Rapport 2013 Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad November 2013
Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2 Mål... 2 Bakgrunn... 2 Mijøavtalar og avlingsnivå med 3 kg fosfor/daa... 2 Metode... 3 Omtale av engareala... 3 Omtale av gardsbruka... 3 Avlingsregistrering... 4 Resultat... 4 Vegen vidare... 5 Samarbeidspartar NLR Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga. Samandrag Avlingsregistrering i 1. og 2. års eng gjødsla med 3 kg P/daa, gav ei avling på om lag 1200 kg tørrstoff/daa i sum for 3 slåttar. Dette er ei normal god engavling i vårt område i ein normal vekstsesong. Dei dominerande grasartane på skiftene var i hovudsak timotei, engsvingel og fleirårig raigras. All fosfor er tilført gjennom bruk av tynn blautgjødsel frå storfe etter gjeldande regelverk. Nitrogen er tilført som kalkammonsalpeter m/svovel om våren og vanleg kalkammonsalpeter gjennom vekstsesongen. Det er praktisert normgjødsling med nitrogen. Mål Målet med prosjektet var å belysa avlingsnivået i eng på gardar kor det over fleire år kun er tilført ca 3 kg fosfor gjennom husdyrgjødsla. Det er innkjøpt og brukt rein nitrogengjødsel som ammoniumnitrat. Bakgrunn Miljøavtalar og avlingsnivå med 3 kg fosfor/daa Miljøavtalar etter Regionalt miljøprogram regulerer gjødsling med fosfor. Til eng på areal med P-Al over 7 er det tillate å gjødsle med inntil 3 kg P/daa. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Avlingsregistrering i eng gjødsla med 3 kg fosfor, rapport 2013 2
Sjølv om det er godt dokumentert gjennom småruteforsøk at 3 kg P/daa skal vera tilstrekkeleg for god avling i eng, er det interesse i næringa å vite meir om kva avlingsnivå det er på einskilde gardsbruk med miljøavtale. Det er også i lengre tid stilt spørsmål til om avlingsnivå i eng vert redusert med å berre tilføra 3 kg fosfor gjennom husdyrgjødsel i vekstsesongen. På bakgrunn av dette vart det gjennomført praktisk avlingsregistrering på eit representativt engareal på to gardar i Time kommune og to gardar i Skas-Heigre området. Alle desse bruka har praktisert gjødsling med bare husdyrgjødsel og nitrogen til eng over fleire år, og engarealet består av timotei, engsvingel og fleirårig engelsk raigras. Gardsbruka som grenser til Skas/Heigre kanalen har i 4 år delteke med miljøavtalar i regi av Fylkesmannen i Rogaland. Metode Omtale av engareala Om våren vart alle gardsbruka besøkte. Det vart plukka ut eitt representativt engareal for garden, og storleiken på skifta varierte frå 15 til vel 30 daa. Det vart gjennomført ei grov botanisering, og alderen på enga varierte frå 1. og 2. års eng til eldre eng på ein av gardane. På alle bruk er det i utgangspunktet sådd blandingseng av timotei, engsvingel og fleirårig raigras, men med litt ulik fordeling mellom grasartane. Vinteren/våren 2013 var spesiell med omsyn til kulde og uttørking, og tre av engareala vart reperasjonssådde med vel 2 kg fleirårig raigras/daa om våren. Det er ikkje teke ut jordprøvar spesielt for denne vekstsesongen, men dette er landbruksj ord som har normal god ph mellom 5,8 til vel ph 6, og dei fleste har fosfortal i jord med PAL 8-15. Altså gammal kulturjord med bra fosfortilstand. Alle engareala vart gjødsla med husdyrgjødsel om våren og etter 1. slått. For dei bruk som har miljøavtalar, er det i dei siste tre åra teke ut husdyrgjødselprøvar for næringsanalyse. Det er analysetala frå dei tre siste åra som ligg bak gjødslinga i 2013. Det er kun lov å nytta 3 kg P i husdyrgjødsel/daa/ år. I praksis er det nytta om lag 3 tonn blautgjødsel/daa om våren, og om lag 2-3 tonn blautgjødsel/daa etter 1. slått. Gjødsling med både husdyrgjødsel og mineralgjødsel vart utført av gardbrukaren. På arealet i Time vart det hjå Vinningland nytta stripe/slangespreiar for husdyrgjødselspreiing, og hjå Folkvord vart husdyrgjødsla spreidd med slange og DGI. Nitrogengjødslinga vart tilpassa forventa verknad av husdyrgjødsla, og det vart praktisert normgjødsling til eng med 3 slåttar. Omtale av gardsbruka Kristian Vinningland, Time i Time Kommune. Engarealet ligg sørvendt på god moldrik sjølvdrenerande morenejord. Dette er 1. års eng, og med jamt fint plantebestand av timotei, engsvingel og fleirårig raigras. Det var vinterskade på deler av arealet, og difor vart dette feltet også direkte isådd med ca 2 kg fleirårig raigras/daa i vår. Enga tok seg bra opp utover i sesongen. Som ein ser av avlingstala tabell 1, er dette nærast fullgod engavling for eit normalår. Idar Egeland, Timevegen i Time. Dette engarealet ligg også på god moldrik morenejord som ligg litt mot nord. Dette var relativt gammal eng kor kveka hadde byrja å få vel god plass. Dette arealet vart også direkte isådd om våren med om lag 2 kg fleirårig raigras/daa. Mykje av dette raigraset spirde utover sommaren, men avlingsnivået på dette arealet vart noko mindre enn på areala med nyare eng. Avlingstal er sette opp i tabell 1. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Avlingsregistrering i eng gjødsla med 3 kg fosfor, rapport 2013 3
Magnus Folkvord, Heigre i Sandnes. Dette engarealet grenser til Skas/Heigre området og består av god moldrik morenejord. Ein stor del av arealet er vendt mot nord. Arealet vart etablert som nytt attlegg med grønfôrerter som dekkvekst våren 2012, og dette var ei jamn fin 1. års eng med fint plantedekke av timotei, engsvingel og fleirårig raigras. Dette arealet vart ikkje isådd i vår, og enga utvikla seg til ei fin jamn eng utover sommaren. Avlingstal er sette opp i tabell 1. Arild Karsten Harveland, Dysjaland i Sola. Dette arealet grenser også til Skas/Heigre kanalen, og ligg med svak helling mot sør/aust. Det er gammal moldrik morenejord, og engarealet er 3-4 år gammal blandingseng med timotei, engsvingel og fleirårig raigras. Dette arealet vart om våren direkte isådd med om lag 2 kg fleirårig raigras/daa. Avlingstala er sette opp i tabell 1. Avlingsregistrering Avlingsregistreringa vart gjennomført på alle engareala ved alle 3. slåttane. Vi nytta vårt eige forsøkshausteutstyr. Dette går i praksis ut på at vi gjennomfører slått av 5 forsøksruter på om lag 10 kvadratmeter fordelt over heile arealet. Det vert hausta mest mogleg likt på kvart engareal til kvar slått. Det vart registrert avling i kg gras/rute, og seinare omrekna til grasavling per daa. I tillegg vart det teke ut representativ tørrstoffprøve, og såleis får ein rekna om grasavlinga til tørrstoffavling per daa for kvar slått og i sum for alle tre slåttane. Avlingstala er sett opp i tabell 1. Resultat Tabell 1. Avling 2013, kg ts/daa 1. slått 2013 2. slått 2013 3. slått 2013 Sum alle slåttar 2013 Arild K. Harveland 459 502 287 1248 Idar Egeland 301 481 292 1074 Kristian Vinningland 461 527 268 1256 Magnus Folkvord 592 406 341 1339 Gjennomsnitt 453 479 297 1229 Det er viktig å presisera at desse avlingstala i tabell 1 representerer berre avling på eitt skifte på kvar av desse gardane. Resultata fortel likevel ein heil del om avlingsnivå for blandingseng av timotei, engsvingel og fleirårig raigras. Avlingstala samsvarer godt med det som ein kan forventa som ei normal god engavling på Jæren. Det er denne type eng som er mest dominerande i vårt område. Det er interessant at det gjennom fleire år på desse gardane berre er brukt husdyrgjødsel av storfe etter gjeldande regelverk. Det er også berre brukt innkjøpt nitrogen utan fosfor i mineralgjødsel. Fosfortala i jorda har halde seg rimeleg stabile frå år til år, og det kan sjå ut som om at dette er ei form for balansegjødsling når det gjeld fosfor. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Avlingsregistrering i eng gjødsla med 3 kg fosfor, rapport 2013 4
Vegen vidare Det er generelt i dag manglande kunnskap og dokumentasjon for avlingstal på den einskilde gard. Det er behov for å gjennomføra fleire avlingsregistreringar på gardsnivå, og i tillegg kunna berekna den faktiske grasavling i kg tørrstoff og i fem totalt for bruket. Det kunne vore interessant med ei vidareføring av avlingsregistrering på eit avgrensa tal bruk. I tillegg prøvd å få nye tal for volumvekt i ulike typar siloar med ulik tørrstoffprosent, og kunna sjå registrert avling i forhold til dei ulike fôrlager på garden. Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Avlingsregistrering i eng gjødsla med 3 kg fosfor, rapport 2013 5