REFERAT FRÅ MØTE I ARBEIDSUTVALET(FAU)

Like dokumenter
REFERAT MØTE I SKULEMILJØUTVALET

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

SAMARBEID HEIM OG SKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

REFERAT MØTE I ARBEIDSUTVALET

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Til stades: Representant elevrådet 2, nestleiar. Representant undervisningspersonale 1

Foreldre ved Ål ungdomsskule

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET MÅNDAG 5. NOV KL PÅ NORDBYGDO UNGDOMSSKULE, BIBLIOTEKET

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Prinsipp 1. Elevene skal forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

VEDLEGG: TILTAKSPLAN. 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

VFL Lom kommune. Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø.

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Rolf Sandstad

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

HEIM SKULE SAMARBEID RUBBESTADNESET SKULE. Vedtekter og prosedyrar for foreldrerådet og foreldrearbeidsutvalet (FAU)

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Lisa Follestad. Politisk fadder Ørsta Volda ungd.

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Foreldremøte 19. september 2018

1. Beskriv målet/måla

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13.

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

Plan for elevane sitt skulemiljø

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Tor Stian Bjørneset MEDL Folkestad ungd. SAKLISTE

Velkomen til dykk alle!

Elevundersøkinga 2016

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Sak Omtale Evaluering av FN-dagen Neste år: Økonomiopplæring for elevar

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

REFERAT SU/SMU 6. DESEMBER 2017 SAND SKULE

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Kvalitetsplan mot mobbing

Transkript:

REFERAT FRÅ MØTE I ARBEIDSUTVALET(FAU) Møte på personalromet på ungdomsskulen onsdag 02.10.13 klokka 19.00-21.00. Til stades: Eve Lis Eikrem (10a), Pål Sindre Myklebust (10a), Bente Åmbakk (9a), Else Karin Hoggen, Jeanett Yksnøy (8a), Odd Staurset (8c). Første sak på kvart møte skal vere godkjenning av innkalling og sakliste. Dette vart gløymt no, men det skal kome inn neste gong. Innkallinga vart sendt i posten til alle, men 8. klassingane hadde ikkje fått vidare innkalling til fau-møtet. Dei to representantane frå 8. klasse kunne heldigvis bli med vidare på fau-møtet likevel. Eg beklagar dette. 1. Konstituering av arbeidsutvalet Val av leiar/nestleiar FAU-leiar: Pål Sindre Myklebust 10a (vara: Cathrine Yksnøy 10d) Nestleiar: Odd Staurset, 8c (vara: Randi Brekken Vatne 8c) Medlemar: Bente Åmbakk, 9a (vara: Arve Hovdenakk 9c) Eve Lis Eikrem, 10a (vara: Leif Atle Strand 10d) Else Karin Hoggen, 9b (vara: Sveinung Myklebust) Jeanett Yksnøy, 8a (vara: Idar Vatne 8c) Pål Sindre og Odd møter i SMU/SU. Ved forfall til SMU/SU møter Bente for Pål Sindre og Jeanett for Odd. Else Karin Hoggen går ut av FAU. Sveinung Myklebust vert kalla inn på neste møte i november. 2. Kva skal utvalet arbeide med? Sjå sak 5. Kven har ansvar for å kalle inn? Rektor i samråd med FAU-leiar kallar inn til desse møta.

3. Informasjon Mål for ØUS: Læring og trivsel. Vi skal møte presis og kaste bosset på rett plass. Du bestemmer over deg sjølv, men også over andre gjennom korleis du oppførar deg. Vi har stor påverknad på andre. Elevråd: Leiar: Kristoffer Myklebust Egset (10a) Nestleiar: Karen Johanne Hovde Vollsund Representantar til ungdomsråd: Kristianne Farstad Berge (vara: Mathilde Opsal Barstad) Sigve Strand (vara: Magnus Westre Velle) Representantar til SMU/SU: Kristoffer Myklebust Egset og Karen J. H. Vollsund. Vurdering for læring: Ørsta kommune er med i prosjektet Vurdering for læring, som har som mål å gje elevane betre undervegsvurdering og større medverknad. Ved ØUS har vi fokus på desse hovuområda i år: Klasseleiing, lokal læreplan, konkrete læringsmål og undervegsvurdering. For å få til dette må vi ha felles strategi og løysingar. Vi har arbeidd med vurderingspraksis og målet er å ha mest vurdering retta mot prosess og ikkje sluttvurdering. Heftet Undervegsvurdering i fag vart delt ut til alle. Bibliotekprosjekt- vidare arbeid -Prosjektet går over tre år. Skulen har fått eksterne midlar (120 000kr) til innføringa. Lesekurs, styrking av elevane sin kompetanse i bruk av IKT og læringsstrategiar er integrert i prosjektet. Det var særleg fokus på 8.årssteg i skuleåret 12/13. -For skuleåret 13/14 vert det ikkje utdelt midlar, men vi har framleis ein liten pott å bruke. Vi har laga ein tre-årsplan der hovudmålet er å skape eit aktivit mediatek, samtidig som ein har fokus på lesing og lesestrategiar i alle fag på trinna. -Elevane vert kartlagde for å finne ut kven som kan ha nytte av lesekurs hausten 9. klasse eller våren i 8. klasse. Lektor 2: Lektor 2 er også integrert i bibliotekprosjektet. Prosjektet er eit samarbeid med Tussa der målet er å vise elevane samanhengen mellom teori og praksis i realfaga. Ekskursjon til kraftverk og praktisk elevarbeid med bruk av teori er ein del av prosjektet. Årets 9.klassingar får nytte av røynslene frå dei som gjekk i 9.klasse i fjor.

Skulevandring: Skulevandring er ei arbeidsmetode som er utvikla for at skuleleiarane skal kunne støtte læraren i å lage god undervisning. Skulevandring er systematisk observasjon av undervisninga. Fokus på kjerneverksemda skulen sine satsingsområde. Lærarane kjem i lag fram til kva ein skal ha fokus på under observasjonen og kriterium for/ kjenneteikn på god praksis. I verksemdsplanen har vi særleg fokus på å utvikle eit tverrfagleg miljø som fremjar kunnskapssøking og samarbeid som sikrar ei heilskapleg forståing av lærings- og oppvekstmiljøet. Skulevandring skal vere ei støtte og rettleiing til lærarane. Systematisk og tidsinnsparande. Det gir leiinga naudsynt innsikt i skulekvardagen. Rettleiing: 18 tilsette ved ØUS og 60 tilsette i Ørsta kommmune frå skulesektoren er med på vidareutdanning i rettleiing. Dette er eit svært nyttig studium og gjer oss til betre rettleiarar for alle. Vi tek også sikte på å vere praksisskule i framtida, og då må vi ha dette studiet. 4. Rutinar kring utsending av innkalling og referat Rektor skriv referat og sender referata på e-post. Leiar i FAU les referata før dei vert sendt ut. Rektor sender innkallinga på e-post til alle representantane. 5. Møteplan FAU/SU/ Skulemiljøutval Onsdag 13.11: FAU og SMU-møte kl. 18.00 og 19.30. Vi satsar på to FAU-møte pr halvår, eit SMU-møte i haust og to til våren. SMU kan uttale seg om skulemiljøet til elevane. Dersom det er naudsynt med SU, må ein endre brukarorganet. I utgangspunktet er dette forum for saker på systemnivå til beste for elevane si læring, utvikling og trivsel. Av den grunn er SMU mest aktuelt. Lenke til fug: http://www.fug.no/foreldrerepresentanter.141855.no.html

6. Aktuelle saker framover: Elevmiljø, mobilbruk, natteramn, venners venner-fest. FAU vert einige om aktuelle saker på møtet. Eventuelle saker kan meldast på møtet. Desse sakene vart diskuterte: -bruk av mobil: FAU var ikkje einige om at ein bør setje eit forbod mot bruk av mobil ved ØUS. Det var einigheit på møtet om at ein skulle ha fokus på bruk/misbruk av mobiltelefonen på skulen og i fritida. Til neste møte så skal ein orientere seg litt i kva som finnest av ulike saker. FAU ønskjer å sjå eksempel på skular som har forbod, spesielle reglar osv. Dei føresette ønskte ikkje at elevane skulle høyre på musikk på øyret. Mobiltelefonen skal vere pakka ned i timane. Saka vert teken opp att seinare og ho går også vidare til elevrådet og SMU. Saka skal og diskuterast internt på skulen. -natteramn: Bente Åmbakk orienterte om kva som var gjort i fjor. Det er ønskje om å engasjere faste føresette, slik at ein kan ha natteramnar ute kvar helg. Tiltaket er viktig og dei føresette bør kunne gjere dette for bygda si og ungdomane der. Forslag: Rektor gjev namnet til Odd Staurset til frivilligsentralen, slik at dei saman kan bestemme kva som bør gjerast. FAU ønskjer at 8.trinn tek denne oppgåva og får det inn i faste former. -venners venner-fest: Det er ønskje om ein slik fest ein gong til. 10e og Hjørdis Almelid Vikenes arrangerte i fjor. Det var om lag 50 elevar som møtte opp. Det er viktig med god informasjon i forkant. Elevane har sjølv med mat og så er det aktivitetar og fellesmåltid på skulen på kvelden. I utgangspunktet har ikkje lærarane arbeidstid, men skulen stiller med hjelp. Aktuell møtedag: I perioden frå jul til vinterferien. Det er ønskje om å ha festen tidlegare enn i fjor. Forslag: Saka vert presentert for elevrådet og SMU og vert teken opp att på neste FAU-møte. -mat i skulen:

I vår diskuterte FAU om ein skulle prøve å få til eit varmt måltid for elevane ved ungdomsskulen. Mange elevar går heile dagen utan mat, og FAU ønskjer å motarbeide denne trenden. Mat må vi ha og fellesskap rundt maten skapar mykje positivt. Rektor meiner dette er eit godt tiltak, men det må organiserast på ein god måte. Det krev mykje å servere mat til over 300 elevar. Det vart diskutert om dette skulle vere gratis, om alle skulle ha tiltaket samtidig, om det skulle koste noko, kva type mat, kven skal lage? Det var mange spørsmål og ikkje så lett å oppsummere. Forslag: Saka vert presentert for elevråd og SMU i første omgang. Ein må også bestemme internt kva rammer som er aktuelle. -tjuveri frå butikkane: Nokre få ungdomar stel frå butikkane i Ørsta. Det er vanskeleg å finne ut kven som gjer det, og av og til så avtalar ungdomane med kvarandre om kva dei skal stele og korleis. Nokre vert også pressa til å stele. Det var eit ønskje frå FAU om at denne problemstillinga må takast opp i rett forum ved skulen. Korleis forklare for elevane at dette får store konsekvensar for dei seinare, både i samband med arbeidsveke og anna jobbsøking. Forslag til tiltak: Samarbeid med politi og konfliktråd. Besøk på skulane og bevisstgjering på det som skjer og konsekvensar. Dette bør vere del av eit fast opplegg kvart år. Rektor høyrer med politiet og høyrer kva som er aktuelt vidare. Ein må vurdere nøye kva som ver lagt fram. Det gjeld berre eit fåtal av elevane. -elevmiljø: Elevmiljøet er bra. Skulen har dei siste åra arbeidd mykje med klasseleiing. Dette ser ein gode resultat av i klassene. Lærarane som tydelege leiarar er trygt og godt for alle. Vi har kjennskap til at nokre få ikkje føler seg inkludert. Det vert teke tak i dette frå skulen si side, og vi har nulltoleranse for mobbing. Oppfordringa frå FAU er at både lærarar og føresette må følgje med på kva som skjer både på skulen og i fritida. Rådgjevar har ein viktig funksjon i dette arbeidet. Ørsta Ungdomsskule 09.10.13 Marianne Solbjørg Ose - ref-