UTVIKLINGSPLAN 2015 Pedagogiske rom Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne Tiltak og arbeidsmetodar: Mål; Skape rom - som inspirerer og appellerer til barns utforsking og utvikling. - som byggjer opp under fagområda i rammeplanen, i tillegg til omsorg, leik og læring Fokus på uteområdet i barnehagen og barnehagen sitt turområde. - Dei vaksne skal tilføre nye spennande aktivitetar og leik i og rundt uteområdet saman med borna. Ta i bruk alle rom og la dei gjenspegle kva vi driv med; Vi skal ha tydelege leikeområde som ser innbydande ut, som skil mellom roleg og aktivitetar. Vi skal byte jamleg på leikane, og møblere og tilpasse etter alder og interesse i barnegruppa. Vi må halde områda ryddige og oversiktlege. Skape spanande og engasjerande aktivitetar gjennom: Turar Måltid ute Friluftslivsveke vår/ haust Evaluering;. Er områda innbydande for leik og aktivitet? Korleis brukar borna inne og uteområda? Dokumenter ved å bruke bilde og tekstskaping for refleksjon og justeringar undervegs i året. 2
UTVIKLINGSPLAN 2015 Leik Hovudansvarlege; Britt Siri, Rolf, Nina og Trine Deltakarar; Både små og store, men på ulike måtar Mål; Barna skal oppleve glede og meistring i leiken og i samspel med andre barn. Utvikle; eigen identitet, kreativitet, samspel sjå sola! Barna får auka sin leikekompetanse. Leiken er ein aktivitet med eigenverdi, og må få tid og rom. Barna skal få erfaring med å leike i ulike miljø, og inspirasjon til leik. Tiltak og arbeidsmetodar; Vi skal vere motiverande vaksne som skal være til stede «her-og-no» i leiken. Dei vaksne må legge til rette for at leiken skaper vennskap. Ta i bruk nærmiljøet og naturen, som til dømes gamma, som ein aktiv leikeplass der barna lærer seg å bruke naturmateriale i leiken. Ha (ein dag i veka eller kvar 14 dag?) der leikane ikkje vert tatt ut av skuret, slik at barna får bruke kreativiteten sin ved å leike med det dei finn i naturen. Barnehagen skal fysisk og organisatorisk legge til rette for variert leik. - inne og ute - i ulike miljø - ved å bytte ut leikar ved jamne mellomrom -tilpasse til barnas alder.
Venta på tur Hatt det gøy og opplevd glede og meistring Øvd seg på å handtere konfliktar Utvikla kreativitet og fantasi Utvikla sine kommunikative evner Lytta til andre sine forslag Trena på å ta omsyn til andre Når barnet ditt seier: I dag har eg berre Brukt heile seg LEIKA! Øvd på impulskontroll Da har barnet: Trena på motoriske ferdigheiter Lært seg nye ord og uttrykk Tatt initiativ og uttrykt eigne ynskjer Trena på turtaking Brukt matematiske omgrep.
UTVIKLINGSPLAN 2015 Samspel og tilknyting Deltakarar; Små og store i Sande barnehage Hovudansvarlege; Tonje, Hege, Marion & Malin Mål; Skape tryggleik og tilknyting Sikre at alle barn vert sett kvar dag Førebyggje lærevanskar, psykiske og sosiale vanskar blant born, ungdom og seinare vaksne. Fange opp og hjelpe dei borna der foreldra har større utfordringar enn andre. FORDI: Nyare forsking syner at samspelet med barna sine næraste omsorgspersonar er avgjerande for utviklinga deira. Tidleg innsats er ei god investering i framtida! Tiltak og arbeidsmetodar; Tilknytingsperson: - Ta imot, vis rundt fortell om kvardagen i barnehagen og korleis vi kan få ein god oppstart. - Gjennomføre oppstartssamtale 1. - Hjelpe barnet å få oversikt over dagen. - Setje ord på barnet sine kjensler og opplevingar. - Etterkvart hjelpe barnet å bli trygg på barna og dei andre vaksne. - Følgje opp borna gjennom året. - Vere tilgjengelege for formelle og uformelle samtalar med foreldra i kvardagen. Bruke tryggleikssirkelen: - Vere sensitive og omsorgsfulle vaksne som er gode på å fange opp mimikk, tolke rørsler, kjensler og tale. - Setje ord på borna sine kjensler og hjelpe dei til å regulere seg i høve til dei. (Tryggleikssirkelen, sjå neste side) Kva skal evaluerast og når? På avdelingsmøte og personalmøte om korleis ein brukar tryggleikssirkelen. Setje av tid på avdelingsmøta til refleksjon av observasjonar / dokumentasjon.
Deltakarar: Alle barn og vaksne Hovudansvarlege: Øystein og Gro UTVIKLINGSPLAN 2015 Teknikk og eksperimentering Mål: Gje barna erfaringar med at teknikk er ein framgangsmåte vi brukar for å lage noko, eller få noko til å virke. Barna skal få erfaringar i å løyse problem ved hjelp av teknologi, og oppleve at vi er omgitt av teknologi i kvardagen. Barna skal få opplevingar med at vi nyttar eksperiment. Testar naturlover og finn ut korleis ulike gjenstandar fungerar. Tiltak og arbeidsmetodar; Avdelingane gjennomførar ulike eksperiment gjennom året. Vekkje nyfinkeheit til å teste ut ved hjelp av alle sansane, eksperimentere og lære. Lære ord og utrykk som er knytt opp mot aktivitetane. Øve på kvardagsteknikkar; frå t.d. skei og potetskrellar til sag. Klare sjølv! Teste ut leikar og anna i barnehagen. Kva er det som gjer at dei fungerer? Korleis fungerer t.d. magnetar, kva skjer med ei dukkevogn dersom den ikkje har hjul? Teknologi i Steia: Sjå på samanhengar, korleis ting verkar til dømes; ei lommelykt, hjulvisp, heis og data. Korleis får ei pære til å lyse? Vi tilpassar til alder. Evaluering; Pedagogisk dokumentasjon, som eit ledd i eksperimenteringa og forskingsprosessen, gjennom praksisforteljing, bilete og refleksjon.
Personalutvikling Tiltak (kva) Evaluering Rammeplan Bli flinkare å skape progresjon i arbeidet Lage plan over kva tilbod barna skal få i ulike samanhengar. Tenke progresjon og variasjon. Korleis fungerer dei ulike faggruppene? med barna. Aldersinndelte grupper Ansv. Eldrid Avdeling og uformelle situasjonar Leik Lese om og reflektere kring leik og leikeutviklinga til ungane. Kurs og temakveld med foreldra. Samspel og tilknytnad / Dialog: Innarbeide oppgåvene for tilknytningspersonen i personlet. Bli betre kjend med tryggleikssirkelen. Bruke møter på å rettleie i dette. Bruke oppstartsamtale 1 og 2 Drøfte voksenrettleiing, kva og korleis gjere vi det? (nytte ped.l møta?) Lage gode rutinar internt og mellom ulike instansar som fangar opp og føl opp utsette barn. (rutinebeskrining) Kurs sjå barnet innanfrå Pedleiar rolla. Innhald i bunden og ubunden arbeidstid Utprøving nye arbeidstider Innhald i rolla, forventningar og avklaringar.