VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 155 Arkivsaksnr.: 2010/1115 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 18.11.2010 Økonomiplan 2011-2014 Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre godkjenner rullering av økonomiplan for 2011 2013 slik det går fram av saksutgreiinga. 2. Administrasjonssjefen får fullmakt til å justere økonomiplanen i tråd med dei sparevedtak som kommunestyret gjere i sak om driftsbudsjett 2011. SAKSUTGREIING:
Innleiing Kommunestyret behandla i møte 25.03.10, sak KST 21/10, økonomiplan for perioden 2010 2013. Iflg. kommunelova skal økonomiplanen gjelde for 4 år framover. Slik sett må økonomiplanen vår forlengast med eitt år. Administrasjonssjefen finn det ikkje rett at administrasjon og politikarar skal bruke mykje tid no på full rullering av økonomiplanen. Bakgrunn for dette synspunktet er m.a.: Kort tid sidan sist behandling av økonomiplanen (mars 2010) Det må gjerast mange tiltak for 2011 som vil få direkte følgje for resten av åra i økonomiplanen. Før 2011 budsjett er vedtatt er det lite vits å drøfte kva som skal skje seinare år. I løpet av 2011 vert samhandlingsreforma truleg vedtatt, og mange endringar skal skje allereie frå 2012. Dette vil nok føre til større endringar i kommunens drift. Pr. i dag har vi ikkje nok kunnskap om kva det vil bli. Vi må bruke tida på å få til budsjett for 2011 (og 2012) i balanse og legge grunnlag for å klare å nedbetale tidlegare års underskott slik at vi kjem ut av ROBEK lista. Dersom administrasjonssjefens framlegg til budsjett, med tiltak, for 2011 vert vedtatt vil også 2012 være i balanse. Vi har vore i kontakt med Fylkesmannen. Han har forståing for våre synspunkt, men peika på at kommunestyre må gjere eit formelt vedtak om ein økonomiplan for heile perioden 2011 2014. Det kan evt. gjerast ved at det vert lagt fram ei enkel skisse og at administrasjonen får fullmakt til å justere inn dei vedtak som vert vedtatt i driftsbudsjett for 2011. Dersom det då også vert balanse resten av perioden, så er det ikkje nødvendig med vidare politisk behandling. Administrasjonssjefen legg difor kun fram ei skisse over forventa inntekter og utgifter i perioden, med nokre få kommentarar. Ny fullstendig rullering økonomiplan for perioden 2012 2015 vert å legge fram hausten 2011.
Hovudoversikt Rekneskap Budsjett Budsjett Prognose 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Driftsinntekter 343 173 350 300 386 700 387 700 388 200 389 300 Finansinntekter 31 230 18 856 16 800 17 000 14 400 14 500 Sum eksterne inntekter 374 403 369 156 403 500 404 700 402 600 403 800 Driftutgifter,netto 334 716 330 048 364 050 363 900 364 050 363 900 Tremek 3 200 3 177 3 100 3 100 3 100 3 100 Arb. Med eigedomsskatt 1 500 2 000 0 0 Inndekking av underskott 7 500 6 500 8 000 13 700 0 0 Løns- og prisauke 6 000 6 000 6 000 6 000 Renter og avdrag 27 089 28 900 29 500 29 800 30 100 30 400 Sum utgifter 372 505 368 625 412 150 418 500 403 250 403 400 Resultat før tiltak 1 898 531-8 650-13 800-650 400 Sparetiltak iflg liste 8 650 13 800 8 700 4 700 Resultat 0 0 8 050 5 100 Dersom det ikkje vert sett iverk ekstra sparetiltak i 2011 og 2012, vil vi få underskott på henholdsvis 8,6 mill. kr og 13,8 mill. kr. Administrasjonen har føreslått tiltak, sjå nedanfor, slik at det vert balanse i drifta. Dersom ein vedtek tiltak som er føreslått for 2011, vil det gje så stor heilårseffekt i 2012 at det gir balanse. Frå 2013 skal vi etter planen være ferdig med nedbetaling av underskott frå 2008 og det vil bli lettare å få balanse i drifta. Administrasjonssjefen vi på det sterkaste understreke at ovannemnde hovudoversikt kun er ein prognose. Spesielt utgiftssida frå 2012/2013 og utover er ikkje gjennomarbeidd. Det vil helt sikkert komme nye kostnader som ikkje er med rekna her. Nemner m.a. samhandlingsreforma som vil komme med nye tiltak frå 2012, tiltak vi enno ikkje kjenner omfang av. Det vil nok ikkje bli så lett å få budsjettbalanse i 2013 og utover som prognosen kan gje inntrykk av.
Tiltak for å få budsjettbalanse Administrasjonssjefen rår til følgjande tiltak for å få balanse i drifta. I hovudsak er det nye tiltak i 2011, desse vil gje heilårvirkning slik at det også vert budsjettbalanse seinare år. Tiltak 2011 2012 2013 2014 Ekstra utbytte frå VEAS 3 000 3 000 0 0 Eigedomsskatt, eit år tidlegare 2 000 4 000 4 000 0 Undervisning, reduksjon 1 500 3 500 3 500 3 500 Vakant stilling på PPT 300 700 Frukt og grønt i skulen, ikkje utdeling 300 300 Barnehage, redusert åpningstid med mer 275 600 Avvikle fritidstenestene 125 250 250 250 Kyrkjeleg fellesråd, redusert ramme 150 150 Samordne dagtilbud PU, red. 1 årsverk 250 500 500 500 Samordne nattevakter Po/BUT 250 300 300 300 Kvalifiseringsstønad, redusere antall 200 200 Kultur, reduksjon 20 % på alle tilskott 150 150 Tomrefjord SFO, redusert ramme 150 150 150 150 Sum sparetiltak 8 650 13 800 8 700 4 700 Viser til sak om driftsbudsjett for 2011, der dei einskilde tiltaka er kommentert nærare.
Inntekter Inntektene er nok del delen som er sikrast prognose på. Vi skisserer følgjande prognose: Driftsinntekter eksterne Budsjettframlegg Rekneskap Budsjett 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Skatt 140 274 140 000 140 000 140 000 140 000 140 000 Rammeoverføring 86 741 93 000 137 000 136 500 135 500 135 000 Vertskommunetilskott 93 358 96 400 97 800 95 800 93 800 91 800 Momskompensasjon 3 992 4 500 1 000 600 300 Ressurskrevande brukarar 8 709 6 600 7 000 7 000 7 000 7 000 Tilskott barnehageutbygg 5 878 6 100 0 0 0 0 Eigedomsskatt 0 4 000 8 000 12 000 Komp eldreutb/skule m.m. 4 221 3 700 3 900 3 800 3 700 3 500 Driftsinntekter 343 173 350 300 386 700 387 700 388 300 389 300 Finnansinntekter Kalkulatoriske renter 4 640 1 856 1 900 1 900 1 900 1 900 Avkastning "kraftfondet" 19 749 8 200 8 700 8 700 5 800 5 800 Utbytte VEAS 2 935 4 300 5 200 5 400 5 600 5 800 Ekstraord utbytte VEAS 3 000 3 000 0 0 0 0 Renteinntekter 906 1 500 1 000 1 000 1 000 1 000 Finansinntekter 31 230 18 856 16 800 17 000 14 300 14 500 Sum eksterne inntekter 374 403 369 156 403 500 404 700 402 600 403 800 Skatt og rammeoverføring, er sett 2-3 mill. kr over anslag i statsbudsjett. Gjort ein mindre reduksjon for nedgang i barnetal. Utbytte VEAS, ut frå prognose frå selskapet. Avkastning kraftfondet, er sett til 6 % i 2011 og 2012 då er det føresett same plassering som no med ein andel i aksjar. Frå 2013 er det rekna 4 % avkastning, og då ikkje lenger plassering i aksjar slik kommunestyret har vedteke. Administrasjonen håper at ein kanskje kan finne rom for å gå ut frå aksjeplassering raskare enn det. Men inntektene ein kan budsjettere med vil då gå ned. Eigedomsskatt, er her føresett innført frå 2012 slik kommunestyrevedtaket seier. Vert det innført allereie i 2011 vil tala verte endra, sjå adm. forslag om sparetiltak.
Utgifter Rekneskap Budsjett Budsjett Prognose Formål 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Sentraladministrasjon 11 340 11 802 11 761 11 450 11 450 11 450 11 450 Politisk styring m/næringsoppg. 4 616 4 004 3 690 4 050 3 900 4 050 3 900 Servicekontor, bibliotek, frivilligsentral 3 008 4 042 4 142 4 100 4 100 4 100 4 100 Fellesutgifter 6 512 5 579 6 555 7 400 7 400 7 400 7 400 Kyrkjelege føremål 3 762 3 545 3 590 3 700 3 700 3 700 3 700 Grunnskule med SFO 67 574 67 155 67 830 66 200 66 200 66 200 66 200 Barnehage 10 565 12 571 12 963 35 300 35 300 35 300 35 300 Vestnes kulturskule 4 934 3 964 3 553 3 700 3 700 3 700 3 700 Kulturtiltak 2 515 3 209 2 500 2 400 2 400 2 400 2 400 Barne og ungd tenester 20 404 22 759 21 266 22 350 22 350 22 350 22 350 Helsevern 6 429 7 154 7 223 8 000 8 000 8 000 8 000 NAV sosial-kommune 3 762 4 429 4 467 5 300 5 300 5 300 5 300 Pleie- og omsorg 167 059 179 998 179 054 187 500 187 500 187 500 187 500 Eigedomsdrift -2 622-3 582-6 748 Tekniske tenester 9 193 8 087 8 202 2 600 2 600 2 600 2 600 Netto driftsutgifterdriftseiningane 319 051 334 716 330 048 364 050 363 900 364 050 363 900 Kjøp tenester Tremek 3 750 3 200 3 200 3 100 3 100 3 100 3 100 Arb. innf. eigedomsskatt 1 500 2 000 0 0 Inndekking av underskott 6 500 8 000 13 700 0 0 Løns- og prisauke 6 000 6 000 6 000 6 000 Sum netto driftsutgifter 322 801 337 916 339 748 382 650 388 700 373 150 373 000 Budsjett 2011 er identisk med føreslått driftsbudsjett. Resten av perioden er det kun ei vidare framføring av nivået i 2011. Som peika på innleiingsvis må det sterkt understrekast at dette kun er ein prognose. Utgiftssida utover er ikkje gjennomarbeidd, og det vil helt sikkert komme endringar når vi skal ha full rullering av økonomiplanen hausten 2011. Då er det også komme meir informasjon om samhandlingsreforma, og kva konsekvensar det får for kommunen. Særutskrift til: