Barnerettane i HEIMEN

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Barnerettane i HEIMEN"

Transkript

1 Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i HEIMEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginal DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til privatliv Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor MISBRUK Artikkel 19: Alle barn har rett til at ingen skadar eller misbrukar dei

2 AKTIVITETSARK FORSLAG TIL AKTIVITETAR OG FREMGANGSMÅTE Introduksjon til Barnerettane i heimen Dette temaet kan vere litt følsamt for nokre barn, og det kan derfor vere viktig å starte introduksjonen med noko som handlar om andre barn enn dei sjølv, slik dette er gjort i introduksjonen. Aktuelle artiklar frå barnekonvensjonen I tillegg til hovudartiklane for dette undervisningsopplegget - 2, 12, 16 og 19, er det her aktuelt å ta fram artiklane 5, 18 og 27. Mål: Elevane veit at det ikkje er lov å slå barn barn har rett til å uttale seg om det som vedkjem dei og skal bestemme meir desto eldre dei blir foreldre har rett og plikt til å rettleie barna jenter og gutar skal ha like moglegheiter RETTAR OG ALDER Her er formålet å gi elevane kunnskap om korleis nokre av dei rettane dei har heng saman med alder. Foreldre kan bestemme ganske mykje, ganske lenge, men barn skal i aukande grad få vere med å bestemme, eller bestemme sjølv. Materiell/ressursar Bruk Aldersplakaten frå Barneombodet eller ein A4-kopi av denne. Bilete av ein baby (vi kallar henne Louis), Louis som 7 år, som 12 år og som 15 år (sjå hjelpeark). Elevversjonen av barnekonvensjonen. Organisering Organiser elevane i formålstenlege grupper. Aktivitet Introduser elevane for aldersplakaten og elevversjonen av barnekonvensjonen på nytt. Fortel at aldersplakaten handlar om rettar barn har etter norsk lov (barneloven) og at gruppene skal bruke desse når dei arbeider.

3 AKTIVITETSARK Introduser elevane til biletet av Louis som baby. «Hei mitt namn er Louis. Eg blei fødd i dag. Kan de hjelpe meg å vekse opp med alle dei rettane eg skal ha i familien min?» Be gruppene skrive ned dei rettane Louis skal ha allereie frå den dagen ho blir født. Introduser elevane for biletet av Louis som 7-åring. Be gruppene skrive ned dei rettane Louis skal ha no. Gjenta det same med dei to siste bileta (Louis som 12-åring og 15-åring). Summer i plenum. Mål: Elevane veit at barn har rett til privatliv. RETT TIL PRIVATLIV Retten til privatliv opptek mange barn. Formålet med dette temaet er å bevisstgjere elevane på at dei faktisk har rett til eit privatliv sjølv om dei er barn. Mange foreldre er heller ikkje klar over denne retten. Materiell/ressursar Korta med barnerettane, spesielt artikkel 16. Spørsmål og svar frå «nettmøte med barneekspertane» på hjelpearket, spørsmål 2 og 9. Aldersplakaten. Organisering Bruk dei same gruppene som ved førre tema, eller drøft spørsmåla i plenum etter at elevane har snakka saman to og to. Aktivitet Ta utgangspunkt i spørsmåla og be elevane om å gi dei som spør eit svar. Be elevane om å grunngi svara sine med utgangspunkt i barnekonvensjonen og aldersplakaten (tilpass til alder). Summer og diskuter i plenum. Lag saman «tre gode råd til foreldre om barn sin rett til privatliv», som elevane kan ha med seg heim og diskutere med foreldra. Dette kan vere utforma på ein plakat som også skal gjelde lærarane på skulen.

4 AKTIVITETSARK X-TRA NETTMØTE MED BARNEEKSPERTANE I denne delen av «Barnerettane i heimen» er formålet å fokusere noko meir på kvar enkelt elev og spørsmål som mange barn og unge lurer på. Materiell Barnekonvensjonen. «Aldersplakaten»/ plakaten med barnerettane. Samlivsbrotplakaten. Brev frå «lesarane»/spørsmål og svar frå nettmøtet med barneekspertane (sjå ressursarket). Tilgang til PC til kvar gruppe dersom dette er mogeleg. Dersom ikkje, skriv dei på ark. Organisering Det kan no vere lurt å reorganisere gruppene litt. Det vil skape litt auka kreativitet og nye idear. Del ut spørsmåla på hjelpearket til kvar gruppe. Gi gruppene forskjellige spørsmål. Aktivitet Introduser aktiviteten for elevane. Eks.: «Vi skal no tenkje at vi har eit nettmøte og at de er barneekspertane som svarer på spørsmål frå andre barn.» Prøv å skrive eit svar på spørsmåla, slik at den som spør lærer noko om kva rettar dei har. Oppfølging av nettmøtet Denne aktiviteten kan følgjast opp med å leggje ut informasjon som «spørsmål og svar» på skulen si eiga heimeside der dette er mogeleg. Klassen kan også summere arbeidet med spørsmåla og skrive eit innlegg/lesarbrev om barn sine rettar i anten «skuleavisa», på ein lokal nettstad eller i lokalavisa m.m. Eit anna alternativ er at svara til elevane endar ut i ein plakat om barn sine rettar på ulike alderstrinn, utforma med logoen til skulen og teksten til elevane.

5 AKTIVITETSARK OPPSUMMERING Nokre gonger kan barn ha lyst til å kjøpe noko eller gjere noko, men det er ofte foreldra som bestemmer. Når du er f.eks. 15 år kan du melde deg ut og inn av organisasjonar sjølv. Alle barn har rett til vern. Staten skal passe på at foreldre vernar barna sine. Alle barn har rett til privatliv. Barn skal bli høyrt i alle forhold som vedkjem dei. Når barn blir eldre, skal det dei meiner bety meir for kva dei vaksne skal bestemme seg for. Jenter og gutar har dei same rettane. HUGS: Alle diskusjonar om barn sine rettar heime kan vekkje uro hos enkelte barn. Nokre kan, etter denne undervisingsøkta, kjenne at dei har behov for å snakke med nokon. Du bør derfor førebu dette. Avtal med rektor, inspektør, sosiallærar eller ein kollega som er disponibel, at dei kan tilkallast av deg dersom det blir behov for det. Dersom det kjem fram informasjon frå enkeltelevar som det er behov for å melde vidare, sjekk at skulen har gode prosedyrar på dette. Dette kan vere opplysingar som må meldast for eksempel til barnevernet. Fortel elevane at dette temaet kan vere vanskeleg for nokre barn, og at det er heilt naturleg, familiar er forskjellige osv. Informer elevane om at det er mogeleg å snakke med deg (eller ein andre vaksne på skulen som du veit elevane er trygge på), rett etter timane. Fortel elevane at dei også kan kontakte deg etter dette, i morgon osv. Informer elevane om kontakttelefonane for barn: Alarmtelefonen: , Raude Korstelefonen: Følg nøye med på reaksjonane til elevane undervegs.

6 RESSURSAR TIL NETTMØTE MED BARNEEKSPERTANE Her finn du nokre spørsmål, formulert som lesarbrev. Dette er spørsmål som ofte blir stilt til Barneombodet i den opne ressursen som heiter «Spør Barneombudet» (sjå: For dei yngste elevane kan nokre av spørsmåla være litt vanskelege å finne gode svar på. Føl deg derfor fri til berre å bruke dette som ein idé-bank, og lag spørsmåla enklare dersom du tenkjer det er lurt. Forslag til svar på spørsmåla finn du til slutt på dette hjelpearket. Dette er svar Barneombodet har gitt, men som ikkje nødvendigvis er dei einaste «riktige» svara. Både barnekonvensjonen og norsk lov opnar for tolkingar som kan gjere dette litt vanskeleg. Du kan gjerne lage spørsmål sjølv, dersom det blir for lite med 10 spørsmål, eller hente fleire frå «Spør Barneombudet». SPØRSMÅL 1. Gut 8 år: Hei Mamman min lèt meg sjå filmar med 11 års grenser, kan eg det? 2. Jente 13 år: Mora min vil ha passordet mitt på Facebook, til e-posten og koden på telefonen. Ho har fleire gonger sett på meldingane og e-posten min. Er dette rett? Har ho lov til å krevje dette? I tillegg har ho fleire gonger kravd passordet på datamaskina mi. Og når eg er hos pappa, må eg sitje nede saman med dei når eg vill bruke datamaskina, så dei kan overvake meg! Er det rett det dei gjer? 3. Gut på 15 år: Lurte på om kvar går grensa til privat liv som eg har rett på? 4. Gut 12 år: Kva rettar har eg som 12-åring? 5. Gut 13 år: Kan foreldra mine nekte meg å snakke? 6. Gut 13 år: Kva rettar har eg når politiet har gitt opplysningar til media, sånn at alle der eg bur veit kva eg har gjort. Politiet tok ein samtale med meg før dei tilkalla foreldre og dei opplysingane + alderen min blei gitt til avisa, og no får eg masse kommentarar for det eg har gjort. Alle veit det... Det som står i avisa er ikkje sant eingong, det innrømde politiet. Alt ser mykje verre ut enn det var. 7. Jente 11 år: Kva for nokre rettar har vi når vi er 11 år? 8. Jente 13 år: Hei. Eg har eit problem. Pappa snokar på romma mitt når eg ikkje er heime og eg har gitt han klar melding om at han ikkje får lov. På romma har eg kondom mange stader (bruker dei ikkje), klede eg har lånt av han og systera mi, og han blir sint når han finn dei. Ein dag sa eg til han: Du får ikkje gå på rommet mitt, dersom du gjer det flytter eg. Dagen etter var eg med bestevennen min heim. Seinare på kvelden fekk eg denne meldinga: Veit du kva eg fann for noko rart i skapet ditt?. Eg blei veldig sur, og ville ikkje heim! Kva kan eg gjere? Har foreldre lov å snoke på romma til barna, vil jo ha litt privatliv? 9. Gut 9 år: Eg vil bu meir hos pappa. Men mamma vil ikkje. Mamma seier at samfunnet har bestemt det. Pappa seier at han har snakka med mamma mange gonger på eit kontor men ho vil ikkje. Når er eg gammal nok til at eg får bestemme sjølv kor eg vil bu? 10. Jente 11 år: Eg har ikkje lyst til å gå på korps, mamma og pappa seier at eg må. No har eg gått på korps i snart to år og eg vil framleis slutte. Korleis kan lova få mamma og pappa til å bli tvinga til å gi meg lov til å slutte på korps?

7 SVARA FRÅ BARNEOMBODET 1. Svar til Gutt 8 år: Ja, det kan du. Når du er 8 år, så kan du sjå filmar med 11-årsgrense dersom du ser filmane saman med ein vaksen. 2. Svar til jente 13 år: Artikkel nr. 16 i barnekonvensjonen, som også blir rekna som norsk lov, seier at alle barn har rett til eit privatliv. Det er viktig at også barn skal få ha nokre løyndomar. Men foreldre har også rett til å gjere det dei meiner er best for barna, så lenge dette ikkje bryt lova. Dersom foreldra dine er veldig urolege for at du er i fare, så har dei altså moglegheit til å be deg vise e-postar og liknande. Barnekonvensjonen seier også at barn skal få meir ansvar etter kvart som dei veks. Altså skal foreldre bli mindre strenge dess eldre barna blir. Vi synest ikkje foreldra dine bør blande seg for mykje med mindre dei er veldig redde for at du er i fare. Vi synest heller at foreldre skal snakke med barna sine om kva ein driv med på nett. Og at barna skal fortelje foreldra sine kva dei driv med slik at foreldra ikkje skal vere så urolege. Og dersom dei MÅ sjå e-postane, eller gå inn på profilen din dine, skal dei fortelje deg om det og ikkje gjere det i skjul. På den måten kan de stole heilt på kvarandre. Vis foreldra dine dette svaret, og ta ein ordentleg prat saman om korleis de skal ha det. Fortel dei om korleis du opplever det. 3. Svar til gut 15 år: Det vil kome an på kor mogent barnet eller ungdomen er, og kva situasjon det er snakk om. Foreldre har ansvar for barna sine. Det betyr blant anna at foreldre skal ta gode avgjerder for barna. Etter kvart som barnet blir eldre og meir mogent, skal barnet får meir og meir påverknad på desse avgjerdene. Barnet skal også få bestemme meir og meir sjølv. Det er naturleg at barnet får meir og meir ansvar mot den dagen barnet fyller 18 år og er myndig. På same måte er det naturleg at barnet får ha meir og meir av privatlivet sitt for seg sjølv. Barnet skal for eksempel kunne ha gode løyndomar saman med vennene sine, kunne skrive dagbok utan at andre les den, få vere i fred på rommet sitt, eller kommunisere med venner på nettet utan at foreldra skal blande seg. Men dersom foreldra er urolege for barnet og trur barnet gjer noko som er skadeleg, så må foreldra gjere noko med dette. Den beste måten er at foreldra snakkar med barna på ein ordentleg måte. Nokre gonger bestemmer foreldra noko som barnet ikkje er einig i. Dette kan foreldra gjere dersom dei meiner det er best for barnet. I slike situasjonar er det også viktig at foreldre og barn snakkar om kva som blir bestemt. Sjølv om ein ikkje alltid er einig i ting, så er det viktig at ein blir forklart kvifor noko blir bestemt. Det er viktig å hugse på at foreldre bør ha ein god grunn til å bryte privatlivet til barnet. Det held ikkje å berre ha lyst til å halde oversikt over kva barnet for eksempel gjer på nettet. Foreldra skal ha mistanke om at barnet gjer noko som kan vere skadeleg.

8 4. Svar til gut 12 år: Barn har mange forskjellige rettar. Nokre av rettane har alle barn heile tida, for eksempel retten til å bli høyrt og til å seie meininga si. Den retten pluss mange fleire kan du lese meir om i barnekonvensjonen. Den kan du finne her. Andre rettar får ein etter kvart som ein blir eldre. For eksempel kan du nekte å skifte etternamn når du er 12 år, eller du kan sjå ein film med 15 års aldersgrense dersom du er saman med ein vaksen. Du kan lese meir om kva rettar ein har frå ein er 0 år til 18 år her. 5. Svar til gut 13 år: Foreldra dine kan ikkje nekte deg å snakke. Dei kan be deg om vere stille for ei lita stund, dersom det er nødvendig i ein spesiell situasjon. For eksempel kan dei be deg om å vere stille under ei framsyning på skulen, eller be deg om å vente litt, dersom det er nokre andre som snakkar. Foreldra dine kan ikkje berre nekte deg å snakke utan ein god grunn. Vi håper dette var svar på spørsmålet ditt, viss ikkje er du velkomen til å ta kontakt igjen! 6. Svar til gut 13 år: Vi forstår godt at det er utriveleg at alle «veit» kva du har gjort, særleg dersom det dei «veit» ikkje er heilt riktig. Politiet skal vere forsiktige med å seie ting til media som gjer at alle kan forstå kven som er mistenkt for å ha gjort noko galt. Dette gjeld særleg i saker der barn er mistenkt for noko. Samtidig skal politiet fortelje media kva som har hendt. Vanlegvis skal ikkje politiet ha ein samtale med barn utan foreldra til stades. Nokre gonger kan det vere nødvendig likevel, for eksempel fordi politiet ikkje får tak i foreldra, eller fordi det hastar med å finne ut av kva som har skjedd. Foreldra dine kan hjelpe deg med å lese og forstå reglane som gjeld for deg. Du kan derfor vise dette svaret til foreldra dine. Saman med dei kan du sjå om politiet har brote reglane. Dersom du og foreldra dine meiner at politiet ikkje har følgt reglane, kan de klage til politimeisteren. Skriv såg nøyaktig som mogeleg kva som har hendt. De kan også be om hjelp frå ein advokat. 7. Svar til jente 11 år: Når du er 11 år skal foreldra dine høyre på deg og dine meiningar. For eksempel skal du vere med å bestemme kor du skal bu, og kor du skal vere i ferien din viss foreldra dine er skilte kan du sjå film med 11 årsgrense aleine eller saman med andre barn kan du bli valt inn i elevrådet på skulen din kan du sjølv klage til skulen dersom du ikkje har det bra på skulen skal skulen høyre på deg før dei bestemmer kva som er det beste tilbodet for deg dersom du treng ekstra hjelp Dersom det er andre ting du lurar på om du har rett til så ta kontakt med oss, så svarar vi deg på nytt. 8. Svar til jente 13 år: Så fint at du skriv til oss. Vi ser at du lurer på om foreldre har lov til å snoke på romma til barn og retten din til privatliv. Det er fleire som skriv til oss om mykje av det same som du opplever. Du er over 12 år, og det skal leggjast stor vekt på det du meiner i personlege forhold. Det vil seie ting som gjeld deg. Og det er bra at du seier i frå til pappaen din. Vi syntest også at det er trist at du kjenner du ikkje vil dra heim når det er slik. Foreldre har ikkje lov til å snoke rundt i dine private ting så lenge de ikkje er urolege for noko skadeleg. Det kan for eksempel være

9 ulovlige ting, narkotika og liknande. Vi har tidligare svart ei jente på 14 år som opplevde at mor hennar var inne på rommet hennar og rota i ting. 9. Svar til gut 9 år: Foreldra dine må snakke med deg for å finne ut kva du meiner før dei bestemmer seg for kor du skal bu. Det betyr ikkje at du kan bestemme. Men du skal altså ha sjanse til å seie meininga di om saka. Jo eldre du blir desto meir skal meininga di telje. Når du er 12 år skal meininga di telje mykje. Men fram til du er myndig er det til sjuande og siste foreldra dine som har ansvaret for å bestemme kor du skal bu. Det som er viktig å vite er at ein avtale om bustad skal vere god for barnet det gjeld. Det betyr at mora og faren din må ta omsyn til kva som vil vere best for deg når dei skal lage ein slik avtale. 10. Svar til jente 11 år: Frå du er 7 år har du i følgje barnekonvensjonen rett til å bli høyrt i saker som gjeld deg. Barnekonvensjonen er norsk lov. Frå du er 12 år skal meiningane dine blir stor vekt lagd på. Dersom du ikkje vil gå i korps må foreldra dine ha gode grunnar til at du må dette. For barn er det ofte veldig fint å ha ein fritidsaktivitet ved sida av andre ting. Kva aktivitet dette er bør du få vere med å avgjere. Snakk med foreldra dine og vis dei gjerne denne meldinga. Du kan også snakke med andre vaksne om det dersom du treng fleire råd om korleis du skal snakke med mamma og pappa om dette. For eksempel helsesyster. Helsesyster er vant til å snakke med barn og unge og har teieplikt. I tillegg kan ein ringe til, eller chatte med nokon som jobbar for ei teneste som heiter «Kors på halsen». Det er Røde Kors si telefonteneste for barn. Du finn meir informasjon om dei her: Håper dette var til hjelp, og skriv gjerne til oss igjen dersom du treng fleire råd.

10 LOUIS, BABY LOUIS, 7 ÅR LOUIS, 12 ÅR LOUIS, 15 ÅR

11 LOUIS, BABY

12 Barnerettane i HEIMEN LOUIS, 7 ÅR

13 Barnerettane i HEIMEN LOUIS, 12 ÅR

14 LOUIS, 15 ÅR

Barns rettigheter i HJEMMET

Barns rettigheter i HJEMMET Et undervisningsopplegg om Barns rettigheter i HJEMMET Aktivitetsark med oppgaveidéer og tips til lærerne Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginaler DELTAKELSE Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Barnerettane i SKULEN

Barnerettane i SKULEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Barns rettigheter i LOKALSAMFUNNET

Barns rettigheter i LOKALSAMFUNNET Et undervisningsopplegg om Barns rettigheter i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgaveidéer og tips til lærerne Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginaler DELTAKELSE Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan? Introduksjon av økta Bildet: Klokka er 21.00, kva hender, kven er på bildet og kva er bra? Gruppe: Kva tenkte dei klokka 15.00? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Det er blitt seint og korleis kan

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim år

Til deg som bur i fosterheim år Til deg som bur i fosterheim 0-12 år VIKTIGE TELEFONNUMRE: Tilsynsførar: Saksbehandlar i barneverntenesta: Forord til dei vaksne Denne brosjyren er laga for barn i aldersgruppa 0 12 år som bur i fosterheim.

Detaljer

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE KVIFOR MEKLING? PARFORHOLDET TEK SLUTT, MEN FORELDRE- SKAPET SKAL HALDE FRAM KVA SEIER LOVA OM MEKLING? Denne brosjyren skal vere ei hjelp

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Skriftleg Eksamen På KNUSK. Vår 18. Dette blir supert!

Skriftleg Eksamen På KNUSK. Vår 18. Dette blir supert! Skriftleg Eksamen På KNUSK Vår 18 Dette blir supert! Innhald 1: Så du skal ha eksamen... 3 2: Kven skal ha kva?... 3 2: Førebuing... 3 3: Eksamensdagen... 4 3.1: Om engelsk og norsk... 4 3.2: Om matematikk...

Detaljer

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 Kva er det som gjer at lærarane ikkje er like strenge? 7.klasse ved Solund barne- og ungdomskule Dei fleste elevar tenker vel på at den og den læraren er streng, og den læraren

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2009

Årets nysgjerrigper 2009 Årets nysgjerrigper 2009 Prosjekttittel: Kvifor synes jentene det er viktigare å sjå pen ut enn gutane? Klasse: 6. og 7. klasse Skole: Skåbu Oppvekst (Nord-Fron, Oppland) Antall deltagere (elever): 2 Dato:

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev

Skolemiljøet til elevane. Til deg som er elev Skolemiljøet til elevane Til deg som er elev Godt skolemiljø De som elevar har rett til eit godt skolemiljø der de er trygge, trivst og kan lære. Dette er bestemt i ei lov som heiter opplæringslova. Elevar

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Barnerettane i NOREG

Barnerettane i NOREG Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i NOREG Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

Vintervèr i Eksingedalen

Vintervèr i Eksingedalen Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

ER DET OM ULOVLEG DELING AV BILETE BLANT UNGDOMMAR

ER DET OM ULOVLEG DELING AV BILETE BLANT UNGDOMMAR ER DET OM ULOVLEG DELING AV BILETE BLANT UNGDOMMAR DET KAN DELAST. MEN BURDE DET? Politiet lanserer i 2019 eit nytt undervisningsopplegg til ungdomsskuleelevar for å førebygge deling av seksualiserte bilete.

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2010

Årets nysgjerrigper 2010 Årets nysgjerrigper 2010 Prosjekttittel: Kva påverkar reaksjonsevna vår? Klasse: 6. og 7. Skole: Lægreid skule (Eidfjord, Hordaland) Antall deltagere (elever): 17 Dato: 31.05.2010 Side 1 Undersøkingane

Detaljer

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100% Q Eg er : Besvart: Hoppet over: 0 Gut Jente valg Gut Jente,8% 8,8% 0 Totalt / Q Kor gamal er du? Besvart: Hoppet over: 0 år år år år år 7 år 8 år 9 år valg år år år år år 7 år 8 år 9 år 0,00% 0 9,09% 9,09%

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Av en født forbryters dagbok

Av en født forbryters dagbok Kompetansemål etter 10. årstrinn Av en født forbryters dagbok ei novelle av Johan Borgen Munnlege tekstar Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: Delta i utforskande samtaler om litteratur, teater

Detaljer

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Vidaregåandeelevar i Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkinga Ungdata blir gjennomført ved at skuleelevar over heile landet svarer på eit elektronisk spørjeskjema som omfattar

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Vidaregåandeelevar i Førde kommune Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkelsen Ungdata blir gjennomført ved at skuleelevar over heile landet svarer på eit elektronisk spørjeskjema

Detaljer

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkelsen Ungdata blir gjennomført ved at skuleelevar over heile landet svarer på eit elektronisk spørjeskjema

Detaljer

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkinga Ungdata er eit spørjeskjemabasert verktøy som gir eit breitt bilete av korleis ungdom har det og kva

Detaljer

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. 26. 5. 2010 Bilde 1 Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. Sofus får vere med Marius nesten over alt Det er tidleg på dagen. Marius

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Tekst: Olaug Nilssen, e-post: olaugnilssen@gmail.com Artikkelen ble først trykket i Morgenbladet 24.-30. august 2015 s.24 Når D, min son med autisme

Detaljer

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn? Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn? Dei som arbeider med barn 0-18 år * *Ved mistanke om seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar skal IKKJE foreldra informerast først. Du skal

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under

Detaljer

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Anne Randi Fagerlid Festøy Stipendiat ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Innlandet Forskningsspørsmål Kva funksjon

Detaljer

Barnet si stemme i NAV. Loen

Barnet si stemme i NAV. Loen Barnet si stemme i NAV Loen 15.03.17 Barnekonvensjonen barnet si meining Art. 3 Til barnet sitt beste ved alle handlingar som berører barn Art.12 gir barnet rett til å bli høyrt. Barnet har rett til å

Detaljer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen. 1 Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring (Opplæringslova 9a-1) Det vil seie at alle elevane : har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa

Detaljer

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Simbegwire Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Då Simbegwire si mor døydde, vart ho veldig lei seg. Simbegwire sin far gjorde sitt beste for

Detaljer

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA Barn i to heimar Rettleiar BARN I TO HEIMAR Det kan innimellom vera vanskeleg for tilsette å vita korleis ein skal forhalda seg til foreldre som ikkje bur saman. Me

Detaljer

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) 08.12.2015 Elevundersøkinga Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Trivsel Trivst

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Birger og bestefar på bytur til Stavanger Birger og bestefar på bytur til Stavanger Denne dagen var heilt spesiell, for i dag skulle Birger få lov å bli med bestefar frå Hjelmeland der dei bur, til Stavanger, for å selja plommer på torget. Kvelden

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI) Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage

Detaljer

Søknadsinfo:

Søknadsinfo: Søknadsinfo: www.stryn.vgs.no Vi legg til rette for topp satsing i skiskyting Våre utøvarar har levert svært gode resultat dei siste åra. Våre elevar har vist at det er fullt mogleg å ta utdanninga si

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune

Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune Gjeldande frå 25. april 2018 1 Innhald Innhald... 2 1. Innleiing... 3 2. Kven kan opprette ei side?... 3 3. Bruk av sosiale media i kommunen

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Du må tru det for å sjå det

Du må tru det for å sjå det Du må tru det for å sjå det Opplysnings- og meldeplikta Assistent Barnehageeiga til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Familie Pedagogisk leiar Fylkesmannen Barnekonvensjonen Diskrimineringsforbodet,

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Månadsbrev for Februar

Månadsbrev for Februar Månadsbrev for Februar Februar månad er over, og me har fått opplevd mykje forskjellig. Me starta månaden med eit lite kunstprosjekt. Naturmateriale henta me på tur, og la til tørk. Me mala namnet vårt

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

Skuleåret 2017/2018.

Skuleåret 2017/2018. Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Kafédialog Ungdommens kommunestyre Kafédialog Ungdommens kommunestyre Problemstilling A1: Psykisk helse I UngData svarte elevane på spørsmål om psykisk helse. Særskilt spørsmåla om bekymring, og «føler at alt er eit slit» får høge tal.

Detaljer

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger Læringsmål frå LK06: Gjennom arbeidet med heftet kjem du til å arbeide med følgjande læringsmål: Norsk: * delta i diskusjoner med begrunnede

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt Å skrive brev Oppgåve 10 og I mål-oppgåve i kapittel 1 «Send ei helsing» Å skrive kort og brev Skrive stad, tid, opningshelsing og underskrift Skrive ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning Eg greier

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert

Detaljer

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Innlevert av 6 & 7 ved Fister skule og barnehage (HJELMELAND, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2012 Årets nysgjerrigper vart ein suksess på Fister skule. Hypotesene,

Detaljer

Gjennom årets TV-aksjon vil mange barn bli kjende med temaet rus, og få høyre at barn i Noreg er rørte av dette. Mange barn vil også kjenne seg att.

Gjennom årets TV-aksjon vil mange barn bli kjende med temaet rus, og få høyre at barn i Noreg er rørte av dette. Mange barn vil også kjenne seg att. Velkomstside for lærarar Velkommen til TV-aksjonens sider for lærarar. Her vil du finne skuleprogrammet Større openheit mindre skam med lærarrettleiing, idébank for oppgåver og kompetansemål. Gjennom årets

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Mobbing på mindre og større skular

Mobbing på mindre og større skular Mobbing på mindre og større skular Innlevert av 5.trinn ved Austebygd Skule (Radøy, Hordaland) Årets nysgjerrigper 2015 Eg er så heldig at eg er kontaktlærar for ein veldig kjekk 5.klasse. Dei er alltid

Detaljer

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Det er mykje å hugse når eg skal KLATRE mot toppen! Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Eg må vite at eg har ANSVAR

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8760-1 Om denne boka Dagny har blitt storesøster,

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer