Høyringsnotat Kommunal planstrategi for Lom kommune. Oppsummering av høyringsuttaler som grunnlag for sluttbehandling av planstrategien. Notatet omfattar: Skriftlege høringsinnspel med kommentarar. Etter gjennomgang av innspel til planstrategi er det ikkje gjort vesentlege endringar i sjølve dokumentet. Planoversikten er tatt inn i sjølve planstrategien. Avsendar Oppsummering av innspel Kommentarar og forslag til endringar Luster kommune Har ingen merknader. NVE NVE seier at det i arbeidet med kommuneplanen bør visas til ein bevisst haldning til vassdraga i planområdet. Dei seier det er viktig at man er tydelig på kva plankartet viser og kva for føresegner som naturlig må følgjast. Dei anbefaler at ein viser aktsomheitskart frå NVE Atlas, men gir føresegner som klart viser til at dei i visse områder er friskmeldte areal med omsyn på snøskred aktsomheit og at desse gjeld for desse områda. I KU og ROS skal omsynet til naturfare vurderas og tydelig gå fram for kvart utbyggingsområde. Av omsyn til nye plankrav meiner NVE at det er viktig at dette også er inkluderer gamle områder som takast med vidare. Punkta NVE har kome med i uttala takast med vidare i arbeidet med arealdelen, og utarbeiding av KU og ROS i planprosessen.
Dei minner om at også små vassdrag kan bli flomstore og medføre skade ved stor og intensiv nedbør. Områder med potensiell fare bør merkas av som omsynssoner i kommuneplanen med dei føresegnene som er nødvendig for å ivareta det omsynet sona viser. Dei gjer også oppmerksam på at det må takas høgde for flom i regulerte vassdrag. NVE seier at man i plansamanheng bør ta høgde for klimaendringar som gjør at ein kan forvente ekstremsituasjonar hyppigare enn før. NVE anbefaler at man også vurderer vassdraga med tanke på verneformål og arealstatus. Dei meiner det er viktig at kommunen er pådrivar for å leggje til rette for alternative energiløysingar som kan redusere energiforbruket og dermed kostnadene. Ledningsnett og tilhøyrande fordelingspunkt (trafoar) skal visast i plankartet som omsynssonar og gis nødvendige føresegner som tar ivaretek formålet. Dette gjeld også planlagte/nye traseer for overføringsledninger som er unntatt plankrav etter plan- og bygningsloven. Det skal langs vassdrag med årssikker vassføring sikrast eit belte med vegetasjon som hindrar avrenning, erusjon og flaum, samstundes som det sikrar det biologiske mangfaldet. Dette er tema som det er naturlig å vise som omsynssone med tilhøyrande føresegner, eller bare som føresegner. Direktoratet for mineralforvaltning Direktoratet for mineralforvaltning seier at i følgje planoversikten skal kommunedelplan for sand, grus og stein reviderast ved revisjon av kommuneplanens arealdel. Dei fleste områda for uttak i kommunen er spesifisert i ulike reguleringsplanar. Kommunen ser på moglege nye uttak, og ved ein implementering i kommuneplanens arealdel må desse inn i ein revidert plan for «sand, grus og stein».
Statens vegvesen Forum for natur og friluftsliv Oppland Dei er positive til dette, og ser det som ein fordel at dette også nemnast spesifikt i tekstdelen til planstrategien Statens vegvesen meiner at Regional plan for attraktive byer og tettsteder i Oppland, bør inngå som grunnlag i planstrategien. Dei seier at planstrategien gjev ei god oversikt over kommunens planbehov og for revisjonar av planar. Dette gjeld mellom anna kommuneplanens samfunnsdel og arealdel, inkludert kommunedelplan for Fossbergom. Viktige tema her er framtidig omkøyringsveg for rv.15. Statens vegvesen meiner det og er behov for revisjon av trafikksikringsplan frå 2010, og oppmodar kommunen til å halde fram det gode arbeidet med planen, med sikte på vedtatt plan og kvalifisering som trafikktrygg kommune i 2017. planen må innehalde både fysiske og førebyggande/handlingsskapande tiltak, og er ei føresetnad for å kunne søkje om fylkeskommunale tilskot til kommunale trafikksikringstiltak. Dei visar og til planlagt møte mellom kommunen og FTU (Oppland fylkes trafikksikringsutval) 8.november i år om dette arbeidet. Vegvesenet minne om at trafikksikringsplanen må reviderast minimum kvart 4. år. Forum for natur og friluftsliv (FNF) Oppland ber om at følgjande moment vert innarbeidd i planen: Tilrettelegging for gode muligheiter til å driva friluftsliv i nærleik til bustad og områder for turisme. Det må gjennomførast ei kartlegging og verdisetting av kommunens friluftsområder, og allmennhetens tilgang til utmarksareal må også sikrast. Dei frivillige organisasjonane som driv aktivitetstilboda og Kommunen veljar å ikkje nemne dette i dokumentet, då det kjem fram i planoversikten. Regional plan for attraktive byer og tettsteder i Oppland inngår som eit grunnlag i utarbeidinga av arealplanar i kommunen, men vil ikkje bli spesifikt nemnd i planstrategien. Trafikksikringsplanen er under revisjon, og kommunen gjer ei innsats for å bli ein Trafikksikker kommune. Takast til etterretning. Dei fleste punkta i innspelet vart svart på i høyringsnotatet til planprogrammet i juni 2015. Ved revisjon av kommuneplanen må kommunen forhalda seg til nasjonale, regionale og lokale føringar, i tillegg til gjeldande lovverk. Punktane FNF nemnar er relevante i planarbeidet med kommuneplanen, men vil ikkje innarbeidast i planstrategien, da det er viktig å få fram heilskapen i det kommunale planbildet i staden
tilretteleggingsarbeidet innanfor friluftsliv i lokalsamfunna må gis gode betingelser for å drive sitt arbeid, både gjennom medverknad, økonomiske virkemiddelordningar og gjennom politisk godkjenning og støtte. Framtidig utbygging må ta omsyn til landskapskonsekvensar av utbyggingar. Ber om prioritering av allmenne interesse som friluftsliv framfør private interesse i fortettingsbaserte utbyggingsprosjekt. Leggje meir vekt på samordna areal- og transportplanlegging, da transport står for halvparten av dei totale klimagassutsleppa i Oppland. Det bør leggjast til rette for at fleire vel å gå eller sykle til jobb/sule framfor å køyre bil. Styrka kartlegging av biologisk mangfald i kommunen i samsvar med naturmangfaldlovas målsettingar. Utgreiing for sikring av viktige friluftsområder og vern etter plan- og bygningslova av særlig verdifulleområder for biologisk mangfald. Ikkje utsette vassførekomstar for inngrep som kan redusere vassførekomstanes økologiske tilstand. Viktig at kommunen ikkje planlegger nedbygging i områder der det finnes trua arter og naturtypar. Ei vid medverknad i prosessen er viktig, og FNF Oppland ber om at dei og andre lokale organisasjonar inviteras til å delta i omtalte arbeidsgrupper og liknande. Lom Heimbygdslag Lom heimbygdslag visar til kulturminneplan under arbeid i planoversikta. Dei meiner at planstrategien i kommunen også bør omfatte kulturlivet og utvikle dette som ein del av ei vidare næringssatsing. Derfor meiner dei at planstrategien bør ta inn kultur, nasjonal/lokal kultur som eit område for vidare planlegging. Dei seier det er behov for ei sentral organisering og tilrettelegging av aktivitetar i Lom etter at Utgard kom på plass, for å hindre kollisjonar på felles arena, og med auga for nabokommunane. for å gå i djupna i dei tematiske drøftingane. Om medverknad, er FNF Oppland og andre lokale organisasjonar alltid velkomne til å delta i prosessane Under punkt 4.6 (Nye planar) i planstrategen er det nemnd kulturminneplan. Viktige kulturminne og kulturmiljø skal etter plan- og bygningsloven merkast på arealkartet. Ein kulturminneplan kan og vera tenleg for å sjå korleis dei ulike kvalitetane kan nyttast i næringsutvikling. Når det gjeld omgrepet kultur, meiner kommunen at dette er tema for næringsplanen, som vil
Diktarsenteret på Loar vil, saman med diktarheimane, kunne bli eit sentralt element i ein kulturminneplan. inkludere m.a. næringsutvikling og landbruk. Regionalenheten i Oppland Fylkeskommune Fylkeskommunen seier at dokumentet innleiingsvis beskriver kva planstrategi er på ein god måte. Dei seier dokumentet er kort og konkret og er realistisk på kva slags planar som det skal arbeidas med dei neste fire åra. Fylkeskommunen saknar ei synleggjering av korleis den politiske involveringa er gjennomført i planstrategiarbeidet i Lom. Dei saknar ei vurdering over dei forskjellige utviklingsstrategiane og korleis desse er knytt opp mot ulike utfordringar kommunen står ovanfor. Dersom dette er gjort i arbeidet med samfunnsdelen, bør eit samandrag av dette skrivas inn i planstrategidokumentet slik at dokumentet står på eigne bein. Fylkeskommunen meiner det er to sentrale tema kommunen bør drøfte nærmare i planstrategien. Befolkningsutviklinga og utfordringar knytt til auka av eldre og det omsorgsbehovet kommunen står ovanfor dei neste 10-30 åra. Næringsutvikling med eit spesielt fokus på reiselivet. Den politiske involveringa er gjort gjennom utvalsmøte (formannskap) og gjennom dialogmøte med kommunestyret 15.september i år. Kommunens utfordringar og planbehov i gjeldande valperiode er stort sett tilsvarande frå førre valperiode. Dei ulike utgreiingsbehova i kommuneplanen vart utdjupa i planprogrammet (jf. punkt 4.2 i planstrategien). Det vart også ramsa opp nasjonale, regionale og lokale føringar for planarbeidet i planprogrammet. Kommunen meiner dei ulike utfordringane som er knytt til vurdering av forskjellige utviklingsstrategiar kjem godt fram her, og ein gjer difor ingen endringar i sjølve planstrategidokumentet. Desse to temaa vert omtala i kommuneplanens samfunnsdel. Viktig med fokus på helsefremjande arbeid og førebygging, være attraktiv for innbyggjarar i alle livsfasar og ha god heimebasert omsorg og tenester. Lom skal være ein attraktiv reiselivsdestinasjon og handelsstad også i
framtida, og utviklast som arrangementsstad. Fylkesmannen i Oppland Dei meiner at planoversikten bør inngå i sjølve plandokumentet og som vedlegg. Uttale ikkje motteke per 20.10.16. Takast til etterretning. Dersom det må gjerast endringar i planstrategidokumentet grunna fylkesmannens uttale, må dette ettersendast.