ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017"

Transkript

1 ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 Kva er det som gjer at lærarane ikkje er like strenge? 7.klasse ved Solund barne- og ungdomskule

2 Dei fleste elevar tenker vel på at den og den læraren er streng, og den læraren er ikkje så streng, men har de nokon gong tenkt på kva slags type lærarar som er strenge og kven som ikkje er strenge? I dette forskingsprosjektet brukte vi nysgjerrigpermetoden til å undersøkjer om ulike grupper av lærarar og vikarar har ulike grenser for å reagere på uro i klasserommet. Vi fant åtte hypotesar til problemstillinga vår, men enda opp med seks. Gjennom observasjonar og små intervju fekk vi inn mykje informasjon som vi talde opp, samanlikna og presenterte som diagram. I løpet av observasjonsperioden har vi vert med i dei aller fleste fag og vert innom nesten alle lærarane ved skulen vår. Nysgjerrigpermetoden 1 Dette lurer eg på Då vi starta opp med kapitlet Vitskap i naturfag, ville læraren vår at vi skulle få prøve å vere ekte forskarar. Vi vart veldig motivert når ho fortalde om nysgjerrigper og den forskingskonkurransen vi kunne vere med på. Og det takka vi selvfølgelig ja til. Det som motiverte oss mest var vel det at vi fekk gjere noko nytt og spennande, men då vi fekk høyre om premien blei vi enda litt motivert. Det var kanskje litt kort tid til fristen, men ved å bruke timar frå andre fag enn naturfag, tenkte vi at det skulle gå. Læraren vår sa at det viktigaste var å prøve ut den vitskaplege metode for forsking. Det første vi gjor var å sjå på andre sine forskingsprosjekt og vi gjekk igjennom nysgjerrigpermetoden steg for steg. Vi såg at temaet for konkurransen i år var grenser. Læraren vår skreiv GRENSER på tavla, og vi måtte komme med idear til problemstillingar som hadde med grenser å gjer. Vi hadde mange idear til problemstillingar i starten, men vi klarte til slutt å finne nokon som kunne passe til temaet. Slik såg tavla vår ut etter ei lita stund: Skjermbilde frå den digitale tavla vår

3 Vi bestemte oss for å gå for «Grenser for å bli sint/irritert» og ville lage ei problemstilling som vi kunne undersøke. Vi diskuterte kvar og korleis vi kunne undersøke ei problemstilling knytt til dette temaet og fant ut at det lettaste ville vere å bruke skulen vår. Alle var einige i at vi kunne finne ut kva som gjer lærarane sinte/irriterte, og vi prøvde å formulere ei problemstilling som vi kunne undersøke. Vi sat saman to og to for å finne noko vi kunne undersøke. Desse forslaga kom på tavla: Vi enda opp med denne problemstillinga: Kva er det som gjer at lærarane har ulik grense for å bli sint/irritert?. trudde vi. Etter at vi hadde laga hypotesar og såg at dei fleste av dei hadde med å vere streng å gjere, fant vi ut at problemstillinga skulle vere: Kva er det som gjer at lærarane ikkje er like strenge? 2 Kvifor er det slik? Vi kom fram til åtte hypotesar som vi trudde kunne være svaret på problemstillinga vår. 1. Vikarar er mindre strenge enn lærarar Vi tenkte at vikarane bryr seg sikkert ikkje så mykje dersom elevane bråkar. 2. Kvinnelege lærarar er strengare enn mannlege lærarar Vi tenkte at dei kvinnelege lærarane var strengare på om det var bråk i klassa 3. Lærarar med mest utdanning er strengast Lærarar med mest utdanning er nok strengare fordi dei har lyst til at elevane skal lære og dei har meir erfaring. 4. Dess eldre læraren er dess strengare er han/ ho Lærarane som er eldre er strengare fordi når dei vaks opp var det mykje strengare enn no. 5. Nye lærarar er mindre strenge enn dei som har jobba her lenge lærarane som ikkje har jobba her så lenge er kanskje litt redd for å sei i frå og kanskje dei ikkje er heilt trygge.

4 6. Dess eldre elevane er, dess strengare er lærarane Om elevane er eldre, tør lærarane å vere litt strengare. 7. Dess frekkare elevane er, dess strengare er lærarane Elevane påverkar læraren når dei er frekke og då blir læraren fortare irritert. 8. Lærarar som ikkje har ete frukost/lunsj har lågare grense for å bli irritert Dei som ikkje eter lunsj/frukost, blir fort irritert fordi dei blir svolten og lågare grense for å bli irritert. 3 Legg ein plan Vi bestemte oss for å lage eit observasjonsskjema og gjennomføre intervju. Observasjonsskjemaet skulle vi bruke i klasserommet for å notere ned ulike reaksjonar hos lærarane. I tillegg ville vi bruke intervju for å finne informasjon om den enkelte lærar som kunne ha noko å seie for resultata. Vi ville undersøkje alle hypotesane samtidig. Ved hjelp av observasjonsskjemaet kunne vi registrere data opp mot alle hypotesane vi hadde. Det var to elevar som gjekk inn i eit klasserom om gangen. Vi observerte alle klassane utan om oss sjølve. Før vi begynte og observere måtte vi spørje rektor om lov til å observere alle lærarane. Og det fekk vi lov til. Først gjekk vi i grupper for å diskutere kva vi skulle ha med på skjemaet, så felles på tavla der vi også laga spørsmål til intervju som vi skulle ha med i skjemaet. Og så blei alle i klassen einige om kva av forslaga vi skulle bruke. Vi hadde nokon punkt på skjemaet som vi skulle sette strek på for kvar gong vi observerte dette. Dette var punkta: Korleis er humøret på læraren når han/ho kjem inn i rommet? Sett ein strek kvar gong læraren snakkar til ein elev som forstyrrar: (snakkar utan å få ordet, går i frå plassen sin, anna som stel oppmerksamheit) Set ein strek kvar gong læraren ikkje snakkar til ein elev som forstyrrar (same som ovanfor) Set ein strek kvar gong lærar ropar/snakkar sint til ein eller fleire elevar Set ein strek kvar gong elevar svarar læraren frekt Set ein strek kvar gong læraren skryt av elevane

5 Set strek for kvar gong nokon blir sendt på gangen Set strek når læraren snakkar til alle i klassa for at det er uro: ( sjølv om det bare er nokre få som uroar) Vi ville også intervjue lærarane for å kunne skilje dei ulike gruppene som vi hadde med i hypotesane våre. Elevane og lærarane som vi skulle observere fekk ikkje vite kva prosjektet gjekk ut på fordi då kunne resultatet bli påverka. Heile klassa snakka i lag om korleis vi skulle tolke dei forskjellige punkta som sto på skjemaet. For eksempel «snakkar til» blei vi einige om at det var når elevane hadde gjort noko som forstyrra og at det ikkje var å snakke med elevane. 4 Hente opplysningar Vi fikk ein timeplan og mange observasjonsskjema av læraren vår i kvar si rosa mappe, og begynte og gå rundt i klassane. Vi var to og to som gjekk rundt og var innom forskjellege lærarar og forskjellege klassar. Når vi kom inn i klassane var det ofte to stolar bak i klasserommet som vi kunne sitte og observere på. I klasseromma skjedde det ikkje så masse fordi vi måte sitte heilt stille bak i klasserommet for å ikkje skape oppmerksomheit Vi synest det var spennande og nytt og vere med på eit så stort forskingsprosjekt. I begynnelsen var vi veldig glade for at vi fekk bruke så mange timar på forsking, men etter nokon dagar med observasjon synst alle det blei ganske kjedeleg å observere i klassane. Etter timane hadde vi eit lite intervju med læraren med diverse spørsmål om utdanning, alder, kjønn og om dei hadde ete frukost/lunsj.

6 Vi observerte to timar kvar dag i fem dagar. Vi observerte ti timer totalt. Og med ti elevar skulle det bli 100 observasjonsskjema. Det vart til saman 81 skjema. Dette kom av at ein elev var sjuk ein dag, nokre dobbeltimar gløymde vi å skrive på to ark, og ein gymtime fant vi ikkje klassa vi skulle observere. (Dette skriv vi litt om under feilkjelder) 5 Dette har eg funnet ut: Når alle var ferdige med observasjonsperioda, samla vi alle mappene med skjema. Vi vart fordelt to og to som fekk ansvar for å telle opp kvar sine hypotesar. Vi hadde eit skjema som likna på observasjonsskjemaet, men på intervjudelen hadde vi berre med det som gjaldt den hypotesa. Vi gjekk igjennom alle permane, den eine talde opp og den andre noterte ned for kvar av observasjonspunkta. Til dømes talde vi opp kor mange strekar det vart satt for å snakke til elevane totalt i dei ti mappene. Vi hadde to ark for kvar hypotese t.d. eit ark for kvinnelege lærarar og eit for mannelege lærarar. Vi oppdaga at hypotese: Lærarar med mest utdanning er strengast, ikkje var mulig å avgjere slik som det hadde blitt talt opp, så her måtte dei telje på nytt slik at det kom tydeleg fram kor mange som hadde lærarutdanning eller ikkje. Til slutt når vi talde opp alle observasjonsarka kom vi fram til at vi hadde 81 ark med observasjonar på. Dette stemde ikkje med alle sine oppteljingar. Antal observasjonstimar varierte alt frå 70 til 97. Vi vart einige i å kutte ut to av hypotesane. Vi kutta ut hypotese 7) Dess frekkare elevane er, dess strengare er lærarane, fordi det vart litt vanskelig å avgjere korleis vi skulle telje det opp. Hypotese 8) Lærarar som ikkje har ete frukost/lunsj har lågare grenser for å bli irritert, droppa vi også fordi så og seie alle lærarane hadde ete frukost/lunsj i obeservasjonsperioden. Det var dessutan meir enn nok arbeid å telje opp for dei seks andre hypotesane. Vi skreiv opp alle punkta på tavla som gikk innafor å vere ein streng lærar eller ikkje. Vi tenkte at ein streng lærar gikk under punkta: lærar som hadde snakka til elevane, ropa/snakka sint, snakka til alle i klassa eller sendt nokon på gangen. Så tenkte vi at en lærar som ikkje er streng gikk under punktet: Dei som ikkje snakkar til elevar som forstyrrar undervisninga. Vi tok alle resultata inn i Excel og lagde stolpediagram. For kvar hypotese hadde vi to grupper av lærarar som vi ville samanlikne. Vi talde reaksjonar i kvar av gruppene og summerte det i Excel. Etterpå talde vi ikkje-reaksjonar per gruppe. Med det samme såg det ut som ei av gruppene skilde seg raskt ut, men vi fant ut at for at vi skulle kunne samanlikne gruppene måtte vi vite kor mange reaksjonar det i snitt hadde vore per lærar, og kor mange ikkje-reaksjonar det var i snitt. Alt dette gjor vi i Excel. Vi laga stolpediagram der dei to gruppene vart framstilt både for reaksjonar og ikkje reaksjonar.

7 Slik vart resultata: Det ser her ut som vikarar og lærarar har omtrent like mange reaksjonar, men lærarane har fleire ting dei ikkje har reagert på. Ut i frå diagrammet ser det derfor ut som hypotesen ikkje stemmer. Det ser her ut som lærarane på ungdomsskulen har fleire reaksjonar, men samtidig har dei også fleire ting dei ikkje har reagert på. Dette vart derfor vanskeleg å avgjere etter våre kriterier. Her er det dei mannlege lærarane som absolutt har flest reaksjonar i snitt per time, men dei har også flest gongar dei ikkje har reagert. Det kan sjå ut som hypotesen ikkje stemmer, men vi er ikkje sikre. Det er ganske likt mellom dei som er under og over 40 år når vi ser på reaksjonar. Men dei som er over 40 år overser fleire hendingar enn dei som er yngre. Hypotesen stemmer ikkje.

8 Igjen ser det ut som hypotesen ikkje stemmer. Dei som ikkje har lærarutdanning har fleire reaksjonar enn dei som har lærarutdanning. Og dei har også færre hendingar som dei ikkje har reagert på. Men her er det ganske likt. Også her ser det ut som hypotesen ikkje stemmer. Dei som har jobba her mindre enn 2 år har fleire reaksjonar enn dei som har jobba her lengre. Og dei har også færre hendingar som dei ikkje har reagert på. Vi synest det er rart at vi skulle ta så feil i nesten alle hypotesane våre. Vi er derfor ikkje så sikre på om det vi har observert er det som gir oss svar på problemstillinga vår. Vi har t.d. ganske mange feilkjelder: Då vi observerte i klassane kunne det hende at vi ikkje noterte ned dei samme tinga, noken hadde t.d. satt strek ved hysj, medan andre ikkje hadde det. Elevane og lærarane har kanskje blitt påverka av at vi satt inne i klasserommet for å observere. Det var heilt sikkert nokon feil ved oppteljing av dei ulike skjema. Nokon må ha tald opp for mange ark. (nokon hadde totalt 97 observasjonstimar, medan vi hadde bare totalt 81 ark som var fylt ut) Nokon hadde talt for få ark. Ingen hadde akkurat 81, men to grupper hadde 82. Av ulike grunnar vart ca 6 av timane avlutta 15 minutt før vanleg tid. Nokon av timane var det vanskeleg å vite kva vi skulle observere. Det var gymtimar, kunst og handtverk og mat og helse timar. I desse timane vart det nesten ikkje notert noko. Nokon dobbeltimar vart tald som ein time. Desse feilkjeldene våre har heilt sikkert påverka resultata våre. Vi har derfor bestemt oss for å ikkje lage nokon konklusjon på problemstillinga vår. Konklusjonen må i så fall bli at det er vanskeleg å avgjere kva som gjer at lærarane ikkje er like strenge. Vi tenker at det å ha mange reaksjonar ikkje nødvendigvis seier noko om at læraren er streng, det kan jo vere andre grunnar til at det er mykje å reagere på.

9 6 Fortel til andre Vi vil gjerne fortelje om forskinga vår til andre gjennom nysgjerrigper.no og sender derfor rapporten vår inn til Årets nysgjerrigper. Vi har eigentleg ikkje eit resultat eller konklusjon å komme med, men vi er alle einige i at det har vore spennande, arbeidskrevjande og lærerikt å jobbe som forskarar. No veit vi litt meir om kor mykje som skal til for å forske på noko. Mange av elevane og lærarane har vore nysgjerrige på kva vi har drive med, så det går kanskje an å presentere det for dei. Rapporten er laga av: Oda R, Sara, Ingeborg, Sander, Vetle, Oda H, David, Mia, Even og Jonas. Rettleiar: Nina K Engevik

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke? Forskningsrapport Nysgjerrigper-konkurransen 2017 Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke? Forskere: 5. og 6. klasse ved Kvinlog skule (Kvinesdal, Vest-Agder) Nysgjerrigper-konkurransen

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2010

Årets nysgjerrigper 2010 Årets nysgjerrigper 2010 Prosjekttittel: Kva påverkar reaksjonsevna vår? Klasse: 6. og 7. Skole: Lægreid skule (Eidfjord, Hordaland) Antall deltagere (elever): 17 Dato: 31.05.2010 Side 1 Undersøkingane

Detaljer

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Anne Randi Fagerlid Festøy Stipendiat ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Innlandet Forskningsspørsmål Kva funksjon

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Vintervèr i Eksingedalen

Vintervèr i Eksingedalen Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016

Detaljer

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Innlevert av 6 & 7 ved Fister skule og barnehage (HJELMELAND, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2012 Årets nysgjerrigper vart ein suksess på Fister skule. Hypotesene,

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

Leker gutter mest med gutter og jenter mest med jenter? Et nysgjerrigpersprosjekt av 2. klasse, Hedemarken Friskole 2016

Leker gutter mest med gutter og jenter mest med jenter? Et nysgjerrigpersprosjekt av 2. klasse, Hedemarken Friskole 2016 Leker gutter mest med gutter og jenter mest med jenter? Et nysgjerrigpersprosjekt av 2. klasse, Hedemarken Friskole 2016 1 Forord 2. klasse ved Hedemarken friskole har hatt mange spennende og morsomme

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2009

Årets nysgjerrigper 2009 Årets nysgjerrigper 2009 Prosjekttittel: Lærer elevane betre med musikk på øyra Klasse: 5. - 7. klasse Skole: Kløve skule (Voss, Hordaland) Antall deltagere (elever): 25 Dato: 01.05.2009 Side 1 Ansvarlig

Detaljer

Nysgjerrigpermetoden for elever. Arbeidshefte for deg som vil forske selv

Nysgjerrigpermetoden for elever. Arbeidshefte for deg som vil forske selv Nysgjerrigpermetoden for elever Arbeidshefte for deg som vil forske selv facebook.com/nysgjerrigper.no nys@forskningsradet.no nysgjerrigper.no Om Nysgjerrigpermetoden og dette heftet Nysgjerrigpermetoden

Detaljer

Mobbing på mindre og større skular

Mobbing på mindre og større skular Mobbing på mindre og større skular Innlevert av 5.trinn ved Austebygd Skule (Radøy, Hordaland) Årets nysgjerrigper 2015 Eg er så heldig at eg er kontaktlærar for ein veldig kjekk 5.klasse. Dei er alltid

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

«Mestringsforventningar»

«Mestringsforventningar» Presentasjon av korleis lærararar og leiar på Førde barneskule har opplevd gjennomføringa av forskingsprosjektet: «Mestringsforventningar» Therese Helland- rektor Førde barneskule Mestringsforventningar

Detaljer

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2009

Årets nysgjerrigper 2009 Årets nysgjerrigper 2009 Prosjekttittel: Kvifor synes jentene det er viktigare å sjå pen ut enn gutane? Klasse: 6. og 7. klasse Skole: Skåbu Oppvekst (Nord-Fron, Oppland) Antall deltagere (elever): 2 Dato:

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017

RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017 RAPPORT FRÅ 8. KLASSE GIMLE SKULE MAI 2017 OPPDRAGET Vi vil takke Faun AS v/ Tor Gunnar Austjord for oppdraget. Oppdraget var å gjennomføre beitetaksering av eit område på Momrak/Stavdalen på 5 dekar (daa).

Detaljer

SØTT OG SUNT? Kor sunt er det å eta honning?

SØTT OG SUNT? Kor sunt er det å eta honning? SØTT OG SUNT? Kor sunt er det å eta honning? Innlevert av 4 A ved Tau skule (Strand, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2014 Ansvarlig veileder: Maryanne Berge Antall deltagere (elever): 21 Innlevert dato:

Detaljer

Nysgjerrigper-konkurransen 2017

Nysgjerrigper-konkurransen 2017 Forskningsrapport Nysgjerrigper-konkurransen 2017 Hva får oss til å miste konsentrasjonen? Forskere: 7.trinn ved Gullhaug skole (Bærum, Akershus) Nysgjerrigper-konkurransen arrangeres av Norgesforskningsråd

Detaljer

Nysgjerrig på det meste

Nysgjerrig på det meste Nysgjerrig på det meste Innlevert av 5 ved Austebygd skule (Radøy, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Kirsten Skage Mellingen Antall deltagere (elever): 7 Innlevert dato: 14.03.2016

Detaljer

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Innlevert av 7B ved Bergsøy skule (Herøy, Møre og Romsdal) Årets nysgjerrigper 2015 Vi i klasse 7B har mange ulike ting vi lurer på, og synes det høyrdes spanande

Detaljer

Hvordan snakker 3. klassinger til 1. og 2. klasse? Bekkestua barneskole, klasse 3c Bærum kommune, Akershus fylke

Hvordan snakker 3. klassinger til 1. og 2. klasse? Bekkestua barneskole, klasse 3c Bærum kommune, Akershus fylke Hvordan snakker 3. klassinger til 1. og 2. klasse? Bekkestua barneskole, klasse 3c Bærum kommune, Akershus fylke Dette lurer vi på Problemstilling - grenser Vi diskuterte og lagde problemstillinger som

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2010

Årets nysgjerrigper 2010 Årets nysgjerrigper 2010 Prosjekttittel: Hvorfor iser tennene Klasse: 4A og 4B Skole: Emblem skule (Ålesund, Møre og Romsdal) Antall deltagere (elever): 20 Dato: 03.06.2010 Side 1 Vi er ei klasse på 20.

Detaljer

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen Høgskolen i Sør-Trøndelag Avdeling for lærer- og tolkeutdanning Skriftlig eksamen i MATEMATIKK, MX30SKR-C 0 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN FOR R 03.06.09. BOKMÅL Sensur faller innen 4.06.09. Resultatet blir

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

Nysgjerrigper-konkurransen Hvor går folks personlige grenser?

Nysgjerrigper-konkurransen Hvor går folks personlige grenser? Forskningsrapport Nysgjerrigper-konkurransen 2017 Hvor går folks personlige grenser? Forskere: 7.trinn ved Gullhaug skole (Bærum, Akershus) Nysgjerrigper-konkurransen arrangeres av Norgesforskningsråd

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim år

Til deg som bur i fosterheim år Til deg som bur i fosterheim 0-12 år VIKTIGE TELEFONNUMRE: Tilsynsførar: Saksbehandlar i barneverntenesta: Forord til dei vaksne Denne brosjyren er laga for barn i aldersgruppa 0 12 år som bur i fosterheim.

Detaljer

Kvifor er ein mørkredd?

Kvifor er ein mørkredd? Kvifor er ein mørkredd? Innlevert av 5.-7.klasse ved Fjellgardane skule (Bykle, Aust-Agder) Årets nysgjerrigper 2015 Ansvarlig veileder: Vegard Portaasen Assisterende veileder: Inger Lise Næss Antall deltagere

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER 100 ÅR MED ALLMENN RØYSTERETT FOR KVINNER Partia sine nominasjonar: Kor stor rolle spelar listeplassering og røystetillegg eigentleg? Denne brosjyren har to formål: å setje søkjelyset på nøkkelrolla partia

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Innlevert av 6. og 7. ved Marvik Skule (Suldal, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2015 Det er første gong både lærar og elevar i 6. og 7. ved Marvik skule

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Forskerspiren. Didaktisk modell for ope forsøk. Idar Mestad

Forskerspiren. Didaktisk modell for ope forsøk. Idar Mestad Forskerspiren Didaktisk modell for ope forsøk Idar Mestad Kvifor opne forsøk? Korleis kan elevane få betre kjennskap til naturvitskapleg arbeidsmåte? Korleis utvikle elevane sin evne til å vurdere kritisk

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2008

Årets nysgjerrigper 2008 Årets nysgjerrigper 2008 Prosjekttittel: Kvifor flintfunn på Gjøvdals heia? Klasse: 5klasse Skole: Åmli skule (Åmli, Aust-Agder) Antall deltagere (elever): Dato: 28.03.2008 Side 1 Starten på forskningsprosjektet:

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Frå dikt til teikneserie

Frå dikt til teikneserie Frå dikt til teikneserie Av Helga Slettebak, Marit Moen og Arne Skadal, Halbrend skule Prosjektet «Frå dikt til teikneserie» vart gjennomført på 6. trinn. Kombinasjonen av dei to sjangrane synest vi er

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2009

Årets nysgjerrigper 2009 Årets nysgjerrigper 2009 Prosjekttittel: Hvordan virker sjokolade på kroppen og humøret vårt? Klasse: 5. klasse Skole: Samfundets skole (Kristiansand, Vest-Agder) Antall deltagere (elever): 18 Dato: 01.05.2009

Detaljer

Kvifor maler katten? Årets nysgjerrigper 2012

Kvifor maler katten? Årets nysgjerrigper 2012 Kvifor maler katten? Innlevert av 6. og 7. klasse ved Høre skule (Vang, Oppland) Årets nysgjerrigper 2012 Ansvarlig veileder: Anna Bartczak-Monsen Antall deltagere (elever): 2 Innlevert dato: 04.01.2013

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2009

Årets nysgjerrigper 2009 Årets nysgjerrigper 2009 Prosjekttittel: Kor tid hevar gjæren? Klasse: 3.klasse Skole: Blomvåg skule (Øygarden, Hordaland) Antall deltagere (elever): 19 Dato: 30.04.2009 Side 1 Det er første gong elevane

Detaljer

Stillaste jenta i klassa

Stillaste jenta i klassa Stillaste jenta i klassa Førsteamanuensis Sigrun K. Ertesvåg er fast spaltist i Aftenbladet Pluss. Les hennes første spalte om stille barn. Eg hugsar henne så vel, den stille jenta som nærast var usynleg

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei KAPITTEL 2 TID OG TAL 1 SKRIV INN ORDA SOM PASSAR og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Tid og tal Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei årstidene,

Detaljer

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER 100 ÅR MED ALLMENN RØYSTERETT FOR KVINNER Partia sine nominasjonar: Kor stor rolle spelar listeplassering og røystetillegg eigentleg? Denne brosjyren har to formål: å setje søkjelyset på nøkkelrolla partia

Detaljer

Prosjekttittel: Hvordan er humøret/oppførselen vår etter at vi har sett en film av ulike

Prosjekttittel: Hvordan er humøret/oppførselen vår etter at vi har sett en film av ulike Årets nysgjerrigper 2010 Prosjekttittel: Hvordan er humøret/oppførselen vår etter at vi har sett en film av ulike sjangere? Klasse: 7D Skole: Eiksmarka skole (Bærum, Akershus) Antall deltagere (elever):

Detaljer

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag. KAPITTEL 13 NATUR, MAT OG HELSE 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag. Skriv namn på fem ting du kan ete, som du kan finne i skogen. Skriv namn på fem ting du kan ete, som du kan finne

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen Utgangspunkt Få elevar til å skrive forklaringar etter å ha gjort eit praktisk arbeid. Kom

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Definisjon: Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger over tid, vert utsett for negative handlingar

Detaljer

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016 Oppsummering trivselsundersøking våren 2016 Svarprosent: 89% - der det er ungdomsskulen som "trekkjer ned". Småskuletrinn og mellomtrinn har 100% svarprosent. Korleis trivst du på skulen Svært godt Mykje

Detaljer

Heilt einig. Litt einig

Heilt einig. Litt einig Trivsel Korkje eller u u u Barnet mitt trivst på skolen Barnet mitt har medelevar å være saman med i friminutta https://elfu.udir.no/administrasjon/order/preview.aspx?acid=1003&sid=364&bid=124660&did=1933&roleid=57&ugid=861002&qid=0&aid=0&lid=1&demo

Detaljer

Hvorfor reagerer dyr forskjellig i mørket?

Hvorfor reagerer dyr forskjellig i mørket? Hvorfor reagerer dyr forskjellig i mørket? Innlevert av 6. trinn ved Sanne skole (Gran, Oppland) Årets nysgjerrigper 2011 Vi er en hel klasse som jobber med forskning og nysgjerrigpermetoden nå. Gruppene

Detaljer

Bekkestua Barneskole, klasse 3A, Bærum kommune, Akershus fylke

Bekkestua Barneskole, klasse 3A, Bærum kommune, Akershus fylke Bekkestua Barneskole, klasse 3A, Bærum kommune, Akershus fylke 1. Dette lurer vi på Endelig var det tid for Nysgjerrigper! Vi begynte prosjektet med å lage en Nysgjerrigperpostkasse som vi kunne putte

Detaljer

Velkome åt bygda vår!

Velkome åt bygda vår! Velkome åt bygda vår! Innlevert av 1. - 7. klasse ved Skåbu oppvekst (Nord-Fron, Oppland) Årets nysgjerrigper 2014 Skåbu er ei bygd i Gudbrandsdalen ca. 850 m.o.h. Skåbu har i fleire år hatt tilvekst av

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Seksjon for opptak Vår referanse Vår dato 14/00186-17 01.06.2017 Deres referanse Deres dato 16/7356 09.03.2017 Høyring - Forslag om endringar i forskrift

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001.

Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001. Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001. 1. Innleiing. Evalueringa er eit ledd i utviklinga av programmet, og er såleis ikkje ei ekstern evaluering. Arbeidet blei gjort av Stiftelsen Bergensklinikkene

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og

Detaljer

Skuleåret 2017/2018.

Skuleåret 2017/2018. Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk Lese snakke skrive OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk Som tittel på sitt ressursprosjekt har Os barneskule i Hordaland valt Lese snakke skrive, der den sentrale tanken er at elevane må

Detaljer

Kor lenge søv ein hest, og ligg hesten når han søv?

Kor lenge søv ein hest, og ligg hesten når han søv? Kor lenge søv ein hest, og ligg hesten når han søv? Innlevert av 5.-7.klasse ved Fjellgardane skule (Bykle, Aust-Agder) Årets nysgjerrigper 2015 Ansvarlig veileder: Vegard Portaasen Assisterende veileder:

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Barnerettane i HEIMEN

Barnerettane i HEIMEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i HEIMEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginal DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Nysgjerrigper-konkurransen Hva gjør elevene og lærerne på Gullhaug flaue?

Nysgjerrigper-konkurransen Hva gjør elevene og lærerne på Gullhaug flaue? Forskningsrapport Nysgjerrigper-konkurransen 2017 Hva gjør elevene og lærerne på Gullhaug flaue? Forskere: 7.trinn ved Gullhaug skole (Bærum, Akershus) Nysgjerrigper-konkurransen arrangeres av Norgesforskningsråd

Detaljer

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Det er mykje å hugse når eg skal KLATRE mot toppen! Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Eg må vite at eg har ANSVAR

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Kvifor er kaninner så forskjellige og korleis ble dei kjæledyr?

Kvifor er kaninner så forskjellige og korleis ble dei kjæledyr? Kvifor er kaninner så forskjellige og korleis ble dei kjæledyr? Innlevert av 6. og 7. klasse ved Høre skule (Vang, Oppland) Årets nysgjerrigper 2012 Ansvarlig veileder: Anna Bartczak-Monsen Antall deltagere

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 13 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 13 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 13 2015 Tysdag 17.mars hadde vi naturtrim for første gong denne våren. Det gjekk kjempefint og vèret var nydeleg. Vi hadde ein kjempeflott utedag utan

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer