MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 15.10.2014 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 15.30 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Ivar Kvalen, Geir Arve Sandvik, Marit Aakre Tennø, Jon Ove Lomheim, Ernst Veum, Morten Vigdal, Anette Stegegjerdet Norberg. Rådmann Jarle Skartun, næringssjef Olav Grov i sak 92 og delar av sak 95, økonomisjef Kjell Sverre Snøtun i sak 94. Styreleiar Odd Atle Stegegjerdet og dagleg leiar Nina Gudevang i Lustrabadet i deler av sak 95. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 90/14 14/2586 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 91/14 14/2535 Søknad om tilskot frå Fiskefondet 2015 92/14 14/2579 BlueFjords AS - finansiering 93/14 14/2631 TV-aksjonen 2014. Kommunal løyving 94/14 14/1778 Budsjett 2015, økonomiplan 2015-18, planleggingsprogram 2015-18. 95/14 14/2587 Referat- og drøftingssaker 1
Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
90/14 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 17.09.14 vart godkjent. Underskrifter: Anette Stegegjerdet Norberg og Geir Arve Sandvik. 91/14 Søknad om tilskot frå Fiskefondet 2015 Luster kommune løyver kr. 50.000 til prosjektet som har til mål å kartleggja vandringsmønsteret til sjøaure frå Fortunsvassdraget med deltaking frå skuleklassar ved Skjolden Oppvekstsenter. Løyvinga vert finansiert av Statkraft/Sognekraft-fondet. 92/14 BlueFjords AS - finansiering Bluefjords AS får eit tilskot stort kr 500.000 til marknadsutviklingsprosjekt. Det er ein føresetnad at prosjektet vert fullfinansiert slik finansieringsplanen tilseier. Tilskotet vert løyvd av næringsfondet. 93/14 TV-aksjonen 2014. Kommunal løyving Luster kommune løyver kr. 15.000,- til TV-aksjonen 2014 til Kirkens nødhjelp. Midlane vert løyvd av konto 14740.107.10001.
94/14 Budsjett 2015, økonomiplan 2015-18, planleggingsprogram 2015-18. Formannskapet drøfta budsjettnotat 3. Formannskapet drøfta og kommenterte tiltaksliste for innarbeiding i driftsbudsjettet. Budsjettdrøftingane vert ført vidare på neste møte. Rådmann tek med seg innspel i vidare arbeid. 95/14 Referat- og drøftingssaker Diverse orienteringar: Orientering skrifteleg: Eksternt: - Fylkesmannen 6.10.14: Kommunereforma opplegg for arbeidet i Sogn og Fjordane 2014-2016, med vedlagt prosjektplan. referert, det vert lagt fram sak til politisk handsaming på neste møte. - Ny forskrift startlån referert, det ligg ei viss innstramming i ny forskrift. - LVK, notat «minstevassføring» -referert, formannskapet ber om eit notat der lokale konsekvensar vert nærare drøfta. - LVK, forslag om endra vedtekter, valordning mv.-referert, ingen merknad. Interkommunalt; - Møteprotokoll Sogn Regionråd 12.09. referert. - Sogn lokalmedisinske senter, nyhende pr 06.10. referert. - 17. oktober er det felles møtedag for interkommunale selskap.-referert. Saksdokument til representantskapet i Simas følgjer vedlagt.-referert. Saksdokument til representantskapet i SF revisjon følgjer vedlagt.-referert. Internt: - Møteprotokollar; AMU, 23.09.-referert. - Interninformasjon; «Nytt under storen 3-14.» -referert. - Rapport over delegerte vedtak. referert. Orientering i møtet: Ordførar: Selskapsdag 17.10, jf ovanfor; Simas, Sogn og Fjordane Revisjon. -referert. Saka om etablering av eige næringsselskap mv i Simas vart drøfta. Hafslovatnet. -Ordførar orienterte om saka og mediaomtale. Forvaltningsplan for Hafslovatnet fuglefredingsområde vert lagt fram for plan og forvaltningsstyre og kommunestyret. Rådmann: Finansforvaltninga, ev politisk deltaking i møte 21.10. referert, rådmann sender ut informasjon, invitasjon til møte 21.10. kl 14.00.
Utvida Nav-lokale. referert, arbeidet vert vidareført, jf tidlegare orientering. Utlegging av kommuneplanen arealdel til ettersyn. referert. Det har vore visse karttekniske utfordringar som no er løyst og planen vert lagt ut. Næringssaker, ev ikkje off. Solvornbui. - Lustrabaatane har kjøpt butikken og tek sikte på å vidareføra tilbodet. Butikk Skjolden. - Eigedomselskapet til bygdelaget og Coop Vest har drøftingar for å finne ei løysing innanfor eksisterande tomt. Galdetoppen.- Opparbeiding av området vert førebudd med anbodsutlysing. Det ligg føre søknader om tomt og sak vert lagt fram for formannskapet med det første. Breiband/fiber. - Via Netcom er det realistisk at 4G kjem på plass i Gaupne og Hafslo. Saka om fiber til Turtagrø vert arbeidd vidare med. Personal administrative saker, ev ikkje off. Lokale lønstingingar. referert. Drøfting i møtet: Lustrabadet. «Strategi og budsjett 2015.» Styreleiar og dagleg leiar informerte omkring strategiarbeidet og budsjettet for 2015. Eventuelt/innspel i møte: Sterk misnøye med feietenesta. Kommunen må ta dette opp med brannselskapet. Administrativ deltaking i politiske møte. Rådmann tek med seg innspel frå formannskapet i det vidare arbeidet. Neste møte i formannskapet vert 29.10. kl.09.00-20.00. Det vert lagt opp til langdag i neste møte; -Saker. -Driftsbudsjett ev m/deltaking frå tenesteleiing etter nærare avtale. -Investeringsplan, jf og sak om regulering av investeringar 2014. -Statkraft, vassdirektivet. Dagsorden for møtedagen; 09.00-09.30 Handsaming av saker 09.30-10.45 Referat og drøftingar. 10.45-11.30 Drøftingar, Lustrabadet. 12.00-15.30 Budsjettdrøftingar. Det vart ikkje gjort vedtak i saka.