ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Like dokumenter
TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Årets nysgjerrigper 2010

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Vintervèr i Eksingedalen

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Elevundersøkinga 2016

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Sofies hemmelegheit.

Refleksjon og skriving

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Leker gutter mest med gutter og jenter mest med jenter? Et nysgjerrigpersprosjekt av 2. klasse, Hedemarken Friskole 2016

Årets nysgjerrigper 2009

Nysgjerrigpermetoden for elever. Arbeidshefte for deg som vil forske selv

Mobbing på mindre og større skular

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

«Mestringsforventningar»

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Årets nysgjerrigper 2009

Info til barn og unge

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

SØTT OG SUNT? Kor sunt er det å eta honning?

Nysgjerrigper-konkurransen 2017

Nysgjerrig på det meste

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Hvordan snakker 3. klassinger til 1. og 2. klasse? Bekkestua barneskole, klasse 3c Bærum kommune, Akershus fylke

Årets nysgjerrigper 2010

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

mmm...med SMAK på timeplanen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vel nynorsk for barnet ditt!

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Nysgjerrigper-konkurransen Hvor går folks personlige grenser?

Til deg som bur i fosterheim år

Kvifor er ein mørkredd?

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

Til deg som bur i fosterheim år

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Forskerspiren. Didaktisk modell for ope forsøk. Idar Mestad

Årets nysgjerrigper 2008

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Frå dikt til teikneserie

Årets nysgjerrigper 2009

Kvifor maler katten? Årets nysgjerrigper 2012

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Årets nysgjerrigper 2009

Stillaste jenta i klassa

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

Prosjekttittel: Hvordan er humøret/oppførselen vår etter at vi har sett en film av ulike

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Informasjon til elevane


P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Heilt einig. Litt einig

Hvorfor reagerer dyr forskjellig i mørket?

Bekkestua Barneskole, klasse 3A, Bærum kommune, Akershus fylke

Velkome åt bygda vår!

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

OK, seier Hilde og låser.

Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring

Skuleåret 2017/2018.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Kor lenge søv ein hest, og ligg hesten når han søv?

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Barnerettane i HEIMEN

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Nysgjerrigper-konkurransen Hva gjør elevene og lærerne på Gullhaug flaue?

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Kvifor er kaninner så forskjellige og korleis ble dei kjæledyr?

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.


Minnebok. Minnebok NYNORSK

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Om å høyre meir enn dei fleste

Transkript:

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 Kva er det som gjer at lærarane ikkje er like strenge? 7.klasse ved Solund barne- og ungdomskule

Dei fleste elevar tenker vel på at den og den læraren er streng, og den læraren er ikkje så streng, men har de nokon gong tenkt på kva slags type lærarar som er strenge og kven som ikkje er strenge? I dette forskingsprosjektet brukte vi nysgjerrigpermetoden til å undersøkjer om ulike grupper av lærarar og vikarar har ulike grenser for å reagere på uro i klasserommet. Vi fant åtte hypotesar til problemstillinga vår, men enda opp med seks. Gjennom observasjonar og små intervju fekk vi inn mykje informasjon som vi talde opp, samanlikna og presenterte som diagram. I løpet av observasjonsperioden har vi vert med i dei aller fleste fag og vert innom nesten alle lærarane ved skulen vår. Nysgjerrigpermetoden 1 Dette lurer eg på Då vi starta opp med kapitlet Vitskap i naturfag, ville læraren vår at vi skulle få prøve å vere ekte forskarar. Vi vart veldig motivert når ho fortalde om nysgjerrigper og den forskingskonkurransen vi kunne vere med på. Og det takka vi selvfølgelig ja til. Det som motiverte oss mest var vel det at vi fekk gjere noko nytt og spennande, men då vi fekk høyre om premien blei vi enda litt motivert. Det var kanskje litt kort tid til fristen, men ved å bruke timar frå andre fag enn naturfag, tenkte vi at det skulle gå. Læraren vår sa at det viktigaste var å prøve ut den vitskaplege metode for forsking. Det første vi gjor var å sjå på andre sine forskingsprosjekt og vi gjekk igjennom nysgjerrigpermetoden steg for steg. Vi såg at temaet for konkurransen i år var grenser. Læraren vår skreiv GRENSER på tavla, og vi måtte komme med idear til problemstillingar som hadde med grenser å gjer. Vi hadde mange idear til problemstillingar i starten, men vi klarte til slutt å finne nokon som kunne passe til temaet. Slik såg tavla vår ut etter ei lita stund: Skjermbilde frå den digitale tavla vår

Vi bestemte oss for å gå for «Grenser for å bli sint/irritert» og ville lage ei problemstilling som vi kunne undersøke. Vi diskuterte kvar og korleis vi kunne undersøke ei problemstilling knytt til dette temaet og fant ut at det lettaste ville vere å bruke skulen vår. Alle var einige i at vi kunne finne ut kva som gjer lærarane sinte/irriterte, og vi prøvde å formulere ei problemstilling som vi kunne undersøke. Vi sat saman to og to for å finne noko vi kunne undersøke. Desse forslaga kom på tavla: Vi enda opp med denne problemstillinga: Kva er det som gjer at lærarane har ulik grense for å bli sint/irritert?. trudde vi. Etter at vi hadde laga hypotesar og såg at dei fleste av dei hadde med å vere streng å gjere, fant vi ut at problemstillinga skulle vere: Kva er det som gjer at lærarane ikkje er like strenge? 2 Kvifor er det slik? Vi kom fram til åtte hypotesar som vi trudde kunne være svaret på problemstillinga vår. 1. Vikarar er mindre strenge enn lærarar Vi tenkte at vikarane bryr seg sikkert ikkje så mykje dersom elevane bråkar. 2. Kvinnelege lærarar er strengare enn mannlege lærarar Vi tenkte at dei kvinnelege lærarane var strengare på om det var bråk i klassa 3. Lærarar med mest utdanning er strengast Lærarar med mest utdanning er nok strengare fordi dei har lyst til at elevane skal lære og dei har meir erfaring. 4. Dess eldre læraren er dess strengare er han/ ho Lærarane som er eldre er strengare fordi når dei vaks opp var det mykje strengare enn no. 5. Nye lærarar er mindre strenge enn dei som har jobba her lenge lærarane som ikkje har jobba her så lenge er kanskje litt redd for å sei i frå og kanskje dei ikkje er heilt trygge.

6. Dess eldre elevane er, dess strengare er lærarane Om elevane er eldre, tør lærarane å vere litt strengare. 7. Dess frekkare elevane er, dess strengare er lærarane Elevane påverkar læraren når dei er frekke og då blir læraren fortare irritert. 8. Lærarar som ikkje har ete frukost/lunsj har lågare grense for å bli irritert Dei som ikkje eter lunsj/frukost, blir fort irritert fordi dei blir svolten og lågare grense for å bli irritert. 3 Legg ein plan Vi bestemte oss for å lage eit observasjonsskjema og gjennomføre intervju. Observasjonsskjemaet skulle vi bruke i klasserommet for å notere ned ulike reaksjonar hos lærarane. I tillegg ville vi bruke intervju for å finne informasjon om den enkelte lærar som kunne ha noko å seie for resultata. Vi ville undersøkje alle hypotesane samtidig. Ved hjelp av observasjonsskjemaet kunne vi registrere data opp mot alle hypotesane vi hadde. Det var to elevar som gjekk inn i eit klasserom om gangen. Vi observerte alle klassane utan om oss sjølve. Før vi begynte og observere måtte vi spørje rektor om lov til å observere alle lærarane. Og det fekk vi lov til. Først gjekk vi i grupper for å diskutere kva vi skulle ha med på skjemaet, så felles på tavla der vi også laga spørsmål til intervju som vi skulle ha med i skjemaet. Og så blei alle i klassen einige om kva av forslaga vi skulle bruke. Vi hadde nokon punkt på skjemaet som vi skulle sette strek på for kvar gong vi observerte dette. Dette var punkta: Korleis er humøret på læraren når han/ho kjem inn i rommet? Sett ein strek kvar gong læraren snakkar til ein elev som forstyrrar: (snakkar utan å få ordet, går i frå plassen sin, anna som stel oppmerksamheit) Set ein strek kvar gong læraren ikkje snakkar til ein elev som forstyrrar (same som ovanfor) Set ein strek kvar gong lærar ropar/snakkar sint til ein eller fleire elevar Set ein strek kvar gong elevar svarar læraren frekt Set ein strek kvar gong læraren skryt av elevane

Set strek for kvar gong nokon blir sendt på gangen Set strek når læraren snakkar til alle i klassa for at det er uro: ( sjølv om det bare er nokre få som uroar) Vi ville også intervjue lærarane for å kunne skilje dei ulike gruppene som vi hadde med i hypotesane våre. Elevane og lærarane som vi skulle observere fekk ikkje vite kva prosjektet gjekk ut på fordi då kunne resultatet bli påverka. Heile klassa snakka i lag om korleis vi skulle tolke dei forskjellige punkta som sto på skjemaet. For eksempel «snakkar til» blei vi einige om at det var når elevane hadde gjort noko som forstyrra og at det ikkje var å snakke med elevane. 4 Hente opplysningar Vi fikk ein timeplan og mange observasjonsskjema av læraren vår i kvar si rosa mappe, og begynte og gå rundt i klassane. Vi var to og to som gjekk rundt og var innom forskjellege lærarar og forskjellege klassar. Når vi kom inn i klassane var det ofte to stolar bak i klasserommet som vi kunne sitte og observere på. I klasseromma skjedde det ikkje så masse fordi vi måte sitte heilt stille bak i klasserommet for å ikkje skape oppmerksomheit Vi synest det var spennande og nytt og vere med på eit så stort forskingsprosjekt. I begynnelsen var vi veldig glade for at vi fekk bruke så mange timar på forsking, men etter nokon dagar med observasjon synst alle det blei ganske kjedeleg å observere i klassane. Etter timane hadde vi eit lite intervju med læraren med diverse spørsmål om utdanning, alder, kjønn og om dei hadde ete frukost/lunsj.

Vi observerte to timar kvar dag i fem dagar. Vi observerte ti timer totalt. Og med ti elevar skulle det bli 100 observasjonsskjema. Det vart til saman 81 skjema. Dette kom av at ein elev var sjuk ein dag, nokre dobbeltimar gløymde vi å skrive på to ark, og ein gymtime fant vi ikkje klassa vi skulle observere. (Dette skriv vi litt om under feilkjelder) 5 Dette har eg funnet ut: Når alle var ferdige med observasjonsperioda, samla vi alle mappene med skjema. Vi vart fordelt to og to som fekk ansvar for å telle opp kvar sine hypotesar. Vi hadde eit skjema som likna på observasjonsskjemaet, men på intervjudelen hadde vi berre med det som gjaldt den hypotesa. Vi gjekk igjennom alle permane, den eine talde opp og den andre noterte ned for kvar av observasjonspunkta. Til dømes talde vi opp kor mange strekar det vart satt for å snakke til elevane totalt i dei ti mappene. Vi hadde to ark for kvar hypotese t.d. eit ark for kvinnelege lærarar og eit for mannelege lærarar. Vi oppdaga at hypotese: Lærarar med mest utdanning er strengast, ikkje var mulig å avgjere slik som det hadde blitt talt opp, så her måtte dei telje på nytt slik at det kom tydeleg fram kor mange som hadde lærarutdanning eller ikkje. Til slutt når vi talde opp alle observasjonsarka kom vi fram til at vi hadde 81 ark med observasjonar på. Dette stemde ikkje med alle sine oppteljingar. Antal observasjonstimar varierte alt frå 70 til 97. Vi vart einige i å kutte ut to av hypotesane. Vi kutta ut hypotese 7) Dess frekkare elevane er, dess strengare er lærarane, fordi det vart litt vanskelig å avgjere korleis vi skulle telje det opp. Hypotese 8) Lærarar som ikkje har ete frukost/lunsj har lågare grenser for å bli irritert, droppa vi også fordi så og seie alle lærarane hadde ete frukost/lunsj i obeservasjonsperioden. Det var dessutan meir enn nok arbeid å telje opp for dei seks andre hypotesane. Vi skreiv opp alle punkta på tavla som gikk innafor å vere ein streng lærar eller ikkje. Vi tenkte at ein streng lærar gikk under punkta: lærar som hadde snakka til elevane, ropa/snakka sint, snakka til alle i klassa eller sendt nokon på gangen. Så tenkte vi at en lærar som ikkje er streng gikk under punktet: Dei som ikkje snakkar til elevar som forstyrrar undervisninga. Vi tok alle resultata inn i Excel og lagde stolpediagram. For kvar hypotese hadde vi to grupper av lærarar som vi ville samanlikne. Vi talde reaksjonar i kvar av gruppene og summerte det i Excel. Etterpå talde vi ikkje-reaksjonar per gruppe. Med det samme såg det ut som ei av gruppene skilde seg raskt ut, men vi fant ut at for at vi skulle kunne samanlikne gruppene måtte vi vite kor mange reaksjonar det i snitt hadde vore per lærar, og kor mange ikkje-reaksjonar det var i snitt. Alt dette gjor vi i Excel. Vi laga stolpediagram der dei to gruppene vart framstilt både for reaksjonar og ikkje reaksjonar.

Slik vart resultata: Det ser her ut som vikarar og lærarar har omtrent like mange reaksjonar, men lærarane har fleire ting dei ikkje har reagert på. Ut i frå diagrammet ser det derfor ut som hypotesen ikkje stemmer. Det ser her ut som lærarane på ungdomsskulen har fleire reaksjonar, men samtidig har dei også fleire ting dei ikkje har reagert på. Dette vart derfor vanskeleg å avgjere etter våre kriterier. Her er det dei mannlege lærarane som absolutt har flest reaksjonar i snitt per time, men dei har også flest gongar dei ikkje har reagert. Det kan sjå ut som hypotesen ikkje stemmer, men vi er ikkje sikre. Det er ganske likt mellom dei som er under og over 40 år når vi ser på reaksjonar. Men dei som er over 40 år overser fleire hendingar enn dei som er yngre. Hypotesen stemmer ikkje.

Igjen ser det ut som hypotesen ikkje stemmer. Dei som ikkje har lærarutdanning har fleire reaksjonar enn dei som har lærarutdanning. Og dei har også færre hendingar som dei ikkje har reagert på. Men her er det ganske likt. Også her ser det ut som hypotesen ikkje stemmer. Dei som har jobba her mindre enn 2 år har fleire reaksjonar enn dei som har jobba her lengre. Og dei har også færre hendingar som dei ikkje har reagert på. Vi synest det er rart at vi skulle ta så feil i nesten alle hypotesane våre. Vi er derfor ikkje så sikre på om det vi har observert er det som gir oss svar på problemstillinga vår. Vi har t.d. ganske mange feilkjelder: Då vi observerte i klassane kunne det hende at vi ikkje noterte ned dei samme tinga, noken hadde t.d. satt strek ved hysj, medan andre ikkje hadde det. Elevane og lærarane har kanskje blitt påverka av at vi satt inne i klasserommet for å observere. Det var heilt sikkert nokon feil ved oppteljing av dei ulike skjema. Nokon må ha tald opp for mange ark. (nokon hadde totalt 97 observasjonstimar, medan vi hadde bare totalt 81 ark som var fylt ut) Nokon hadde talt for få ark. Ingen hadde akkurat 81, men to grupper hadde 82. Av ulike grunnar vart ca 6 av timane avlutta 15 minutt før vanleg tid. Nokon av timane var det vanskeleg å vite kva vi skulle observere. Det var gymtimar, kunst og handtverk og mat og helse timar. I desse timane vart det nesten ikkje notert noko. Nokon dobbeltimar vart tald som ein time. Desse feilkjeldene våre har heilt sikkert påverka resultata våre. Vi har derfor bestemt oss for å ikkje lage nokon konklusjon på problemstillinga vår. Konklusjonen må i så fall bli at det er vanskeleg å avgjere kva som gjer at lærarane ikkje er like strenge. Vi tenker at det å ha mange reaksjonar ikkje nødvendigvis seier noko om at læraren er streng, det kan jo vere andre grunnar til at det er mykje å reagere på.

6 Fortel til andre Vi vil gjerne fortelje om forskinga vår til andre gjennom nysgjerrigper.no og sender derfor rapporten vår inn til Årets nysgjerrigper. Vi har eigentleg ikkje eit resultat eller konklusjon å komme med, men vi er alle einige i at det har vore spennande, arbeidskrevjande og lærerikt å jobbe som forskarar. No veit vi litt meir om kor mykje som skal til for å forske på noko. Mange av elevane og lærarane har vore nysgjerrige på kva vi har drive med, så det går kanskje an å presentere det for dei. Rapporten er laga av: Oda R, Sara, Ingeborg, Sander, Vetle, Oda H, David, Mia, Even og Jonas. Rettleiar: Nina K Engevik