Barentshavet er eit overgangshav

Like dokumenter
Havforskning i nord. Populærvitenskapelig tidsskrift fra Tromsø Museum Universitetsmuseet Nr. 304 kr 60, Ottar nr.1/2015.indd

~ Organisasjon. ~'... A"Dt t. ihre KT-0R '... Andre typar stillingar. Den faglege verksemda ved Havforskingsinstituttet er organisert i

Nils-Arne Ekerhovd. NORKLIMA forskerkonferanse Bergen, oktober, Samfunns- og Næringslivsforskning AS (SNF)

Barentshavet kaldare enn i fjor. Kva betyr det? Nokre smakebitar frå rapporten Havets ressurser og miljø 2009

Klimaendringer og fiskeri status og u3ordringar. Barents 2033 Kirkenes Bjarte Bogstad, HavforskingsinsBtuCet

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET I NORD

Først av alt vil jeg takke for invitasjonen til å komme hit, dernest vil jeg legge til at jeg på langt nær kan presentere alt som

Ressursforskning på lodde. Bjarte Bogstad Havforskningsinstituttet Årsmøte Fiskebåt sør

«Marine ressurser i 2049»

Ressursutviklinga. Nordeas fiskerisamling Bekkjarvik oktober Harald Gjøsæter

Torskefiskkonferansen 2015 Bestandssituasjonen i Barentshavet 2016 og 2017

Klimaendringenes effekter på havet. [tütäw _ÉxÇz

Framleis gode utsikter for torskefiskeria? Bjarte Bogstad, Havforskingsinstituttet Klippfiskseminar, Ålesund

Romlig fordeling av sjøfugl i Barentshavet

Artssammensetning dyreplankton i Nordsjøen

Hvor beiter fisken i Polhavet og tilstøtende farvann i 2050?

FØRE-VAR-BESKATNING AV FISKERESSURSANE I BARENTSHAVET

Fjorder i endring. klimaeffekter på miljø og økologi. Mari S. Myksvoll,

Imiddelalderen var landbruksområdene

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Romlig fordeling av hval i Barentshavet

Nye artar å fiske etter langs norskekysten? Otte Bjelland

Hvor allsidig er bardehvalenes kosthold?

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Mette Skern-Mauritzen

Bunndyr i Barentshavet

Til deg som bur i fosterheim år

Tidspunkt for våroppblomstring av planteplankton i Barentshavet

Utfordringer og prioriteringer for Havforskningsinstituttet. Tore Nepstad Adm. dir.

Klimavariasjoner, klimaendringer og virkninger på fiskerienes naturgrunnlag

Kolmule i Barentshavet

Kunnskap og råd for rike og reine hav

Fiskeriverksemd i Hordaland

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

VEIEN VIDERE KAPITTEL 12. Tore Nepstad, Morten Smelror og Knut Chr. Gjerstad

Kolmule i Barentshavet

Å løyse kvadratiske likningar

Klimaendringer og effekter på økosystemet i Barentshavet

RAPPORT FRA DET FELLES NORSK-RUSSISKE ØKOSYSTEMTOKTET I BARENTSHAVET

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

Odd Nakken Havforskningsinstituttet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

År Tal born 102 millionar 69 millionar 59 millionar 59 millionar

Våroppblomstring av planteplankton i Barentshavet

Kunnskap og råd for rike og reine hav

Kunnskap og råd for rike og reine hav

Saksbehandlarar: Trond Sundby, Plan- og samfunnsavdelinga, Lena Søderholm, Næringsavdelinga Sak nr.: 14/1672-7

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Fiskeri. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 5

Gyting og gytevandring - kva har vi kunnskap om og kva manglar. Harald Gjøsæter Faggruppe Bunnfisk harald@imr.no

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

KVIKKSØLVINNHALD I FISK OG SJØMAT VED SØKKT UBÅT (U864) VEST AV FEDJE - NYE ANALYSAR SAMANLIKNING MED DATA FRÅ 2004 OG 2005

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Svalbard hvordan står det til her? Guttorm N. Christensen, Akvaplan-niva

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Vintervèr i Eksingedalen

Reketrål; praktisering av regelverk, yngelinnblanding og seleksjon, nord om N62

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Lodde (Mallotus villosus) Capelin Lodde Smaelt Capelan Atlantique Capelán

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Ein kald fisk. Nedbryting

Rettslege utfordringar ved eit Arktis i endring

Sjøfugl i åpent hav Per Fauchald, Eirik Grønningsæter og Stuart Murray

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Forskrift om endring i forskrift om regulering av fisket for fartøy som fører grønlandsk flagg i Norges økonomiske sone i 2007

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

ORGANISERING AV NORSK PETROLEUMSVERKSEMD

Sjøfugl/fisk-interaksjoner: ekspertgruppas tilrådninger

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Eksamen Matematikk 2P hausten 2015

Brukarrettleiing E-post lesar

ØKOSYSTEMTOKT I NORSKEHAVET-BARENTSHAVET MAI 2005

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Fylkesmannen i Rogaland Forvaltningsavdelinga. Betre føre var. Oversikt over risiko i Rogaland. juni

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Hva leverer Mareano til Forvaltningsplanen for Barentshavet? Brukerkonferanse MAREANO, Oslo Ingolf Røttingen

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

TOKTRAPPORT FRA ØKOTOKT JUNI 2004 I BARENTSHAVET

Fisket ved Svalbard i dag og videre frem i tid.

Hvor ble det av fisken på Vestlandskysten? Om tilbakegang hos fjordbrisling, norsk vårgytende sild og bunnfisk i Nordsjøen

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Endringer i grunnlaget for fiskeri og havbruksnæringen i Norge

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

S1 eksamen våren 2016 løysingsforslag

VOLLASETRA I SUNNDAL

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Grunnlovsforslag ( )

Miljøretta helsevern har ikkje avdekka avvik ved skulen i 2012.

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Makrell i Norskehavet

Transkript:

Fisk på flyttefot Gunnar Sætra og Maria Fossheim I Barentshavet merker ein klimaendringane på fleire måtar. Der aukar temperaturen dobbelt så raskt som elles på kloden, torsken går rekordlangt mot nord, og vi ser at mange av fiskesamfunna i Barentshavet flytter seg mot nordaust. Dette veit vi fordi norske og russiske havforskarar over lang tid har samla informasjon frå Barentshavet. Både innsamlinga og samarbeidet er unikt i verdsmålestokk. Barentshavet er eit overgangshav mellom den boreale og den arktiske sonen, og her møter dei boreale artane dei arktiske. Dei arktiske dyreplanktonartane blir som regel større og meir næringsrike enn dei boreale slektningane sine, men dei veks langsamare. Mange av dei lagrar mat til vinteren i form av fett og olje, og det er ein av grunnane til at dei er meir næringsrike enn slektningane lenger sør. Dei siste åra har vi sett at mengda med arktisk dyreplankton i Barentshavet har gått ned, og dei er erstatta av Fiskesamfunn Eit fiskesamfunn utviklar seg som følgje av gjensidig påverking mellom individa, bestandane og artane i samfunnet. Man studerer fordelinga av individ frå dei ulike artane i tid og rom og måler blant anna artsmangfald og produktivitet, samt undersøker korleis næringsnettet er bygd opp. Fiskesamfunnet i Barentshavet er delt i tre hovudgrupper: eit atlantisk, eit sentralt (begge er boreale) og eit arktisk samfunn. boreale artar som er mindre av vekst og inneheld mindre næring. Difor er det no mindre av store hoppekrepsartar som raudåte (Calanus finmarchicus) og isåte (Calanus glacialis) i den russiske delen av Barentshavet enn før. Dei er erstatta av små og mindre næringsrike hoppekrepsartar som Metridia longa og Paracalanus minutus. Vi ser også andre endringar, som til dømes at det er meir maneter i Barentshavet no enn tidlegare, og vi finn mange fiskeslag lenger nord i dag enn for nokre år sidan. «Verdsrekordar» Dei siste åra har torsken stått mykje lenger nord i Barentshavet enn tidlegare, og i 2012 blei det sett «verdsrekord» i nordleg utbreiing av nordaustarktisk torsk (skrei). Då blei han registrert på 82 grader og 30 minutt nord. Året etter blei det registrert nok ein «verdsrekord» då fann russiske havforskarar nordaustarktisk torsk i Karahavet, den austlegaste på 79 grader og 36 minutt aust. Andre artar, som hyse og lodde, har også gått lenger nord og aust enn det som har vore vanleg tidlegare, men foreløpig er det lite som tyder på at desse fiskeslaga er i ferd med å flytte seg nordaustover i heile livssyklusen. Det ser vi mellom anna Arktis er namnet på områda rundt Nordpolen. Det finst fleire definisjonar på nøyaktig kva område det gjeld. Somme tider meiner ein berre ismassane som flyt rundt polen når ein snakkar om Arktis, men vidare definisjonar tek med nordlege landområde, som Svalbard, Grønland og det nordlegaste Amerika. Desse definisjonane nyttar gjerne Polarsirkelen eller den nordlege tregrensa som ytre grense for Arktis. Boreal betyr nordleg (gresk,) men i systemet som blir omtalt i artikkelen dreier det seg om artane som tradisjonelt høyrer heime i den sørlege delen av Barentshavet. Difor kallar vi det for «borealisering» når desse artane flytter nordover og overtar område som tidlegare blei dominert av arktiske artar. Dei gamle grekarane tenkte nok ikkje så mykje på det som kunne finnast nord for det dei såg på som nordleg, dvs. på våre arktiske breiddegradar. Ottar 304 2015 (1): 9 16 9 Ottar nr.1/2015.indd 9 06.02.15 11:06

ved at dei går inn til dei tradisjonelle gytefelta langs kysten av Nord-Noreg og Kola. Mellom anna har det vore godt med skrei i Lofoten sidan 2010 2011, både på utsida og innsida. Samstundes har desse bestandane vakse dei siste åra, og det kan vere med på å forklare kvifor vi til dømes har sett meir torsk langt nord i Barentshavet. Torskebestanden er no på sitt høgaste nivå sidan 50-talet, truleg som følge av et varmare klima og eit vellukka haustingsregime. Torskebestanden har rett og slett trunge meir og meir plass etter kvart som den har blitt større. Sidan produksjonen av det som er torsken sitt næringsgrunnlag har auka som følge av varmare klima, har torsken funne nok mat langt nord i Barentshavet, til og med nord for Franz Josefs land. På flyttefot Torsk, hyse og lodde er kommersielle artar, og dei består av bestandar som kan variere mykje. Det er vanskeleg å bruke dei som mål på klimaendringar, både fordi dei er allstadverande i Barentshavet, og fordi bestandsstørrelsen kan variere med fiskepresset. Frå 2004 (øvst) til 2012 har fiskesamfunnet i Barentshavet blitt kraftig endra. Det atlantiske (raudt) det sentrale (gult) og det arktiske undersamfunnet har flytta seg nord- og austover. Dette er kunnskap som har komme fram under dei norsk-russiske økosystemtokta som har gått kvar haust sidan 2004. Illustrasjon: Maria Fossheim og Aleksander Sandvik/ Havforskingsinstituttet. 10 Ottar nr.1/2015.indd 10 06.02.15 11:06

For å få vite meir om tilstanden i økosystemet i Barentshavet må vi også studere fiskeartar som for eksempel blåkveite og augepål. Like viktig er det å studere artar det ikkje blir drive kommersielt fiske etter. Det er mindre kjente fiskeslag som krokulke, grønlandsknurrulke, snottfisk, tverrhala langebarn og så vidare. Vi kan også studere heile fiskesamfunn for å finne ut om det har skjedd endringar i havet og korleis dei føregår. Havforskinga har allereie studert kva for endringar som har skjedd med fiskesamfunnet nærast botnen i Barentshavet. Studien omfattar 74 artar som er samla inn på nesten 4000 stasjonar (prøvetakingspunkt). Fiskesamfunnet i Barentshavet består av tre ulike hovudgrupper: eit atlantisk, eit sentralt og eit arktisk fiskesamfunn, og vi har studert perioden frå og med 2004 til og med 2012. Analysane viser at dei atlantiske og sentrale fiskesamfunna har flytta seg Oppe: Maneter og fiskeyngel som er fanga med forskingstrål under økosystemtoktet hausten 2012. Nede: Barentshavet blir grundig undersøkt under økosystemtoktet som norske og russiske havforskarar gjennomfører kvar haust. Dei farga linene viser kursane som forskingsfartøya følgde under toktet i 2013, medan prikkane er såkalla stasjonar, det vil seie dei stadene der det blir tatt ulike prøver. Illustrasjon: Havforskingsinstituttet. 11 Ottar nr.1/2015.indd 11 06.02.15 11:06

både nord- og austover. Det ser vi fordi det har skjedd ei parallell forskyving i utbreiinga til desse artane både dei sørvestlege og dei nordaustlege grensene for desse fiskesamfunna har gått same veg mot nordaust. Samstundes ser vi at sørvestgrensa for det arktiske fiskesamfunnet også går nordover, men det er usikkert kva som skjer med det arktiske fiskesamfunnet når det nærmar seg områda kor det grunne Barentshavet går over i det djupe Polhavet. Blir dei arktiske artane pressa saman på ei smal stripe heilt nord på sokkelen, eller fortset dei vidare austover i dei russiske sokkelhava, som til dømes Karahavet? Dette veit vi lite om, mellom anna fordi dei arktiske artane held til heilt i ytterkantane til toktområdet til både norske og russiske havforskarar. Difor er Havforskingsinstituttet i gang med eit prosjekt som skal kartlegge både den fysiske oseanografien (temperaturar, saltinnhald, straum osv.) i Polhavet og kva for biologiske organismar som lever der. Det nye isgåande forskingsfartøyet «Kronprins Haakon» vil også bli ein god plattform for vidare forsking i nord. Oppe: Havforskarane bruker ein spesiallaga trål for å samle inn ulike organismar i havet. Nede: Havforskingsfartøyet «Johan Hjort» ligg på reia utanfor Longyearbyen og er klar for økosystemtoktet i 2012. I bakgrunnen ligg forskingsfartøyet «Helmer Hanssen» som skal delta på same tokt. 12 Ottar nr.1/2015.indd 12 06.02.15 11:06

Auka temperaturar flytter seg raskt Temperaturmålingane Havforskingsinstituttet og det russiske søsterinstituttet Pinro i Murmansk har gjort, viser at Barentshavet har blitt varmare det siste tiåret. Her møter straumane med varmt vatn frå Atlanterhavet det kalde arktiske vatnet og dannar Polarfronten. På havbotnen reknast vatnet som er meir enn 2 ºC for å vere atlantisk vatn, medan det arktiske vatnet er under 0 ºC. Mellom desse ligg ei sone med blandingsvatn som varierer frå 0 til 2 ºC. Analysane våre viser at grensene for dei ulike fiskesamfunna er dei same som temperaturfrontane, og at forskyvinga av fiskesamfunn frå sørvest mot nordaust fell saman med korleis temperaturfrontane har bevega seg i same retning. Dermed tyder alt på at oppvarminga av Barentshavet fører til såkalla borealisering av fiskesamfunna i Barentshavet, fordi dei boreale fiskeartane flytter seg nord- og austover. Det same skjer med det arktiske fiskesamfunnet når det blir stadig varmare og sjøisen forsvinn i det nordlegaste området. I tillegg har truleg Oppe: Det første norsk-russiske havforskarmøtet blei arrangert i Murmansk i 1958. Biletet er tatt på trappa til Pinro. Foto: Havforskingsinstituttet. Nede: Norske og russiske havforskarar fotografert under eit av dei årlege marsmøta. Biletet er tatt på Pinro-trappa i 2013. 13 Ottar nr.1/2015.indd 13 06.02.15 11:06

«invasjonen» av boreale artar, som stort sett er store vandrande fiskeetarar, ført til auka beiting på dei arktiske fiskeartane, fordi dei som regel er mykje mindre i størrelse. Andre endringar Vi har også sett andre endringar i Barentshavet. Den siste tida har unglodda begynt å slite med veksten, noko som kan komme av at den har fått konkurrentar i matfatet. Vi ser òg at selen har fått tynnare spekk. Det kan komme av at han kanskje har fått konkurranse om maten, for eksempel frå torsken. Sidan iskanten har trekt seg nordover dei siste åra, kan det også hende at selen har blitt tynnare fordi det er lenger frå isen den lever på og til loddestimane no enn tidlegare. Data som er samla inn frå kvalfangsten tyder på at vågekvalen har fått tynnare spekk dei siste åra. Dette er observasjonar som forskarane no analyserer for å finne forklaringar på desse endringane. Oppe: Toktleiar Lis Lindal Jørgensen viser korleis prøvane frå havbotnen skal fordelast. Nede: Havforskarane Elena Eriksen frå Havforskinga og Tatjana Prokhorova frå Pinro sorterer botndyr om bord på forskingsfartøyet «Johan Hjort». 14 Ottar nr.1/2015.indd 14 06.02.15 11:06

Barentshavet «frå A til Å» Bak analysane og kunnskapen til havforskarane ligg det ei omfattande innsamling av data som skjer på dei mange forskingstokta som blir gjennomført årleg. Det største av dei alle er økosystemtoktet som går i Barentshavet kvar haust. Det skjer i samarbeid med russiske havforskarar og har pågått sidan 2004. Under økosystemtoktet blir Barentshavet undersøkt «frå A til Å», eller «frå topp til tå», og då blir det samla inn data om alt av plante- og dyreliv frå planteplankton til kvalar. I tillegg registrerer toktdeltakarane søppel, dei tel fuglar og dei tar prøver som blir analysert for å finne mogleg forureining, det vere seg radioaktivitet eller kjemiske stoff som ikkje høyrer heime i Barentshavet. Som regel er det tre norske forskingsfartøy som dekker den norske økonomiske sona og det internasjonale havområdet (Smutthullet), medan eit russisk fartøy dekker den russiske delen av Barentshavet. På eit fullt bemanna tokt deltek det både forskarar, forskingsassistentar og båtmannskapa som skal til for å drifte fartøya. Reiskapen deira kan variere mellom grabb eller bomtrål for å Oppe: Mudder frå havbotnen blir filtrert for å skilje ut botndyr. Nede: Rognkjeksyngel og amfipodar som er tatt med ein trål som er spesiallaga for prøvetaking. 15 Ottar nr.1/2015.indd 15 06.02.15 11:06

samle inn prøver frå havbotnen, medan plankton blir samla med finmaska håv, og det blir brukt trål for å samle inn fisk og andre større organismar som lever i vassmassane, for eksempel store maneter. I tillegg er det eigne observatørar om bord som tel og artsbestemmer kvalane og fuglane som forskingsfartøya møter under toktet. Langvarig og viktig samarbeid Barentshavet er delt mellom Noreg og Russland, og styresmaktene i begge landa ønsker at fiskeressursane skal haustast på berekraftig vis. Fiskeartane som gjev dei største inntektene vandrar mellom den norske og den russiske økonomiske sonen. Difor blir dei årlege kvotane for lodde, hyse, nordaustarktisk torsk og blåkveite bestemt av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Kommisjonen har fastsett desse kvotane sidan Noreg og Russland fekk økonomiske soner på 200 nautiske mil i 1977. For å kunne gjere det treng dei eit godt kunnskapsgrunnlag. Det er det havforskarane som leverer. Det norsk-russiske havforskarsamarbeidet er unikt i verdssamanheng, og det har røter tilbake til slutten av 1800-talet. Då samarbeidde norske havforskarar med russiske kollegaer, mellom anna innanfor Det internasjonale havforskingsrådet (ICES). Samarbeidet mellom norske og russiske havforskarar hadde eit opphald på rundt 40 år, mellom anna fordi Russland trekte seg ut av ICES like før revolusjonen i 1917. På 1950-talet fann norske og russiske (sovjetiske) styresmakter ut at begge landa ville ha nytte av at havforskarane samarbeidde om å skaffe kunnskap om Barentshavet. Historikaren Stian Bones ved UiT Noregs arktiske universitet har dokumentert at initiativet om nytt samarbeid kom under statsminister Einar Gerhardsen sitt Moskva-besøk i 1955. Etter eit par førebuande møter på politisk og administrativt nivå kunne norske og russiske havforskarar ha sitt første møte. Det blei arrangert hos «Det polare vitskapelege forskingsinstituttet for fiskerinæring og havforsking» (Pinro) i Murmansk i 1958. Etter det har samarbeidet vore både tett og godt. Odd Nakken er ein av dei med lengst erfaring i dette samarbeidet, både som forskar og som toppleiar ved Havforskingsinstituttet. Han meiner at samarbeidet gjekk godt under den kalde krigen fordi forskarane snakka fag, ikkje politikk. Felles tokt sidan 1965 Det gjekk berre sju år frå det første norsk-russiske havforskarmøtet til dei gjekk i gang med felles tokt i Barentshavet. Det første fellestoktet gjekk av stabelen i 1965, og då var målet å kartlegge yngelen til dei ulike artane. Seinare blei fellestokta utvida til å omfatte reker (1965), lodde (1973), torsk (1980), ungsild (1984), kval (1987), sel (1990), blåkveite (1992) og kongekrabbe (1994). I 2004 blei fleire av desse tokta slått saman til det som vi i dag kjenner som økosystemtoktet, og sidan har altså dette toktet vore gjennomført kvar einaste haust heilt fram til i dag. I tillegg gjennomfører Havforskinga og Pinro eit felles økosystemtokt om vinteren, men det er mindre enn hausttoktet. Kunnskapen havforskarane samlar inn dannar grunnlag for råda som ICES gjev til styresmaktene, og i Barentshavet er det som sagt den norsk-russisk fiskerikommisjonen som fastset kor mykje som kan fiskast av dei ulike fiskeartane. Gunnar Sætra er kommunikasjonsrådgjevar ved Havforskingsinstituttet. Maria Fossheim er havforskar og ekspert på økosystemprosessar i havet. E-post: gunnar. saetra@imr.no og maria.fossheim@imr. no 16 Ottar nr.1/2015.indd 16 06.02.15 11:06