Busshaldeplass ved Tyinkrysset Varsel om oppstart - 2 alternative plasseringar Oppsummering av varsla oppstart av reguleringsplan og innspel til dette Region vest Leikanger, R.vegktr Planseksjonen Dato: september 2012
Innspel etter varsla planoppstart for Busshaldeplass ved Tyinkrysset Føreord Statens vegvesen har varsla om oppstart av arbeid med reguleringsplan for busshaldeplass ved Tyinkrysset. Dette dokumentet er Statens vegvesen si oppsummering av alle merknader som kom inn etter varsla planoppstart og vår uttale til desse. Vedlagt dette dokumentet er kopi av alle innspela, inkludert eventuelle vedlegg. Dette dokumentet med vedlegg vert sendt til Vang kommune. Kommunen skal vidare gjere vedtak på om eit av alternativa skal regulerast. Det vart varsla om to alternative plasseringar: Alternativ 1 vest for Tyinkrysset fjellstove og aust for E16 Alternativ 2 aust for Tyinkrysset fjellstove og sør for E16 Kartutsnittet over viser yttarste planavgrensing for dei to alternative busshaldeplassane, nær Tyinkrysset fjellstove. Andre plasseringar som er vurderte tidlegare er: Å nytte arealet heilt inntil austsida av fjellstova. Alternativet vart forkasta fordi det er for stor konflikt mellom fjellstova sine planlagde og eksisterande bruk av arealet. Å bruke areal i dalsøkket lenger aust. Alternativet vart forkasta fordi det er for stor avstand til fjellstova, som innandørs venterom. På arealet som er planert ut vest for parkeringsplassen til butikken. Alternativet vart forkasta fordi dette arealet er ønska nytta til andre formål. 1
Innspel etter varsla planoppstart for Busshaldeplass ved Tyinkrysset Innhold: 1. Generelt... 3 2. Varsle om planoppstart... 3 3. Referat av merknader med Statens vegvesen sine vurderingar... 3 4 Oppsummering... 8 4.1 Krav til planlegginga i hht lovverket... 8 4.2 Andre innspel til planarbeidet... 8 4.3 Statens vegvesen sine vurderingar... 9 Vedlegg: Dokument frå varsla oppstart Innkomne brev angåande varsla oppstart 2
Innspel etter varsla planoppstart for Busshaldeplass ved Tyinkrysset 1. Generelt I statens vegvesen sitt arkivsystem her denne saka sak nr. 2011052545. Under denne saka ligg alle dokument vedrørande det formelle arbeidet med reguleringsplanen. Statens vegvesen har varsla oppstart på 2 alternative plasseringar for busshaldeplass, etter samråd med Vang kommune. Før reguleringsplan vert utarbeidd skal Vang kommune velje alternativ. 2. Varsle om planoppstart Etter semje med Vang kommune skal reguleringsplan for busshaldeplass regulerast etter 3 7. Det betyr at Vang kommune er ansvarleg planstyresmakt, medan Statens vegvesen gjennomfører og administrerer planarbeidet fram til politisk handsaming. 7.juli varsla Statens vegvesen i avisa «Valdres» om oppstart av planarbeidet. På førehand var det sendt ut brev om dette til alle kjende grunneigarar og offentlege etatar, sjå vedlagde dokument. Alle som fekk brev om planarbeidet vart invitert til kontordag. Målet med kontordagen var å vise mulige løysingar for å gi grunnlag for innspel og merknader. 3. Referat av merknader med Statens vegvesen sine vurderingar Det kom inn 6 merknader til varsla planoppstart. I dette kapitlet er alle innspela refererte. Statens vegvesen sine svar og vurderingar til merknadane er fortløpande etter refererte innspel. Dokument nr 252, Frå Direktoratet for mineralforvaltning Direktoratet for mineralforvaltning har ikkje merknader til varsla planoppstart. Dokument nr 263, frå Fylkesmannen i Oppland Fylkesmannen gjer merksam på at dersom planen ikkje er omfatta av KU forskrifta, må det likevel gjerast greie for verknader av planforslaget i planbeskrivelsen, jf. Pbl 4 2. Fyllkesmannen peikar på at arealpolitikk skal legge til rette for å redusere utslepp av klimagassar gjennom å legge til rette for miljøvenleg transport. Dei peikar på at det er viktig å legge til rette for gåande og syklande i og utanfor planområdet ved å styrke kollektivtransporten. Andre viktige prinsipp er tilstrekkeleg med grøntareal og trygge trafikale løysingar. Fylkesmannen forventar at støytilhøva for bustader og opphaldsareal ute vert vurderte i høve til tilrådde grenseverdiar i tråd med gjeldande retningslinjer, og at støytiltak vert arbeidd inn i planen. Fylkesmannen gjer merksam på at prinsippa i naturmangfaldlova skal leggast til grunn som retningsline ved offentlege avgjerder, og at vurderinga skal gå fram av avgjerda. Dei ber om at vurderingar etter lova vert innarbeidd i planbeskrivelsen og at det vert teke omsyn til eventuelle naturverdiar. Dei er ikkje kjende med at det er registrert artar eller naturtypar med særleg verdi for biologisk mangfald innanfor dei aktuelle planavgrensingane. 3
Innspel etter varsla planoppstart for Busshaldeplass ved Tyinkrysset Nokre vassystem og sidebekkar til Begne ligg innanfor planområda, i hovudsak for alternativ 1. Våtmarkssystem er viktige for naturmangfaldet og kan verke som buffer mot flaum og som naturlege reinseanlegg. Fylkesmannen tilrår at bekkane i området vert haldne opne som eit natur og landskapselement. Dei viser og til at det i hht vassressurslova 11 skal bevarast eit naturleg vegetasjonsbelte langs vassdrag som verkar mot erosjon og avrenning og gir levestad for dyr og planter. Fylkesmannen ber om at det vert teke omsyn til vassårane i planen. Fylkesmannen ber om at det vert teke omsyn til helse og trivsel i planlegginga. Sidan planområdet skal nyttast av ulike grupper peikar Fylkesmannen på at det er viktig at universell utforming vert lagt til grunn slik at både bygningar og uteareal vert mest mogeleg brukarvenleg og hensiktsmessig. Fylkesmannen ber om at sosi fil og pdf fil av planforslaget vert sendt til Statens kartverk. Kartverket legg dette i ein regional høyringsbase som statlege og regionale høyringsinstansar skal nytte i si sakshandsaming. Dette forenklar sakshandsaminga. Statens vegvesen sine svar og vurderingar: Vi vil gjere greie for verknader av planen i planbeskrivelsen som føl reguleringsplanen. Reguleringsplan for busshaldeplassen er avgrensa. Denne vil løysast på best mogeleg måte for å tilpassast også dei mjuke trafikantane. Tilrettelegging utanfor planområdet fell utanfor kva denne planen kan løyse. Det er utarbeidd støysonekart for ny E16 inkludert omlagt Fv53. Ekstra støy pga busshaldeplassen vert marginal. Vi finn at utarbeidd støysonekart dekkar støy ved busshaldeplass og at råka eigedomar får tiltak pga omlegging av stamvegen. Det vert difor ikkje utarbeidd eigne støysonekart for reguleringsplan for busshaldeplassen. Tiltaka i reguleringsplanen vert vurderte mot Naturmangfaldlova. Dette vil gå fram av planbeskrivelsen, inkludert eventuelle konsekvensar for vassystem og sidebekkar til Begna. Løysingane i reguleringsplanen vert planlagt slik at dei stettar krav til universell utforming. Unnataket kan vere der haldeplassen skal knytast til eksisterande vegar. Vi utarbeider sosi og pdf filer av planforslaget. Dette sender vi til Statens kartverk samtidig som Vang kommune mottek dette, når planen skal på høyring. Dokument nr 265, frå NVE NVE har ikkje merknader til varsla planoppstart. Dokument nr 266, frå Rigmor Nilsen, Gbnr 7/30 Nilsen peikar på at ho har brukt hytta sidan 1964. 4
Innspel etter varsla planoppstart for Busshaldeplass ved Tyinkrysset Ho meiner alternativ 2 som ligg aust for Tyinkrysset fjellstove og sør for E16 ikkje skal regulerast da denne vil gripe inn i eksisterande hytteområde på særs negativ måte. Nilsen finn at ho dermed får øydelagt tomta si og at området ikkje vert egna til hytter. Nilsen meiner også at alternativ 2 vil forringe verdien av å etablere nye hytter i dette området. Nilsen ynskjer å vere forsiktig med å anbefale alternativ 1, men finn at det må vere lettare å tilpasse planar om utbygging av området vest for fjellstova til ein ny busshaldeplass enn å legge den midt i eit allereie etablert hytteområde. Ho meiner og det må vere positivt å få busshaldeplassen nærast mogeleg den nye påkoplingsheisen for alpint som er tenkt vest for fjellstova og at parkering her også vert fordelaktig for fjellstova. Statens vegvesen sine svar og vurderingar: Statens vegvesen set krav til korleis busshaldeplassen skal utformast, for å sikre at den er god å bruke for kollektivtransport og best mogeleg tilpassa andre trafikantgrupper i området. Etter lang dialog og vurdering av fleire alternative plasseringar, vart vi saman med Vang kommunen samde om å legge ut dei to alternative plasseringane for busshaldeplass. Vidare vert det opp til kommunen å vurdere kvar busshaldeplassen skal ligge. Tiltak for å bygge busshaldeplassen skal ha fokus på god tilpassing til tilgrensande areal. Dokument nr 268, frå Oppland fylkeskommune Regionalleiinga informerer om at dei har henta inn synspunkt frå busselskapa på dei to alternative plasseringane. Dei støttar såleis alternativ 1. Dei framhevar at universell utforming må vektleggast i utforminga av busshaldeplassen. Kulturarveininga informerer om at område re registrerte for kulturminne tidlegare. Dei har ingen merknader til alternativ 1. Alternativ 2 er nær ei kolgrop. Denne må sikrast med omsynssone som sikrar godt vern. Eventuelt må det søkast om dispensasjon frå kulturminnelova dersom denne ikkje kan sikrast. Statens vegvesen sine svar og vurderingar: Løysingane vert utforma i hht krav til universell utforming. Unntaket kan vere tilpassing til eksisterande veg. Dersom Vang kommune ynskjer alternativ 2, vil vi søke om frigiving av kulturminnet. Dokument nr 271, frå Tyinkrysset fjellstue m.m. Dette innspelet er frå Tyinkrysset fjellstue med alle tilhøyrande selskap både på eigedom, utvikling og drift, slik dei er lista opp i brevet. Vidare i brevet vert dei samla omtala som TF. TF finn det avgjerande for området dei skal utvikle at areal/bygg vert sett i heilhet. Dei finn å ha prøvd å formidle dette til vegvesenet gjennom møter og illustrasjonar. Dersom planane vert endra slik at heilheten ikkje verkar, meiner dei konsekvensen kan bli at det ikkje vert grunnlag for å oppretthalde busstilbod i dette området. 5
Innspel etter varsla planoppstart for Busshaldeplass ved Tyinkrysset Dei meiner dei kunne vore sparde for mykje arbeid dersom dei to siste forslaga til plassering av busshaldeplass hadde komme før. Av dei to varsla alternative plasseringane for busshaldeplass ved Tyinkrysset ynskjer TF alternativ 2, som ligg aust for fjellstova. TF oppsummerer historikk slik: TF viser til at dei heile tida har ynskja at busshaldeplassen skal ligge nær Tyinkrysset fjellstove, da dei meiner dette er viktig for drift av fjellstova. Vegvesenet har tidlegare skissert to alternativ aust for fjellstova. Ein heilt inntil fjellstova og ein i dalsøkket rett aust for fjellstova. TF finn at begge alternativa er uheldige for framtidig utvikling av fjellstova med omliggande eigedomar. Tore Koxvold har på vegne av TF argumentert og jobba for at busshaldeplassen skal plasserast vest for fjellstova, delvis på eksisterande parkeringsplass, med tilpassingar. TF viser til at busselskapa etter synfaring meinte dei kunne få plass til parkering inne på eigedom 7/17 (eigedomen til fjellstova), ved å utvide køyrearealet inkludert der det gamle posthuset står. TF informerer om at dette var støtta av grunneigarane. Dei 3 nye alternativa som Statens vegvesen no kjem med finn TF må vurderast. Det var ikkje noko mål for Koxvold at busshaldeplassen skal ligge vest for fjellstova. Koxvold har saman med grunneigarane arbeidd med prosjekt rundt fjellstova, basert på tidlegare arkitektkonkurranse. Dei viser til at kommunen og Statens vegvesen kjenner til dette. Skisser og plankart ligg og ved dette dokumentet. TF viser til at både regulering av E16 og busshaldeplass kom etter deira prosjekt og at Koxvold saman med grunneigarane har arbeidd for å tilpasse nye vegsystem/trafikale tilhøve best mogeleg til deira prosjekt. TF peikar på 3 nøkkelfaktorar i prosjektet: 1 Drift og utvikling av Tyinkrysset fjellstove med godkjent påbygging av 36 leiligheter. Dette finn TF vil styrke drift og skape volum både i overnatting og tal personar. 2 Bygge signalbygget vest for fjellstova med næringsareal på bakkeplan og 2 3 etasjer med leiligheter over. Bilfritt tun mot fjellstova. 3 Tilbringarheis med snøpark som endar i tunet ved fjellstova/signalbygget, som skal kople dette området til resten av heisanlegget. Målet er å realisere dette innan 2 3 år. TF sine vurderingar av varsla alternativ: Alternativ 1 busshaldeplass vest for fjellstova Dei finn at alternativ 1 vert katastrofalt for prosjektet dei arbeider med fordi løysingane for busshaldeplass er arealkrevjande og dermed fører til at heile signalbygget og tunløysinga ikkje let seg gjennomføre. Bussplass vil strekke seg til toppen av tilbringarheisen. Fjellstova får dermed betydeleg trafikkareal på 3 sider og vert dermed mindre attraktiv. Prosjektet må dermed reduserast til mindre leilighetsbygg sørover frå fjellstova og det meste av næringsaspektet i prosjektet forsvinn. Det er naudsynt med ny tilkomst eksisterande hytter som ligg lenger sørvest. Den er også viktig for å etablere heisen. Denne vegen plassert mellom toppen av tilbringarheisen og bussparkeringa går ogaå ut over plass til signalbygget og fjellstova får trafikkareal på alle kantar. 6
Innspel etter varsla planoppstart for Busshaldeplass ved Tyinkrysset Koxvold og TF går derfor i mot løysingar basert på alternativ 1 fordi dei finn det fatalt for prosjektet sitt. Busstoppen kjem nær fjellstova, men dei uheldige konsekvensane er så store at det er betre ikkje å få busshaldeplassen nær fjellstova. Alternativ 2 busshaldeplass aust for fjellstova TF ser at denne løysinga er uheldig for fritidseigedomen den kjem nær. TF finn at denne løysinga er den beste av alle hittil skisserte løysingar for busshaldeplass nær fjellstova. Dette er fordi den fell naturleg saman med det framtidige trafikkarealet, den vert lagt på areal som alt er tenkt til gangveg og den fungerer i høve trafikkareal og vil i framtida passe minst like bra for busspassasjerane. TF finn at fjellstova ikkje kan leggast med rygge til kundegrunnlaget og meiner det må gjerast grep som fører til at framside og inngangsparti til fjellstova vert vendt mot ny E16, og dermed mot alternativ 2. Visuelt finn TF at det er ein fordel at busshaldeplassen kan sjåast frå E16. Koxvold og TF konkluderer med at alternativ 2 er det beste alternativet for Tyinkrysset fjellstove og utbyggingsprosjektet. Dei finn og at alternativet er mest framtidsretta totalt sett for området. Dei føreset difor at dette alternativet vert valt. Dei minner om at reguleringsplanen må tilpassast anna trafikkareal. Statens vegvesen sine svar og vurderingar: Statens vegvesen har fått informasjon om TF sine planar, både frå kommunen og frå representantar for TF. Vi har også fått informasjon om ønsket om å legge busshaldeplassen så nær fjellstova at den kan nyttast som venterom. Det er arbeidd for å finne alternative løysingar. Det var ønskeleg å gjennomføre dette samtidig med reguleringsplan for E16 og med minst mogelege konsekvensar for naboar. Når dei første alternative plasseringane viste seg å ikkje kunne brukast, vart alternative løysingar funne, inkludert alternativ 2 som fører til inngrep på nabo eigedom. Vi kommenterer ikkje TF sin oppfatning av historikk anna enn at forslag til løysingar presenterte at Koxvold og busselskapa er vurderte og prosjekterte i tråd med storleik i Statens vegvesen si handbok for Kollektivtrafikk. Skilnaden mellom skisserte forslag og prosjekterte løysingar er at forslaga har vore underdimensjonerte. Statens vegvesen har ingen kommentarar til dei 3 nøkkelfaktorane i prosjektet. Koxvold har på vegne av prosjektet fått godkjent å redusere byggegrensa langs eksisterande E16 til 15 meter (sak nr 2010234702, brev datert 20.01.2011). Alternativet med busshaldeplass på vestsida av fjellstova er såleis i konflikt med dette. Statens vegvesen har ingen kommentarar til TF sine vurderingar av dei to alternativa. Slik dei er skisserte kan begge alternativa gjennomførast, med ulike ulemper for ulike naboar og grunneigarar. 7
Innspel etter varsla planoppstart for Busshaldeplass ved Tyinkrysset 4 Oppsummering I dette kapitlet er ein kort oppsummering av innkomne merknader og Statens vegvesen sine vurderingar. 4.1 Krav til planlegginga i hht lovverket Fylkesmannen peikar i dokument nr 263 på at planbeskrivelsen som føl reguleringsplan skal: Gjere greie for verknadane av planforslaget Kartlegge støytilhøva inkludert støysonekart for planlagd situasjon Vise vurderingar i hht Naturmangfaldlova inkludert omsynet til eventuelle naturverdiar Vise korleis det er gjennomført vurderingar i hht vassressurslova Få fram korleis løysingane er planlagde med tanke på universell utforming. Planbeskrivelsen vil ha utgreiingar knytte til desse punkta. Vi informerer om at det ikkje vert utarbeidd nye støysonekart fordi det er utarbeidd for E16, som fangar opp at nærliggande eigedomar har rett på tiltak. 4.2 Andre innspel til planarbeidet Fylkesmannen peikar i dokument nr 263 på at alternativ 2 har vassystem og sidebekkar innanfor sitt planområde som er viktig for naturmangfaldet og kan verke som buffer mot flaum og naturlege reinseanlegg. Det vert og vist til at det i hht vassressurslova 11 skal bevarast eit naturleg vegetasjonsbelte langs vassdrag som verkar mot erosjon og avrenning og gir levestad for dyr og planter. Dei ber om at det vert teke omsyn til vassårane i planen. Fylkesmannen oppfordrar om å legge til rette for å redusere utslepp av klimagassar ved å legge til rette for miljøvenleg transport for gåande, syklande og brukarar av kollektivtransport. Dei finn det også viktig med nok grøntareal og trygge trafikale løysingar. Fylkesmannen ber om at det vert teke omsyn til helse og trivsel i planlegginga. Rigmor Nilsen, sjå dokument nr 266, meiner nærføring til fritidseigedom bør vegast opp mot planlagd framtidig bruk av anna areal, som i dag er bygt ut. Ho finn at nærføring av busshaldeplassen til fritidseigedomar vil forringe verdien av desse. Milsen meiner og det vil være positivt å få busshaldeplassen nærast mogeleg framtidig påkoplingsheis til alpint og at parkering i området også er positivt for fjellstova. Regionalavdelinga hjå Oppland fylkeskommune, sjå dokument nr 268, støttar busselskapa i at alternativ 1 er best. Kulturarveining hjå Oppland fylkeskommune, sjå dokument nr 268, peikar på at det er eit fornminne nær alternativ 2 som må søkast frigitt dersom det vert konflikt mellom denne og busshaldeplass. Tyinkrysset fjellstove m.m., sjå dokument nr 271, finn at alternativ 1 er i konflikt med deira planar for området. Dei ynskjer eit signalbygg ved foten av tilbringarheisen og eit tun mellom signalbygget, tilbringarheisen og Tyinkrysset fjellstove. Dei finn at alternativ 2 kan sameinast med deira planar, på austsida av fjellstova. 8
Innspel etter varsla planoppstart for Busshaldeplass ved Tyinkrysset 4.3 Statens vegvesen sine vurderingar Statens vegvesen vil utarbeide planbeskrivelsen i tråd med krav frå Fylkesmannen. Vi finn at krav om støy utgreiing også vert oppfylt med støyberekningar gjort knytt til reguleringsplan for E16. Dette vil gå fram av planbeskrivelsen til busshaldeplassen. Dersom alternativ 2 vert valt og det vert konflikt med kulturminne, vil vi søke om frigiving av kulturminnet. Statens vegvesen har ingen kommentarar til grunneigarane sine vurderingar av dei to alternativa. Begge alternativa kan gjennomførast, med ulike ulemper for ulike naboar og grunneigarar. Vi viser til meir detaljerte svar i kap 3. Statens vegvesen set krav til korleis busshaldeplassen skal utformast, for å sikre at den er god å bruke for kollektivtransport og best mogeleg tilpassa andre trafikantgrupper i området. Krav frå fylkesmannen kan også gi konsekvensar for planutforming som først vert avdekka gjennom den vidare detaljprosjekteringa. Leikanger 14.september 2012 9
Statens vegvesen «Adresselinje_1» «Adresselinje_2» «Adresselinje_3» «Adresselinje_4» «Adresselinje_5» «Adresselinje_6» Behandlande eining: Sakshandsamar/innvalsnr: Vår referanse: Dykkar referanse: Vår dato: Region vest Iren Helene Meisterplass - 57655723 2011/052545-242 02.07.2012 Reguleringsplan for busshaldeplass ved Tyinkrysset. Varsel om oppstart av planarbeid. I samsvar med 12-8 i Plan- og bygningslova informerer Statens vegvesen med dette om oppstart av reguleringsplan for busshaldeplass ved Tyinkrysset i Vang kommune. Planarbeidet vert gjennomført etter 3-7 i Plan- og bygningslova. Det betyr at Vang kommune er ansvarleg planstyresmakt, medan Statens vegvesen gjennomfører og administrerer planarbeidet fram til politisk handsaming. Målet med planen er å regulere busshaldeplass ved Tyinkrysset, inkludert offentleg parkeringsplass og tilpassing til tilgrensande areal, vegar og eigedomar. Det har vore arbeidd med mange ulike alternative plasseringar for busshaldeplass i dette området. Etter dialog med Vang kommune og busselskapa står vi no igjen med to aktuelle plasseringar, sjå vedlagde teikning som viser ytterste plangrense for alternativa: Alternativ 1 vest for Tyinkrysset fjellstove og aust for eks E16. Alternativ 2 aust for Tyinkrysset fjellstove og sør for E16. Det er kun eit av alternativa som skal regulerast. Etter at alle merknader og innspel til varselet om planoppstart er vurderte, vil Vang kommune bestemme alternativ. Alle som er funne å vere direkte råka av alternativa eller er nabo til alternativa får dette brevet. Det vert møte om planarbeidet og busshaldeplassane mandag 20.august kl 1700 på kommunehuset i Vang. Postadresse Telefon: 815 44 010 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Telefaks: 57 65 59 86 Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost-vest@vegvesen.no 6863 LEIKANGER Regnskap Askedalen 4 Båtsfjordveien 18 6863 Leikanger Org.nr: 971032081 9815 VADSØ Telefon: 78 94 15 50 Telefaks: 78 95 33 52
2 Innspel og merknader til planarbeidet kan sendast til: Statens vegvesen Region vest Askedalen 4 6863 Leikanger Frist til å komme med merknader til planen er 27.august 2012. Vidare vil Statens vegvesen utarbeide reguleringsplanen for det valte alternativet, i tett samarbeid med Vang kommune. De vil få brev når forslag til reguleringsplan vert lagt ut på høyring. Da har de muligheit til å uttale dykk til planforslaget før den vert sendt til Vang kommune for politisk handsaming. Spørsmål til planarbeidet kan rettast til: Statens vegvesen, Iren Meisterplass, tlf 57 65 57 23, epost: iren.meisterplass@vegvesen.no På nettsida for prosjekt E16, strekninga Varpe bru-nystuen vert informasjon lagt ut ved milepælar: http://www.vegvesen.no/vegprosjekter/e16varpebrunystuen Prosjekt E16 Med hilsen Oddvin Ylvisaker Iren Helene Meisterplass 1 vedlegg Kopi: Vang kommune, 2975 Vang i Valdres
Kjell Gudmund Svien;Svejisvegen 32;2977 ØYE; Gunn Tove Nyheim;2977 ØYE; Knut Vidar Svanheld;2977 ØYE; Halgeir Opdal;2985 TYINKRYSSET; Rigmor Nilsen;Farnesvegen 6;6884 ØVRE ÅRDAL; Hjørdis og Ole Magne Hestetun;Ekrevegen 5;6884 ØVRE ÅRDAL; Dag Inge og Wenke-Nina Bruflot;Elvebakken 23;3420 LIERSKOGEN; Ronny Hermundstad;2985 TYINKRYSSET; Roald Kjørlien;2985 TYINKRYSSET; Geir Magne og Turid S. Bakketun;Granittvegen 2;3518 HØNEFOSS; Svein Erik Kristiansen;Markveien 8;1532 MOSS; Dagfinn Strand og Mette Addington;Austre Sagstadvegen 21;5243 FANA; Tyin VVS Eiendom;2985 TYINKRYSSET; Jocelyn P. Strand;Lundsmarka 31A;2975 VANG I VALDRES; Knut Sverrre Kampesveen;Tyinkryssvegen 31;2985 TYINKRYSSET; 3
Statens vegvesen «Adresselinje_1» «Adresselinje_2» «Adresselinje_3» «Adresselinje_4» «Adresselinje_5» «Adresselinje_6» Behandlande eining: Sakshandsamar/innvalsnr: Vår referanse: Dykkar referanse: Vår dato: Region vest Iren Helene Meisterplass - 57655723 2011/052545-243 02.07.2012 Reguleringsplan for busshaldeplass ved Tyinkrysset. Varsel om oppstart av planarbeid. I samsvar med 12-8 i Plan- og bygningslova informerer Statens vegvesen med dette om oppstart av reguleringsplan for busshaldeplass ved Tyinkrysset i Vang kommune. Planarbeidet vert gjennomført etter 3-7 i Plan- og bygningslova der Vang kommune er ansvarleg planstyresmakt, medan Statens vegvesen gjennomfører og administrerer planarbeidet fram til politisk handsaming. Målet med planen er å regulere busshaldeplass ved Tyinkrysset, inkludert offentleg parkeringsplass og tilpassing til tilgrensande areal, vegar og eigedomar. Det har vore arbeidd med mange ulike alternative plasseringar for busshaldeplass i dette området. Etter dialog med Vang kommune og busselskapa står vi no igjen med to aktuelle plasseringar, sjå vedlagde teikning som viser yttarste plangrense for alternativa: Alternativ 1 vest for Tyinkrysset fjellstove og aust for eks E16. Alternativ 2 aust for Tyinkrysset fjellstove og sør for E16. Det er kun eit av alternativa som skal regulerast. Etter at alle merknader og innspel til varselet om planoppstart er vurderte, vil Vang kommune bestemme alternativ. Det vert møte om planarbeidet og busshaldeplassane måndag 20.august kl.1700 på kommunehuset i Vang. Statens vegvesen har vurdert og funne at tiltaka knytt til denne reguleringsplanen ikkje krev konsekvensutgreiing fordi det ikkje er trua artar eller naturtypar i eller nær planområdet og inngrepet skal planleggast i eit område som har inngrep frå før. Postadresse Telefon: 815 44 010 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Telefaks: 57 65 59 86 Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost-vest@vegvesen.no 6863 LEIKANGER Regnskap Askedalen 4 Båtsfjordveien 18 6863 Leikanger Org.nr: 971032081 9815 VADSØ Telefon: 78 94 15 50 Telefaks: 78 95 33 52
2 Innspel og merknader til planarbeidet kan sendast til: Statens vegvesen Region vest Askedalen 4 6863 Leikanger Frist til å komme med merknader til planen er 27.august 2012. Vidare vil Statens vegvesen utarbeide reguleringsplanen for det valte alternativet, i tett samarbeid med Vang kommune. Spørsmål til planarbeidet kan rettast til: Statens vegvesen, Iren Meisterplass, tlf 57 65 57 23, epost: iren.meisterplass@vegvesen.no På nettsida for prosjekt E16, strekninga Varpe bru-nystuen vert informasjon lagt ut ved milepælar: http://www.vegvesen.no/vegprosjekter/e16varpebrunystuen Prosjekt E16 Med hilsen Oddvin Ylvisaker Iren Helene Meisterplass 1 vedlegg
Oppland fylkeskommune;postboks 988;2626 LILLEHAMMER; Fylkesmannen i Oppland;Postboks 987;2626 LILLEHAMMER; NVE Region Øst;Postboks 4223;2307 HAMAR; Nettbuss Sogn billag ;Postboks 67;6851 SOGNDAL; JVB;Postboks 123;2901 FAGERNES; Vang kommune;2975 VANG I VALDRES; 3
Fv53 til Årdal Plassering til planområda Varpe bru Tyinkrysset NyE16 Oversiktskart for busslommer ved Tyinkrysset Statens vegvesen
Meisterplass Iren Helene Fra: Haslestad Kristin Hasle <krhh@nve.no> Sendt: 28. august 2012 12:20 Til: Firmapost-Vest Emne: NVEs innspill ved varsel om oppstart - Reguleringsplan for bussholdeplass ved Tyinkrysset - Vang kommune, Oppland Til: Statens Vegvesen Region Vest Vår ref: 201204872-2 Deres ref: NVEs innspill ved varsel om oppstart - Reguleringsplan for bussholdeplass ved Tyinkrysset - Vang kommune, Oppland Vi viser til varsel om oppstart datert 02.07.2012. NVE skal fremme en samfunnsmessig forsvarlig utnytting av vassdragene og grunnvannet. Videre skal vi ivareta miljøkvalitetene i og langs vassdragene, og formidle kunnskap om vann, vassdrag, snø, is og breer. NVE har også et ansvar for å sikre samfunnet mot tap og skader som skyldes flom, erosjon og skred, og sørge for en god flomberedskap. I tillegg er energiøkonomisering og ivaretakelse av interesser knyttet til energianlegg viktige sider av vårt forvaltningsansvar. Vi kan ikke ut fra varsel om oppstart se at planen omfatter noen av våre ansvarsområder i nevneverdig grad. Men vi vil allikevel forbeholde oss retten til å komme tilbake med merknader senere i planprosessen. Kristin Hasle Haslestad senioringeniør Skred- og vassdragsavdelingen Region Øst Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Telefon: 09575 eller direkte: 22 95 96 85 E-post: nve@nve.no eller direkte: krhh@nve.no Web: www.nve.no 1