Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 035/17 Plan- og PS 19.09.2017 samfunnsutvalet 082/17 Bystyret PS 03.10.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Rolf Bjarne Sund ARP - 20170102, K2 - L12 17/516 Privat detaljreguleringsplan - Klubbeneset, GBN 27/505, industri/småbåthamn/molo, Planid: 20170102 - Planvedtak Framlegg til vedtak: 2. 3. Følgjande reguleringsplanar, inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande Plan- og samfunnsutvalet - 035/17 PSUV - handsaming: Repr.Hilmar Eliasson,Samlingslista gjekk frå som ugild i denne saka. Harry Felle, Samlingslista møtte. Tilrådinga vart samrøystes vedteken. PSUV - vedtak: 2. 3. Følgjande reguleringsplanar, inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande
Bystyret - 082/17 BYST - handsaming: Repr. Hilmar Eliasson,Samlingslista gjekk frå som ugild i denne saka (medeigar i ivest Consult). Sturla Ellingvåg, Samlingslista møtte. Repr. Gustav Johan Nydal gjekk frå som ugild, då han er i styret for ivest Consult. (30 repr.) Tilrådinga frå Plan og samfunnsutvalet vart samrøystes vedteke. BYST - vedtak: 2. Følgjande reguleringsplanar, inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Flora kommune godkjende privat detaljreguleringsplan - Klubbeneset, gbnr 27/505, Småbåthamn den 21.06.2016. Etter at småbåtanlegget blei ferdigstilt og tatt i bruk hausten 2016, har det vist seg at etablert bølgjebrytar ikkje gjev nok bølgjedemping i hamneområdet innanfor, og det vil derfor vere naudsynt å erstatte bølgjebrytar med ei steinsett molo, for å sikre båthamna. Moloen er av ein slik storleik at den utløyser krav om reguleringsplan. Planframlegget legg til rette for etablering av molo og oppføring av mindre bygg knytt til båthamna sør/aust i I1. Det vert ikkje endring av talet på båtplassar. Planframlegget har vore på høyring i tidsrommet 26.05.2017 til 21.07.2017. Innleiing: Planforslaget Forslag til privat detaljreguleringsplan - Klubbeneset, GBN 27/505, industri/småbåthamn/molo er utarbeidd av ivest Consult AS på vegne av Larsen Eiendom Florø AS. Formålet med reguleringa/omreguleringa Formålet med reguleringa er å legge til rette for etablering av molo og oppføring av mindre bygg knytt til båthamna sør/aust i I1. Det er og gjort ei justering mot friområdet på Klubbeneset for å dempe den bratte skjeringa som er der i dag. Utover dette er det ikkje gjort endringar i forhold til eksisterande plan, og det er vert ikkje endring av talet på båtplassar Forhold til overordna planar Planforslaget er i all hovudsak i samsvar med arealdelen i kommunedelplanen. Området som er omfatta av utviding av planområdet for etablering av molo i sjø, er i gjeldande arealdelen til kommunedelplan for Florelandet-Brandsøy planid 20070001 avsett som areal for fiske, ferdsel, friluftsliv og natur. Areal for fyllingsfot til molo vil vere kring 4 daa, medan areal for molo over kote 0 (på middelvass høgde) er 1,6 daa. I privat detaljregulering Klubbeneset, GBnr 27/505, Småbåthamn vert arealbruk og føremål vidareført i høve eksisterande privat detaljreguleringsplan, samstundes som arealet vert utvida for å legge til rette for molo og oppføring av mindre bygg knytt til båthamna sør/aust i I1. Mot vest vert industriområdet utvida med 250 m2 for å dempe den utsprengde skjæringa og lage ein betre overgang mot friområdet. Resten av landareal er disponert på same måte som i gjeldande detaljreguleringsplan. Førstegongshandsaming Planforslaget blei førstegongshandsama av Plan- og samfunnsutvalet 16.05.2017 i sak 16/17. Plan- og samfunnsutvalet vedtok å fremje saka, samt å sende henne på høyring og leggje henne ut til offentleg ettersyn. Høyringsfråsegner Planforslaget blei lagt ut til offentleg ettersyn i perioden frå 26.05.2017 til 21.07.2017. I same periode blei forslaget sendt til fråsegn mellom anna til regionale myndigheiter, grunneigarar som forslaget ville få konsekvensar for, og tenesteområde i kommunen. Det kom inn totalt 3 fråsegner. Dei følgjer
saka som utrykte vedlegg. Hovudtrekka i merknadene er refererte i eit eige vedlegg. Endringar etter førstegongshandsaming For å rette seg etter høyringsfråsegner, er det gjort følgjande mindre endringar i føresegnene: Det er lagt til ei setning i føresegnene punkt 2.11.5 for å imøtekomme Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin merknad vedrørande forureining av vassmassane. punkt 2.9.1 er retta slik at det vert vist til rett rettleiar Motsegner Det er ikkje varsla motsegner til planen frå fylkeskommunen, nabokommunar eller statlege fagmyndigheter der saksområdet blir påverka. Kommunestyret kan dermed vedta reguleringsplanen. Lovheimlar I samsvar med plan- og bygningslova 12-12 blir saka lagd fram til vedtak for bystyret. Vurdering: Innkomne merknader Vurderinga av dei enkelte innkomne fråsegnene kjem fram av kommentarane i vedlegget. Det er gjort mindre endringar i føresegnene for å imøtekome merknad frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Endringane er markert med raud skrift.. Samla vurdering: Planforslaget er godt gjennomarbeidd og varetek nødvendige omsyn. Utover mindre justeringar i føresegene som følgje av merknad frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordande er det ikkje gjort endringar i planframlegget. Med bakgrunn i utgreiinga ovanfor tilrår rådmannen at planforslaget for Privat detaljreguleringsplan - Klubbeneset, GBN 27/505, industri/småbåthamn/molo, Planid: 20170102blir vedteke. Økonomiske konsekvensar: Ingen økonomiske konsekvensar for kommunen. Miljømessige konsekvensar: Desse er vurdert i saksdokumenta.
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Vedlegg: 2017035 Plankart Klubbeneset 28042017_pdf PLANOMTALE_Klubbeneset_Industri_Småbåthamn_Molo 28042017 Innkomne merknadar høyring_klubbeneset FØRESEGNER_Klubbeneset_Industri_Småbåthamn_Molo_til vedtak