DRIFTSBUDSJETT ÅRSBUDSJETT 2011



Like dokumenter
DRIFTSBUDSJETT ÅRSBUDSJETT 2012

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Pensjonspremie KLP budsjettregulering

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2012

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Godkjenning av tre prosjektrekneskap

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Godkjenning av to prosjektrekneskap

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR


Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Saksprotokoll. 1 Kontrollutvalet gjer framlegg om budsjett for 2009/økonomiplan på programområde 11 Kontrollorgan: Netto- Budsjett 2009

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet Godkjenning av prosjektrekneskap Stend vgs Ombygging for tilrettelagt opplæring

SAK ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Disponering av investeringsmidlar i opplæringssektoren 2017

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Støtteeining økonomi og personal. Formannskapet Tenesteleiarane. ØP-notat nr 3 Økonomiplan Årsbudsjett 2012

SAK ÅRSBUDSJETT 2020 OG ØKONOMIPLAN

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

TILTAK FOR ARBEID - OPPFØLGJING AV REGJERINGA SIN KRISEPAKKE

ÅRSBUDSJETT 2011 ØKONOMIPLAN

SAK ÅRSBUDSJETT 2019 OG ØKONOMIPLAN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Styresak. Arkivsak 2009/96/ Styresak 007/10 B Styremøte

Tertialrapport 2 tertial 2015

Oversyn over økonomiplanperioden

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Styresak. Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

SAK ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 20.november 2014.

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Elev- og lærlingombod i HFK

FYLKESVEGPLANEN

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Forskrift om bustøtte

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Rekneskapsrapport pr. oktober 2016.

Politisk verksemd. Kostradokument nr. 1. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for 2010

Partsbrev med vedtak vedr. framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeid for 2015

Fakta Bergen

BYBANEN AS - GARANTI FOR DRIFTA - VAL AV STYREMEDLEMMER M.M.

Rekneskapsrapport pr. juni 2017

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

FINANSFORVALTNINGA I 2012

FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING

Budsjett 2011 Økonomiplan Samandrag av budsjettgrunnlag pr. 4. oktober 2010

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Dato: 16. februar 2012 Kl.: Stad: Møterom 425 Sunnhordland i Fylkeshuset Saknr.: 8/12-13/12

Budsjett Intern Service Helse Førde

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø

Budsjettjusteringer desember 2014

Innkalling. til. Ordinert Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG SA. Onsdag 27. april 2016 KL. 1900, SØK sitt kontor i Skånevik.

Heradet er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

Tittel: Budsjett 2016/Økonomiplan

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Rekneskapsrapport pr. juni 2016.

SAK ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT 2013

SAK ÅRSBUDSJETT 2017 OG ØKONOMIPLAN

FjellVAR AS ber i notatet om at kommunestyret gjer følgjande vedtak når gebyrsatsane for 2015 skal fastsetjast:

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Budsjett 2017 endringar ny gjennomgang av investeringsbudsjettet.

NY SKULE I ÅSANE. UTBYGGINGSAVTALE I SAMBAND MED REGULERINGSPLAN.

Budsjett 2012, økonomiplan

Årsbudsjett 2009 Økonomiplan

Innkalling av Kraftfondsstyret

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Transkript:

DRIFTSBUDSJETT ÅRSBUDSJETT 2011 Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 1

POLITISKE ORGAN OG ADMINISTRASJON Budsjett 2010 Budsjett 2011 Tal i heile 1000 kr Endring % 400 Politisk styring Brutto driftsutgifter 20 849 23 086 10,7 % Driftsinntekter Netto driftsutgifter 20 849 23 086 10,7 % 410 Kontroll og revisjon Brutto driftsutgifter 6 125 6 318 3,2 % Driftsinntekter -1 650-1 680 1,8 % Netto driftsutgifter 4 475 4 638 3,6 % 420 Administrasjon Brutto driftsutgifter 168 192 183 794 9,3 % Driftsinntekter -3 690-4 903 32,9 % Netto driftsutgifter 164 502 178 891 8,7 % 421 Eigedomsforvaltning Brutto driftsutgifter 17 841 20 660 15,8 % Driftsinntekter Netto driftsutgifter 17 841 20 660 15,8 % 430 Administrasjonslokale Brutto driftsutgifter 19 677 21 290 8,2 % Driftsinntekter -3 250-3 020-7,1 % Netto driftsutgifter 16 427 18 270 11,2 % 440 Personal- og rekr.pol. tiltak Brutto driftsutgifter 11 204 12 546 12,0 % Driftsinntekter -25-25 0,0 % Netto driftsutgifter 11 179 12 521 12,0 % Sum brutto driftsutgifter 243 888 267 694 9,8 % Sum driftsinntekter -8 615-9 628 11,8 % Sum netto driftsutgifter 235 273 258 066 9,7 % Samandrag Politisk styring Budsjetta for politiske organ er vidareført om lag uendra frå 2010. Til gjennomføring av fylkestingsvalet i 2011 er det budsjettert med 1,8 mill. kr i utgifter. Kontroll og revisjon I budsjetta for kontroll og revisjon er det heller ikkje nemnande endringar i høve til 2010. Administrasjon Tabellen viser vekst på om lag 8 mill. kr samanlikna med eit nullvekstbudsjett. Auken kjem på fleire avdelingar i fylkesadministrasjonen. Arbeidet med kommunikasjonsstrategi og organisasjonsutvikling krev ressursar. Det same gjeld elektronisk fakturahandsaming som er under innføring hausten 2010 og auka satsing innan innkjøpsfeltet for å få trygge innkjøpsrutinar og kopling mellom fakturasystem og innkjøpssystem. Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 2

Det er ført opp eit sparekrav på 5 mill. kr for fylkesadministrasjonen. Ein del av dette vil ein kunne spare inn ved vakansar som oppstår gjennom året. Eigedomsforvaltning Stillingstalet på eigedomsseksjonen vert auka med 1,8 årsverk. Løyvinga til arbeidet med å kartlegge bygningsmassen er auka frå 1 til 2 mill. kr. No framover vert det særleg fokusert på kartlegging av miljøfarlege og skadelege stoff. Administrasjonslokale Budsjettet for administrasjonslokale aukar med om lag 1,8 mill. kr frå 2010 til 2011. Dette skuldast i hovudsak heilårsverknad av auka leigeareal i Wigandgården. Personal- og rekrutteringspolitiske tiltak For dei fleste postane er det små endringar i høve til 2010, men på to budsjettpostar finn ein auke. Personalopplæring er auka med 0,35 mill. kr til 1,2 mill. kr. 400 Politisk styring Brutto driftsutgifter Budsjett 2010 Budsjett 2011 Endring % Fylkesting 7 630 7 800 2,2 % Fylkesutval 3 700 3 750 1,4 % Ymse møter, utval og råd 600 650 8,3 % Kultur og ressursutvalet 775 785 1,3 % Opplærings- og helseutvalet 775 785 1,3 % Samferdselsutvalet 775 785 1,3 % Frikjøp av representantar 1 883 1 949 3,5 % Stønad til politiske parti 4 711 4 782 1,5 % Val 0 1 800 - Sum brutto driftsutgifter 20 849 23 086 10,7 % Sum driftsinntekter Sum netto driftsutgifter 20 849 23 086 10,7 % Frikjøp av fylkestingsrepresentantar I 2010 vart det budsjettert med kr 34.230 pr. representant. Ved reglementsrevisjonen i fylkestingsak 42/07 vart det bestemt at beløpet pr. fylkestingsrepresentant skal regulerast i samsvar med tariffjusteringar. I budsjettarbeidet har ein førebels lagt til grunn ein lønsvekst frå 2010 til 2011 på 3,5%. Oppjustert med denne prosentsatsen vert frikjøpsbeløpet kr 34.430. Summen for 55 representantar utgjer då kr 1.948.650. Stønad til fylkestingsgruppene Dei politiske partia sine grupper i fylkestinget får ein årleg sum som dei kan disponere til arbeidet sitt. Frå 2007 har ein regulert stønadssatsane med same prosentsats som statsbudsjettet nyttar for løns- og prisvekst i kommunesektoren (kommunal deflator). I 2010 vart det nytta følgjande satsar: Stønad til fylkestingsgruppene kr 65 530 Stønad pr. representant kr 36 790 Om ein justerer opp beløpa med 2,7% i 2011, får ein følgjande satsar: Grunnstønad kr 67.300 Stønad pr representant kr 37.780 Stemmestøtte Det er ført opp same summen som i 2010, kr 2.090.000. Fylkesutvalet gjorde i sak 57/92 vedtak om at summen skulle delast på dei politiske partia som var representerte i fylkestinget. Val Det er ført opp 1,8 mill. kr til gjennomføring av fylkestingsval i 2011. Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 3

410 Kontroll og revisjon Brutto driftsutgifter Budsjett 2010 Budsjett 2011 Endring % Sekretariat for kontrollutvalet 2 824 2 946 4,3 % Kontrollutvalet 1 401 1 412 0,8 % Ekstern revisor 1 900 1 960 3,2 % Sum brutto driftsutgifter 6 125 6 318 3,2 % Sum driftsinntekter -1 650-1 680 1,8 % Sum netto driftsutgifter 4 475 4 638 3,6 % Denne funksjonen omfattar kontrollutvalet, ekstern revisor (Deloitte) og sekretariat for kontrollutvalet. Sekretariat for kontrollutvalet har avtale med 16 kommunar om å vere sekretariat for deira kontrollutval. I tillegg har ein avtale med Forum for Kontroll og Tilsyn. Stillingstalet ved sekretariatet 4 personar. Det er ført opp 1 mill. kr som kontrollutvalet kan disponere dersom det dukkar opp uføresette forhold som gjer at det må kjøpast meir ekstern bistand. Dette kan vera ikkje planlagde aktivitetar som måtte dukke opp t.d. forvaltningsrevisjon, selskapskontroll og utgreiingar. Budsjettforslaget vart handsama av kontrollutvalet den 25.08.2010, sak 26/10. 420 Administrasjon Økonomiavdelinga Det vert budsjettert med følgjande stillingar: Økonomidirektør / budsjettseksj. 7 årsverk Fylkeskasseraren 14 Innkjøpsseksjonen 9,45 Det er teke i bruk ei ny stilling hos fylkeskasseraren i 2010. Dette har samanheng med innføring av elektronisk fakturabehandling.. Det er behov for styrka bemanning på innkjøpsseksjonen. Stillingstalet er auka med 1. I dag nyttar både innkjøpsseksjonen og andre avdelingar store summar til kjøpte tenester til innkjøpsarbeidet. Ein har eigen rammeavtale for slike kjøp. Eigedomsseksjonen vert budsjettert under kostrafunksjon: 421 Eigedomsforvaltning. Organisasjonsavdelinga Organisasjonsavdelinga har sitt hovudfokus retta inn mot å utvikle fylkeskommunen som organisasjon og hjelpe avdelingane i samband med dette. Dei største prosjekta i 2011 er knytt opp mot nytt løns- og personalsystem, utvikling av leiarskap, nytt kvalitetssystem, ny kommunikasjonsstrategi og IT-tekniske løysingar for kollektivtrafikken. I 2011 vert avdelinga utvida med to av eingane som til no har sortert under Fylkesrådmannen: Fylkesrådmannen sin stab med informasjonstenesta og juridisk seksjon. Kontrollstaben, som også sorterte under fylkesrådmannen, er lagt ned. Fleire av funksjonane som låg til denne eininga vert tekne vare på gjennom det nye kvalitetssystemet som er under utvikling. Det er budsjettert med følgjande stillingar: Organisasjonsdirektør 5,0 årsverk Personalseksjonen 22,2 HMT-seksjonen 6,3 IT-seksjonen 30,0 Info-service/trykkeri 4,5 Sentralarkivet 10,4 Rådmannskontor/infotenesta 10,6 Juridisk seksjon 2,0 Totalt 91,0 I samband med arbeidet med ny kommunikasjonsstrategi for Hordaland fylkeskommune vil det hausten 2010 verta gjennomført ei ekstern omdømemåling. Samstundes skal vi spørje dei tilsette korleis den interne kommunikasjonen fungerer. Neste trinn i utviklinga av kommunikasjonsstrategien er ein identitetsprosess og ny visuell profil, som begge deler får budsjettmessig verknad i 2011. Det er budsjettert med kr 1 200 000 til dette formålet. Nye forskrifter frå 1.1.2010 krev at skular, tannhelseteneste, kantiner, reinhald o.a. har godkjent be- Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 4

driftshelseteneste. Arbeidstilsynet har godkjend HMT-seksjonen som bedriftshelseteneste fram til 31.12.2011 under føresetnad av at HMTseksjonen får knytt til seg arbeidsmedisinar i deltidsstilling. Det er difor budsjettert med ei 30 % stilling som arbeidsmedisinar. I sentralarkivet vert det arbeidd med ny arkivplan i år. Planen vil verte ferdig i løpet av hausten 2010. Planen legg opp til at sentralarkivet vil få auka ansvar for ytre einingar og dermed fleire arbeidsoppgåver. Sett i samband med at sentralarkivet over tid har fått auka arbeidsmengd. Det vert budsjettert med ei ny stilling i 2011. Ved IT-seksjonen er det ført opp 1 ny stilling i 2011. Til felles IT-utgifter er det budsjettert med 28,6 mill. kr. Dette er ei vidareføring av budsjettet for 2010. Dei største utgiftspostane gjeld datakommunikasjon, vedlikehald, bruk av datasentralar og telefoni i fylkesadministrasjonen. Regionalavdelinga I 2010 budsjettet vart det budsjettert med 46 årsverk på avdelinga (tidlegare Strategi- og næringsavdelinga.) Som følgje av forvaltingsreforma og nye oppgåver er det i løpet av 2010 oppretta 7 nye årsverk på Regionalavdelinga. Desse stillingane får heilårsverknad i 2011. Til fråtrekk i 2011 kjem stillinga som var knytt til HOG-energi, der lønsmidlane vert foreslått omdisponert innanfor regionalutvikling Totalt vert det budsjettert med 52 årsverk på avdelinga i 2011. Avdelinga har gått gjennom ei omorganisering siste året og stillingane er no fordelt slik etter kostra-funksjonar og ny organisering: 420 Administrasjon 13,0 årsverk 705 Næring 12,5 årsverk 715 Lokal og regional. utv. 26,5 årsverk 420 Administrasjon består av direktør, 4 årsverk i stabsgruppe Analyse, utgreiing og dokumentasjon, 6 i merkantil stabsgruppe og 2 ufordelte stillingar, som etter kvart skal fordelast på funksjonane 705/715. Under 705 Næring (finansieringsbistand overf. næringslivet) fører vi opp løns- og driftsmidlar til stillingane på Næringsseksjonen. Under 715 Lokal og regional utvikling fører vi opp løns- og driftsmidlar til 8 stillingar på Planseksjonen, 9 stillingar på Klima- og naturressursseksjonen, 6 stillingar på Internasjonal seksjon og 3,5 stillingar på Utviklingsseksjonen. I tillegg til dei faste stillingane vert det nytta nokre prosjektstillingar, finansiert over eigne budsjettpostar. Samferdselsavdelinga Samferdselsavdelinga er inndelt i tre seksjonar; Vegseksjonen, Transportplanseksjonen og Forvaltningseksjonen. Samferdselsavdelinga har ei bestillar og oppfylgjingsrolle ovanfor Skyss. I tillegg har avdelinga ei rolle i samband med bybaneutbyggjinga og drift av infrastrukturen. Det vert budsjettert med 24 stillingar i 2011, ein auke på ei stilling. Dette er ei stilling som sekretær for Fylkestrafikksikringsrådet, jf. vedtak i fylkesutvalssak 166/10. Kultur- og idrettsavdelinga 8,6 av stillingane ved avdelinga er budsjetterte under funksjon 420 Administrasjon. Tannhelseavdelinga 7,4 årsverk på fylkestannlegen sitt kontor vert budsjettert som administrasjon. Opplæringsavdelinga Opplæringsavdelinga er inndelt i fire seksjonar, administrasjonsseksjonen, fagopplæring, pedagogisk seksjon og drift og utviklingsseksjonen. Under kostra-funksjon 420 Administrasjon fører ein utgiftene til Administrasjonsseksjonen og direktøren. Fellesutgifter fylkesrådmannen (kontingentar m.m.) Der er ført opp kr 6 970 000 til kontingentar. KSkontingenten er på vel 6,7 mill. kr. Andre kontingentar gjeld North Sea Commission, Assembly of European Regions, Conference of Peripheral Maritime Regions of Europe, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Kommunesektorens Innkjøpsforum og Kraftfylke-kontingent. Partane i kommunal sektor oppretta i 2002 ei OUordning (Opplæring- og utviklingsordning). KS Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 5

administrerer ordninga. Finansieringa er delt med 1/3 på arbeidstakar- og 2/3 på arbeidsgjevarsida. Fylkeskommunen (arbeidsgjevar) sin del av kostnaden er rekna å utgjera om lag 2 mill. kr. Det er ført opp tilskot på 0,65 mill. kr til Vest Noregs Brusselkontor. Til representasjon og gåver er det ført opp 1 mill. kr. Innanfor denne summen er det meininga at ein også skal finne rom for passande gåver når skolar og institusjonar markerer jubileum. Til bedriftsidrettslaget Hordane er det budsjettert med eit tilskot på kr 75 000. Det er ført opp ein negativ sum på 5 mill. kr som eit sparekrav for fylkesadministrasjonen. Ein del av dette vil ein kunne spare inn ved vakansar som oppstår gjennom året. Tillitsvalde For tillitsvalde er det budsjettert med 9,8 årsverk. 421 Eigedomsforvaltning Denne funksjonen omfattar eigedomsseksjonen, forsikring av bygningar og kartlegging av bygningsmassen. Eigedomsseksjonen er ein seksjon under økonomiavdelinga. Det er budsjettert med 23,3 årsverk i 2011, ein auke på 1,8 i høve til 2010. Ei stilling er sett av til arbeid med energimerking / energiøkonomisering. Løyvinga til arbeidet med å kartlegge bygningsmassen er auka frå 1 til 2 mill. kr. No framover vert det særleg fokusert på kartlegging av miljøfarlege og skadelege stoff. Forsikring av bygningar, er budsjettert med 2,74 mill. kr. Summen aukar noko som følgje av nye skular og større areal. 430 Administrasjonslokale Utgiftene omfattar fylkeshuset i Agnes Mowinckelsgt., leigde areal i Wigandgården og Aasegården. Ein budsjetterer i 2011 med brutto utgifter på 21,3 mill. kr og inntekter på 3 mill. kr. Nettoutgifta aukar med 1,8 mill. kr i høve til 2010. Auken skuldast i hovudsak heilårseffekt av auka leigeareal i Wigandgården. 440 Personal- og rekrutteringspolitiske tiltak Velferdsbygg Fylkeskommunen har to eldre bustader som dei tilsette kan disponere på Fløksand og Gjerskvål (Voss). Det vert budsjettert med brutto utgifter på kr 160.000 og inntekter på kr 25.000. Leiarutvikling og personalopplæring Som ledd i oppfølginga av Strategi for leiarutvikling i Hordaland fylkeskommune 2009 2013, vert det arrangert regelmessige samlingar for ulike leiarkategoriar. I 2010 vart alle leiarane i fylkeskommunen samla til storsamling. I 2011 vil det bli arrangert eigne leiarsamlingar for tre grupper leiarar: rektorar, leiarar i tannhelsetenesta og leiarar i fylkesadministrasjonen. Desse samlingane vil verta arrangert kvart år, medan storsamling vil verta arrangert annakvart år. Det vert lagt vinn på å auka kompetansen hos dei tilsette i fylkeskommunen. Budsjettet til personalopplæring er foreslått auka frå kr 850 000 til kr 1 200 000. Retrettstillingar Til retrettstillingar er det ført opp nær 5 mill. kr. Attføring, omstilling, seniorpolitikk Fylkeskommunen har vedteke å satsa på livsfaseorientert personalpolitikk, som mellom anna går ut på å hindra tidlegpensjonering. Det er ført opp 4 mill. kr, det same som i 2010. Velferd for tilsette Det er ført opp kr 524.000 til velferdspengar for tilsette, som utgjer ca. kr 130 pr. arbeidstakar. Kantinetilskot Det er budsjettert med kr 1 688 000 som tilskot til kantinedrifta i fylkeshuset. I samband med nyopning av kantina i 2009 vart det innført ei ordning der dei tilsette får gratis kaffi og te. Det er budsjettert med kr 800 000 til dette tiltaket. Det er ført opp kr 360.000 under posten Aktiv Kvar Dag til prosjekt som fremjar fysisk aktivitet mellom tilsette i fylkeskommunen. Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 6

Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 7

FELLESFUNKSJONAR 471 Amortisering av tidlegare års premieavvik I følgje rekneskapsreglane skal pensjonskostnadene leggjast til grunn for rekneskapsføringa av pensjonsutgiftene. Avviket mellom faktiske premiebetalingar og pensjonskostnadene vert kalla premieavviket. Opplegget er at frå og med 2003 skal premieavviket dekkast inn over ein periode på 15 år. På dette budsjettkapitlet vert budsjettert inndekking av kjente premieavvik. Summen som er budsjettert for inndekking i 2011 er 1/15 av premieavviket for kvart av åra 2003-2009, og kjem fram slik: År Beløp 2003 1 657 000 2004 2 928 000 2005 635 000 2006 1 936 000 2007 855 000 2008 3 011 000 2009 6 075 000 Sum 17 097 000 Storleiken på premieavviket for 2010 er enno ikkje kjent. Inndekking av premieavviket for 2010 er difor ikkje ført opp på dette budsjettkapitlet i 2011- budsjettet, men må dekkast av lønsavsetjinga. 480 Diverse fellesutgifter Fylkeseldreråd Til fylkeseldrerådet er det ført opp kr 260.000. Dette er i samsvar med budsjettforslaget frå fylkeseldrerådet. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Rådet har i 2010 eit budsjett på kr 375 000. Fylkesrådmannen gjer framlegg om ei prisjustering opp til kr 385.000 i 2011. Ymse utgifter etter vedtak av fylkesrådmannen Dette er midlar som vert disponert til mindre utgifter etter vedtak av fylkesrådmannen. Ein ser dette som ei praktisk ordning, som gjer at små og kurante saker kan handsamast administrativt. Det er ført opp kr 100.000, same summen som i 2010. Ymse tilskot Her vert det budsjettert tilskot til lag og organisasjonar som ikkje høyrer naturleg inn under dei ulike sektorane. I tabellen nedanfor er det lista opp tilskota som vart løyvde i 2010, og forslag til løyving i 2011: 2010 2011 Norsk Pensjonistforbund 45 000 45 000 Raftostiftelsen 200 000 250 000 Ungdommens fylkesting 190 000 200 000 Kirkens SOS 160 000 165 000 FFO 175 000 200 000 Samarbeidsforum for 60 000 60 000 Funksjonsh. Org. Dysleksiforeningen i Bg. 10 000 10 000 Det akademiske kvarter 100 000 Sjømannskyrkja i Cardiff 200 000 Sum 940 000 1 130 000 For mange av organisasjonane vert det gjort framlegg om same tilskot som i 2010, eventuelt med ei prisjustering av beløpet. Kommentarane nedanfor Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 8

er avgrensa til organisasjonane der det vert foreslått endringar. Raftostiftelsen søkjer om eit tilskot på kr 400.000. Støtta frå fylkeskommunen er viktig for at stiftelsen skal kunna drive undervisnings- og formidlingsarbeid om menneskerettane, mellom anna overfor elevar og lærarar i den vidaregåande skulen. Stiftelsen tek i bruk nye undervisningslokale i siste halvdel av 2010, og har som mål å ta i mot ca. 3000 elevar frå ungdomsskolar og vidaregåande skolar i 2011. Fylkesrådmannen gjer framlegg om at tilskotet vert justert opp til kr 250.000 i 2011. FFO er ein paraplyorganisasjon med ca. 50 medlemsorganisasjonar. Tilskotet til organisasjonen har vorte trappa noko opp gjennom dei siste åra. Fylkesrådmannen gjer framlegg om å gå opp til kr 200 000 i 2011. Tilskotet til Det akademiske kvarter i 2010 var eit eingongstilskot til utstyr i samband med utbygging. Tilskotet fell bort i 2011. Fylkesutvalet løyvde i sak 99/10 kr 100 000 til eit renoveringsprosjekt ved sjømannskyrkja i Cardiff. Fylkeskommunen skal stå for bygging av ein terrasse kring kyrkja, kostnadsrekna til kr 300 000. Resten av tilskotet, kr 200 000, vert ført opp i 2011. Personalforsikring Her blir det ført premie for avtalefesta gruppelivog ulukke/yrkesskadeforsikring for alle tilsette i fylkeskommunen, ulukkeforsikring for elevar ved vidaregåande skular og reiseforsikring til tilsette og folkevalde på tenestereiser. I budsjettforslaget for 2011 vert det ført opp 6 mill. kr, same summen som i 2010. Ein del av forsikringsordningane er oppgåvepliktige, og vert registrerte i lønssystemet på kvar arbeidstakar. I rekneskapen gjer ein bruk av desse registreringane slik at ein får fordelt kostnaden på alle einingar i fylkeskommunen. 2 mill. kr, som i talbudsjettet vert vist som inntekt, er den delen av forsikringane som vert fordelt utover på alle einingane. Lønsavsetjing Lønsavsetjingane skal dekkja venta lønsutgifter utover dei utgiftene som er innarbeidde til løn på dei einskilde budsjetta for skular, tannhelsetenesta m.v. Lønsregulativet pr. 01.01.10 er nytta på dei einskilde budsjetta for 2011. Lønsavsetjingane i 2011-budsjettet skal dermed dekkja lønsauken i 2010 og venta lønsauke i 2011. Utrekningane av lønsavsetjingane for 2011 byggjer på opplysningar om lønsendringane i 2010 og overslag for lønsauken frå 2010 til 2011. Det er lagt til grunn 3,5 prosent lønsauke frå 2010 til 2011. Føresetnaden om lønsvekst i 2011 kan verta justert etter at statsbudsjettet er lagt fram. Når det gjeld utgifter til pensjon i Vital og Statens Pensjonskasse, er det pensjonskostnaden, som ein og har kalla normalpremien, som i utgangspunktet skal belasta rekneskapen. Pensjonskostnaden kan avvika frå pensjonspremien som vert betalt til pensjonskassane. Lønsavsetjingane er førte opp med 75,67 mill. kr. I utrekningane av denne summen er det teke omsyn til at pensjonskostnadene for 2011 i følgje dei siste prognosane vil verta lågare enn pensjonspremiane som er lagt til grunn på dei einskilde budsjetta for skular, tannhelsetenesta m.v. Tilleggsløyvingskonto fylkesutvalet Budsjettet for tilleggsløyvingar er for 2011 sett til kr 4 233 000. I 2010 var tilleggsløyvingskontoen kr 3 284 000. Momskompensasjon frå investeringar Momskompensasjon frå investeringar skal inntektsførast i driftsrekneskapen. Denne inntekta er vanskeleg å budsjettere. Små endringar i framdrifta av prosjekt kan gje store avvik i høve til årsbudsjettet. Ein budsjetterer momskompensasjonen som ein samla sum. Summen vil bli fordelt på slutten av året, i samsvar med det rekneskapen viser. Ein fører opp 161 mill. kr i 2011. Eigendel forsikringar Summen som vert budsjettert på denne posten er ei avsetjing som skal dekkje utgifter til utbetring av skader under eigendelen på bygningsforsikring og skader der fylkeskommunen ikkje er forsikra (innbrot, tjuveri etc.). Dei siste åra har det stått unytta midlar igjen på denne kontoen. I 2011 fører ein opp same summen som i 2010, 1,8 mill. kr, Tilbakebetaling av underskot frå skular / institusjonar Dei vidaregåande skulane og tannhelsedistrikta får behalda overskot, men må dekka inn underskot 2 år i ettertid. Underskotsdekninga vert inntektsført sentralt på denne kontoen med same storleik som utgiftsføringa på skulebudsjetta. Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 9

Det er budsjettert med slik inndekking av underskot frå tidlegare år: 2009-underskot: Kr 1000 Sentrum tannhelsedistrikt 109 Tanks vgs. 1 510 Langhaugen skole 1 270 Bergen katedralskole 720 Bømlo vgs. 107 Odda vgs. 1 899 Rubbestadnes vgs. 21 Knarvik vgs. 2 332 Arna yrk. 2 996 Austrheim vgs. 1 022 Bergen tekn. fagskole 125 Fyllingsdalen vgs. 903 Austevoll vgs. 1 686 Voss Husflidsskule 454 Stend vgs. 1 279 Voss jbs. 1 439 Garnes vgs. 1 336 Stord vgs. 3 408 Sum 22 616 Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 10