Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2014/2871-3 Jon Harald Kjærland Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen Dispensasjon og rammesøknad - 143/194 - forretningsbygg Rema 1000 - Husnes, Rema Eiendomsutvikling Vest AS. Innstilling frå rådmannen: Mellombels dispensasjon: Kvinnherad forvaltningskomite gjev med heimel i plan- og bygningsloven 19-2 følgjande mellombels dispensasjon frå føresegnene til reguleringsplan «byen Husnes» godkjent 20.12.2012: Opparbeiding før bruksløyve av tilstøytande veg med fortau og møblering og /eller gangveg /gatetun, jfr. føresegnene 3.1.3. Det må lagast forpliktande avtalar om deltaking i desse anlegga før igangsetjingsløyve av tiltaket. Den mellombels dispensasjonen gjeld utansett ikkje lengre enn 5 år. Forvaltningskomiteen gjev med heimel i pbl 20-1 rammeløyve til forretningsbygg på 144/194 på Husnes i samsvar med søknad motteken 10.02.2015. Løyvet vert gjeve på fylgjande vilkår: 1. At det vert sendt inn dreneringsplan, j.fr reg.føresegn 1.4. 2. At det vert sendt inn plan for energiløysing, j.fr reg.føresegn 1.3. 3. At det vert sendt inn utomhusplan i samsvar med reg.føresegn 2.1. Pkt. 1-3 må dokumenterast seinast saman med igongsetjingssøknad. Tiltakshavar: Grieg Arkitekter AS, Fantoftveien 44, 5072 Bergen Ansvarleg søkjar: Husnes Butikkeiendom AS, c/o Rema Eiendomsutvikling Vest As, 5014 Bergen. Søknad dagsett: 10.02.2015 Om søknaden og eigedommen: Rammesøknaden viser eit forretningsbygg i ein etasje med bruksareal på 1477 m2 i 1. etasje og 52 m2 BRA i messanin-etasjen. Sistnemde inneheld ventilasjonssentral og gasskjølar. Bygningen har flate tak med litt ulike høgdenivå. Hovedtaket er 7,5 meter over ferdig golv, medan oppløft ved inngang og messanin-etasje har møne- og gesimshøgde på 8, 2 meter over golv-nivå på kote + 10 moh. Bygningen er søkt plassert på eksisterande ringmur etter tidlegare oppstarta LIDL-bygg, med inngang mot Opsangervegen. Bygningen er trekt vekk frå rundkøyringa. Det er planlagt utomhusanlegg med 90 parkeringsplasser, av desse er 8 HC-plasser ved inngangen. Det er videre sett plass side 1
til sykkelparkering, også ved inngangen. Innkøyringa vert felles med forr.bygget til Teigen Eigedom As. Utomhusplanen viser elles gangveg frå butikkinngang mot aust til gangveg langs Opsangervn. Randsonen rundt forretningstomta er vist som grøntareal med tre og buskar. Varemottak er vist mot sør. Dispensasjon: Det er søkt om dispensasjon til rekkefølgekrav gjeve i reg.føresegn 3.1.3. «Fylgjande skal vera gjennomført/opparbeidd før bruksløyve vert gjeve: Tilstøytande veg med fortau og møblering, og/eller gangveg/gatetun. Søkjar skriv at eventuell videre utbygging på S7 S9 S10 er ikkje avklart. Det er ikkje hensiktsmessig å etablere gangvegane G5 og G6 før utbygging også på S7 S9 S10 er avklart. Det er ein føresetnad at tiltakshavarar for S7, S8, S9 og S10 i felleskap gjennomfører gangvegane G5 og G6 når alle tiltak på desse er avklart. Arealstatus og strandsone Her er stadfesta reguleringsplan Byen Husnes godkjent i kommunestyret 20.12.2012. Arealet som vert bygd ut er S8 og arealformål er sentrumsformål. Gateplan skal nyttast til publikumsretta verksemder som forretning, kultur, og anna serviceverksemd. Omsøkt tiltak stemmer med arealformålet. For S8 er byggjegrensa gjeve som formålsgrense for tiltaket. Maks byggjehøgde er sett til kote +28 moh, 4-5 etasjar. Utnyttingsgrad er sett til 220 % BRA. Parkeringsdekning for areal med sentrumsformål er sett til 20-35 p-plasser og 6 syklar pr. 1000 m2 BRA. Nabovarsel Det er motteke merknad frå Teigen Eigedom AS dagsett 29.01.2015, nabovarsel var sendt 26.01.2015. Fylgjande merknad: Når det gjeld innkøyrsel kjem den heilt i hyrna på prosjektert bygg på eigedomen 144/224, så den bør flyttast min. 2-3 meter frå bygg. Når det gjeld mjuke side 2
trafikkantar og fortau, bør fortau på høgre sida av innkøyrsel førast videre rundt svingradius vist på vedlagt kart. Utdrag av reg.plan «byen Husnes» Tilsvar til nabomerknad Innkøyrsel bør ikkje flyttast fordi den er plassert slik reguleringsplanen forutset. Ein ynskjer ikkje å forlenge fortau fordi det vil leida fotgjengarar inn over køyreareala ved kryss-pkt. Løysinga som synest tryggare er å leida fotgjengarar fram til det store gangfeltet som kryssar p-areal mot hovedinngangen. Naturmangfaldlova Heile tomta er masseutskifta. Ingen registrering. Kulturminne Ingen registering. Veg, vatn og avløp Regulert veg som allereie har opparbeidd avkøyrsle. Her går offentleg vatn og kloakk gjennom tomta. Estetikk: Søkjar skriv vedr. estetisk utforming at tiltaket spelar på lag med omkringliggjande næringsbygg som har kubisk utrykk, flate tak og fleire har lyse fasadeflater. Dette forretningsbygget har sitt eige uttrykk som reflekterar tiltakets plassering og funksjon utan å dominera eller å framstå som framand i høve til omgjevnadane, skriv søkjar. Inngongen vender seg mot Opsangervn., og har store glasfelt for å opna bygningen mot sentrum og publikum. Den strame bygningskroppen er prosjektert med innslag av trefasadar og overflata gjev eit lunare utrykk. Bygningen ligg tilbaketrekt på tomta. Utområdet med parkeringsareal vert skjerma av grøntsoner. side 3
Vurdering Nabomerknad går på flytting av innkøyrsla 2-3 meter lenger ned mot Opsangervn. fordi dei har prosjektert eit tilbygg like til innkøyrsla. Søknaden om det prosjekterte bygget som nabo, eigar av 144/205 viser til, vart i 2008 returnert fordi det ikkje var prosjektert i samsvar med reg.plan, byggjeliner og vegsystem. Grieg Arkitekter As, opplyser at dei har engasjert trafikkfagleg konsulent til utforming av innkøyrsla for varetransporten, og løysinga samsvarar med gjeldande reguleringsplan. Innkøyrsla til Rema-eigedomen må utformast som omsøkt. Forretningsbygget er søkt plassert på bakre del av tomta på eksisterande ringmur til tidlegare oppstarta LIDL-bygg. Administrasjonen har hatt ynskje om å trekkja forretningsbygget fram mot Opsangervegen slik at parkering vert meir anonymt bak bygningen. Dette er likevel vanskeleg å gjennomføra i og med at hovedkloakk for Husnes går med lite fall gjennom tomta, og ei flytting av dette ville verta omfattande og teknisk utfordrande å gjennomføra. side 4 Når det gjeld rekkefølgjekrav om opparbeiding av felles gangvegar og parkar meiner rådmannen at dette er midlertidige dispensasjonar og praktiske tilnærmingar som er nødvendige for å få realisert tiltak i Husnes sentrum. På same måten som kommunen gav midlertidige dispensasjonar til
Panorama Eigedom A/S Husnes i forv.komiteen den 8.5.2013, vedtak nr. 2013/59, vert det no tilrådd midlertidige dispensasjonar til Husnes Butikkeinedom AS for å koma i gang med Rema 1000. Det må likevel liggja til grunn ein forpliktande avtale for å gje ein mellombels dispensasjon slik at det på eit seinare tidspunkt vert eit konkret spleiselag mellom dei ulike utbyggjarane. Midlertidig disp. må likevel avgrensast til maks 5 år. Det må lagast forpliktande avtalar om deltaking i dette nærmiljøanlegget og vegområdet. Utomhusplan og prosjektomtale viser at gangveg og trapper vert bygd ferdig til tomtegrensa mot 144/224 Søknad stettar for øvrig krava i reguleringsplan byen Husnes som er godkjent 20.12.2012 og forretningsbygget blir tilrådd godkjent. Vedlegg 1. Rammesøknad og orientering om prosjektet. 2. Supplement til estetisk utforming. 3. Dispensasjonssøknad. 4. Nabomerknad. 5. Tilsvar til nabomerknad. side 5