Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Stråling frå elektronisk kommunikasjon"

Transkript

1 Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet

2 Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte kjelder. Radon-, røntgen- og solstrålar er døme på kjelder vi anten bør beskytte oss heilt mot, eller avgrense opphaldstida vår i. Datamaskiner, mobiltelefonar, trådlause nett og basestasjonar for mobil gjev også frå seg energi som blir omtalt som stråling. Denne strålinga må på ingen måte samanliknast med stråling frå radon, røntgen og sol. I denne faldaren finn du informasjon om stråling frå mobiltelefonar, trådlause ruterar (WLAN) og mobilantenner (basestasjonar). For at vi skal kunne bruke trådlaust utstyr, må det sende ut energi. Det er strenge grenseverdiar for kor mykje stråling utstyret kan gje frå seg. Grensene er tilrådde av den internasjonale strålevernorganisasjonen (ICNIRP), som igjen er anerkjent av Verdas helseorganisasjon. Norske styresmakter følgjer desse tilrådingane. Post- og teletilsynet måler strålinga frå elektronisk utstyr. Statens strålevern stør seg til desse måleresultata, og gjev helseråd. Kontakt oss dersom du har spørsmål Statens strålevern, Post- og teletilsynet, 2

3 Målingar og resultat Post- og teletilsynet har utført ei rekkje målingar av utstyr for elektronisk kommunikasjon, over heile landet. Det er målt særleg der folk ferdast mykje eller har opphald over tid: blant anna i offentlege vrimlemiljø, på skular, i barnehagar, i private heimar og på arbeidsplassar. Her er ei enkel oversikt over måleresultat, i typisk avstand til kjelda. Det er føresett at ein oppheld seg i «dekningsområdet». Typiske måleresultat: Stråling i prosent/ promille av Utstyr Typisk avstand grenseverdi Radiosendar FM 500 m 6,0 promille Trådlaus ruter (WLAN) 2 m 0,2 promille Mobilsendar/basestasjon GSM m 5,0 promille Mobiltelefon ved full effekt Mot hovudet prosent Kjelde: rapport 2012:3 fra Folkehelseinstituttet, side 63 Typiske måleresultat er altså at sendarar og ruterar gjev låg eksponering. Når avstanden til utstyret aukar, blir verdiane enda lågare. Som tabellen viser, representerer din eigen mobiltelefon dei høgaste eksponeringsnivåa. 3

4 Mobiltelefon Når ein moderne mobiltelefon er i eit område med god dekning, sparer han på energien og sender berre med den styrken som er nødvendig. Dersom det er dårleg dekning, må mobilen sende kraftigare signal. Det er ein fordel at det er ikkje er langt til næraste basestasjon, fordi det sikrar både god dekning og mindre stråling når du bruker mobilen. God dekning = mindre stråling frå mobilen. Mobiltelefonen er likevel den kjelda som i kvardagen utset oss for mest stråling frå elektronisk kommunikasjon. Dei fleste telefonar blir oppgjevne med ein såkalla SAR*-verdi. Alle mobilar i Noreg skal og vere CE-merkte. Dette er leverandørens erklæring om at mobilen er innafor krava på ulike område. Testar i laboratorium varetek at mobilane strålar under grenseverdiane. Dersom du vil avgrense mobilstrålinga til eit minimum, kan du følgje desse enkle råda: - bruk handfrisett når du snakkar (leidning eller blåtann) - oppsøk best dekning når det er mogleg - send meldingar i staden for å snakke med mobilen inntil øyret Blir du varm på øyret når du bruker mobilen? Dette kjem ikkje av stråling, men av varme frå batteriet og elektronikken som driv telefonen. * SAR: Spesifikk absorbsjonsrate. Eit mål på med kva fart kroppen absorberer energi frå eit elektromagnetisk felt. 4

5 Trådlaus ruter I dag er det utstyr for trådlaus tilgang til Internett i svært mange heimar, i barnehagar, på skular og arbeidsplassar. Post- og teletilsynet har målt stråling frå trådlause ruterar på mange stader og i ulike kvardagsmiljø i Noreg. Resultata (sjå tabell side 3) viser at denne strålinga er låg, typisk nokre tusendelar av grenseverdien som er sett for dette utstyret. Både Post- og teletilsynet og Statens strålevern får mange førespurnader om trådlause ruterar, til dømes frå foreldre som er urolege for om stråling frå ruterane kan påverke barnas helse. Den tillatne sendareffekten i Noreg er lik for alle trådlause ruterar. Resultata av målingane viser at slike ruterar er ei av dei aller svakaste strålingskjeldene. Eit stort tal målingar av ulike merke og modellar understrekar dette. Desse resultata, kombinert med forsking*, viser at det ikkje er grunn til uro for stråling frå trådlause ruterar. Det er derfor ikkje vitskapleg grunnlag for å tilrå å ta vekk eller erstatte trådlause nett med kabla nett, korkje i heimane eller i barnehagar og skular osv. * Blant anna Rapport 2012:3 frå Folkehelseinstituttet: Svake høyfrekvente elektromagnetiske felt en vurdering av helserisiko og forvaltningspraksis 5

6 Basestasjonar og mobilantenner Basestasjonar er ei nemning for ei samling av utstyr og antenner i eit mobilnett. Dei gjer det mogleg å bruke mobiltelefon, nettbrett osv. over eit større område. Denne strukturen er heilt nødvendig for dekning til tenester som dei fleste bruker, og forventar skal verke, kvar einaste dag: samtalar, tekstmeldingar, surfing på nettet osv. Antennene til basestasjonane er gjerne plasserte høgt i terrenget og i master, slik at dei gjev dekning til store område. I byar blir som regel antenner plasserte på tak og vegger. Plasseringa av antenner blir vurdert nøye for å sikre god dekning. Ei synleg antenne på eit tak eller ein vegg, tyder ikkje at det er mykje stråling i området. Det er berre dei som eig mobilnett som kan setje opp antenner. Antennene blir plasserte slik at det både skal bli best mogleg dekning, og so låg eksponering som praktisk mogleg. Post- og teletilsynet kan føre tilsyn med at plasseringa er fornuftig og at eksponeringa held seg under grenseverdiane. Målingar i område rundt basestasjonar viser at stråleverdiane er låge og ligg langt under grenseverdiane. Fyrst når ein er nærare enn 2 5 meter, i same høgd og rett framfor ei slik antenne, kan ein bli utsett for verdiar som er høgare enn grenseverdiane. 6

7 Er du usikker? Mobiltelefonar, datamaskiner, nettbrett osv. sender ut energi som gjer det mogleg å gjennomføre samtalar, surfe på Internett osv. Energien som blir send ut, er heilt nødvendig for å bruke utstyret. Du kan altså ikkje bruke til dømes mobilen utan at han strålar. Energi = stråling = informasjonen vi sender. Det er ikkje mogleg å kvitte seg med strålinga og framleis sende og ta imot e-post, telefonsamtalar osv. trådlaust. Kommunikasjon og energi høyrer uløyseleg saman. Post- og teletilsynet og Statens strålevern fører saman tilsyn med at stråling frå elektronisk utstyr held seg innanfor gjeldande regelverk og at strålinga er så låg som praktisk mogleg. I Noreg, som i dei fleste land i Europa, følgjer vi grenseverdiane som er anerkjente av Verdas helseorganisasjon. Resultata av ei lang rekkje målingar gjev tryggleik for at vi i kvardagen blir utsette for låge nivå av stråling frå elektronisk kommunikasjon. Eigen mobiltelefon gjev den høgaste eksponeringa. Sjølv om også denne ligg under grenseverdiane, er det enkelt å redusere strålinga meir, til dømes ved å bruke handfrisett. For alt utstyr gjeld det enkle prinsippet: auka avstand = redusert stråling. Rapporten «Svake høyfrekvente elektromagnetiske felt en vurdering av helserisiko og forvaltningspraksis» (Folkehelseinstituttet 2012) er tilgjengeleg både på og Ei rekkje rapportar frå målingar finst på 7 Op designstudio / Kai Hansen trykkeri

Mobilbruk, radiosignaler og helse

Mobilbruk, radiosignaler og helse Mobilbruk, radiosignaler og helse Mobilbruk, radiosignaler og helse. Brosjyren er utgitt av Telenor i samarbeid med NetCom og Mobile Norway i juli 2010. Mobilbruk, radiosignaler og helse Hvordan fungerer

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

DET DU IKKE VET. Pris kr 20,-

DET DU IKKE VET. Pris kr 20,- DET DU IKKE VET Pris kr 20,- HAR DU TENKT PÅ hva alle mobilantennene oppe på hustakene blir brukt til? Vet du hvordan de påvirker kroppen din? Vet du hva som skjer i hodet ditt når du snakker i mobilen?

Detaljer

JOSTEIN SAAKVITNE NYE ELEKTRONISKE MEDIUM

JOSTEIN SAAKVITNE NYE ELEKTRONISKE MEDIUM JOSTEIN SAAKVITNE NYE ELEKTRONISKE MEDIUM GAN Forlag AS, Oslo 2003 2. utgåve/1. opplag ISBN 82-492-0398-4 Redaktør: Mai Gythfeldt Biletredaktør: Mai Gythfeldt Til nynorsk ved Jan R. Tislevoll Grunndesign:

Detaljer

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge KPI-Notat 2/2006 Kven skal bera børene? Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Ca. 65000 menneske er i

Detaljer

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - 2014 2025 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Dato: 7.

Detaljer

Bruk av tvang i psykisk helsevern

Bruk av tvang i psykisk helsevern Internrevisjonen Bruk av tvang i psykisk helsevern Helse Vest RHF, september 2014 INNHALD Målgruppene for denne rapporten er styret og revisjonsutvalet på regionalt nivå, styra i helseføretaka, formelt

Detaljer

Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta

Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta 01 Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta I område med spreidd busetnad eller på hytta er det ofte ikkje mogleg å kople seg på kommunale eller private vassverk,

Detaljer

Gå ut og gjer disiplar

Gå ut og gjer disiplar Gå ut og gjer disiplar - om å vekse til modne kristne Innleiing: Denne undervisninga er berre 35 minutt då resten av samlinga siste leiarskule skal vere saman med leiarskulen for forsamlingsarbeid. Vi

Detaljer

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Forord Det har lenge vore klart at offentleg sektor må nytte informasjonen sin på ein betre måte for å bli meir effektiv, gi betre

Detaljer

Melding om behov for representant

Melding om behov for representant Send til fylkesmannen i det fylket der personen med behov for representant, oppheld seg fast. Melding om behov for representant Når skal det sendast inn melding om behov for å oppnemne representant? Kven

Detaljer

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? Gro Marit Grimsrud Finn Ove Båtevik Marte Fanneløb Giskeødegård Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? 2 Møreforsking

Detaljer

Kunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald

Kunden og BIR. Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald Kunden og BIR Rettleiar til forskrift om handtering av avfall frå hushald 1 Innhald Om BIR... 3 Formålet med rettleiaren... 4 Korleis rettleiaren er bygd opp... 4 Kapittel 1: Innleiande informasjon...

Detaljer

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Førsteamanuensis Liv Engen (Samtale mellom tre gutar på femte trinn) Platon synest at sånn derre demokrati var bra. Han ville at alle skulle snakke på likt.

Detaljer

Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012

Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012 ARTIKKEL 2 Trygge nok tenester til skrøpelege eldre? Funn frå planlagde tilsyn 2010 2012 Tilsyn er risikoinformerte. Tilsynsorganet leitar der det er mest sannsynleg at det finst svikt som får alvorlege

Detaljer

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr. 13-09 November 2009

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr. 13-09 November 2009 Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune AUD- rapport nr. 13-09 November 2009 Innhald: 1 Innleiing...3 2 Oppsummering...4 3 Om undersøkinga...5 4 Kjennskap til og synspunkt på varslingsrutinane

Detaljer

1. Handbok for videokonferanse-system som læringsarena i internett

1. Handbok for videokonferanse-system som læringsarena i internett HiST-AITeL, NTNU-IDI og TISIP Handbok for pedagogisk bruk av læringsarena i internett Arvid Staupe, Tor Atle Hjeltnes, Monica Storvik, Thorleif Hjeltnes, Geir Maribu og Knut Arne Strand 24.02.2011 Dokumentasjonen

Detaljer

Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar

Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar Finn Ove Båtevik Artikkelen byggjer på ei undersøking blant ungdom i utkantkommunar. Undersøkinga viser store variasjonar i kva grad ungdom

Detaljer

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ:

NOTAT. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: 16.02.2015 FRÅ: NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.02.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Tove Hagland SAKA GJELD: Resultatnotat ARKIVSAK: 2015/1420/ STYRESAK: 020/15 STYREMØTE:

Detaljer

Aktiv kvar dag i barnehagen

Aktiv kvar dag i barnehagen Aktiv kvar dag i barnehagen Mål Hordaland fylkeskommune har ansvar for å legge til rette for fysisk aktivitet i kvardagen. I Fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 Aktiv kvar dag,

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd

Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs Opplæringsloven 9a-3,2ledd Godkjent av leiinga sep. 2010 Revidert juni 2014 Føreord av rektor: Mobbing skjer dessverre på kvar einaste skule. Konsekvensane av å

Detaljer

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE 1 INNLEIING Handlingsplanen er laga med bakgrunn i Kapittel 9a i opplæringslova. 9a-1 Generelle krav Alle elevar i grunnskular

Detaljer

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Rogaland fmropost@fylkesmannen.no 19. desember 2014 Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule Vi viser til vedtak gjort av Fylkesmannen i Rogaland 17.11.2014,

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

Luftmonitoren. byluft

Luftmonitoren. byluft Luftmonitoren Luftmonitoren: mai 213 Det er rettmessig at NO 2 - konsentrasjonen stel mykje av merksemda når luftkvaliteten i Bergen blir omtala. Likevel er det andre indikatorar som er interessante og

Detaljer

Svake høyfrekvente elektromagnetiske felt EMF. Jan Alexander Assisterende direktør Nasjonalt folkehelseinstitutt

Svake høyfrekvente elektromagnetiske felt EMF. Jan Alexander Assisterende direktør Nasjonalt folkehelseinstitutt Svake høyfrekvente elektromagnetiske felt EMF Jan Alexander Assisterende direktør Nasjonalt folkehelseinstitutt Hva er svake høyfrekvente EMF? Omtales ofte som radiofrekvente felt (RF felt) Tådlø Trådløs

Detaljer

RETTLEIING. til betre utgreiingar om likestilling

RETTLEIING. til betre utgreiingar om likestilling til betre utgreiingar om likestilling Likestillingsloven 1a tredje ledd: «Virksomheter som i lov er pålagt å utarbeide årsberetning, skal i årsberetningen redegjøre for den faktiske tilstanden når det

Detaljer

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume Fjell kommune Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV Frå helseområdet på Straume Rapport desember 2012 I eit samarbeid med Husbanken Region Vest har rådmannen i Fjell laga denne rapporten.

Detaljer

-fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. Kirkeg. 76 2626 Lillehammer

-fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. Kirkeg. 76 2626 Lillehammer -fl- DET KONGELIGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT Statssekretæren Oppland fylkeskommune Kirkeg. 76 2626 Lillehammer Dykkar ref Vår ref Dato 13/542-20 04.07. 2013 Statsbudsjettet 2013 - Kap. 551, post

Detaljer