Rektor: Ingunn Flatland E-post: ingunn.flatland@seljord.kommune.no Seljord kommune sin heimeside: www.seljord.kommune.no
Innhald 1. Kva er ein verksemdplan? 2. Seljord barneskule 3. Visjonen til SBSK 4. Hovudsatsingsområde for alle skulane 4.1. Innhaldet i undervisinga 4.2. Undervisninga må leggjast opp etter eit mangfald av arbeidsmåtar 4.3. Den einskilde elev skal få opplæring tilpassa evner og føresetnader 4.4. Opplæring i grunnleggande ferdigheiter 4.5. Skulen skal ivareta elevane 4.6. Fysisk aktivitet og kosthal 4.7 Vurderingsarbeid 4.8 Samarbeid skule og heim 4.9 Samarbeid mellom skulane 4.10 Autoritativ klasseleiing 4.11 Entreprenørskap i skulen 4.12 Skule- og fritidsordninga-sfo 5. Satsingsområde 2017-2018 5.1. Dysleksivennleg skule 5.2. IKT som grunnleggande dugleik 5.3. Skulevandring 5.3.1: Vurdering 5.3.2: Foreldremøte 6. Årshjul Vedlegg 1 7. Råd og utval Vedlegg2 8. Personalliste Vedlegg 3 9. Overgang barnehage-skule Vedlegg 4 2
1.Kva er ein verksemdsplan? Grunnlaget for ein verksemdsplan er å sikre ein samanheng mellom kommunen sine overordna mål, og dei mål, tiltak og hovudaktivitetar som er prioritert i den enkelte skule. Planen er et arbeidsverktøy for rektor og dei tilsette ved skulen. Den er ein del av Seljord kommune sitt styringssystem og skal saman med det kommunale handlingsprogrammet forankre kommuneplanens fokusområder, strategiar og mål. Kommuneplanen er styrande for all planlegging i Seljord kommune. Formålet med planen er å vise langsiktige mål og strategiar for utviklinga av Seljord kommune. Eit overordna mål for kommunen er at Seljord kommune skal vere ein god stad å bu og ein attraktiv tilflyttingsstad Verksemdsplanen er eittårig plan for den enkelte skule og utgjer saman med den treårige "Handlingsplan for undervisningssektoren i Seljord kommune" plangrunnlaget for grunnskulen. 2. Seljord barneskule Seljord barneskule ligg i sentrum av Seljord. Adressa er Brødløsvegen 16, 3840 Seljord. Skuleåret 2017-2018 er det 185 elevar ved skulen. Det er 11 klasser og 32 tilsette ved skulen. Skulen tek til kl. 08.10-13.50. Frå kl.08.00 har elevane tilsyn ( jf. trivselsreglane). I løpet av skuledagen er det 2 friminutt, slik at kvar arbeidsøkt er på 90 minuttar. Dagsrytme SBSK Timar Friminutt-mat 1 08.10-08.55 2 08.55-09.35 1.-4.: 09.20-09.35: Frukt +lesing 09.35-10.00:Friminutt 3 10.00-10.45 4 10.45-11.30 11.25-11.45: Mat 11.45-12.20: Friminutt 5 12.20-13.05 6 13.05-13.50 3
1.-4.trinn har friminutt på baksida skulen. Skuleplassen er eit flott leike -og aktivitetsområde både sommar og vinter. Her kan elevane sparke fotball, kaste ball, hoppe taug, gå på ski, ake og mykje meir. 5.-7.trinn har friminutt på framsida. Her ligg det og til rette for mange aktivitetar. Vi har både ballbinge og klatretårn. Vi har til og med ein sjøorm, du kan sette deg ned på for å slappe av litt. Leksehjelp: Måndag og onsdag er det leksehjelp for 1.-4.trinn kl. 14.00-14.45. Før leksehjelpa blir det servera brødmat til elevane. Måndagane er det og leksehjelp for 5.-7.trinn kl. 14.00-14.45. SFO: Skulefritidsordninga er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod for barn på 1. 4. årstrinn. Verksemda er prega av leik og sosial læring med høve til deltaking i kulturaktivitetar. SFO er open frå kl 07.30 til 16.30. På torsdagar kan elevane vere på SFO heile dagen. Vidare viser vi til årsplanen til SFO, som du finn på heimesida til Seljord kommune. 3. VISJONEN til SBSK: Vi trivest på skulen Vi samarbeider Vi føler ansvar for kvarandre Vi søkjer kunnskap Med dette meiner vi: Elvane har rett til ha eit trygt og godt skulemiljø. Det gjeld både det fysiske og psykososiale miljøet + læringsmiljøet. Trivsel og tryggleik er viktige forutsetningar for læring. Når det gjeld trivsel er snittet på elevundersøkinga (5.-7.trinn) høgt. Vidare syner vi til trivselsreglane for skulen og Plan for å sikre eit trygt og godt skulemiljø i Seljordskulen. Denne planen finn du på heimesida til kommunen www.seljord.kommune.no Samarbeid heim-skule er svært viktig i alle samanhengar. Elevmedverknad skal vere synleg i det daglege arbeidet. Vi har eit aktivt elevråd, og dei har fleire arbeidsoppgåver på skulen. Skulen deltek også i 365 dagar, og i den samanheng er det fleire aktivitetsleiarar frå 5.- 7.klasse som bidreg positivt i skulemiljøet. Vi arbeider etter kriteria for autoritativ klasseleiing, og arbeidsforma er med å legge til rette for eit godt skulemiljø. Prinsippa for den gode timen er godt implementera i den daglege drifta. 4
Tilpassa opplæring er eit grunnleggande prinsipp for heile opplæringa og skal bidra til at alle elevane utviklar seg som personar, tileignar seg fagleg kunnskap opplever fellesskap. Hovudtyngda av ressursane våre er på 1.-4.trinn, slik at vi kan sette inn tiltak så raskt som råd der det er naudsynt ( tideleg innsats). Vi nyttar heilskapsmetoden i lese-og skriveopplæringa, der hovudmåla er leseglede og tideleg innsats. På vår skule er alle lærarar leselærarar. Vurderingsarbeidet skal vere med på å fremje læring undervegs og samstundes uttrykkje kompetansen til eleven. Vi arbeider etter desse punkta frå opplæringslova: 1. Elevane skal forstå kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. (Tydelege mål og kriterier-oppsummering) 2. Eleven skal få faglege og relevante tilbakemeldingar. 3. Eleven skal få råd om fagleg forbetring 4. Eleven skal vere involvera i vurderingsarbeidet. Forskningsbasera kunnskap skal ligge til grunn for den pedagogiske plattforma ved skulen. 4.Hovudsatsingsområde for alle skulane. 4.1 Innhaldet i undervisninga skal samsvare med mål og hovudmoment i læreplanen. - Læreplanen skal vere den viktigaste arbeidsreiskapen for det pedagogiske personalet. - Undervisninga skal vere tufta på verdigrunnlaget i formålsparagrafen til Opplæringsloven. 4.2 Undervisninga må leggjast opp etter eit mangfald av arbeidsmåtar. - Alle skulane skal stimulere elevane til å utvikle eigne læringsstrategiar, samt auke nysgjerrigheit og lærelyst ved å variere arbeidsmåtane. - Elevane skal oppleve medverknad, både med omsyn til eigne val og ansvar. 4.3Den einskilde elev skal få opplæring tilpassa evner og føresetnader. - Tilpassa opplæring skal vere eit grunnleggande prinsipp for heile opplæringa. - Tilpassa opplæring skal bidra til at alle elevane utviklar seg som personar, tileignar seg auka fagleg kunnskap og opplever fellesskap. 5
4.4 Opplæring i grunnleggande ferdigheitar. - Alle skulane i kommunen arbeide for å sikre elevane grunnleggande ferdigheitar i lesing, rekning, skriving, digitale ferdigheitar og munnlege ferdigheitar. - Alle lærarar skal vere leselærarar. - Alle skulane skal vere dysleksivennlege skular. 4.5 Skulen skal ivareta elevane. - Alle skulane skal ha ein plan for haldningsskapande arbeid. - Skulane skal ha særskilte førebyggande tiltak mot mobbing. - Skulemiljøet skal leggjast til rette for elevar med ulike funksjonshemningar. 4.6 Fysisk aktivitet og kosthald. - Alle elevar ved ungdomsskulen skal få tilbod om skulemat i kantine kvar dag. - Skulane skal arbeide for at det skal vere sunne kostalternativ ved avslutningar og turar. - Skulane skal leggje til rette for at elevane får mest mogleg fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet skal vere ein del av eleven sin daglege skulegang. 4.7 Vurderingsarbeid. - Skulane skal arbeide for å realisere prinsippet om vurdering for læring. - Skulane skal gjennomføre prøver på dei ulike årstrinna i samsvar med sentrale og lokale føringar. 4.8 Samarbeid skule og heim. - Skulen skal vere pådrivar for eit godt og formalisert foreldresamarbeid. - Skulane må legge opp til minst to foreldrekonferansar og tre FAU- og SU-møter kvart skuleår. 4.9 Samarbeid mellom skulane. - Leiarmøte skal vere ein arena som fremjar erfaringsdeling og felles utviklingsarbeid. - Det skal opprettast faggrupper på tvers av skulane for å styrke det pedagogiske utviklingsarbeidet i kommunen og sikre utviklingsarbeidet innanfor dei grunnleggande ferdigheitene. - Skulane skal samarbeide for ei mest mogleg heilskapleg opplæring i kommunen. Ein bør arbeide med felles skuleutviklingstiltak. 4.10 Autoritativ klasseleiing. - Alle skulane skal ha felles standard for "den gode timen". - Alle lærarar skal arbeide for å utvikle tydeleg autoritativ klasseleiing med eit balansert forhold mellom elev- og lærarkontroll. 6
4.11 Entreprenørskap i skulen. - Alle skulane skal arbeide for å ta i bruk entreprenørskap som metode i opplæringa. 4.12 Skule- og fritidsordninga SFO. - Skulefritidsordninga skal vere eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod til barn i 1. 4. klasse i Seljord kommune. Verksemda skal vere prega av leik og sosial læring med høve til deltaking i kulturaktivitetar. 5. Satsingsområde 2017-2018: 5.1 Dysleksivennleg skule. MÅL: Oppdage elevar med dysleksi tideleg. Sette inn tiltak. I løpet av skuleåret skal vil sende søknad til Dysleksiforbundet om å bli godkjent som ein dysleksivennleg skule. Elevar med dysleksi har ikkje berre fagvanskar i norsktimane. Dei har fagvanskar i alle fag heile dagen både på skulen og elles. Dette medfører at skulen rettar fokuset mot punkta under: Alle lærarane har kunnskap om dysleksi, dyskalkuli og spesifikke språkvanskar. At skulen har gode system for å fange opp og fylgje opp elevar med vanskar. Vidare er det viktig at skulen: Har eit inkluderande og aksepterande miljø. Har gode system og kompetanse i å finne dei elevane som slit. Rutinar på systematisk kartlegging og registrering av lesedugleiken til alle elevane. Set raskt inn tiltak som fungerer. Fylgjer opp leseutviklinga til dei elevane som treng det. Er gode til å lære opp og bruke moglegheitene IKT gjev. Måleindikatorar: Tideleg innsats: At elevar med dysleksi blir oppdaga tideleg i skuleløpet, og at ressursar blir sett inn der det er naudsynt. At vi tek i bruk materiell som elevar med dysleksi har nytte av. Personalet aukar kompetansen på å ta i bruk moglegheitene IKT gjev. www.dysleksiforbundet.no 7
5.2 IKT som grunnleggande dugleik MÅL: Frå rammeverk for grunnleggande ferdigheiter s.3: Digitale ferdigheiter vil seie å kunne bruke digitale verktøy, medier og ressursar hensiktsmessig og forsvarleg for å løyse praktiske oppgåver, innhente og behandle informasjon, skape digitale produkt og kommunisere. Digitale ferdigheiter inneber også å utvikle digital dømmekraft gjennom å tileigne seg kunnskap og gode strategiar for nettbruk. Digitale ferdigheiter er ein viktig føresetnad for vidare læring og for aktiv deltaking i eit arbeidsliv og samfunni i stadig endring. Den digitale utviklinga har endra mange av premissene for lesing, skriving, rekning og munnlege uttrykksformer. Derfor er digitale ferdigheiter ein naturelg del av læringsarbeidet i og på tvers av faglege emne. Dette gjev moglegheit for nye læringsstregiar, men stiller også auka krav til dømmekraft. Område innan digitale ferdigheitar: ( sjå rammeverk for grunnleggande ferdigheter s.6) 1. Tileigne seg og behandle 2. Produsere og bearbeide 3. Kommunisere 4. Digital dømmekraft Organisering: Vi skal samarbeide med IKT-senteret. Flatdal og Seljord barneskule samarbeider i fellestida. Målsettinga skal bli nådd ved hjelp av kompetanseutvikling hjå dei tilsette gjennom arbeid med nettbaserte utviklingsressursar og utprøving i praksis. www.iktplan.no Måleindikator: Det skal syne seg betre resultat på kartlegginga av digital dugleik i 4.kl På nasjonale prøver er IKT eit nyttig verktøy som elevane meistrar i gjennomføringa. Generelt: Elevane skal få auka digitale ferdigheiter. 5.3 Skulevandring 5.3.1 Vurdering for læring Vurderinga skal vere med på å fremje læring undervegs og samstundes uttrykkje kompetansen til eleven 8
Forsking viser at tilbakemeldingar har stor betyding for elevens læring. Det er heilt avgjerande at læraren er medviten på kva slag tilbakemeldingar han/ho gjev. Tidspunktet for tilbakemeldinga er og svært viktig. Samstundes er det heilt nødvendig å overvake læringsreisa til eleven, for å vite kvar han/ho er i læringsprosessen. Vidare er det avgjerande med eit godt læringsmiljø, der det er rom for å prøve og feile. Forskrift til opplæringslova: 1.Elevane skal forstå kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. Tydelege mål og kriterier-oppsummering) 2. Eleven skal få faglege og relevante tilbakemeldingar. 3.Eleven skal få råd om fagleg forbetring 4.Eleven skal vere involvera i vurderingsarbeidet. MÅL: Evaluere og forbetre vurderingspraksisen vår. Nytte skulevandring som eit verktøy, for å forbetre vurderingspraksisen vår. Leiarane observerer i vurderingspraksisen i klasserommet, t.d.10 min 4 gonger. Fokusområde er avtala på førehand. T.d.: Oppstart av timen, undervegsvurdering, avslutning av timen. Tilbakemelding og evaluering i etterkant av observasjonane og på medarbeidersamtale. Måleindikatorar: Det skal synast på elevundersøkinga at elevane har betre forståing av at dei er delaktige i vurderingsprosessen og eiga læring. NB frå evalueringa 2016-2017: Arbeidsro i timane Kor ofte klarar du oppgåvene du får åleine Får du vere med å vurdere skuleabeidet ditt? Det skal synast på Ståstedanalysa at personalet meiner at arbeidet med vurdering har vore nyttig, og at organisajonen har heva kompetansen. www.udir.no 5.4.2 Foreldremøte Vi skal revidere planane for foreldremøta. Det er eit mål at på alle møte skal føresette ha ei økt der dei er aktive. Rektor med på alle foreldremøte. Vi drøftar i fellesskap. Innspel frå FAU Reviderer planane: 9
Rutinar- samarbeid med klassekontaktane ved førebuing Innkalling Presentasjonsform Form Innhald. 6.Årshjul : Vedlegg 7.Råd og utval Vedlegg 8. Personalliste Vedlegg 9.Overgang barnehage skule : Sjå plan for overgang bh-skule på heimesida til Seljord kommune www.seljord.kommune.no Seljord 29.09.17 ved Ingunn Flatland, rektor 10