Side 1 Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/2276-5 Dato: 16.11.2016 Til: Frå: Tormod Fossheim Bente Høyland Særutskrift - Business Region Bergen Formannskapet hadde saka føre i møte 11.11.2016 som sak 2016/102. Vedlagt fylgjer utskrift av møteboka der vi syner til vedtaket.
Side 2 Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2016/2276-3 Tormod Fossheim Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/102 Formannskapet 11.11.2016 Intensjonsavtale med Hordaland fylkeskommune vedkomande vidareføring av tenestene i Business Region Bergen Innstilling frå rådmannen: 1. ønskjer ikkje å inngå intensjonsavtale med Hordaland fylkeskommune om vidareføring av tenestene i Business Region Bergen. 2. meiner at Hordaland fylkeskommune sine ordningar innanfor regionalt utviklingsarbeid i utgangspunktet bør koma alle kommunane i fylket til gode, uavhengig av eigenbetaling frå kommunane. 3. Kommunen ser med uro på at det vert lagt opp til å prioritera vidareføring av aktiviteten i Business Region Bergen framfor dei regionale partnerskapsavtalane. Behandling i Formannskapet den 11.11.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Formannskapet den 11.11.2016 1. ønskjer ikkje å inngå intensjonsavtale med Hordaland fylkeskommune om vidareføring av tenestene i Business Region Bergen. 2. meiner at Hordaland fylkeskommune sine ordningar innanfor regionalt utviklingsarbeid i utgangspunktet bør koma alle kommunane i fylket til gode, uavhengig av eigenbetaling frå kommunane. 3. Kommunen ser med uro på at det vert lagt opp til å prioritera vidareføring av aktiviteten i Business Region Bergen framfor dei regionale partnerskapsavtalane. Saksutgreiing:
Side 3 I brev til dagsett 03.10.2016, bed Hordaland fylkeskommune om at kommunen signerer og returnerer intensjonsavtale om vidareføring og styrking av tenester frå Business Region Bergen. Dette gjeld i hovudsak Etablerersenteret og prosjektet «Invest in Bergen». Fylkeskommunen inviterer alle kommunane i fylket til eit spleiselag og bed om svar innan 1. desember 2016. Sjå vedlagte brev og utgreiinga nedanfor. Endeleg samarbeidsavtale for dei to prosjekta vert utarbeidd frå 2017 Bakgrunn Business Region Bergen AS (etter dette BRB) vart skipa som selskap i oktober 2007, selskapet hadde då 20 1 eigarkommunar. Forutan kommunane var også Hordaland fylkeskommune med. Føremålet med selskapet var å driva regional næringsutvikling, etablerarsenter og arbeida med marknadsføring av Bergensregionen. Sidan 2007 har selskapet vakse til å omfatta 22 kommunar. Selskapet har hatt sterkast rotfeste i grensekommunane til Bergen og Nordhordland, selskapet har hatt lite representasjon frå kommunane i Hardanger og Sunnhordland. har ikkje vore medeigar. I 2016 vart det klart at Bergen kommune ønskte å gå ut av selskapet og ivareta næringsutvikling i eigen organisasjon. Bergen har heile tida vore ein naudsynt del av selskapet og ved denne endringa var ikkje lenger føresetnadene til stades for vidare drift i dagens form. I drøftingar mellom eigarkommunane våren 2016, vart det lagt til grunn at korkje Bergen kommune eller Hordaland fylkeskommune ønskte å etablera tenesta som eit IKS. Det vart også lagt til grunn at teneste burde ha ei «armlengdes avstand» til offentlege aktørar og at kommunane sine kostnader ikkje skulle gå opp som følgje av endringa. Ut frå desse føresetnadene vart det gjort framlegg om at deler av tenestene vart overtekne av Hordaland fylkeskommune. Oppgåver. I notat frå HFK dagsett 5. juni d.å. (sjå vedlegg) vert dei ulike oppgåvene som har lege til BRB vurdert opp mot korleis desse kan takast vidare. Av desse oppgåvene er det særskilt Etablerersenteret og Invest in Region Bergen som er omhandla av intensjonsavtalen: Etablerersenteret Det er gjort framlegg om at 1,7 årsverk knytt til BRB si etablerarteneste vert overført til Hordaland fylkeskommune og det vert føresett at den skal utviklast vidare under merkelappen «Etablerersenteret». Dette vert på mange måtar ein organisasjon i organisasjonen med ei eiga styringsgruppe som spring ut frå «eigarane». Det vert føresett at Etablerersenteret skal arbeida utadretta i fylket og samarbeida tett med eksisterande aktørar i kommunane og i regionen. Det er presisert at Etablerersenteret vil kunne nytta administrative ressursar frå fylket. Invest in Region Bergen Under denne merkelappen ligg aktivitetar knytt til marknadsføring, handsaming av innkomande førespurnader og oppdatering av næringsarealguiden og nettsidene til «Invest in Region Bergen.» 1 Regionrådet Norhordland IKS representerer 9 einskildkommunar
Side 4 Oppgåvene er føreset etablert som eit eige næringsutviklingsprogram med eit eige kostnads og finansieringsbudsjett og eiga styringsgruppe. Det vert peika på at Regionrådsleiarmøte også kan vera styringsgruppe. Økonomiske føresetnader I notatet av 6. juni vert det lagt opp til ein finansieringsmodell der kommunane betaler kr. 7 per innbyggjar for å kunna nytta tenestene. Hordaland fylkeskommune betaler då også kr. 7 per innbyggjar i heile fylket. Samla vert etter dette om lag 7,2 millionar. Det vert vidare vist til at Hordaland fylkeskommune også tek på seg eit større administrativt arbeid om ein går inn på den tilrådde organiseringa. Vurdering Det at Hordaland fylkeskommune tek på seg oppgåver knytt til å vera sparringpartnar for kommunane er positivt og i tråd med det fylkeskommunen gjer på andre områder slik som til dømes planlegging. Her har fylkeskommunen arbeidd aktivt med tilrettelegging av møteplasser mellom kommunar og har også gjennom sitt plannettverk bidrege med felles kompetanseløft. Rådmannen vurderer vidare at det er positivt at fylkeskommunen tek tak i den strategiske næringsplanen og koordinerer vidare oppfølging av denne. Fylkeskommunen har ein klar posisjon innan regional næringsutvikling, og når ein aktør som BRB går over ende, er det fint at fylkeskommunen sikrar at trådane vert overtekne av andre. Tilsvarande kan seiast om oppfølging av representasjon på viktige internasjonale møtestadar. Rådmannen kan vanskeleg sjå at eit eige Etablerarsenter med 1,7 årsverk skal ha føresetnader for å arbeida utadretta i fylket og samarbeida tett med eksisterande aktørar i kommunane og regionen. Det framstår noko uklart om dette skal vera ei teneste for dei som ønskjer å etablera nye verksemder i fylket, eller er det ei teneste som skal arbeida og vera ein ressurs for dei kommunale førstelinetenestene. Det er også uklart om Etablerersenteret skal vera ein aktør som konkurrerer med aktørar som i dag sel tenester til kommunane slik som til dømes Atheno. Rådmannen kan vanskeleg sjå nytten av å leggja ei utadretta etablerarteneste sentralt i fylkeskommunen sin organisasjon og meiner fylkeskommunen i staden burde ta ein gjennomgang av alle tenestene tillagt regionalavdelinga og gjera ei vurdering på om ikkje ein del av desse tenestene heller kan organiserast gjennom regionale kontor, eventuelt i samarbeid med regionråda. Rådmannen meiner at eit slikt etablersenter bør gå inn som ein del av det alminnelege arbeidet i fylket. Det må ikkje verta slik at Hordaland fylkeskommunen ikkje lenger skal driva fullgod rettleiing for kommunar som ikkje tek del i kostnadane med det nye Etablerersenteret. Invest in Region Bergen er vurdert å koste kr. 8 per innbyggjar der kommunane betaler halve kostnaden. Det er vanskeleg å sjå av notatet kva som eigentleg ligg i dette arbeidet. Ein felles
Side 5 arealguide der kommunane legg inn sine næringsareal bør kunna driftast av fylkeskommunen utan noko ekstra ressursar og koordinering andsynes verksemder som ønskjer å etablera seg i Hordaland bør eventuelt kunna ivaretakast av fylkeskommunen innanfor eksisterande rammer. Modellen som Hordaland fylkeskommune legg opp til i denne saka er oppsummert etter rådmannen sitt syn at kommunane skal betale for å få levert ein del tenester som i utgangspunktet er ein del av fylkeskommunen si oppgåveportefølje. Dette reiser eit prinsipielt spørsmål om det då skal leggjast ulike mål og ambisjonar for betalande og ikkje betalande kommunar. Desse spørsmåla er ikkje vurderte i notatet. Saka verkar ikkje tilstrekkeleg utgreidd frå fylkeskommunen si side. Rådmannen kan heller ikkje sjå at saka kan forankrast i gjeldande regionale næringsplan for Hordaland og meiner at konseptet er slik at det må gjerast grunnleggjande avklaringar kring organiseringa av det regionale næringsarbeidet. Økonomisk konsekvens: Dersom inngår intensjonsavtale med fylkeskommunen vil det medføra ein kostnad i overkant av kr 92.000. Miljømessig konsekvens: Ikkje relevant Vedlegg: Brev frå fylkeskommunen Intensjonsavtale med kommunane vidareføring av tenestene i Business Region Bergen Notat om organisering av tenestene i Business Region Bergen (Hordaland fylkeskommune)