GISKE KOMMUNE Arkiv: JournalpostID: 17/1481 Sakshandsamar: PlanId - 2016007, K2 - L12, GNR - 129/0012 Bjarte Friis Friisvold Dato: 01.02.2017 SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker 09.03.2017 014/17 Detaljplan Rishaugen II - oppstart av planarbeid Innstilling: Komité for miljø og tekniske saker vedtek i medhald av plan- og bygningslova 12-8 at det blir starta opp regulering av eit område på Giske, ved Rishaugen, til veg- og bustadformål. Planarbeidet for Rishaugen II blir utført som detaljregulering etter pbl 12-3, med framlegg til plangrense som synt på plankart datert 15.02.2017. 09.03.2017 Komitè for miljø og tekniske saker Tilleggsforslag frå Marit G. Alnes (KrF):"Ein må vurdere moglegheit med tilførselsveg frå Øygardsvegen til bustadfeltet i planområdet."tilleggsforslag frå Kenneth Langvatn (H):"Det må i planprosessen leggast opp til medverkning utover krava i PBL, anten i form av folkemøte eller eit møte mellom planeigar, kommunen og representantar for naboar til planområdet. Dette kravet er begrunna i forhistoria dette området har med ei nyleg avslått byggesak."innstilling og tilleggsforlaga vart samrøystes godkjende. KMT- 014/17 Vedtak: Komité for miljø og tekniske saker vedtek i medhald av plan- og bygningslova 12-8 at det blir starta opp regulering av eit område på Giske, ved Rishaugen, til veg- og bustadformål. Planarbeidet for Rishaugen II blir utført som detaljregulering etter pbl 12-3, med framlegg til plangrense som synt på plankart datert 15.02.2017. Ein må vurdere moglegheit med tilførselsveg frå Øygardsvegen til bustadfeltet i planområdet.det må i planprosessen leggast opp til medverkning utover krava i PBL, anten i form av folkemøte eller eit møte mellom planeigar, kommunen og representantar for naboar
til planområdet. Dette kravet er begrunna i forhistoria dette området har med ei nyleg avslått byggesak. Vedlegg: Referat førehandskonferanse detaljplan Rishaugen, Giske kommune_2016.12.09 (L)(487384)(1) Brev varsling av oppstart - Rishaugen II Annonse varsel Rishaugen II 1 Rishaugen II - Områdekart Brev varsling av oppstart Barnetrakk_2017.02.06_påskrift Rishaugen - gjeldande plankart Gnr 129 bnr 12 - Lampholmen AS - einebustadar - vedtak i klagesak Detaljplan Rishaugen II_framlegg plangrense_2017.02.15 Detaljplan Rishaugen II_illustrasjon framlegg plangrense_framlegg vegar_2017.02.15 Detaljplan Rishaugen II_illustrasjon framlegg plangrense_gjeldande kommuneplan_2017.02.15 Detaljplan Rishaugen II_illustrasjon framlegg plangrense_gjeldande regplan_2017.02.15 Detaljplan Rishaugen II_illustrasjon framlegg plangrense_ortofoto_2016_2017.02.15 17_19258-3Detaljplan Rishaugen II - Utviding av planområdet - Giske kommune med vedlegg Saksutgreiing: Etter gjeldande reguleringsplan har det innanfor planområdet vore forsøkt å få byggjeløyve for 7 bueiningar. For å kunne byggje ut som ønska var utbyggjar avhengig av dispensasjon, blant anna for byggjehøgde. Dispensasjonane har vore til politisk handsaming i møte 21.04.2016 sak KMT- 030/16. Vedtaket vart påklaga av naboar, klage handsama i møtet 01.09.2016 sak KMT-062/16. Vedtaket vart påklaga av utbyggar, klage handsama i møtet 08.12.2016 sak KMT-095/16. Klagesakene vart oversendt Fylkesmannen i Møre og Romsdal for endeleg avgjersle, i brev av 11.01.2017 har Fylkesmannen handsama klagene, vedlagt. Med dette som bakgrunn ønskjer utbyggar å starte regulering av området for å kunne byggje ut som ønska. I samband med utbetring av Godøytunnelen har Statens vegvesen kome med ønske om å utvide planområdet for ivareta sine interesser knytt til fylkesvegen og tunnelen, jamfør vedlegg. Innanfor utvida planområde må det leggjast til rette for tekniske anlegg og installasjonar. I brevet blir det opplyst korleis ein skal gå fram ved bygging over eller i nærleiken av tunnelen, med framlegg til føresegn for omsynssone. Heimelsgrunnlaget Plan- og bygningslova kap. 12. Økonomiske konsekvensar: Grunnerverv av vegareal (veg, fortau, gang- og sykkelveg). Vurdering:
Gjeldande plan Planområdet er i gjeldande arealdel sett av til bustad og vegføremål. I gjeldande reguleringsplan er området regulert til bustad, veg, gang- og sykkelveg og anna veggrunn. Gjeldande regulering for området bør vidareførast so langt som råd når det gjeld tilkomst til bustadområdet og sambindingsveg (regulert turveg i gjeldande plan). Planarbeid Det er ikkje starta opp planarbeid i nærleiken til planområdet. I kommuneplanen sin arealdel, som er under rullering, er det lagt opp til gang- og sykkelveg/fortau langs Staurneset for å leggje til rette for trygg mjuk ferdsel til idrettsanlegget. Vegløysing Veg til bustadområdet må bli vidareført, med vegløysing frå både vest og aust. Det blir ikkje lagt opp til tilkomst direkte til fylkesveg mot nord. Veg mot aust må bli regulert som i gjeldande plan, den er delvis bygd ut med utbyggingsavtale. Det blir lagt opp til å regulere veg om lag som bygd ut til Staurneset. Gang- og sykkelveg/fortau I samband med regulering av bustad ønskjer kommunen å vidareføre regulert Øygardsveg frå vest til rundkøyring, med gang- og sykkelveg. Det blir regulert fortau langs veg til Staurneset på sørsida, over VA-leidning. Turvegar Det må leggjast til rette for samanhengande turveg gjennom bustadområdet aust vest, og regulere inn snarveg til gang- og sykkelveg langs Øydgardsvegen frå bustadområdet. Tunnelpåslag Ved planområdet er det tunnelpåslag for Godøytunnelen. I gjeldande regulering er det regulert med annan veggrunn om lag 50 m frå påslaget. Dei neste 30 m er regulert med stripeareal bustad/annan veggrunn, der det skal avklarast med Statens vegvesen kor nærme tunnelpåslaget det kan byggjast. I samband med reguleringa er det ønskeleg å klargjere nærare arealbruken i nærområdet til tunnelpåslaget. Statens vegvesen Staten vegvesen sitt ønske om å utvide planområdet for å få med meir areal langs fylkesvegen ved tunnelen blir følgt opp og planområdet blir utvida i samsvar med ønske. Ei omregulering av dette arealet vil lette arbeidet med renovering av Godøytunnelen og er i tråd med Giske kommune sine ønskjer om best moglege trafikkflyt i kommunen. I samband med utviding av planområdet ved rundkøyring for fv. 658, vil det bli vurdert å: justere reguleringsplanen i samsvar med bygd rundkøyring for buss regulere til parkering området mellom rundkøyring buss og Gjerdevegen Gnr./bnr. 130/108 Delar av opparbeidd tomt bnr. 108 blir omregulert frå annan veggrunn/bustad til bustadformål. Avstand til tunnel påslag vil avgjere kor nærme det kan bli regulert
bustadformål. Privat planarbeid Det er privat initiativ for å starte planarbeid i området. I samband med planarbeidet ønskjer kommunen å utvide planområdet ofr å leggje til rette for veg, fortau, gang- og sykkelveg i nærområdet. Kommunen står for regulering av offentleg vegareal. Utnytting Det blir lagt opp til utnytting i samsvar med kommuneplanen sin samfunnsdel for frittliggande einebustadar, inntil 30 % BYA inklusiv to biloppstillingsplassar. Byggjehøgde vert rådd til maksimal gesimshøgd inntil 7 og maksimal mønehøgd inntil 8 m. Målt frå gjennomsnittleg opparbeidd terreng. VA Det er tilfredstillande VA-kapasitet i området for å kople seg til. I samband med regulering vert det sett krav om forprosjekt av teknisk infrastruktur for sikre nødvendig areal/løysningar til dette. Barn og unge Tilhøva til barn og unge må vurderast i samband med reguleringa. Det blir synt til barnetrakkregistreringar og leikeplassnorma. Vegane i området blir nytta til skuleveg og som turveg for barnehagen. Øydgardsvegen og området ved rundkøyringa er merka som skummel. Vedlagt utsnitt av barnetrakkregistreringa for området med forklaring. Landbruk Reguleringa vil medføre striper med landbruksareal langs eksisterande vegar blir omdisponert til vegformål. Dette vil gjelde om lag 1 daa. Eventuell omdisponering vil ha stor samfunnsnytte. Førehandskonferanse Det har vore halde førehandskonferanse før oppstart av planarbeid 09.12.2016, referat er vedlagt. Servituttar (råderett over annan manns eigedom) Dersom nokon har servituttar innanfor planområdet må dette kome fram i samband med merknad til varsel om planoppstart. Etter forskrift om konsekvensutredninger for planar etter plan- og bygningslova skal reguleringsplanar vurderast etter denne for å avklare om planen skal handsamast etter forskrifta. I forskrifta er det tre som planen skal vurderast etter: 2. Planar og tiltak som alltid skal handsamast etter forskrifta 3. Planar og tiltak som skal vurderast nærare 4. Vesentleg verknad for miljø og samfunn Framlegg til planområde har i kommuneplanen sin arealdel føremål bustad, veg, fortau, gang- og sykkelveg. Reguleringa vil delvis vere i tråd med dette. Det er ikkje lagt inn fortau eller gang- og sykkelveg langs dei strekningane som det er ønske om å regulere inn fortau, gang- og sykkelveg. Regulering av fortau, gang- og sykkelveg vert langs eksisterande vegar og
vert sjå på som ei utviding av desse. Etter 2 andre avsnitt blir ikkje krav om KU vurdering for reguleringsplanar gjort gjeldande sidan det blir lagt opp til å utvide eksisterande vegar. Etter 3 andre avsnitt gjeld ikkje krav om KU vurdering når reguleringsplanen er i samsvar med overordna plan. Etter 4 vurderer rådmannen at planen ikkje vil få vesentleg verknad for miljø og samfunn med regulering av ein frittliggande einebustad. Etter samla vurdering av gjennomgang av forskrift om konsekvensutredning blir det frå Plankontoret vurdert at det ikkje vert krav om konsekvensutgreiing for planarbeidet for detaljplan Rishaugen II. Dette blir grunngjeve med: - Planen er tråd med gjeldande arealdel - Planen vil ikkje gje vesentleg negative verkandar for miljø eller samfunn Med vurderingane over og vedlagte illustrasjonar blir det vurdert at det ligg til rette for å starte opp planarbeid i dette området.