Planprogram Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli VINJE KOMMUNE 19. april 2017
Planprogram Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli Innholdsfortegnelse 1. INNLEIING... 2 2. FØREMÅL MED KOMMUNEDELPLAN FOR EDLAND / HAUKELI... 2 3. LOVGRUNNLAG... 2 4. FØRINGAR FOR PLANARBEIDET... 2 4.1. NASJONALE FØRINGAR... 2 5. PLANTEMA... 3 5.1. BUSTAD... 3 5.3. SENTRUMSSTRUKTUR... 4 5.4. E 134 / HØGFARTSBANE... 4 5.5. PLANOMRÅDE... 4 5.6. LANDBRUK... 5 6. KONSEKVENSUTGREIING... 5 7. ORGANISERING AV PLANARBEIDET... 5 8. FRAMDRIFTSPLAN... 6 1
Planprogram kommunedelplan for Edland / Haukeli 1. Innleiing Gjennom kommunal planstrategi 2016 2019 har kommunestyret i Vinje kommune vedtatt å revidere kommunedelplan for Edland / Haukeli. Den eksisterande kommunedelplanen for Edland/Haukeli blei vedteken i 1993, og er difor over 20 år gamal. Det er behov for å oppdatere kommunedelplanen slik at den blir eit framtidsretta styringsverktøy for arealbruken i Haukeli og Edland. I tillegg må den tilpassast dagens lovverk og situasjon. Dette planprogrammet legg føringane for det vidare planarbeidet, både når det gjeld rammer for planarbeidet, kva plantema som skal vurderast i denne rulleringa, tema for konsekvensutgreiing, organisering og medverknad. 2. Føremål med kommunedelplan for Edland / Haukeli Føremålet med rulleringa av kommunedelplanen er å leggje til rette for ei berekraftig bustad-, sentrums- og næringsutvikling i Edland og Haukeli, samstundes som ein sikrar viktige kultur- og naturmiljø. Ein ynskjer å koma fram til ein plan for langsiktig og berekraftig forvaltning av areala i Edland og Haukeli. Kommunedelplanen skal vere grunnlaget for framtidig arealpolitikk. Planprosessen fram mot godkjenningsvedtaket er viktig og vil gje forankring av planen hjå politikarar og innbyggjarar. 3. Lovgrunnlag Planen skal heimlast i plan- og bygningslova 11-1 «Det kan utarbeides kommunedelplan for bestemte områder, temaer eller virksomhetsområder». Kommunedelplanen for Edland / Haukeli skal ha eit plankart, føresegner og planomtale, inkludert ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). I tillegg skal alle kommunedelplanar som gjev retningsliner eller føringar for framtidig arealbruk konsekvensutgreiast jf. Plan- og bygningslova 4-2. 4. Føringar for planarbeidet 4.1. Nasjonale føringar - Plan- og bygningslova - Naturmangfaldlova - Kulturminnelova - Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova - Nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging - St. meld. 33 «Klimatilpassing i Norge» - St.meld. 9 «Landbruks- og matpolitikken» - Rikspolitisk retningsline for samordna areal- og transportplanlegging - Rikspolitisk retningsline for barn og planlegging - Retningsliner for planlegging og utbygging i fareområde langs vassdrag - Retningsliner for behandling av støy i arealplanlegging 2
- Retningsliner nr 2/11: Flom og skredfare i arealplaner (NVE) 4.2. Regionale føringar: - Regional plan for Hardangervidda (2011-2025) - Regional areal- og transportplan for Telemark - Regional plan for nyskaping og næringsutvikling - Heiplanen 4.3. Kommunale føringar: - Kommuneplanens samfunnsdel - Kommuneplanens arealdel - Landbruksplan - Næringsplan - Energi- og klimaplan - Bustadpolitisk plan - Kulturminneplan (under arbeid) - Beitebruksplan - Sti og løypeplan - Mfl. 5. Plantema Sentrale tema som planarbeidet skal ta føre seg: - Bustadareal - Næringsareal - Sentrumsstruktur - E 134 / høgfartsbane - Planområde - Landbruk 5.1. Bustad I den eksisterande planen er det fire byggjeområde for bustader i Haukeli og Edland. Dei fleste av desse tomtene er bygd. I tillegg har ein gjeve løyve til enkelttomter der det har vore ynskje om dette. Busetting i bygdene er viktig for kommunen, og ein har ein praksis på å godkjenne søknad om enkelttomter til bustadføremål så framt det ikkje er andre arealbruksinteresser som vert påverka av tiltaket Ved slike enkeltsøknadar bør ein kanskje verte flinkare til å sjå området i ein større samanheng og undersøke moglegheita for fleire tomter i same slengen? I arbeidet med rullering av kommunedelplanen bør ein sjå på aktuelle områder for nye bustadomdråde og spreidd busetjing, eller ei utviding av eksisterande felt. Kommunen ynskjer å ha ledige bustadtomter tilgjengeleg til eikvar tid. Eventuelle bustadfelt bør ha attraktive tomter og liggje sentrumsnært, med gode forhold for sol og turområde. Samstundes er trafikktryggleik og universell utforming sentrale tema i planlegginga. 3
5.2. Planområde Ein bør sjå på om det er aktuelt å utvide planområdet. Det ligg i dag eit stort massetak aust for planområdet. Dette kan i framtida tene som potensielt næringsareal. I tillegg er det areal i vest som bør vurderast om skal inn i planen. Dagens planområde. 5.3. Sentrumsstruktur Edland / Haukeli er eit av kommunens lokalsenter. Kommunen ynskjer å halde på lokalsentra og ynskjer at dei skal utvikle seg som gode senter der sentrumsfunksjonar, møteplassar og andre tilbod er samla på ein stad. Der ein kan treffe folk og ha ei oppleving av å vere på ein stad, og ikkje berre i eit kryss. Trass i høgt tempo og fokus på hyttebygging, så er dei fastbuande like viktige for kommunen. Det er difor viktig å leggje til rette for ein god sentrumstruktur kring dei og der dei bur og vere restriktiv i høve etableringar kring hytteområda. Spørsmål som melder seg ved rullering er korleis ein kan møte utfordringane med sentrumsfunksjonar som ligg så spreidd som i Edland / Haukeli, men samstundes halde på verdiar som er viktige for dei som er busett her? 5.4. E 134 / høgfartsbane Det er utarbeidd ein KVU for ny E 134 trase gjennom kommunen. Skal ein leggje inn den nye traseen og bandleggje desse areala i kommunedelplanen? Skal ein i dette arbeidet setje av areal der kommunen meiner er høveleg å leggje ein trase for framtidig høgfartsbane og stasjon? 5.5.Næring Kommunen ynskjer å leggje til rette for aktiv næringsutvikling. Det er trong for nye næringsareal, ein må her sjå på områder som kan vere aktuelle til dette føremålet. Mogleg ein kan sjå på det i samanheng med ei utviding av planområdet. Planen skal syne areal med moglegheit for utbygging av eit variert næringsliv, både for etablering og vidareutvikling av eksisterande bedrifter. Både utviding av eksisterande og nye areal er aktuelt. 4
5.6. Landbruk Jord- og skogbruk representerer ei viktig del av næringslivet i kommunen, men ein slit med nedgang i tal driftseiningar og stadig mindre økonomisk lønnsemd. Landbruket har ei viktig rolle i høve arealforvaltning, matproduksjon, kulturlandskap, friluftsområder mm. I kommunedelplanen vil desse områda visast som LNF områder med soner for prioritering av enkelte viktige areal. Kommunedelplanen skal bidra til å sikre produksjonsgrunnlaget for jord og skogbruker i Edland / Haukeli. Forvaltninga av landbrukets arealressursar skal vere i tråd med regionale og sentrale retningsliner. 6. Konsekvensutgreiing Plan og bygningslova 4-2 andre ledd set krav om konsekvensutgreiing; For regionale planer og kommuneplaner med retningslinjer eller rammer for framtidig utbygging og for reguleringsplaner som får vesentlige virkninger for miljø og samfunn, skal planbeskrivelsen gi en særskilt vurdering og beskrivelse konsekvensutredning av planens virkninger for miljø og samfunn. For nye utbyggingsområde eller der det er føreslått ei større endring av arealbruken, skal det lagast ei verdi og konsekvensvurdering. Med utgangspunkt i verdivurderingane og ei vurdering av konfliktar knytt til endring av arealbruken, skal konsekvensane vurderast. Vurderingar av verdi og konsekvensar skal baserast på kjende registreringar i kommunen, hjå regionale myndigheitar, fagleg skjønn, synfaring i området og andre kjende opplysningar. 7. Organisering av planarbeidet Planen har stor betyding for kommunens innbyggjarar og for lokal forvaltning. Ein god planprosess er difor avgjerande for at planen skal ha legitimitet i alle grupper. Administrasjonen legg opp til administrative arbeidsmøter, involvering av politikarar og regional instansar regionalt planforum og folkemøte for innspel til planarbeidet. Det vert i tillegg hyra inn ekstern kompetanse på nødvendige felt. 5
8. Framdrift Førebels framdriftsplan legg opp til at planprosessen vil ta omlag eit og eit halvt år, dersom ein legg opp til framdrift synt i tabell nedanfor. I tillegg til formaliserte aktivitetar legg ein opp til fellesmøte og moglegheit for innspel undervegs i prosessen. Milepælar April Juni Aug Sept Okt Nov Des Feb Mars April Sept 18 Utarbeiding av planprogram Varsel om oppstart av planarbeid/høyring av planprogram 6veker Folkemøte i Haukeli / Edland Regional planforum Vedtak planprogram Utarbeide planframlegg Plm 1. gongs handsaming Høyring planframlegg Vedtak planframlegg 6