KLØVERRIK ENG AVLING FÔRKVALITET ØKONOMI
|
|
|
- Asle Aasen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 KLØVERRIK ENG AVLING FÔRKVALITET ØKONOMI Birgitt Harstad, Norsk Landbruksrådgiving Dalane 2015 SAMANDRAG: Ung, kløverrik eng gjødsla med husdyrgjødsel kan under gode vekseforhold gje om lag like høg tørrstoffavling som eng gjødsla med husdyrgjødsel + mineralgjødsel. Når enga blir eldre er det tendens til større avlingsskilnad ved ulik gjødsling. Mindre gunstige vekseforhold; jordpakking, mindre kløver, mindre nitrogenfiksering etc er sannsynlege grunnar til det. Den sterkaste gjødslinga (nitrogen) reduserer kløverinnhaldet mest. Fôreiningskonsentrasjonen i grovfôret held seg ganske lik ved ulik gjødsling medan proteininnhaldet aukar med aukande nitrogengjødsling. Innhaldet av enkelte andre mineralar kan bli noko endra. Lågt proteininnhald i grovfôret krev ofte eit meir proteinrikt og dyrare tilleggsfôr. Mineralgjødsel aukar grovfôrkostnaden og fører til størst meirkostnad i fôrrasjonar med høg grovfôrandel. AVLING REGISTRERING I DALANE Våren 2012 vart det lagt ut eit storrutefelt på ei kløverrik 1. års eng i Dalane. Målet var å få avlingstall frå Dalane for slik eng som blir gjødsla økologisk og konvensjonelt. Året før, i attleggsåret 2011, var det konvensjonell gjødsling på heile feltet med husdyrgjødsel og litt mineralgjødsel. I 2011 vart det sådd silofrøblanding med 10% raigras (52 % Grindstad timotei, 23 % Stella engsvingel, 5 % Perseus raisvingel, 10 % Acento/Dunluce fleirårig raigras og 10 % Lea raudkløver. Våren 2012 stod enga fint med dominans av timotei og kløver. Kløveren var jamnt spreidd i enga. Morenejord med høgt kalkinnhald (ph=6,8) og normalt innhald av fosfor og kalium (P-Al=9, K-Al=14). Det høge kalkinnhaldet var nok medverkande grunn til det høge kløverinnhaldet. Det var planen å ta avlingsregistrering også 2. engår. Vinteren 2012/2013 gjekk kløveren sterkt ut på feltet og ny isåing med kløver våren 2013 var ikkje vellykka. Omtale av 2. års- og eldre eng baserer seg difor på resultat frå andre forsøksfelt. FORSØKSARBEID 1. ENGÅR PÅ FORSØKSFELT I DALANE: GJØDSLING To storruter ( A og B) vart gjødsla med husdyrgjødsel og ei storrute ( C) vart gjødsla med husdyrgjødsel og mineralgjødsel. A: vår: inga gjødsling etter 1. slått: 3 m3 storfeblautgjødsel inkl. 25 % vatn (20. juni) Totalt tilført NPK pr. dekar vår + etter 1. slått *: total-nitrogen ammonium- fosfor kalium nitrogen NH4-N 3 m3 storfeblautgjødsel inkl. 25 % vatn 8,1 4,7 1,6 8,3 * (Verdiane for næringsinnhaldet i husdyrgjødsla er frå Skifteplan (gjødslingsplanprogram)).
2 B: vår: 4 m3 storfeblautgjødsel inkl 25 % vatn (18. april) etter 1. slått: 3 m3 storfeblautgjødsel inkl. 25 % vatn (20. juni) Totalt tilført NPK pr. dekar vår + etter 1. slått: total-nitrogen ammonium- fosfor kalium nitrogen NH4-N 4 m3 storfeblautgjødsel inkl 25 % vatn 10,8 6,3 2,1 11,1 3 m3 storfeblautgjødsel inkl. 25 % vatn 8,1 4,7 1,6 8,3 SUM 18,9 11,0 3,7 19,4 C: vår: 4 m3 storfeblautgjødsel inkl 25 % vatn (18. april) + 65 kg (16. mai) etter 1. slått: 3 m3 storfeblautgjødsel inkl. 25 % vatn (20. juni) + 50 kg OPTI-KAS (7. juli) Totalt tilført NPK pr. dekar vår + etter 1. slått: totalnitrogen ammoniumnitrogen fosfor kalium mineralgjødsel kr/dekar * 4 m3 storfeblautgjødsel inkl 25 10,8 6,3 2,1 11,1 % vatn 65 kg fullgjødsel ,0 ** 7,2 1,1 7, m3 storfeblautgjødsel inkl. 8,1 4,7 1,6 8,3 25 % vatn 50 kg OPTI-KAS ,5 ** 6, SUM 46,4 24,9 4,8 26,9 423 * storsekkpris mars 2012 ** ammonium-nitrogen er ein del av total-nitrogen. Den restkomponenten i total-nitrogen som er i mineralgjødsla er mykje lettare tilgjengeleg for plantene enn den som er i husdyrgjødsla. AVLING Storrutefeltet vart slått følgjande datoar: 1. slått: 13. juni, 2. slått: 7. august Avlingsregistrering 1. engår gav følgjande resultat: 1. slått % 1.slått kg tørrstoff pr dekar 1.slått FEm/da 2. slått % 2. slått kg tørrstoff pr dekar A B C 2.slått FEm/da SUM 2 SLÅTTAR kg /dekar 17, , , , , , SUM 2 SLÅTTAR FEm/da Ved 1. slått, like før begynnande skyting for timotei, var ledd A og B gulare i fargen enn ledd C.
3 Ledd B økologisk til venstre og ledd C konvensjonelt gjødsla til høgre. 1. slått 13. juni. På 1. slåtten var det høgast tørrstoffinnhald i enga som ikkje var gjødsla om våren. Det var lågast tørrstoffinnhald der det var gjødsla både med husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Det var bra fôreiningsavling på alle ledd ved 1. slått. Ledd A utan vårgjødsling hadde lågast FEm-avling. Ledd C med husdyrgjødsel + mineralgjødsel hadde 2% høgare FEm-avling på 1. slåtten enn ledd B med berre husdyrgjødsel, dvs svært liten avlingsskilnad. På 2. slåtten var raigras-/raisvingel mykje meir synleg enn ved 1. slåtten.
4 Også ved 2. slått var ledd A og B gulare/bleikare i fargen enn ledd C, men synleg skilnad var mindre tydeleg enn ved 1. slått. Ledd B økologisk til venstre og ledd C konvensjonelt gjødsla til høgre. 2. slått 7. august. Ledd A utan vårgjødsling, hadde også på 2. slått høgast tørrstoffinnhald. Det var ingen skilnad i tørrstoffinnhald mellom ledd B og C ved 2. slått. Leddet som ikkje var vårgjødsla hadde ved 2. slått ein del lågare avling enn der det var tilført husdyrgjødsel om våren. Leddet gjødsla med både husdyrgjødsel og mineralgjødsel hadde høgast fôreiningsavling på 2.slåtten, og ca 10 % høgare avling enn der det berre var gjødsla med husdyrgjødsel begge gongene. Kløverrik eng gjødsla med husdyrgjødsel vår og etter 1. slått gav stor avling totalavling 1. engår, over 1000 FEm/dekar. Det var berre 5 % lågare avling der enn der det var gjødsla med både husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Kløverrik eng, som ikkje vart gjødsla om våren, og berre gjødsla med husdyrgjødsel etter 1. slått, hadde 22 % lågare avling enn enga gjødsla med husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Eit bra kløverinnslag på begge dei svakast gjødsla ledda har nok tilført ein del nitrogen v.h.a. fiksering i rotknollar og dermed ført til bra avlingar. Meiravlinga pr dekar 1. engår med bruk av husdyrgjødsel + mineralgjødsel var berre ca 50 FEm samanlikna med bruk av berre husdyrgjødsel. Prisen på mineralgjødsla gjev då ein meirkostnad på kr 8,13 pr FEm. I tillegg kjem kostnad med spreiing av mineralgjødsla.
5 AVLING FRÅ ANDRE FORSØK Ein forsøksserie (5 felt) i Nordland samanlikna m.a. avling i eng som vart A: vårgjødsla med 2 m3 storfegjødsel B: vårgjødsla med 2 m3 storfegjødsel + 12 kg N mineralgj. + gjødsla etter 1. slått med 7 kg N mineralgj. God moldhaldig mineraljord og ph over 6. Ein kjenner ikkje kløverinnhaldet på dei ulike felta. 1. engår var det høg temperatur i veksesongen og høveleg med nedbør, og det var store avlingar. På nokre av felta var det forholdsvis liten avlingsskilnad 1. engår mellom dei to gjødslingsstyrkane. I gjennomsnitt for 5 felt var det ca 30 % lågare tørrstoffavling på ledd A, med storfegjødsel om våren som einaste gjødsling (783 kg tørrstoff/dekar sml kg tørrstoff/dekar). 2. engår hadde Ledd A med husdyrgjødsel 30% lågare tørrstoffavling enn Ledd B med husdyrgjødsel + mineralgjødsel. 3. engår hadde Ledd A 25% lågare avling og 4. engår 41% lågare avling. Ein forsøksserie i Rogaland (1 felt i Gjesdal og 1 felt i Årdal) samanlikna avlinga dei første engåra med slik gjødsling: A: vårgjødsling 3 m3 storfegjødsel, etter 1. slått 2 m3 storfegjødsel B: vårgjødsling 3 m3 storfegjødsel + 15 kg N mineralgj., etter 1. slått 2 m3 storfegj. + 9 kg N mineralgj. Siltig mellomsand, Ph = 6 og jord i god hevd. Avlinga 1. engår på feltet i Gjesdal (ca 40 % kløver) var om lag lik ved dei to ulike gjødslingane (814 kg tørrstoff/dekar med storfegjødsel og 816 kg tørrstoff/dekar med storfegjødsel + mineralgjødsel). Også 2. engår var det liten skilnad mellom gjødslingane, men 3. engår var det 28% høgare avling ved bruk av storfegjødsel + mineralgjødsel (999 kg tørrstoff/dekar samanlikna med 777 kg tørrstoff/dekar). I sum for 3 engår var det 13 % lågare avling der det var brukt berre husdyrgjødsel. Avlinga 1. engår på feltet i Årdal (ca 15 % kløver) var 10 % lågare der det berre var brukt husdyrgjødsel (978 kg tørrstoff/dekar sml. med 1075 kg tørrstoff/dekar). I sum for 2 engår var det 12 % lågare avling der det var brukt berre husdyrgjødsel. Resultata viser at ung, kløverrik eng gjødsla med husdyrgjødsel under gode vekseforhold kan gje om lag like høg tørrstoffavling som eng gjødsla med husdyrgjødsel + mineralgjødsel. Når enga blir eldre er det tendens til større avlingsskilnad ved ulik gjødsling. Mindre gunstige vekseforhold; jordpakking, mindre kløver og mindre N-fiksering etc er sannsynlege grunnar til det.
6 EFFEKT PÅ KLØVER VED ULIK GJØDSLING RESULTAT FRÅ DALANE Kløverinnhaldet i enga (% overflatedekkjing av kløver) i forsøket i Dalane viste følgjande innhald om våren og før 1. slått og 2. slått: 4. mai 13. juni 7. august % endring vår til haust A % dekkjing kløver frekvens kløver * B % dekkjing kløver frekvens kløver C % dekkjing kløver frekvens kløver * frekvens = 0-36, der 36 betyr størst utbreiing Ved registrering 4. mai var graset cm høgt. God kløverdekking på enga 5. mai.
7 På A, som vart svakast gjødsla (inga vårgjødsling, husdyrgjødsel etter 1. slått), heldt kløvermengda seg stabilt høgt, ca 50 % dekkjing, gjennom heile veksesongen til august. På B, som vart moderat gjødsla med husdyrgjødsel både om våren og etter 1. slått, vart kløvermengda om lag halvert gjennom veksesongen. På C, som vart konvensjonelt gjødsla med husdyrgjødsel og mineralgjødsel om våren og etter 1. slått, vart kløvermengda sterkt redusert, særleg frå 1. slått og utover i veksesongen. Kløverinnhaldet vart ikkje registrert seinare enn 7. august. RESULTAT FRÅ ANDRE FORSØK I forsøksserie i Nordland var det 4. engår 25-30% kløver på ledd med berre husdyrgjødsel. Det var mindre enn 10% kløver på ledd med husdyrgjødsel + mineralgjødsel. Det var stor variasjon mellom felta. Frå forsøksserie i Rogaland vart kløverinnhaldet 1. engår på eitt felt vurdert til 43 % ved husdyrgjødsel og 18 % ved husdyrgjødsel + mineralgjødsel. På det andre feltet var kløverinnslaget 1. engår høvesvis 12 % og 7 %. Resultata viser at den sterkaste gjødslinga (nitrogen) reduserer kløverinnhaldet mest. FÔRKVALITET RESULTAT FRÅ DALANE På storrutefeltet i Dalane viste kvaliteanalysa av 1. slåtten følgjande: A B C FEm/ kg Råprot. PBV g/kg NDF P Mg Ca K S 0,87 10, ,19 0,17 0,63 1,8 0,15 9,5 0,86 11, ,21 0,18 0,66 1,9 0,16 9,4 0,88 18, ,26 0,21 0,89 2,5 0,22 9,5 Uford. NDF Fôreiningskonsentrasjonen (FEm) var ved 1. slått ganske lik for dei tre ledda. Det var stor skilnad på proteininnhaldet; minst protein på det ugjødsla leddet og mest på det sterkast gjødsla leddet. Likeeins var trevleinnhaldet (NDF) høgast utan vårgjødsling. Det var lågast innhald av alle dei analyserte minerala der det ikkje var vårgjødsla. På 2. slåtten var raigras-/raisvingel betydeleg meir synleg enn ved 1. slåtten. Også ved 2. slått var ledd A og B gulare/bleikare i fargen enn ledd C, men den synlege skilnaden var ikkje så tydeleg som ved 1. slått. Ledd A, som ikkje vart vårgjødsla, hadde også no høgast tørrstoffinnhald i plantematerialet. Det var ingen skilnad i tørrstoffinnhald mellom dei to andre ledda, B og C, ved 2. slått.
8 Leddet som ikkje var vårgjødsla hadde lågare avling enn der det var tilført husdyrgjødsel om våren. Leddet som var gjødsla med både husdyrgjødsel og mineralgjødsel hadde høgast fôreiningsavling, og ca 10 % høgare avling enn der det berre var gjødsla med husdyrgjødsel begge gongene. Kvaliteanalysa av 2. slåtten viste følgjande: A B C FEm/ kg Råprot. PBV g/kg NDF P Mg Ca K S Uford. NDF 0,78 11, ,25 0,18 0,64 2,8 0,17 11,9 0,80 13, ,26 0,17 0,63 3,2 0,19 11,7 0,79 16, ,24 0,19 0,55 2,5 0,25 13,1 Fôreiningskonsentrasjonen (FEm) ved 2. slåtten var ganske lik for dei tre ledda. Som ved 1. slåtten var det stor skilnad på proteininnhaldet på dei tre ledda. Sjølv med same husdyrgjødselmengde etter 1. slått, så var proteininnhaldet på 2. slåtten lågast der det ikkje var gjødsla om våren. Fleire forsøk har vist at høgt kløverinnhald aukar proteininnhaldet i surfôret. Sterkare nitrogengjødsling aukar også proteininnhaldet. I forsøket i Dalane var kløverinnhaldet ved 1. slått høgt ved alle 3 ledda. Ved 2. slått var kløverinnhaldet høgare ved ledd A og B enn ved C. Det var størst skilnad i proteininnhald på 1. slåtten, og C hadde klart høgast innhald. I moetnad til ved 1. slått var trevleinnhaldet (NDF) ganske likt ved 2. slått. Innhaldet av fosfor og kalium i graset var høgare ved 2. slått enn ved 1. slått, og skilnaden mellom dei tre ledda var også mindre. Svovelinnhaldet ved 2. slått var høgare enn ved 1. slått, men også no var innhaldet lågast ved den svakaste gjødslinga og høgast ved den sterkaste gjødslinga. FÔRKVALITET FRÅ ANDRE FORSØK Ved forsøksserie i Rogaland viste kvaliteanalyser for 1. engår lik FEm/kg, men lågare proteininnhald ved bruk av berre husdyrgjødsel. På det eine feltet var skilnaden i PBV, g/kg -25 sml På det andre feltet var skilnaden mindre; +26 sml Resultata viser at fôreiningskonsentrasjonen (FEm) er ganske lik ved ulik gjødsling (N). Proteininnhaldet aukar med sterkare nitrogengjødsling. Innhaldet av enkelte mineralar kan også bli noko endra.
9 FÔRPLANAR ØKONOMI Ved å bruke kvaliteanalysene frå forsøket i Dalane 2012 er det rekna på fôrkostnader ved bruk av grovfôr frå B og C i forsøket. Skilnad i grovfôrpris mellom Ledd B og C skuldast einast prisen på mineralgjødsla som er brukt på Ledd C. Det er ikkje justert for evt andre parametrar, t.d. meirarbeid med å køyre ut mineralgjødsla. Alle fôrplanar, uavhengig av kva slag grovfôr som er brukt, er i døma nedanfor sett opp med konvensjonelle kraftfôrslag/-prisar. Grovfôrkvaliteten var slik: 1. slått B: 0,86 FEm/kg, -18 g PBV/kg, 52 % NDF av 1. slått C: 0,88 FEm/kg, +46 g PBV/kg, 49 % NDF av Ganske lik FEm, men høgast proteininnhald (PBV) på ledd C. Grovfôrpris som er brukt: 1. slått B: kr 0,40 pr kg tørrstoff 1. slått C: kr 0,78 pr kg tørrstoff Det er i fôrplanane brukt same tørrstoff% på både grovfôr B og C. Appetittfôring med grovfôr. MJØLKEKU Grovfôr: 25 % tørrstoff Nokre døme på dagsrasjonar: Døme 1: Yting: 40 kg, dag 70 etter kalving * 43,0 kg grovfôr B 1. sl. (kr 4,29) + 15,3 kg Energi Premium 70 (kr 60,19) = kr 64,48 * 44,1 kg grovfôr C 1.sl. (kr 8,59) + 14,7 kg Energi Premium 90 (kr 55,87) = kr 64,46 DAGSRASJON MED GROVFÔR C SAMANLIKNA MED GROVFÔR B = - kr 0,02/dag Døme 2: Yting: 30 kg, dag 147 etter kalving * 47,2 kg grovfôr B 1.sl (kr 4,72) + 10,1 kg Elite 70 (kr 38,47) + 0,3 kg Protein 42 (kr 1,63) = kr 44,82 * 49 kg grovfôr C 1.sl (kr 9,55) + 9,7 kg Energi Premium 90 (kr 36,67) = kr 46,22 DAGSRASJON MED GROVFÔR C SAMANLIKNA MED GROVFÔR B = + kr 1,40/dag Døme 3: Yting: 20 kg, dag 210 etter kalving * 51,8 kg grovfôr B 1.sl (kr 5,18) + 4,0 kg Elite 70 (kr 14,97) + 0,6 kg Protein 42 (kr 3,48) = kr 23,63 * 51,5 kg grovfôr C 1.sl (kr 10.04) + 4,8 kg Elite 90 (kr 17,10) = kr 27,14 DAGSRASJON MED GROVFÔR C SAMANLIKNA MED GROVFÔR B = + kr 3,51/dag Ser ein vekk frå grovfôrpris, så er det i alle døma ovafor høgast kraftfôrpris i dagsrasjonar der grovfôr B (økologisk) blir brukt. Grovfôr B hadde mykje lågare proteininnhald enn grovfôr C. For å dekkje opp proteinbehovet er det i Døme 2 og 3 brukt to kraftfôrslag. I praksis gjer nok dei færraste det ved låg yting.
10 Set me ein pris på grovfôret (ut frå gjødselkostnad), så viser døma ovafor kva ulag det gjev. Ved høg yting utgjer grovfôret ein mindre andel av total fôrrasjon enn ved låg yting. Dermed blir det liten skilnad i total fôrkostnad om ein brukar grovfôr B eller C. Ved låg yting og forholdsvis mykje grovfôr i dagsrasjonen kostar det kr 3,51 meir pr dag pr ku å bruke grovfôr C enn om ein hadde brukt grovfôr B. Sjå ovafor ang. føresetnader som er lagt til grunn. Skilnad mellom grovfor B og C i kløverinnhald, mineralinnhald etc er ikkje tatt omsyn til. Heller ikkje ensileringskostnad og evt høgare dosering ved høgt kløverinnhald. SAU Grovfôr: 30% tørrstoff Døme på nokre dagsrasjonar: Døme 1: Sau m/2 lam, periode 1. okt.-15. febr. * 5,6 kg grovfôr B 1.sl (kr 0,68) = kr 0,68 * 5,8 kg grovfôr C 1.sl (kr 1,36) = kr 1,36 DAGSRASJON MED GROVFÔR C SAMANLIKNA MED GROVFÔR B= + kr 0,68/dag Døme 2: Sau m/2 lam, periode 16. mars-29. mars * 5,6 kg grovfôr B 1.sl (kr 0,68) + 0,1 kg Formel Sau (kr 0,36) = kr 1,04 * 5,8 kg grovfôr C 1.sl (kr 1,36) + 0,02 kg Formel Sau (kr 0,07) = kr 1,43 DAGSRASJON MED GROVFÔR C SAMANLIKNA MED GROVFÔR B= + kr 0,39/dag Døme 3: Sau m/2 lam, periode 30. mars til lemming * 5,6 kg grovfôr B 1.sl (kr 0,68) + 0,31 kg Formel Sau (kr 1,10) = kr 1,78 * 5,8 kg grovfôr C 1.sl (kr 1,36) + 0,24 kg Formel Sau (kr 0,85) = kr 2,21 DAGSRASJON MED GROVFÔR C SAMANLIKNA MED GROVFÔR B= + kr 0,43/dag Døme 4: Sau m/2 lam, periode lemming-beiteslepp * 6,7 kg grovfôr B 1.sl (kr 0,80) + 1,3 kg Formel Sau (kr 4,6) = kr 5,40 * 6,9 kg grovfôr C 1.sl (kr 1,61) + 1,21 kg Formel Sau (kr 4,3) = kr 5,90 DAGSRASJON MED GROVFÔR C SAMANLIKNA MED GROVFÔR B= + kr 0,50/dag Ser ein vekk frå grovfôrpris, så har dagsrasjonar med grovfôr B ein høgare kraftfôrpris i alle døma med sau ovafor. Ein kjem i desse fôrplanane noko under tilrådd norm for PBV (protein). Set me ein pris på grovfôret (ut frå gjødselkostnad), så viser døma ovafor kva ulag det gjev. For sau m/2 lam er det for heile perioden frå innsett om hausten til beiteslepp om våren berekna ein meirkostnad på totalfôret på ca kr 140,- ved å bruke grovfôr C i rasjonen samanlikna med grovfôr B. Skilnaden i kostnad ved bruk av grovfor C eller grovfor B blir den same om ein har 2 lam eller 3 lam. Det blir heller ingen skilnad i kostnad om sauen er i godt eller dårleg hald om hausten etter innsett. Tilsvarande berekning for para påsettlam i same periode gjev ein meirkostnad på totalfôret ved bruk av grovfôr C på ca kr 100,-.
11 I berekningane ovafor er poenget å vise korleis evt. skilnader i økologisk (B) og konvensjonelt (C) dyrka grovfôr kan påverke fôrplanane til mjølkeku og sau. Grovfôrpris vart fasett ut frå meirprisen på mineralgjødsel i konvensjonell dyrking. Det vart brukt pris på konvensjonelt kraftfôr i alle reknedøma. Dersom ein hadde samanlikna økologiske (grovfôr B) og konvensjonelle (grovfôr C) fôrplanar, og brukt økologisk kraftfôr saman med grovfôr B, hadde talla ovafor blitt annleis. Dersom t.d. økologisk kraftfôr er 50 % dyrare enn konvensjonelt, så vil dagsrasjonar med låg kraftfôrandel, t.d. Døme 2 sau, bli billigast med grovfôr B (økologisk). Dagsrasjonar med høgare kraftfôrandel, t.d. Døme 4, vil bli billigare med grovfôr C (konvensjonelt). DISKUSJON Ung, økologisk gjødsla og kløverrik eng gav ved gode vekseforhold høg avling både i Dalane og andre stader. 1. engår i Dalane gav enga over 1000 FEm/dekar. Det var berre 5% lågare avling enn der det var gjødsla med både husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Kløverrik eng som ikkje vart vårgjødsla og berre gjødsla med husdyrgjødsel etter 1. slått hadde 22 % lågare avling enn eng gjødsla med husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Ein må rekne med at det var ein etterverknad av husdyrgjødsla brukt i attleggsåret. Total meiravling ved å gjødsle med husdyrgjødsel + mineralgjødsel vår og etter 1.sl. samanlikna med å berre gjødsle med husdyrgjødsel etter 1. sl. var 194 FEm/dekar. Det tilsvara kr 2,18 pr FEm meiravling. Total meiravling ved å gjødsle med husdyrgjødsel + mineralgjødsel vår og etter 1. sl. samanlikna med å gjødsle med berre husdyrgjødsel vår og etter 1. sl. var 52 FEm/dekar. Det tilsvara kr 8,13 pr FEm meiravling. Når enga blir eldre er det tendens til større avlingsskilnad ved ulik gjødsling, truleg p.g.a. jordpakking, lågare kløverinnhald etc. Høgt kløverinnhald i forsøket i Dalane skuldast m.a. høgt kalkinnhald i jorda, ph=6,8. ph ca 6,0 er nødvendig for at kløver skal vekse og trivast. Eit bra kløverinnslag på dei svakast gjødsla ledda har nok tilført ein del nitrogen v.h.a. fiksering i rotknollar, og dermed gjeve bra avlingar. Ved svak gjødsling 1. engår (inga vårgjødsling og 3 m3 husdyrgj. etter 1. slått) heldt kløverinnhaldet seg stabilt høgt, ca 50 % dekkjing, gjennom heile sesongen. Ved litt meir gjødsling, dvs. husdyrgjødsel både om våren og etter 1. slått, blei kløverinnhaldet litt redusert gjennom sesongen. Den største endringa i kløverinnhaldet skjedde ved den sterkaste gjødslinga. Der vart kløver dramatisk redusert, spesielt frå 1. til 2. slåtten. Det var liten skilnad i fôreiningskonsentrasjon mellom dei ulike gjødslingane. Proteininnhaldet var betydeleg høgare der det var gjødsla sterkast med nitrogen (mineralgjødsel). Om våren vart mineralgjødsel brukt på konvensjonelt ledd (C). Grovfôret derifrå hadde høgast innhald av fosfor, magnesium, kalsium, kalium og svovel på 1. slåtten inneheld alle desse minerala. I fôrplanane for både mjølkeku og sau vart det brukt pris på konvensjonelt kraftfor i alle planar. Det var høgare kraftfôrkostnad der økologisk grovfôr (B) vart brukt enn der
12 konvensjonelt grovfôr (C) vart brukt. Særleg for mjølkeku skuldast det eit mykje lågare proteininnhald i økologisk grovfôr (B). Tek ein med grovfôrpris (dvs mineralgjødselkostnad) i reknestykket, utan å endre på andre parametrar, blir skilnaden ved bruk av økologisk (B) og konvensjonelt grovfôr (C) minst når kraftfôrandelen i fôrrasjonen er høgast. Mineralgjødsla aukar grovfôrprisen så mykje at det blir ein meirkostnad med å bruke konvensjonelt grovfôr i dei fleste døma som er brukt her. Kjelder: Fôrplanar mjølkeku: Line Bergersen, TINE Fôrplanar sau: Finn Avdem, Nortura Harestad, A. Avl.registrering i økologisk og konvensjonell eng , NLR Rogaland Harstad, B. Avling i kløverrik eng. Forsøksmelding 2012, NLR Dalane. Renna, R Sammenligning av avling og nitrogenfiksering i økologisk, ekstensivt og intensivt drevet eng (artikkel) Ved 1. slått 13. juni. Økologisk gjødsla med husdyrgjødsel til høgre og nærast. Gjødsla konvensjonelt med husdyrgjødsel og mineralgjødsel til venstre og bakerst.
Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng
Feltet i Gjesdal 26. mai 2009 Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng Sluttrapport for prosjektperioden 2008-2011 av Ane Harestad, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland 1 Innhald Innhald... 2
KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE 2010
RAPPORT FRÅ FORSØKSFELTA Landbrukssenteret, Sirdalsveien 38, 4376 HELLELAND Tlf: 51 49 72 88 / 970 14 117 Bankkonto nr. 9365 06 60305 Org.nr.: 970 218 378 [email protected] KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE
Luserne kan gje god avling
Luserne kan gje god avling Luserne er ein plante med stort potensial for å fiksere nitrogen og for avling. Kalktilstanden og næringsinnhaldet i jorda må vera god. I tillegg er det viktig med rett rhizobiumsmitte,
KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE 2011
Landbrukssenteret, Sirdalsveien 38, 4376 HELLELAND Tlf: 51 49 72 88 / 970 14 117 Bankkonto nr. 9365 06 60305 Org.nr.: 970 218 378 [email protected] RAPPORT FRÅ FORSØKSFELTA KLØVER SOM NITROGENKJELDE I KULTURBEITE
Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa
Rapport 2013- Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad Desember Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Fylkesmannen i Rogaland og NLR Rogaland... 2 Samandrag... 2 Mål...
Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa
Rapport 2013 Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa Ragnvald Gramstad November 2013 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2 Mål... 2 Bakgrunn... 2 Mijøavtalar og avlingsnivå
Hamar 20/ Tor Lunnan, Bioforsk Aust Løken
Gjødsling Hamar 20/11 2008 Tor Lunnan, Bioforsk Aust Løken Høgare gjødselpris Fullgjødsel relativt dyrare P og K dyrare større verdi i husdyrgjødsel større verdi av kløver NS-gjødsel kjem inn NK-gjødsel
Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras
Rapport 2014 Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras Ragnvald Gramstad NLR Rogaland Håkon Pedersen Haugaland LR Desember 2014 Innhald Innhald... 1 Samarbeidspartar... 2 Samandrag... 2
Kva har FORUT gitt oss for ettertida?
Kva har FORUT gitt oss for ettertida? Håvard Steinshamn Nasjonalt økomelk-seminar/avslutning FORUT-prosjektet, Rica Hell, 14-15, Januar 2015 Når skal atterveksten helst haustast? Kombinasjonen 500/500?
Raisvingel - Resultat frå rettleiings- og storskalaforsøk i Sør-Noreg.
L. Østrem og T. Hamar / Grønn kunnskap 9 (4) 167 Raisvingel - Resultat frå rettleiings- og storskalaforsøk i Sør-Noreg. Liv Østrem 1) ([email protected]) og Tønnes Hamar 2) 1) Planteforsk Fureneset
Respons på fosfor til eng på fosforfattig jord
467 Respons på fosfor til eng på fosforfattig jord Lars Nesheim 1), Gustav Fystro 2), Olav Harbo 3) / [email protected] 1) Planteforsk Kvithamar forskingssenter, 2) Planteforsk Løken forskingsstasjon,
TO ELLER TRE SLÅTTAR? Vågå 12. des Tor Lunnan, Nibio Løken
TO ELLER TRE SLÅTTAR? Vågå 12. des. 2017 Tor Lunnan, Nibio Løken KLIMA I ENDRING Årstemperatur Løken opp frå 1,6 C 1961-90 til 2,9 C 1991-2017 1961-90 1991-2017 Mai 6,8 7,2 Juni 11,7 11,5 Juli 13,1 14,3
HUSDYRGJØDSEL Bruk av husdyrgjødsel eller anna organisk gjødselslag i økologisk kornproduksjon
HUSDYRGJØDSEL Bruk av husdyrgjødsel eller anna organisk gjødselslag i økologisk kornproduksjon Lars Nesheim, Forskar Bioforsk Midt-Norge Kvithamar Fagkoordinator Grovfôr Norsk Landbruksrådgiving Fagkveld
Optimal utnytting av husdyrgjødsel
Optimal utnytting av husdyrgjødsel Vik 20.11.2013 Marit Henjum Halsnes rådgivar jordbruk Kva er husdyrgjødsel? Plantenæring på lik linje med mineralgjødsel Fosfor (P) og kalium (K) kan jamnstillast med
Økologisk engdyrking Dyrkingsstrategier og fôrkvalitet
Økologisk engdyrking Dyrkingsstrategier og fôrkvalitet Eko kurs 27 februar 2013 Linköping Håvard Steinshamn FORUT Næringsforsyning og produktivitet i økologisk grovfôr- og mjølkeproduksjon betra fôrproduksjon
Utbytte av ei raigras/kvitkløvereng eller engrapp/kvitkløvereng jamført med ei timotei/raudkløvereng
16 Utbytte av ei raigras/kvitkløvereng eller engrapp/kvitkløvereng jamført med ei timotei/raudkløvereng Tor Lunnan 1, Mats Höglind 2, Anne Kjersti Bakken 3. 1. Bioforsk Aust Løken, 2. Bioforsk Vest Særheim,
Anders Mona. 26. oktober 2010
Grovfôrkvalitet og beitebruk økoløft kjøt ø Anders Mona NLR NT 26. oktober 2010 Økokjøt grovfôrbasert produksjon!? 80 90 % av fôret er grovfôr Viktig med rett kvalitet Ulike produksjonsretningar krev ulikt
F o r d ø y e l i g h e t. Vente på kløveren?
Utfordringar Er det rett å vente på kløveren i førsteslått? Hvordan få god grovfôrkvalitet? Hvordan kan vi kan få opp proteinprosenten i grovfôret? Intensitet i grovfôrproduksjonen ut fra energi og proteinkrav
Når skal en høste økoenga for å få optimal kvalitet og samtidig ta vare på enga? Mats Höglind
Når skal en høste økoenga for å få optimal kvalitet og samtidig ta vare på enga? Mats Höglind Innlegg på sluttseminar i FORUT-prosjektet 14. januar 2015 God grovfôrkvalitet avgjørende for god økonomi Tidlig
Potensialet til kvitkløver i økologiske driftsopplegg
Potensialet til kvitkløver i økologiske driftsopplegg Tor Lunnan / [email protected] Planteforsk Løken T. Lunnan / Grønn kunnskap 7(4) 127 Samandrag Blandingar av gras og kvitkløver er testa fire
Rapport Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling
Rapport 2017 Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling Ane Harestad September 2017 Innhald Innhald... 2 Samarbeidspartar... 3 Mål... 3 Delmål... 3 Bakgrunn... 3 Gjødseldyreiningar... 3 Jordprøvepraksis...
HUSDYRGJØDSEL Faglege oppdateringar
HUSDYRGJØDSEL Faglege oppdateringar Normtal for mengd/innhald Næringsinnhald i ymse typar gjødsel Lars Nesheim, Bioforsk Midt-Norge Kvithamar Kristin Daugstad, Bioforsk Aust Løken Seminar om husdyrgjødsel,
Gjødsling til eng med store mengder husdyrgjødsel
Gjødsling til eng med store mengder husdyrgjødsel Sluttrapport etter forsøksserie 2010-2015 mars/april 2016 Av Dag-Arne Eide og Arve Arstein, NLR Sogn og Fjordane Innleiing Det har lenge vore drive forsøk
Temamøte beite til sau September Kristin Sørensen, Landbruk Nord
Temamøte beite til sau September 2013 Kristin Sørensen, Landbruk Nord Næringsinnhold i beitegras vår og høst Midt-Troms vekstsesongen 2013 Feltinfo Høstedato Sted Vår Arter og utvikling Gjødsling Merknader
Fagsamling Gevinst ved gjødslingsplanlegging? planlegging for bruk av næringsstoffer på garden
Fagsamling 2016 Gevinst ved gjødslingsplanlegging? planlegging for bruk av næringsstoffer på garden Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Vår visjon : Lokal kunnskap vår styrke Våre verdiar: Utviklande Uavhengig
Avlingsnivå, avdråttsnivå og lønsemd i økologisk mjølkeproduksjon i Trøndelag
Avlingsnivå, avdråttsnivå og lønsemd i økologisk mjølkeproduksjon i Trøndelag 1 Håvard Steinshamn, 1 Steffen Adler, 1 Martha Ebbesvik, 1 Randi B Frøseth, 1 Tor Lunnan, 1 Torfinn Torp, 2 Birgit Tverås,
Verknad av svovel på avling og kvalitet i økologisk eng
erknad av svovel på avling og kvalitet i økologisk eng Arve Arstein Planteforsk Fureneset fagsenter, 6967 Hellevik i Fjaler [email protected] Samandrag I eit 5-årig prosjekt har svovelgjødsling
Rapport: Demonstrasjonsfelt med biogjødsel i eng, 2014
Rapport: Demonstrasjonsfelt med biogjødsel i eng, 2014 Forsøksdata: Feltvert: Sigbjørn Grøtterød 2års eng, fôr til ammekyr Plassering: Linnestad, Re Rute str. 12*30 m 2 gjentak. Feltet ble stort og det
Vassløyselege karbohydrat i raigras
20 L. Nesheim / Grønn kunnskap7(3):20 26 Vassløyselege karbohydrat i raigras LARS NESHEIM Planteforsk Kvithamar forskingssenter Ved beiting og ved fôring av ferskt gras vil det vere ønskjeleg med eit høgt
Plantekultur og grovfôrproduksjon Førebyggjande tiltak mot overvintringsskader
Plantekultur og grovfôrproduksjon Førebyggjande tiltak mot overvintringsskader Lars Nesheim Forskar Bioforsk Kvithamar/Fagkoordinator NLR Bodø 28.10.2013 Mosjøen 29.10.2013 1 Førebyggjande tiltak mot overvintringsskader
Grovfôranalyser, mineraler som korrigeringer til gjødslingsplan
Grovfôranalyser, mineraler som korrigeringer til gjødslingsplan «Avlingskampen», fagsamling Hærøya, 8.-9. januar 2015. Bjørn Tor Svoldal, Yara Norge AS Supplerende mineralgjødseltyper til husdyrgjødsel
Fôrprøver tatt i 2015 gjennom hele sesongen. I Akershus ble det tatt 193 prøver, i Østfold 150 prøver og i søndre del av Hedmark 40 prøver.
Fôrkvaliteten i NLR Øst sitt område i Sammenlign med dine egen fôrprøver! Fôrprøver tatt i gjennom hele sesongen. I Akershus ble det tatt 193 prøver, i Østfold prøver og i søndre del av Hedmark 4 prøver.
Gjødsling til attlegg og eng med raudkløver
Gjødsling til attlegg og eng med raudkløver Lars Nesheim og Steinar Bø, Planteforsk Kvithamar forskingssenter E-post: [email protected] Samandrag Gjødsling av eng og attlegg med raudkløver med
Fôring med lite grovfôr til geit
1 Fôring med lite grovfôr til geit Avlingssvikt på grunn av tørkesommaren gjer det aktuelt å tenke fôringsopplegg som innebærer mykje kraftfôr og lite grovfôr komande sesong. Dei som har svært stor avlingsreduksjon
Grovfôr til hest - Er timotei det beste og einaste alternativet?
Grovfôr til hest - Er timotei det beste og einaste alternativet? Tema: Innverknad av konserveringsmåte på næringsverdi TS-innhaldet i plantemassen Bruk av ensilerings/konserveringmiddel Avling, opptørking
Proteinrike belgvekster i nordnorske forhold. Ievina Sturite Bioforsk Nord Tjøtta Bodø
Proteinrike belgvekster i nordnorske forhold Ievina Sturite Bioforsk Nord Tjøtta Bodø 21.11.2013 Hvorfor belgvekster? Nitrogenfiksering Forbedrer jordstruktur Proteininnhold og fôropptak økes Økonomi Utfordring
Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.
Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 1. Analysar av blod viser tydeleg utslag for selen og jod med bruk av mineralkapslar til dyr på utmarksbeite. Me registrerer også høgre innhald
Tiltak for å redusere tap av næringsstoff
Tiltak for å redusere tap av næringsstoff Vik 22. mars 2017 Marit Henjum Halsnes, rådgivar jordbruk NLR Vest Sunnmøre Sogn og Fjordane Hordaland 4000 medlemar 35 rådgivarar 2 Norsk Landbruksrådgiving Vest
Proteinrike engbelgvekster under ulike dyrkings- og klimaforhold. Ievina Sturite Bioforsk Nord Tjøtta Hurtigruteseminar 29.-30.
Proteinrike engbelgvekster under ulike dyrkings- og klimaforhold Ievina Sturite Bioforsk Nord Tjøtta Hurtigruteseminar 29.-30.11 2010 Bakgrunn Siste år større fokus på fôrkvalitet og fôropptak Engbelgvekster
TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år
Landsprognose for leveranse av kumjølk mill. ltr 145,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des 2015 2016 2017 mill. ltr 1 580 Leveranse og prognose
Teori og oppbygging av ein gjødslingsplan. Helga Hellesø, 23. juni Kompetanse og innovasjon i landbruket
Kunnskap må til! Teori og oppbygging av ein gjødslingsplan Helga Hellesø, 23. juni 2015 Kompetanse og innovasjon i landbruket Dialogkonferanse 4.november 2010 Helga Hellesø Gjødslingsplanlegging Kort om
Haustbehandling av fleirårig raigras
98 T. Lunnan / Grønn kunnskap 7(4) Haustbehandling av fleirårig raigras Tor Lunnan / [email protected] Planteforsk Løken Samandrag Effekten av ulik haustbehandling på overvintringa av fleirårig
Gjødselverknad av kompostert sauetalle tilført i attlegg og eng ved økologisk dyrking
497 Gjødselverknad av kompostert sauetalle tilført i attlegg og eng ved økologisk dyrking Synnøve Rivedal, Samson L. Øpstad / [email protected] Planteforsk Fureneset fagsenter Samandrag Gjødsling
Skade av hjort på innmark
40 S. Rivedal / Grønn kunnskap 9 (4) Skade av hjort på innmark Synnøve Rivedal [email protected] Planteforsk Fureneset fagsenter Samandrag Hjortebeiting på attlegg og ung eng fører til reduserte
Redusert fosforgjødsling til eng effekt på avling og fosforstatus i jord.
Redusert fosforgjødsling til eng effekt på avling og fosforstatus i jord. Kristin Daugstad og Tor Lunnan Samandrag Eng på jord med middels til høg fosforstatus gir store avlingar utan tilførsel av fosforgjødsel.
Næringsforsyning til rett tid i økologiske eple. Eivind Vangdal, NIBIO Frukt og Grønt Ullensvang
Næringsforsyning til rett tid i økologiske eple Eivind Vangdal, NIBIO Frukt og Grønt Ullensvang Grunnlaget for god næringsforsyning i økologisk fruktdyrking God status ved planting Ta omsyn til kva jorda
Gjødselvatning. pr daa:
1 Gjødselvatning i økologisk eple Frukt Gjødsling Supplering i form av gjødselvatning er mogeleg å bruke i økologisk dyrking, om opphavet til gjødsla er organisk. Gjødselmidlet må være godkjent etter gjødselvareforskrifta.
Fôring av sau gjennom året og krav til grovfôret. Terje Bakken, rådgiver småfe
Fôring av sau gjennom året og krav til grovfôret Terje Bakken, rådgiver småfe 1 Hva vil det si å ha en fôringsstrategi? Slaktekvalitet Mål Tal lam Slaktetidpunkt Stabilt godt hold 04.04.2017 2 Sau i stabilt
FÅ MEIR UT AV HUSDYRGJØDSLA. Storfe 2016 Gardermoen Lars Nesheim, grovfôrkoordinator i NLR
FÅ MEIR UT AV HUSDYRGJØDSLA Storfe 2016 Gardermoen 11.11.2016 Lars Nesheim, grovfôrkoordinator i NLR Husdyrgjødsel - mengder Gjødsel frå 1 ku (GDE) med yting på 8.000 liter: 130 kg tot.-n (75 kg i urin,
Økologisk grovfôrproduksjon
Økologisk grovfôrproduksjon Omleggingskurs 1 Einar Kiserud Norsk Landbruksrådgiving SørØst Grovfôrbasert økologisk produksjon 2 Økologisk grovfôrdyrking enkleste form for økologisk produksjon Kløverenga
Optimalt beite til sau. Ragnhild K. Borchsenius rådgiver
Optimalt beite til sau Ragnhild K. Borchsenius rådgiver Planlegg lammingstid og innmarksbeite ut fra tilveksten på utmarksbeite 1. Når skal første pulje leveres til slakt? 2. Hva er vanlig beitesleppdato?
Økologisk grovfôrdyrking Hvordan oppnå god kvalitet og tilfredsstillende avling?
Økologisk grovfôrdyrking Hvordan oppnå god kvalitet og tilfredsstillende avling? Håvard Steinshamn Foredrag Fokhol mars 2016 Disposisjon Kløveren sin rolle for N fiksering og avling Gjødsling Fôrkvalitet
Hvilke grovfôravlinger kan en oppnå i økologisk produksjon? Bioforsk- konferansen 2012 Rose Bergslid Rådgiver, Bioforsk Økologisk
Hvilke grovfôravlinger kan en oppnå i økologisk produksjon? Bioforsk- konferansen 2012 Rose Bergslid Rådgiver, Bioforsk Økologisk Foto: Heine Schjølberg Arbeidspakke (AP) 1.1 Del av et større prosjekt
Rapport prosjekt «høy til hest»
2009-2011 Rapport prosjekt «høy til hest» Forfattarar: Ragnvald Gramstad, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Postvegen 211, 4353 Klepp st. Tlf: 51 78 91 80 Fax: 51 78 91 81 Web: http://rogaland.lr.no/
Hva er statusen på det norske grovfôret etter en krevende sesong
Hva er statusen på det norske grovfôret etter en krevende sesong Grovfôrkonferanse Stjørdal 7.-8.februar 2018 Ingunn Schei TINE Rådgiving Krevande fôrsesong men kva resultat er det blitt? Nokre tal frå
Balansert gjødsling. Anders Rognlien, Yara
Balansert gjødsling Anders Rognlien, Yara 1 Setter du pris på graset ditt? Anders Rognlien, Yara 2 Grovfôrkostnad, kr per kg EKM Liten effekt av stordriftsfordel på grovfôrkostnader 4,50 4,00 3,50 3,00
Raisvingel og raigrassortar med høgt innhald av vassløyselege karbohydrat
Raisvingel og raigrassortar med høgt innhald av vassløyselege karbohydrat Lars Nesheim / [email protected] Planteforsk Kvithamar Liv Østrem / [email protected] Planteforsk Fureneset 83
TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. mill. ltr. Prognose august ,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0
Landsprognose for leveranse av kumjølk mill. ltr 145,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des 2016 2017 2018 Prognose august 2018 INNHALD Meierileveranse
Gjenvekst avling og kvalitet Grasarter - vekstavslutning. Tor Lunnan, Bioforsk Øst Løken Foredrag Mysen Kløfta Gjennestad apr.
Gjenvekst avling og kvalitet Grasarter - vekstavslutning Tor Lunnan, Bioforsk Øst Løken Foredrag Mysen Kløfta Gjennestad apr. 2010 kg ts/daa Tidlig førsteslått gir mye gjenvekst! 1400 Løken, felt 1, middel
Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland
Kornplanter rett etter ugrasharving, Klepp 3. mai 2011 Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Side 1 av 5 Innhald Innhald...
MOLDINNHOLD OG ph I JORDA HOS ØKOLOGISKE GÅRDBRUKERE
MOLDINNHOLD OG ph I JORDA HOS ØKOLOGISKE GÅRDBRUKERE RAPPORT 16 Av Ellen Reiersen Med støtte fra Fylkesmannen i Troms Innhold Kap. Side 1. Sammendrag 3 2. Bakgrunn 3 3. Mål 5 4. Gjennomføring 6 5. Resultat
Økonomi i oppdrett av overskotslam
NSG - Norsk Sau og Geit Økonomi i oppdrett av overskotslam Forfatter Finn Avdem, Nortura Sammendrag Eit overskotslam eller kopplam er eit lam som ikkje har mor eller ikkje får nok mjølk frå mora til at
Artar og sortar til eng og beite
69 Artar og sortar til eng og beite Lars Nesheim / [email protected] Planteforsk Kvithamar forskingssenter Samandrag I dette innlegget er det vist resultat frå to forsøksseriar med rettleiingsprøving
Fornying av eng Godt grovfôr til geit. Geir Paulsen, Felleskjøpet Rogaland Agder
Fornying av eng Godt grovfôr til geit Geir Paulsen, Felleskjøpet Rogaland Agder Hvorfor fornye enga (1)? Foto: Ragnhild Borchsenius, Norsk Landbruksrådgiving Sør-Trøndelag Mye forskning på grovfôrproduksjon
Fornying av eng ved forenkla jordbearbeiding kunnskapsstatus og veien videre. Mats Höglind
Fornying av eng ved forenkla jordbearbeiding kunnskapsstatus og veien videre Mats Höglind Hovedtyper Med brakking fullstendig fornying Uten brakking reparasjon/delvis fornying/vedlikehold 2 Hvorfor reparasjon/vedlikeholdssåing?
Effekt av kaliumgjødsling i eng på mineralinnhald og fôrkvalitet
460 T. Lunnan og A. Falk Øgaard / Grønn kunnskap 9 (2) Effekt av kaliumgjødsling i eng på mineralinnhald og fôrkvalitet Tor Lunnan 1), Anne Falk Øgaard 2) / [email protected] 1) Planteforsk Løken
Tema. Agronomi og grovfôrdyrking Heidal Hotel Avling. Grovfôrkvalitet og analyser Økonomi? Fagmøte Heidal 5/12/16 1. Oddbjørn Kval-Engstad
Agronomi og grovfôrdyrking Heidal Hotel 5.12.2016 Oddbjørn Kval-Engstad Tema Avling Jordstruktur og vatn Kalk Fornying Slåttestrategi Grovfôrkvalitet og analyser Økonomi? 2 Fagmøte Heidal 5/12/16 1 Jordstruktur
To etablert felt med gjødselvatning til eple. Det er gjort nødvendige tilpassingar for å få til forsøka.
Gjødselvatning til eple Frukt Gjødsling To etablert felt med gjødselvatning til eple. Det er gjort nødvendige tilpassingar for å få til forsøka. PresiEple er eit prosjekt med midlar frå Forskningsrådet.
nitrogenforsyning, avling, kvalitet og fôring
Kløver med vekt på nitrogenforsyning, avling, kvalitet og fôring Håvard Steinshamn Disposisjon Veksemåte Kløveren sin rolle for N fiksering og avling Gjødsling Fôrkvalitet Utfordringar 1 Veksemåte Raudkløver
Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar
1 Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar Anne Kjersti Bakken og Anne Langerud, Bioforsk Midt-Norge, Kvithamar. Mål for undersøkinga I forsøksplanen for denne serien vart
Kven oppnår høgast lønsemd av økologiske og konvensjonelle bruk? Kven er mest effektive?
Kven oppnår høgast lønsemd av økologiske og konvensjonelle bruk? Kven er mest effektive? Hans Haga Kristian Lindblad Øivind A. Nilsen Bjørn Gunnar Hansen Bygd på ei masteroppgåve ved Norges Handelshøgskole
Rapport etter forsøksfelter i Skas-Heigre vassdraget Norsk Landbruksrådgiving Rogaland
Rapport etter forsøksfelter i Skas-Heigre vassdraget 2010 Norsk Landbruksrådgiving Rogaland 1 Innledning Norsk Landbruksrådgiving Rogaland har gjennomført forsøk med ulike fosforgjødslinger på jord med
Ikkje noko grovfôr er betre enn godt beitegras
Fokus på beite, viktig både for økonomien og omdømmet til sauebonden Grovfôrkonferansen 2018 Av Finn Avdem, fagsjef småfe Ikkje noko grovfôr er betre enn godt beitegras Ei søye kan godt produsere 750-800
Rapport fra prosjekt Økologisk kulturbeite
Rapport fra prosjekt Økologisk kulturbeite 2008 2010 Beiteburene på en kvadratmeter sees i bakgrunnen Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Postvegen 211, 4353 Klepp stasjon Telefon 51 78 91 80 E-post [email protected]
Grovfôranalyser som verktøy i produksjonen Hva kan vi lese ut av en grovfôrprøve og hvilke tilpasninger trengs? Surfôrtolken
Grovfôranalyser som verktøy i produksjonen Hva kan vi lese ut av en grovfôrprøve og hvilke tilpasninger trengs? Surfôrtolken Mari Hage Landsverk grovfôrrådgiver Norsk Landbruksrådgiving Østafjells Fôrets
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval
Vårmøte Eirin Trintrud, fagkonsulent FORMEL Felleskjøpet Agri
Vårmøte 2018 Eirin Trintrud, fagkonsulent FORMEL Felleskjøpet Agri Agenda Grovfôranalyser (NIR og mineralar) Produktsortiment kraftfôr og tilskotsfôr Grovfôrmangel, kva no? Fôring fram til og omkring beiteslepp
Fôring av sau med lite heimeavla grovfôr
NSG - Norsk Sau og Geit Fôring av sau med lite heimeavla grovfôr Forfatter Finn Avdem, Nortura Sammendrag Tørke mange stader i sør-noreg gjev ein svært utfordrande situasjon for mange når det gjeld å skaffe
Rettleiingsprøving i italiensk raigras og raisvingel
Rettleiingsprøving i italiensk raigras og raisvingel TOR LUNNAN Planteforsk Løken forskingsstasjon LARS NESHEIM Planteforsk Kvithamar forskingssenter 183 Planteforsk har ansvaret for rettleiingsprøvinga
God fôrkvalitet, lang vekstsesong og full vinterherding. Er det mogeleg å kombinere dette?
160 God fôrkvalitet, lang vekstsesong og full vinterherding. Er det mogeleg å kombinere dette? Arve Arstein / [email protected] Planteforsk Fureneset fagsenter Samandrag I prosjektet Vinterskade
Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2013 var 492 (snittvekt 5,1 kg). I 2013 vart det fanga 977 laks (snittvekt 5 kg), eit av dei aller beste resultata
Grovfôrdyrking i område utsett for vinterutgang
474 A. Arstein / Grønn kunnskap 9 (2) Grovfôrdyrking i område utsett for vinterutgang Arve Arstein / [email protected] Planteforsk Fureneset fagsenter Samandrag I prosjektet Vinterskade i eng
Delrapport 2013. Levande jord
Delrapport 2013 Levande jord Ane Harestad Desember 2013 Innhald Innhald... 2 Samandrag... 3 Samarbeidspartnarar... 3 Mål... 3 Bakgrunn... 3 Metode... 4 To behandlingar og tre gjentak... 4 Aerob kompostkultur
Kostnader knytta til ulike høsteregimer for gras. Ås-UMB, 12. februar 2010
Kostnader knytta til ulike høsteregimer for gras Ås-UMB, 12. februar 2010 Forskar Ola Flaten, NILF r planter og dyr Kun avlings- og kvalitetsregistreringer for hele vekstsesongen ved Bioforsk (Løken, Kvithamar
// Notat 1 // tapte årsverk i 2013
// Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte
Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2014 var 201 (snittvekt 0,9 kg). Det har vore ein avtakande tendens sidan årtusenskiftet, med unntak av bra fangstar i 2010
Verknad av jordpakking på engavling, jordfysiske tilhøve og tap av lystgass Regional fagseminar på Fureneset 17.-18.
Verknad av jordpakking på engavling, jordfysiske tilhøve og tap av lystgass Regional fagseminar på Fureneset 17.-18. september 214 Synnøve Rivedal, Bioforsk Vest Hugh Riley, Tor Lunnan, Bioforsk Øst, Ievina
