Nordplan side 1 av 5 Vedlegg til detaljregulering for Lund masseuttak MERKNADSVURDERING ETTER OPPSTARTSVARSEL I dette notatet vert det gjeve eit samandrag av innkomne innspel til kunngjering av planarbeid med planprogram for detaljregulering for Lund masseuttak, samt vår vurdering. 1) Statens vegvesen, datert 01.07.2014 Statens vegvesen viser til at trafikale konsekvensane av tiltaket må utgreiast og avklarast i det komande planarbeidet. Dei ber vidare om at gjeldande vegnormalar i handbok 017 om veg- og gateutforming vert lagt til grunn for planarbeidet. Det må leggast inn byggegrense mot riksvegen i planen. I rammeplan for avkøyrsler og byggegrenser på riks- og fylkesvegar i Region vest (2013-2016) er denne sett til 50 meter. Planarbeidet må også gjere greie for om/korleis drifta av steinbrotet vil ha konsekvensar for Rv. 15. Merknaden er teken til følgje. Avkøyrsel er regulert i samsvar med handbok N100 (tidlegare 017). Etter kunngjering oppstart har oppdragsgjevar valt å ta ut industriføremålet, og dermed berre regulere området til steinbrot. Planen opnar ikkje for bygningstiltak, og det er difor ikkje regulert inn byggegrense mot rv. 15. Det har i ei årrekkje vore drift av steinbrotet og det er ikkje planlagt auka i årleg uttak av steinmassar. Eksisterande og framtidig aktivitet i planområdet har og vil ikkje få negativ konsekvens for rv. 15 med tanke på trafikk. Det er ikkje kjennskap til at det har vore steinsprang ut i vegbane grunna drift av steinbrotet. For sikkerhet mot eventuelle framtidige steinsprang, samt reduksjon av fjernverknad er det regulert inn eit vegetasjonsbelte på 10 meter frå sørleg grense på masseuttak til rv. 15 sin grøftekant. Sjå plankart. n:\2014\14049 detaljregulering for lund masseuttak\8 plandata 2) Sogn og Fjordane Fylkeskommune, datert 28.07.2014 Fylkeskommunen har ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne tiltaksområdet, og har såleis ikkje avgjerande merknader til planen når det gjeld dette. Dei ser likevel ikkje bort i frå at det kan ligge automatisk freda kulturminne i det aktuelle området, og ber difor om at tiltakshavar vert gjort merksam på følgjande: Tiltakshavar har plikt til å vise varsemd og til å straks melde frå til Sogn og Fjordane Fylkeskommune ved Kulturavdelinga dersom ein under arbeidet skulle støyte på automatisk freda kulturminner, jf. 8, 2. ledd i Lov om kulturminne. Merknaden er teken til følgje. Det er sikra i føresegnene at ved funn av automatisk freda kulturminner, er ein plikta å melde frå til Sogn og Fjordane Fylkeskommune jf. 8, 2. ledd i Lov om kulturminne. 3) Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), datert 29.07.2014 NVE skriv i sin merknad at grunna planområdet ligg innanfor aktsemdområde for skred, må det i første omgang gjerast ei nærare vurdering av skredfaren i samband med planarbeidet. Det må definerast faresonegrenser i samsvar med tryggleikskrava i Byggteknisk forskrift (TEK 10). Eventuelle fareområder må innarbeidast i planen og ha
Nordplan side 2 av 5 tilhøyrande føresegner som sikrar akseptabel tryggleik før utbygging kan finne stad. Vidare skriv NVE at dersom det er trong for sikringstiltak eller restriksjonar på arealbruk for oppnå tilstrekkeleg tryggleik, rår dei til at det aktuelle området vert teke inn i planen. Merknaden er ikkje teken til følgje. Med bakgrunn i kunngjering oppstart av planarbeid for eit område for steinbrot og industri, krev NVE at det blir utført skredundersøkingar. Etter kunngjering har oppdragsgjevar valt å regulere berre til steinbrot og ikkje opne for bygningsmessige tiltak innanfor planområdet (jf. føresegner og plankart). I samråd med Eid kommune, som har vore i kontakt med NVE angåande skredproblematikken, har det blitt konkludert med at det ikkje vil vere naudsynt med skredvurdering i samband med reguleringsarbeidet. 4) Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, datert 05.08.2014 Fylkesmannen (FM) har meldt til kommunen at dei ventar med å ta stilling til arealbruken i framlegg til ny arealdel til kommuneplan (ikkje vedteken), til tilhøyrande konsekvensutgreiing er ferdigstilt. FM har såleis ikkje vurdert utvidinga av steinbrotet ved Lund som er føreslege i KP. FM skriv vidare at miljøulempene i samband med steinuttak er ofte store når det t.d. gjeld støy, støv og som følgje av tungtransport til og frå verksemda. Eventuelt knusing av steinmassar er ein aktivitet som er særleg støyande, og kan høyrast på lange avstandar. Dagbrot fører også til store sår i landskapet. Det er difor særleg viktig at miljøkonsekvensane er godt kjende og arealbruken grundig vurdert før ein opnar for ny eller vesentleg utviding av slik aktivitet. Planomtalen skal gjere greie for verknadane planen vil kunne få for ulike interesser og omsyn (jf. pbl. 4-2). Når det gjeld den visuelle verknaden av steinbrot og komande næringsbygg, rår FM til å vurdere både nær- og fjernverknad. Det bør leggjast vekt på etappevis uttak av stein, terrengutforming som dempar det visuelle uttrykket, og driftstider som avgrensar negative verknader for omgjevnadane. FM føreset at mål og prinsipp etter naturmangfaldlova blir vurdert og lagde til grunn for planarbeidet. Vidare skriv FM at ei sentral problemstilling når det gjeld steinuttak er støy frå aktiviteten i steinbrotet. Det er ikkje opplyst om avstanden til næraste busetnad, men ut frå kart ser det ut til at næraste gardstun ligg mindre enn 300 meter unna. Det er viktig å vurdere behovet for avbøtande tiltak for å redusere eventuelle støy- og støyulemper frå steinuttaket. Også eventuell støy frå framtidig næringsaktivitet og anleggsfase bør vurderast. FM understrekar at det er kommunen som har ansvar for å sikre tilfredsstillande støytilhøve i si arealplanlegging etter pbl. FM vil rå til å gjennomføre støyutrekningar eller støymålingar slik at støysonene visast på kart, og viser til retningslinje T-1440/2012 for støy. Minner på at det må avklarast om drifta i steinbrotet er konsesjonspliktig etter ureiningslova eller ikkje. Drift i steinbrotet i samsvar med vedteken reguleringsplan kan ikkje skje før spørsmålet om konsesjonsplikt er avklart med FM.
Nordplan side 3 av 5 Dei ber vidare om at det i samband med vurdering av landbruksinteresser, vert vurdert kor vidt tiltaket vil føre til ulemper for uttakk av skog på areal som grensar innåt planområdet. Viser til krav om ROS-analyse, i samsvar med pbl. 4-3. Merknadsfrist ved offentleg ettersyn for framlegg til ny KP var 01.10.2014, og FM hadde ikkje merknad til utviding av eksisterande masseuttak ved Lund. Miljøulempene er kommentert i plandokumenta, i samsvar med vedteke planprogram (datert 13.03.2015). Den visuelle fjernverknaden er vurdert i planomtalen, og det er planlagt etappevis uttak av stein (framgår av fig. 1). Det er vidare planlagt pallar på 5x15 meter, der det som del av avslutningsplanen skal plantast vegetasjon på kvar pallehøgd for å redusere fjernverknad i tillegg til vegetasjonsbeltet i sør. Sjå kapittel 6 i planomtalen for ROS-analyse og kap. 9 for illustrasjonar. Mål og prinsipp etter naturmangfaldlova er vurdert og lagd til grunn. Støyproblematikken har blitt diskutert med kommunen, som har gjeve tilbakemelding på at det ikkje er naudsynt med ei støyvurdering (jf. e-post frå Åshamar 04.12.14). Hovuddelen av masseuttaket har over 200 meter avstand til næraste nabo som er bustad i sørvest. I samsvar med ureiningsføreskrifta skal det utførast støyvurdering dersom det planleggast uttak av stein innanfor ei grense på 200 meter frå næraste busetnad: 30-11 Meldeplikt I god tid før en virksomhet som omfattes av dette kapittelet starter opp, eller det foretas endringer/utvidelser av en virksomhet, skal den ansvarlige sende melding til fylkesmannen med opplysninger om virksomheten. Meldingen skal omfatte opplysninger om hva slags virksomhet som skal etableres/endres, størrelsen på virksomheten, planlagt driftstid og andre opplysninger som kan være relevante. Pukkverk som etableres nærmere enn 200 meter til nabo må legge en støyvurdering med meldingen. Meldingen skal vedlegges dokumentasjon på at virksomheten er i samsvar med eventuelle endelige planer etter plan- og bygningsloven. Ein mindre del av planlagt masseuttak i sørvest ligg innanfor 200 til næraste bustad, og skal med dette vere i samsvar 30-11 sitt krav om støyvurdering. Støyproblematikken er omtalt i planskildringa (ROS-analysen), men det er på dette tidspunkt ikkje planlagt å utføre støymåling. Med tanke på terrenget innanfor planområdet, er det ikkje grunnlag til å tru at uttak av stein innanfor 200-meter vil skape meir støy for nabo enn uttak i nordleg del som har pågått i fleire år utan klage frå omkringliggande busetnad. Det er utarbeidd ei skisse som syner kva del av ønska masseuttak som er innanfor 200 meter avstand til den aktuelle bustaden (kap. 5.6 i planhefte og illustrert i fig. 1).
Nordplan side 4 av 5 Figur 1 Illustrasjon over planlagt uttaksetapper og område av steinbrot som er 150-200 meter frå næraste nabobustad i sørvest (skravert område). Rosa stipla linje markerar grense for 350 meter frå næraste nabo. Føresegner tillatar etablering av knuseverk aust/til høgre for den rosa stipla linja. Oppdragsgjevar vil følgje gjeldande lovverk og avklare med Fylkesmannen om drifta er konsesjonspliktig. Verknader for landbruksinteresser er tema i planomtalen. 5) Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard, datert 18.07.2014 Direktoratet for mineralforvaltning (DMF) saknar ei vurdering om produksjonen vil auke i framtida som følgje av planen. DMF gjer vidare ein merksam på at drift av natursteinbrot alltid fell inn under reglane i minerallova, og krev driftskonsesjon av DMF. Det same gjeld alle steinbrot viss samla uttak av masse er på meir enn 10000 m 3 (jf. 43 i minerallova). Drift kan då ikkje startast opp før driftskonsesjon ligg føre. DMF har ikkje andre merknader til varsel om oppstart, og kjem attende til saka når det ligg føreligg eit meir konkret framlegg til reguleringsplan. Oppdragsgjevar vil følgje gjeldande regelverk. Uttak er i dag på om lag 5000 m 3 /år, og tiltakshavar opplyser om at det ikkje er venta auke i uttaket i framtida som følgje av planen. Tiltakshavar oversendte søknad om driftskonsesjon til direktoratet 19.12.2014.
Nordplan side 5 av 5 6) Odd Egil Nilsen, datert 06.08.2014 Bruk nr. 4 har drikkevasskjelde frå borehol, som ligger på bruket nedanfor riksveg 15. Overflatevatn og støv som resultat av drift av steinbrot skal handterast innanfor planområdet. Det har vore drift av steinbrotet i fleire år utan kjende verknader på drikkevasskjelda for bruk 4. Plan legg ikkje til rette for auking av årleg uttak av stein og det er difor ikkje planlagt hyppigare sprenging i området. Det er med dette ikkje grunnlag til å tru av vidare drift av steinbrotet vil føre til konsekvens for drikkevasskjelda for bruk nr. 4. Nordplan AS, Nordfjordeid 16.03.2015 May-Britt Drage Bakke Arealplanleggar