Til Grunneigarar og naboar Offentleg mynde Dato: 21.04.2016 Melding om oppstart av detaljregulering for naustområde Sønstabøvåg 104/5 m.fl.., Bømlo kommune (PlanID 201601) Initiativtakar I samsvar med plan- og bygningslova 12-8 vert det med dette meldt at Gøtz AS på oppdrag for Toralf Meling set i gong arbeid med detaljregulering for naustområde Sønstabøvåg 104/5 m.fl., Bømlo kommune. Planstatus og føremål Området er ikkje regulert tidlegare og i gjeldande kommuneplan er området vist som naust og fritidsbustad. Tiltaket vil såleis vere i tråd med gjeldande kommuneplan. Tilkomstveg og planlagd parkeringsplass vil ligge i LNF- område. Sidan det er plass til meir enn 4 naust i rekkje utløyser tiltaket krav til reguleringsplan jamfør føresegner til kommuneplanen ( 3.1.3). Føremål med reguleringsplanen er å leggje til rette for etablering av 3 (5) stk. nye naust med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsplassar, kai, flytebrygger og båtplassar. Forslag til plangrensa er sett i samråd med kommunen. Etter ynskje frå kommunen tek ein også med tilgrensande eksisterande naust- og fritidseigedomar i sør, samt tilkomstvegen opp til fylkesveg Fv14. Eksisterande område for naust- og fritidseigedommar, som inngår i planen, omfattar 9 tomter som er bygd ut med til saman 2 fritidsbustadar og 5 nausteiningar. To av dei eksisterande nausttomta er ikkje bygd ut, men det skal etablerast naust på sikt. Avgrensing Avgrensing av planområdet er vist på vedlagt kartutsnitt. Planområdet omfattar delar av eigedom gnr.104, bnr.5 m.fl., og utgjer ca. 7 daa. Viktige utgreiingar Planen er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiing, og planetaten i Bømlo kommune har konkludert med at planen ikkje skal konsekvensutgreiast. Planarbeidet vil spesielt kaste lys over følgjande problemstillingar: Utnytting og bruk av området og fastsetting av formålsgrenser. Merknader Eventuelle synspunkt på planen skal sendast skriftleg til Gøtz AS, Sæ 132, 5417 Stord eller til post@goetz.no, innan 03.06.2015. Vidare saksgang: Etter at merknadsfristen har gått ut vil sjølve planforslaget verta utarbeidd, for deretter å verta sendt til Bømlo kommune for sakshandsaming. Etter 1. gongshandsaming i kommunen vert planen lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då verta høve til å koma med merknader og innvendingar til planforslaget før vidare politisk handsaming. Gøtz AS Martin Gøtz Vedlegg: Oversiktskart Kart som viser planavgrensing Prinsippskisse Vedtak prinsippsøknad Kontor: Telefon: +47 47 26 36 39 Org. nr: 989995030 Kunnskapshuset +47 91 33 40 42 Sæ 132 Kontonr.: 5417 STORD e-post: post@goetz.no 3520 57 89063
Oversiktskart
Sak nr D- Vår dato: Vår referanse: 20.04.2016 2016/183-5049589/2016 Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Aud Gunn Løklingholm 53423063 Gøtz AS v/martin Gøtz SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE SØNSTABØ 104/5 PLANID 201601 Bømlo kommune, Utval for areal og samferdsel handsama søknad om oppstart av reguleringsplan for naustområde Sønstabøvåg 104/5 og 153 m.fl. i møte 13.04.2016 sak PS 54/16. Utval for areal og samferdsel gjorde samrøystes slikt vedtak: 1. I samsvar med 12-3 i Plan- og bygningslova vil rådmannen rå til at gnr.104, bnr. 5 m.fl. og 153 Sønstabøvåg i Bømlo vert teke opp til regulering til naust og fritidsbustad med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, trafikkareal og parkeringsplassar. Forslagsstillar skal melde oppstart av planarbeidet i samsvar med Plan- og bygningslova 12-8. 2. Som ein del av arbeidet med detaljreguleringsplanen skal det i samsvar med sjekklistene vist i kap. 1.1. Beredskapsomsyn i kommuneplanen gjennomførast ein risiko- og sårbarhetsanalyse. Eventuelle tiltak og avbøtande tiltak skal innpassast i føresegnene til reguleringsplanen og takast omsyn til ved utbygging. Saksutgreiinga ligg ved. Faktura på gebyr vert sendt Toralf Meling i eigen sending. Ber om at kopi av vedtak og saksutgreiing frå politisk møte vert sendt til alle høyringspartar i samband med oppstartsmelding. Med helsing Bømlo kommune Aud Gunn Løklingholm Organisasjonssjef Dette brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift Adresse: Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 BREMNES Telefon: 53 42 30 00 Organisasjonsnr.: 834 210 622 postmottak@bomlo.kommune.no Telefax: 53 42 30 01 Bankgiro: 3201.61.51687 www.bomlo.kommune.no Postgiro for skatt: 6345.06.12199
Side 2 av 5 Saksutgreiing til folkevalde organ Dato: Arkivref: 10.03.2016 2016/183-6545/2016 / 504 Saksbehandlar: Aud Gunn Løklingholm 53423063 aud-gunn.loklingholm@bomlo.kommune.no Sak nr i møte Utval Møtedato 54/16 Utval for areal og samferdsel 13.04.2016 PRINSIPPSØKNAD FOR Å MELDE OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE SØNSTABØ 104/5 PLANID 201601 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. I samsvar med 12-3 i Plan- og bygningslova vil rådmannen rå til at gnr.104, bnr. 5 m.fl. og 153 Sønstabøvåg i Bømlo vert teke opp til regulering til naust og fritidsbustad med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, trafikkareal og parkeringsplassar. Forslagsstillar skal melde oppstart av planarbeidet i samsvar med Plan- og bygningslova 12-8. 2. Som ein del av arbeidet med detaljreguleringsplanen skal det i samsvar med sjekklistene vist i kap. 1.1. Beredskapsomsyn i kommuneplanen gjennomførast ein risiko- og sårbarhetsanalyse. Eventuelle tiltak og avbøtande tiltak skal innpassast i føresegnene til reguleringsplanen og takast omsyn til ved utbygging. Saksprotokoll i Utval for areal og samferdsel - 13.04.2016 Vedtak: Utval for areal og samferdsel gjorde samrøystes vedtak i samsvar med rådmannen sitt framlegg. Dokument i saka: Brev frå Gøtz AS v/martin Gøtz dato 10.03.2016 Bakgrunn for saka: I brevet av 10.03.2016 står det: På vegne av Toralf Meling sender vi vedlagt prinsippsøknad for å melde oppstart av reguleringsplan på gnr.104 bnr.5, Sønstabøvåg. Planområdet omfattar delar eigedom gnr.104 bnr.5 m.fl. og utgjer ca. 7 daa.
Side 3 av 5 I ny reguleringsplan ynskjer ein å regulere området til naust og fritidsbustad med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, trafikkareal og parkeringsplass. Området er ikkje regulert tidlegare og i gjeldande kommuneplan er området vist som naust og fritidsbustad. Tiltaket vil såleis vere i tråd med gjeldande kommuneplan. Tilkomstveg og planlagd parkeringsplass vil ligge i LNF- område. Småbåtanlegg ligg stort sett innanfor naustføremål, men stikker nokre plassar litt utfor. Sidan det er plass til meir enn 4 naust i rekkje utløyser tiltaket krav til reguleringsplan jamfør føresegner til kommuneplanen ( 3.1.3). Føremål med reguleringsplanen er å leggje tilrette for etablering av 3 (5) stk. nye naust med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsplassar, kai, flytebrygger og båtplassar. Planane er vist på vedlagt prinsippskisse. Forslag til plangrensa er sett i samråd med kommunen. Etter ynskje frå kommunen tek ein også med tilgrensande eksisterande naust- og fritidseigedomar i sør, samt tilkomstvegen opp til fylkesveg Fv14. Eksisterande område for naust- og fritidseigedommar, som inngår i planen, omfattar 9 tomter som er bygd ut med til saman 2 fritidsbustadar og 5 nausteiningar. To av dei eksisterande nausttomta er ikkje bygd ut, men det skal etablerast naust på sikt. Planlagd utbygging fylgjer i stor grad rammene som er satt i kommuneplan, men avviker litt på nokre punkt: 1. Nokre plassar vil kaikanten gå litt lengre ut enn 3m frå kystkonturen, men vil vere framleis innanfor arealet som er sett av til naustføremål i gjeldande kommuneplan. 2. Eksisterande tilkomstveg og planlagd parkeringsplass ligg i området som er vist som LNF- område i kommuneplanens arealdel. 3. Småbåtanlegg ligg stort sett innanfor naustføremål, men stikker nokre plassar litt utfor. Tilgrensande areal i sjø er vist som friluftsområde i sjø med omsynssone verneverdige sjøbruksmiljø i kommuneplanen. Vi kan ikkje sjå nokre ulemper med endringane, og meiner at avviket bør kunne vere akseptabelt. I samband med reguleringsplanarbeidet vil ein også kunne ta ei nærare utgreiing på dette. På vegne av Toralf Meling ber vi om at søknaden vert handsama så snart råd er. Vurderingar: Det omsøkte området er på gnr. 104, bnr. 5 Sønstabøvåg. Søknaden gjeld løyve til oppstart av detaljreguleringsplan for å regulere området til 3 nye naust. I planområdet tek ein også med tilgrensande eksisterande naust- og fritidseigedomar i sør, samt eksisterande tilkomstveg opp til FV 14. Eksisterande område for naust- og fritidseigedomar omfattar 9 tomter som er bygd ut med til saman 2 fritidsbustader og 5 nausteiningar. 2 av nausttomtene er ikkje bygd ut, men skal byggjast på sikt. Området er ikkje regulert tidlegare. I gjeldande kommuneplan er området vist som naust, og ein liten del av området er vist som fritidsføremål. Eksisterande tilkomstveg og parkeringsplassar ligg i LNRF-område (landbruk, natur-og friluftsområde samt reindrift). Tiltaket vil såleis vera i tråd med gjeldande kommuneplan. Sidan det er plass til meir enn 4 naust på eigedomen utløyser tiltaket krav til reguleringsplan jmf. føresegner til kommuneplan 3.1.3 «I eksisterande naustområde skal det utarbeidast detaljplan før utbygging av område der det er plass til meir enn 4 naust i rekkje».
Side 4 av 5 Ein ynskjer å nytte eksisterande tilkomstveg og parkeringsplass, og regulere inn frisiktsoner mot hovudveg (FV 14). Utbyggjar må dokumentere naudsynt areal til parkeringsplass i henhold til kommuneplan. Planen skal utarbeidast som detaljregulering jmf. 12-3 i plan-og bygningslova. Etter vår vurdering utløyser ikkje detaljreguleringsplanen krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiing 4, bokstav a-d. Kommunen har vurdert denne planen til å ikkje ha vesentleg virkning for miljø og samfunn. Tiltakshavar må etter oppmoding frå kommunen ta med eit areal på ca. 7 daa. Dette er gjort med bakgrunn i ei planfagleg vurdering for å få klare føringar for område i sjø med tanke på grenser og avklaring i høve til behov for parkeringsareal, veg og ein total samla heilhet ved utbygging. Plangrensa er difor sett av kommunen. Føresegner til kommuneplan 4.4.1 seier dette om flytebryggje: «Innafor føremålet sett av til naust kan det byggjast naust, landfast flytebryggje m/landgang, utliggar og kai. Naust og tilhøyrande kai kan ikkje byggjast lengre ut enn 3 m frå kystkonturen. Flytebryggja kjem i tillegg til dette og kan ha maks storleik på inntil 15m² og maks breidde 2,5m. Den skal ikkje hindre fri ferdsel». Føresegner til kommuneplan 3.3.4. seier dette om utforming og estetikk: «I nye naustområde skal det etablerast felles løysingar for småbåtanlegg. I eksisterande naustområde kan det opnast for enkeltbryggjer der det ikkje er rom for felles løysingar». Dette må takast omsyn til i planarbeidet. Omsøkt areal grensar ikkje til eksisterande vedtekne planar. Økonomiske konsekvensar: Utbyggjar skal dekka alle kostnadane med utbygginga. Miljømessige konsekvensar: Det er ikkje registrert viktige viltområde eller naturtypar i planområde. På eigedomane gnr. 104, bnr. 2 og gnr. 105, bnr. 2 og 22 er det registrert 4 stk SEFRAK bygg (naust og rorbu). Planområdet ligg i omsynssone for bevaring kulturmiljø H570_17, verneverdig sjøbruksmiljø. Beredskap- og samfunnstryggleik: Som ein del av arbeidet med reguleringsplanen skal det i samsvar med sjekklistene vist i kap. 1.1. Beredskapsomsyn i kommuneplanen gjennomførast ein risiko- og sårbarhetsanalyse. Eventuelle tiltak og avbøtande tiltak skal innpassast i føresegnene til reguleringsplanen og takast omsyn til ved utbygging. Folkehelse: Etablering av naust og bryggje vil bidra til utøving av sjørelaterte aktivitetar som er positive i høve folkehelse. Oppsummering og konklusjon: I kommuneplan for Bømlo er det sett av eit område til naust i Sønstabøvågen. No har Gøtz AS v/martin Gøtz på vegne av Toralf Meling søkt om løyve til å starte opp arbeidet med detaljreguleringsplan for området. Sidan området er avsett til naustføremål i kommuneplan er det ikkje trong for
konsekvensutgreiing av reguleringsplan. Rådmannen finn å tilrå oppstart av arbeidet med detaljreguleringsplan for dette området. Side 5 av 5