VOLDA KOMMUNE PER MULVIK AS Holmen 7 6100 VOLDA Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2016/1214 10531/2016 2016008 SVK/ SONHAV 07.09.2016 MELDING OM POLITISK VEDTAK - PLAN ID 1519-2016008 DETALJREGULERINGSPLAN ELVADALEN - BK1 - DEL AV GNR 30 BNR 4 Vi melder med dette frå at formannskapet den 06.07.2016, hadde føre ovannemnde som sak PS 147/16, der det vart gjort slikt vedtak: Kommunen har ikkje merknader til at det vert fremja privat detaljreguleringsplan for aktuelt område i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-11, basert på føringar gitt i gjeldande områdeplan- Elvadalen - planid. 1997004. Sakutgreiinga med vedlegg følgjer vedlagt. Volda kommune, servicekontoret Sonja Håvik konsulent Kopi til: Per Heltne - sakshandsamar
SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Per Heltne Arkivsak nr.: 2016/1214 Arkivkode: 2016008 Utvalsaksnr Utval Møtedato 147/16 Formannskapet 06.09.2016 PLAN ID 1519-2016008 DETALJREGULERINGSPLAN ELVADALEN - BK1 - DEL AV GNR 30 BNR 4 Handsaming: Planleggar Per Heltne var til stades og svara på spørsmål frå formannskapet. Odd A. Folkestad kom med slik protokolltilførsel: Ordføraren skal alltid ha melding før det vert avtalt oppstartsmøte i samband med fremming av private reguleringsframlegg. Røysting: Tilrådinga frå administrasjonen vart samrøystes vedteken. Vedtak i Formannskapet - 06.09.2016: Kommunen har ikkje merknader til at det vert fremja privat detaljreguleringsplan for aktuelt område i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-11, basert på føringar gitt i gjeldande områdeplan- Elvadalen - planid. 1997004. Administrasjonen si tilråding: Kommunen har ikkje merknader til at det vert fremja privat detaljreguleringsplan for aktuelt område i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-11, basert på føringar gitt i gjeldande områdeplan- Elvadalen - planid. 1997004. Vedleggsliste: Søknad om oppstart av privat detaljreguleringsplan Kartutsnitt - planavgrensing Referat førehandskonferanse. Reguleringsplan Elvadalen Reguleringsføresegner plan Elvadalen Uprenta saksvedlegg: Kommunedelplan
Kommuneplanen sin samfunnsdel Saksopplysningar: Etter initiativ frå Plankonsulent P.Mulvik as på vegne av eigar av gnr 30 bnr 4vart det den 13.07.2016 halde førehandskonferanse knytt til aktuelt planarbeid på området BK1 innanfor reguleringsplan Elvadalen. Til stades frå kommunen: Jørgen Vestgarden, Per Heltne, Berit Sandvik Skeide. Til stades frå forslagsstillar: Jan Magnus Ose (Per Mulvik AS), og grunneigarar Astrid og Per Schelderup. Grunneigar ynskjer å sette i gong arbeid med regulering av Bk1- gbnr.: del av 30/4 for å legge til rette for oppføring av konsentrert busetnad på eigedomen. Konsulentforma P.Mulvik as er engasjert plankonsulent for tiltaket. Området ligg innafor Reguleringsplan for Elvadalen RV 651 m.m. godkjent 28.08.1997, med planid: 1997004, og er der kalla Bk1. Arealet er flateregulert til konsentrert utbygging. I arealet BK1 inngår del av gnr 30 bnr 4 - eigar Per Schelderup og 29/11 - eigar Volda kommune. Det vart i 2013 varsla oppstart for detaljplanlegging for same område, jf sak 2013/570 - med planident 2013002. Dette planinitiativet vart ikkje fullført og arbeidet er avslutta. BK1 Utsnitt frå gjeldande reguleringsplan Utsnitt frå kommunedelplan I reguleringsplan, som er å sjå som områdeplan, er arealet lagt ut til konsentrert bustadformål. Det er i plan sett vilkår om utarbeiding av Bebyggelsesplan for området før utbygging. Omgrepet bebyggelseplan er i dag ikkje relevant for slikt planarbeid, og eventuell planlegging må skje som Detaljreguleringsplan etter reglane i pbl 12-3. Dersom det vert gjennomført som privat planprosjekt vil sakshandsamingsreglar etter 12-11 vere styrande. Spørsmål om planoppstart i privat regi skal handsamast politisk, ved vedtak Formannskapet. Søknad om planoppstart med skissert formål og nærare grunngjeving vert såleis å fremje for slik handsaming. Den tilgrensande eigedomen gbnr 29/11 der kommunen er grunneigar er del av Bk1 og må såleis takast med i planarbeidet.
Ein legg til grunn at dette vert avklara gjennom planprosessen, og ved eventuell avtale om kjøp/overtaking av arealet. Helse og miljøkonsekvensar: Vert nærare avklara gjennom planprosess. Økonomiske konsekvensar: Eventuelt sal av kommunen sitt areal vert å ta opp som eiga sak -når søknad om dette ligg føre. Beredskapsmessige konsekvensar: Avklarast gjennom planprosess - ingen kjende. Vurdering og konklusjon: Arealbruksformålet er i samsvare med gjeldande reguleringsplan, og kommunedelplan. Arealet er relativt lite og avgrensa til ein eigar. (utanom kommunen sitt vesle areal på ca 600m2). Området er regulert til konsentrert bustadformål. I reguleringsføresegner er gitt føringar for utnyttingsgrad, tilkomst, parkeringsdekning, krav til storleik og rekkefølgjekrav knytt til leikeplassar. Vidare er det sett krav om støyavklaring i høve til riksvegen i Elvadalen. Vidare ligg det i føresegnene eit krav om arkeologisk avklaring som del av detaljplanlegginga. Det er i gjeldande plan ikkje sett særlege reglar for etasjetal/byggehøgde. Her vil såleis Plan og bygningslova sine generelle retningsliner ligge til grunn- maks 2 etg og mønehøgd inntil 9m, gesimshøgd inntil 8m. Arealbruken er i samsvar med gjeldande kommunedelplan. Etablering av sentrumsnære bustader og konsentrert utbygging er også i samsvar med intensjon og målsettingar i kommuneplanen sin samfunnsdel. Vi rår til at det vert gitt høve til fremjing av privat plan for aktuelt område i samsvar med reglane i plan og bygningslova 12-11. Rune Sjurgard Rådmann Jørgen Vestgarden utviklingssjef Utskrift av endeleg vedtak:
P.Mulvik as Ved e-post til jan@mulvik.no
VOLDA KOMMUNE Servicekontoret Postadresse: postmottak@volda.kommune.no www.volda.kommune.no Stormyra 2 Telefon: Telefaks: Org. nr: Bankgiro: 6100 Volda 70058701 939 760 946 3991.07.81727