VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 2009/1519 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 08.06.2011 Byggjerekneskap Helland brannstasjon Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling Byggjerekneskap for Helland brannstasjon med ein samla byggjekostnad på kr 13.244.519,47 vert godkjent. SAKSUTGREIING:
Innleiing Val av tomt til ny brannstasjon er ei sak som det var arbeidd mykje og lenge med både administrativt og politisk før ein kom fram til eit endeleg politisk vedtak på kvar og kor stor brannstasjon ein skulle byggje. Brannstasjonen som no er bygt i Helland sentrum, rett sør for kommunehuset har ei grunnflate på 400 m2. I tillegg er det hems med areal på ca. 140 m2. Brannstasjonen gjev rom til brannvesenet og er også ambulansestasjon. Ambulansedelen vert leigd ut og her gir husleiga dekning for renter, avdrag og driftsutgifter. Brannstasjonsdelen gir m.a. plass til: 3 oppstillingsplassar for brannbilar og ein ambulanse garderobe for brannmannskap m/ dusj og WC kontor til feiar Slange-/feie-/røykdykkarverkstad Trim-/undervisnings- og de- brifingsrom Ambulansestasjonen gir m.a. plass til: Hybler m/eigne bad til 3 personale Kontor Opphaldsstue Underetasjen Er utgraven, og klargjort slik at den seinare kan brukast til lager, parkering el. No er brannstasjonen ferdig bygd på tomt sør for kommunehuset. Det skal no avleggjast sluttrekneskap/byggjerekneskap, som m.a. skal innehalde oversikt over politiske vedtak og samla oversikt over kostnadr og finansiering. Kvifor ny brannstasjon Bakgrunnen for at ein måtte byggje ny brannstasjon var at Vestnes kommune si brannordning av 11.12.97 ikkje heldt pålagt innsatstid til enkelte brannobjekt. Innsatstida skal ikkje være lenger enn 10 minutt, det kravet greidde ein ikkje å holde. I tillegg var den gamle brannstasjonen i Misfjordskogen for trang og knapt nok plass for brannbilen og tankbilen. Utstyret som brannvesenet nyttar var og plassert utover fleire plassar i lagerbygga/telt for Tekniske tenester. Forholda for brannmannskapa var også for dårlege. I mai 2001 hadde direktoratet for brann- og eksplosjonsvern (DBE) tilsynsbesøk i Vestnes. I rapporten etter tilsynet kom det 4 avvik som kommunen må rette. Avvik nr 4 var: Hovudbrannstasjonen ble besøkt under tilsynet. På grunn av stasjonens plassering er direktoratet i tvil om innsatstidene som er oppgitt i brannordningsdokumentet kan overholdes. Inn- og utkjøringsforholdene ved brannstasjonen gjennom eit boligområde er ikke tilfredstillande. Stasjonen har for liten plass. Det ble opplyst at det er planer om etablering av ny stasjon i Helland sentrum. DBE anser dette som helt nødvendig. I august 2006 hadde DSB nytt tilsynsbesøk i Vestnes. På ny vart det peikt på at det er overskriding på innsatstida til sjukeheimen. Krav om lukking av dette avviket. Det kan skje enten ved bygging av ny stasjon eller andre kompenserande tiltak.
Politiske vedtak Val av tomt til brannstasjon har vore utreidd i fleire omgangar og av fleire nemnder, mange og ulike alternativ har vore vurdert. Det er truleg eit av dei prosjekta som har vore politisk behandla flest gangar, og over lang tid. KST 55/01 Kommunestyret behandla i saka rapporten frå DSB. Det vart m.a. gjort følgjande vedtak: Brannsjefen vert beden om å rette opp avvik 1-4 i tilsynsrapporten av 11.06.01, samt legge til rette for at merknadane blir fulgt opp i samsvar med handlingsplan av 09.08.01. I nemnde handlingsplan var det sagt at kommunen har konkrete planar for flytting av stasjonen, dåverande gamle Shell stasjon var det mest aktuelle alternativet, ferdigstilling 2002. Dersom nybygg vart valgt, rekna ein ferdigstilling i 2003. KST 91/03 I saka gjorde Vestnes kommunestyre følgjande vedtak under pkt.4 : Ny brannstasjon på Helland har vore drøfta politisk fleire gonger. Kommunestyret ba om at det vart vurdert fleire alternativ. Vestnes kommunestyre oppnemner ein komité i neste kommunestyremøte. Komiteen skal legge fram ferdige utarbeidde alternativ der alle krav og ønskjer vedr. lokalisering og utforming til en fremtidig brannstasjon kommer frem. KST 04/04 I kommunestyret den 12.02.04 vart det nedsett ein komité (brannstasjonsnemnd) med Øyvind Uren som leiar, Terje Nerås og Geir Inge Lien som medlemar og brannsjefen som sekretær for komiteen. Mandatet til komiteen vart i same sak utvida med: Kommunestyret ber komiteen spesielt ta kontakt med VEAS for å få vurdert mulige gevinstar, ved at drift, lokalisering og beredskap for brannvern i Vestnes tilbys utført av VEAS. Frist for komiteen for å leggja fram sitt arbeid med kostnadsoverslag 27.05.04. Kommunestyre 17.06.04 Det var framleis ein del tvil om DSB sitt avvik og komiteen fann det rett å få dette avklara i brev av 25.02.04 til DSB og svar frå DSB i brev av 18.03.04 der DSB opprettheld avviket om meir sentral plassering av brannstasjonen. Formannen i komiteen la fram på kommunestyremøte den 17.06.04, ein rapport om arbeidet så langt, der tre alternativ vart nærare kommentert Ut frå dette vurderte komiteen at alternativet ved tidlegare Fina stasjon, nord for straumen var det beste og truleg det alternativet som kunne gjennomførast utan for store problem. Komiteen såg det slik at tomtevalet var gjort og det faste planutvalet gjorde oppstartingsvedtak på regulering av området mellom gamal og ny riksveg nord for Straumen til brannstasjonstomt. Statens vegvesen var ikkje innstilt på at dette området kunne nyttast til brannstasjon og sjølv etter fleire møte så varsla dei motsegn mot denne planen. Alternativet vart derfor lagt på is inntil vidare.
Planutvalsak 01/06 Det faste planutvalet gjorde følgjende vedtak: 1. DFP viser til den kommunestyre oppnemnte Brannstasjonnemnda, oppretta i 2003 og til kommunestyrevedtak 0004/04. 2. DFP bed nemnda avslutte sitt arbeid, og legge dette (inkl. tilrådingar) fram for kommunestyret i løpet av 1. halvår 2006. 3. Saka blir utsett til kommunestyret har vurdert nemnda sine tilrådingar. Komitéarbeidet for å finne tomt til brannstasjon vart difor dratt i gang igjen i februar 2006. KST 82 /06 Rapport frå brannstasjonsnemnda vart lagt fram for kommunestyre 14.12.06, der nemnda prioriterte to lokaliseringar, Straumen sør (Plommen, alt 5) og dersom dette ikkje kunne realiserast var tomta sør for kommunehuset (alt 13) aktuell. Det vart gjort følgjande vedtak: Vestnes kommunestyre viser til brannemnda sin rapport: Pkt. 1 Vestnes kommunestyre ber administrasjonssjefen utrede alt. 5,13 og 11 og komme med kostnadsoverslag og enkel planløsning for de tre alternativene. Pkt.2 Når disse tre alternativer foreligger tar Vestnes kommunestyre et endelig valg, basert på faglige,økonomiske og samfunnsmessige helheter og vurderingar. Pkt.3 Alternativene skal foreligge innen første halvår 2007. Pkt.4 Vedtak om investering legges inn i investeringsbudsjett for 2008. Alternativa som skulle utgreiast var: Området mellom bruene på sørsida av straumen, alt. 5 Området bak kommunehuset, alt 13 På tomta til VEAS, alt 11 Kommunestyre 15.02.07 Kommunestyret vedtok eit oversendingsforslag der det vart gitt signal til adminstrasjonssjefen om at Det vart utarbeidd skisse, kostnadsoverslag og konsekvensar med og utan lokaler til politi i alternativa sør for kommunehuset og ved VEAS Ved Straumen skal alternativet vere utan areal til politi. Administrativ nemnd For å utgreie pkt 1 i kommunestyret sitt vedtak sette administrasjonssjefen ned ei administrativ nemnd beståande av kommunalsjef Jarle Løvik (leiar), dåverande brannsjefar Håvard Fiskaa og Trygve Lennavik og kommunalsjef Magne Værholm. Nemnda hadde mange møter og vurdert grundig dei 3 alternativa som kommunestyret ba om. Nemnda rådde etter ei samla vurdering rå til at tomt sør for kommunehuset vart valt til ny brannstasjon.
Nemnda peikte også på at det ville være mange fordeler med å få politi i same bygget. KST 8/2008 Administrasjonssjefen la i januar 2008 fram sak for kommunestyre der det vart rådd til at ny brannstasjon vart bygdt på tomt sør for kommunehuset. Og at det vart utarbeidd forprosjekt og kostnadsoverslag og at dette skulle være klar til budsjettbehandlinga for 2009. Kommunestyre gjorde følgjande vedtak: 1. Kommunestyret bed om at administrasjonssjefen utgreier vidare : - Straumen Nord/areal sør for bedehuset(gnr/bnr 51/1) - Straumen Syd - Alternativ ved Idrettsparken, herunder tilkomst til ny brannstasjonstomt - Evt nye alternativ kan kome til 2. Leigetakarar som til dømes politi og ambulanse skal takast med i utgreiinga 3. Status for framdrift i saka skal leggast fram for kommunestyret innan sommaren 2008 4. Ordførar og varaordførar blir med i den administrative nemnda Det vart ein ny runde med vurdering av tomteval. KST 61/09 Nemnda la fram rapport, og kom med med tilråding om at ein skulle kjøpe eit areal nord for straumen såkalla klesbytetomta som m.a. kunne brukast til brannstasjon. Kjøpesum om lag 3,0 mill. kr. Det var aktuell kjøpar til restarealet når nemnda vurderet og kom med si tilråding. Etter at nemnda hadde komme med si tilråding trekte kjøpar seg. Når saka vart lagt fram for kommunestyre i juni 2008 vart det gjort slikt vedtak: 1. Vestnes kommunestyre vedtek at tomta sør for kommunehuset, som er i kommunalt eige, vert valt som tomt for framtidig brannstasjon. 2. Brannstasjonsnemnda utarbeider eit alternativt forslag innanfor ramma av 6 mill kroner som vil vise kva som er råd å få til for denne summen. Investeingsbudsjett for 2009 I framlegg til investeringsbudsjett for 2009 rådde administrasjonssjefen til at det vart løyvd ei startløyving på 5,0 mill. kr til brannstasjon. I saksutgreiinga skreiv administrasjonssjefen følgjande: Byggjenemnda arbeider no med planar, det vil bli lagt fram eiga sak i 2009 med planar for brannstasjonen. I lag med brannstasjon vert det og planlagt lokaler for ambulanse og personell til denne. Planane er enno ikkje ferdige, men det vil nok være vanskeleg å få til eit alternativ innanfor ramma på 6,0 mill, kr. Men kostnaden vil bli betydeleg lågare enn dei planane ein hadde tidlegare. Administrasjonssjefen rår til at det vert løyvd 5,0 mill. kr i 2009, resten i 2010. Arbeid vert ikkje starta før eiga sak er politisk behandla og planane godkjent. Kommunestyret strauk løyving til brannstasjon når dei behandla investeringsbudsjettet i sak KST 114/08, men gjorde i punkt 4 følgjande vedtak:
Vestnes kommunestyre ber administrasjonssjefen arbeide vidare med planer for ny brannstasjon innanfor vedtatt budsjettramme, og presenterer et forslag i løpet av 2009. Investering legges inn i investeringsbudsjett for 2010. KST 5/09 Ei brannstasjonsnemnd med ordførar Øyvind Uren, brannsjef Håvard Fiskaa, varabrannsjef Frank Skorgenes og kommunalsjef Magne Værholm arbeidde vidare med planane og i februar 2009 la ein fram planane for kommunestyre til godkjenning. Kostnad antyda til 11,0 mill. kr då medrekna base til ambulansetenesta (2,0 mill. kr). Også føreslått byggestart i 2009. Kommunestyre gjorde følgjande vedtak: 1. Vestnes kommunestyre godkjenner dei framlagde planane for ny brannstasjon på Helland m/ambulansestasjon. 2. Kommunestyret ber administrasjonssjefen framfohandle ein intensjonsavtale om leige av ambulansestasjonen. 3. Administrasjonssjefen får fullmakt til å lyse arbeidet ut på tilbod. 4. Kommunestyret godkjenner at bygginga vert framskunda til 2009, dette som eit tiltak for å motverke forventa arbeidsledigheit. 5. Kommunestyret vil sørge for finasiering av prosjektet, så snart endeleg og akseptabel kostnad er på plass. KST 26/09 Prosjektet var ute på tilbud. Tilbud innanfor kostnadsramme. I tillegg til sjølve brannstasjonen var det også innhenta tilbud på evt. utgraving av underetasje som seinare kan brukast til parkering evt. lager eller anna formål. For å få planlagt brannstasjon var ein ikkje avhengig av underetasje. Administrasjonssjef rådde til at ein held på kostnadsramma på 11,0 mill. kr slik som tidlegare vedtatt. Kommunestyre gjorde følgjande vedtak: 1. Kommunestyret godkjenner ei kostnadsramme på 12,8 mill. kr for bygging av brannstasjon og ambulansestasjon. 2. Prosjektet vert finansiert ved låneopptak. Ordføraren får fullmakt til å godkjenne lånevilkår og låneopptak. ----------------------------- Dette er det siste og endelege vedtaket i brannstasjonssutbyggjinga. Anbod/entreprise Romsdals Bygg AS, var entreprør - Byggjeprosjektet er gjennomført som totalentreprise. Vest kompetanse konsult AS, v/ Håvard Fiskaa var byggjeleiar. Byggjenemnd, var Magne Værholm (leiar), Øyvind Uren, Geir Inge Lien og Frank Skorgenes.
Gjennomføring av prosjektet Byggjearbeidet vart sett i gang med eit oppstartmøte den 12.08.2009. Framdrifta i byggeprosjektet gjekk greitt og det vart halde byggmøte kvar veke for avklaringa av detaljar. Dette var nødvendig i eit totalprosjeket då detalijeringsgraden er mindre enn ved vanleg entreprise. Ferdigtidspunkt måtte forlengast frå midt av mars 2010 til 1. mai 2010 utan at dette hadde nokon konsekvens for byggherren då eksisterande brannstasjon var inntakt. Det var betre å få eit godt byggmessig resultat. Avslutninga av prosjektrekneskapen har tatt noko lengre tid enn ynskjeleg, men det har vore vanskeleg å få på plass FDV- dokumentasjonen i prosjektet og sluttfaktura. Det var eit par punkt ein måtte einast om kven som skulle ta kostnaden med. Totalt sett meiner ein den nye brannstasjonen vart ei svært bra løysing og ein har fått mange god ord for samlokaliseringa av ambulanse og brannstasjon. Totalt sett har ein fått mykje bygg for kostnaden. Det ledige arealet i underetasjen kan bli verdifullt areal med tida. Viser elles til vedlagte rapport frå byggjeleiar som gjev meir utfyllande opplysningar om gjennomføringa. Kostnadsoverslag Endeleg kostnadsoverslag vart 12,8 mill. kr og dette skal dekke kostnad med brannstasjon, ambulansestasjon og utgraving av underetasje slik at den seinare kan klargjerast for bruk. Byggjekostnad Byggjerekneskapen viser følgjande hovudtal: Samla byggjekostnad iflg rekneskapen 13 244 519,47 - refusjon Holseter -312 500,00 - ekstra kostnad ambulansestasjon -200 000,00 Kostnad brannstasjon 12 732 019,47 Budsjett 12 800 000,00 Mindreforbruk 67 980,53 I byggjerekneskapen er det utgiftsført ein del arbeid med framføring av fjernvarme til Holseter sine nybygg. Dette er kostnader som han skal betale og som er godskreve byggjerekneskapen som ei finansieringsinntekt Under arbeidet med brannstasjonen kom det ynskje frå ambulansetenesta om ein del tilleggs- /ekstraarbeid som dei ville ha gjort. Kostnad om lag kr 200.000,- og dette vert finansiert ved at husleiga vert auka med kr 20.000,- pr. år. Korrigert for ovannemnde har dette byggjeprosjektet eit mindreforbruk på kr 68.000,-.
Finansiering Byggjekostnaden er finansiert somfølgjer: Låneopptak kr 12.932.019,47 Refusjon Holseter kr 312.500,00 Kr 13.244.519,47 Revisjon/kontrollutval Byggjerekneskapen vert sendt til revisjon og kontrollutval for gjennomgang og behandling før saka vert lagt fram for politisk behandling. Uttale frå revisjon og vedtak i kontrollutvalet vert lagt ved saka som vedlegg. Særutskrift til: Vedlegg: 1 Helland brannstasjon - rapport frå byggjeleiar 2 Rekneskap 3 Revisoruttale 4 Kontrollutvalet i Vestnes si fråsegn til byggerekneskapen til Helland brannstasjon - sak 12/11