Mange vegar til målet

Like dokumenter
Tiltaksplan. nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Torgeir Dimmen Moderne nynorskundervising. Oslo

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Tiltaksplan

Frå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Vel nynorsk for barnet ditt!

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Målbruksplan for Ål kommune

2NK171-3 Norsk 2 i GLU 1-7

Med to målformer i klasserommet

Mange vegar til målet

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Nynorsk som sidemål. Ei lita oversikt. Legitimitet. Korleis lære nynorsk som sidemål? Nettressursar frå Nynorsksenteret

Strategidokument

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

felles fag på 6. og 7. årssteget

Nynorsk i lærarpraksis

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

LESING OG SKRIVING I YF

Digitale ferdigheiter med "Søk og finn"

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Årsplan for Norsk

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Høyringsfråsegn frå Språkrådet til NOU 2010:7

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Høyringsfråsegn om forskrifter om rammeplan for femårige grunnskulelærarutdanningar

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Fag og fornying sentrale begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting. fagfornying

Tjenester levert iht. oppdrag fra direktoratet. Tjenester levert iht. oppdrag fra direktoratet. Dokumentasjon er overlevert direktoratet iht.

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Strategiar i sidemålsundervisinga

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Er endring mogleg? Personlege og yrkesprofesjonelle haldningar til nynorsk hos lærarstudentar i 2005 og i 2016

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Årsplan i norsk 7-trinn

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk

«Hjartet i skulen» Eit utviklingsprosjekt på Volda ungdomsskule

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Studieplan 2008/2009

Veke Kapittel Delmål Arbeidsbok/Kopiark Kompetansemål i læreplan 34 Bli kjent med språkboka og leseboka LV s. 4

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Frå novelle til teikneserie

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Til Kunnskapsdepartementet

Frå dikt til teikneserie

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Studieplan 2016/2017

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Studieplan 2016/2017

Last ned Nynorsk med dei minste. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Nynorsk med dei minste Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Nasjonal dugnad. Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Formål og hovedinnhold norsk Grünerløkka skole

Tek dialektane livet av nynorsken?

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Høyringsfråsegn om føreslåtte endringar i læreplanar i fleire fag

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Norskfaget ved Sinnes skule - «Ein raud trå» - mål, metode og vurdering for læring

Læreplan i mat og helse

NORSK Årsplan for 10. klasse

LA OSS SNAKKE OM DET! REFLEKSJON OM SPRÅK OG SPRÅKLÆRING SOM FELLES SATSING I SPRÅKFAGA. Åsta Haukås

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

ÅRSPLAN I ENGELSK 10B

NORSK Årsplan for 10. klasse

NORSK Årsplan for 10. klasse

2014/

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NORSK

Transkript:

Mange vegar til målet Sluttrapport Tiltaksplan 2009-2013 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Foto: Nynorsksenteret/kib&morits Samandrag

Sju stikkord Norsk = nynorsk + bokmål Mengdetrening I mange fag Bevisstgjering Tidleg start Skrive sjølv Lærarkompetanse 1

Om tiltaksplanen Med utgangspunktet i Tiltaksplan 2009-2013 har Nynorsksenteret gjennomført prosjekt ved sju barnehagar og 32 skular. Det har også vore arbeidd for å betre nynorsktilboda for yrkesfagelevar og minoritetsspråklege, og det har vore samarbeid med UH-sektoren om meir forsking og betre lærarkompetanse. Prosjekta byrja hausten 2009 og vart avslutta i juni 2013. Dei har hatt både hovudmåls- og sidemålsperspektiv. To stortingsmeldingar ligg til grunn for tiltaksplanen. Den første er Språk bygger broer (St.meld. 23 (2007-2008)) frå Kunnskapsdepartementet. Her står det i punkt 4.2.1 at departementet vil styrke nynorsk i opplæringa gjennom ein tiltaksplan knytt til Nynorsksenteret. Den andre er Kulturdepartementet si språkmelding Mål og meining (St.meld. 35 (2007 2008)). Her er språket sin plass i samfunnet omtala, og det blir m.a. peika på kor viktig det er å ta vare på begge dei to norske målformene. Samla økonomisk ramme for heile prosjektperioden har vore 7,5 millionar kroner. Sluttrapporten Sluttrapporten «Mange vegar til målet» er ei oppsummering av erfaringane Nynorsksenteret har gjort i gjennomføringa av tiltaksplanen. Den fullstendige versjonen av rapporten er delt i tre: I del I er det gjort greie for bakgrunnen for planen og for korleis Nynorsksenteret har gjennomført dei ulike tiltaka. Her er det også tatt med oppsummerande oversyn over alle skulane og barnehagane som har vore med heile eller delar av prosjektperioden. I del II er dei viktigaste erfaringane etter tiltaksplanen oppsummerte. Etter ei generell innleiing er det laga eigne oppsummeringar for kvart av dei seks satsingsområda. Del III inneheld ein detaljert gjennomgang av dei ulike prosjekta, og er tenkt som eit supplerande vedlegg til dei overordna oppsummeringane i del I og II. Fullstendig versjon (del I-III) er tilgjengeleg på Nynorsksenteret sine nettsider: www.nynorsksenteret.no Målsetjingar og tiltak Tiltaksplanen har hatt mange målgrupper med litt ulike målsetjingar. For dei yngste har det blitt satsa på utprøvande språkleik og formidling av nynorske tekstar. Målet er at born i barnehage- og småskulealder skal møte nynorsk språk og den nynorske tekstkulturen så tidleg som råd. Det gir eit godt grunnlag for overgangen til den meir formelle språkopplæringa på høgare klassetrinn. Tidleg bevisstgjering om det lokale språket er dessutan viktig for å skape ein trygg språkleg og kulturell identitet. Å prøve ut skriving i mange sjangrar har stått sentralt også i prosjekta for dei litt eldre elevane. Bokmål dominerer stort på dei aller fleste arenaer utanom skulen, også i område der nynorsk er opplæringsmål. Det er difor ekstra viktig at hovudmålselevane har gode språklege førebilete og får systematisk øving i å skrive fagtekstar. I tillegg må lærarane vite korleis dei skal rettleie på best mogleg måte. For sidemålselevar på ungdomstrinn og på vidaregåande trinn har det blitt gjennomført undervisningsopplegg med bruk av lærebøker på nynorsk i andre fag enn norsk. Dette 2

har gitt desse elevane verdfull mengdetrening i å lese og skrive sidemålet. Målet har også vore å vise at nynorsk ikkje er eit framandspråk, men eit bruksspråk som kan nyttast på alle fagområde. «Tidleg start» har blitt prøvd ut i småskulen i nokre område med bokmål som opplæringsmål. Her har elevar heilt frå tredje og fjerde klasse brukt nynorske tekstar i undervisinga. Dei har eksperimentert med skriving og samtalt om skilnadar mellom dei to målformene. Målet er at desse elevane skal få eit utvida grunnlag i lese- og skriveopplæringa. I tillegg er «tidleg start» etter alt å døme ein god vaksine mot seinare fordommar og motvilje mot den meir formelle sidemålsundervisninga dei møter på høgare klassetrinn. Elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn er ei svært samansett gruppe. Nokre av dei med svake norskkunnskapar treng tilpassa opplæring i nynorsk. Det gjeld både i hovudmåls- og sidemålsopplæringa. Her har Nynorsksenteret samarbeidd med andre kompetansemiljø om å utvikle og formidle materiell spesielt for denne målgruppa. Det finst i dag lite kvalitetssikra dokumentasjon om kva slag nynorskundervising som faktisk går føre seg i klasseromma og kor god ho er. Dette gjeld både sidemåls- og hovudmålsundervising, og det gjeld på alle nivå frå småskule til lærarutdanning. Ei målsetjing i tiltaksplanen har vore å drive utviklingsarbeid på dette området, i samarbeid med UH-sektoren og lærarutdanningane. Nokre initiativ er tatt, men her er det framleis mykje ugjort FoU-arbeid. 3

Nokre erfaringar frå prosjekta 1 Barnehage Samtale om språk: Det er viktig å skape ein kultur i barnehagen for samtale om språk, ord og omgrep. Dette gir grunnlag for god språklæring og styrkt språkleg identitet. Bevisstgjering: Dei tilsette må vere bevisste om kva slag tekstar som blir brukte. Dei må ha kunnskap og kompetanse om aktuell nynorsklitteratur. Nynorsk er naturleg: Det må vere naturleg å lese på nynorsk og ikkje berre på dialekt. Dette lettar overgangen til den første lese- skriveopplæringa. 2 Barnetrinn Nynorsk frå skulestart (i skular med nynorsk som opplæringsmål) Bevisst bruk av kjelder: Det er viktig å bruke nynorske kjelder i skulearbeidet. Biblioteket må brukast på ein systematisk måte. Lærarane må kjenne til og få tak i god litteratur på nynorsk for den aktuelle aldersgruppa. Metakunnskap: Samtalar om språk, ord og omgrep gir elevane auka kunnskap om eige språk og styrkt språkleg sjølvtillit. Tidleg start (i skular med bokmål som opplæringsmål) Kontrastiv undervising: Lærarstyrt samtale med elevane om nynorsk og bokmål er med på auke medvitet om ulikskapane og likskapane - mellom bokmål og nynorsk. Slik undervisning gir godt grunnlag også for læring av hovudmålet. Lærarkompetanse: Gode lærarar må kunne både nynorsk og bokmål. Dette er viktig for å få til engasjerte og gode samtalar om språk og språkvariasjon i klassane. Både lesing og skriving: Ein naudsynt føresetnad for å lære «det andre» språket er at ein også må øve på å skrive, ikkje berre lese. Lærebøker og litteratur: Bruk av lærebøker og andre tekstar på nynorsk stimulerer til variert fagskriving. 3 Ungdomstrinn og vidaregåande trinn Nynorsk hovudmål: Skriving i alle fag Manglande førebilete: Fagkjeldene påverkar elevtekstane sterkt. Derfor er det viktig å finne og bruke nynorske kjelder og å arbeide bevisst med ordval og syntaks i dei skriftlege tekstane. Bruk av fagomgrep: Nynorske fagomgrep er mindre frekvente enn dei tilsvarande bokmålsorda. Derfor er det viktig å arbeide grundig med både uttrykk og innhald. Omgrepa må også brukast aktivt i tale og skrift i klasserommet. Eksterne kjelder: Samarbeid med eksterne aktørar som viser nynorsk i bruk utanfor klasserommet gir auka bevisstheit om eige skriftspråk. Mindre bokmålspåverknad: Bevisst arbeid med fagtekstar på nynorsk reduserer andelen bokmålsord i skriftlege arbeid. 4

Nynorsk sidemål: Lærebøker i andre fag enn norsk Sidemålsbonus: Lærebøker på nynorsk i eit anna fag enn norsk gir ein bonus i norskfaget. Lærarane opplever stadig færre spørsmål om kva ord på nynorsk tyder, noko som kan tyde på at elevane blir tryggare i nynorsk. Fagleg bonus: Elevane har lågare terskel for å spørje om kva ulike omgrep betyr på nynorsk. Å lære sentrale omgrep i to språkvariantar fører også til betre forståing av kva som ligg i omgrepa. Avmystifisering og mindre fordommar: Når nynorsk får funksjon som bruksspråk i klassen, normaliserer dette elevane sitt forhold til denne målforma. Dette gir mindre fordommar og ei meir positiv innstilling. Elevane opplever det også som positivt at dei kan arbeide med nynorsk utan at raudepennen er framme heile tida. Bonus for nynorskelevar: Nokre få elevar i ei av prosjektkommunane har hatt nynorsk som hovudmål. Lærebokprosjektet har støtta deira minoritetsposisjon og styrkt deira språklege sjølvtillit og identitet. 4 Læringsressursar og dokumentasjon I løpet av prosjektperioden har det blitt utvikla mange læringsressursar for dei ulike målgruppene. Desse er tilgjengelege på nynorsksenteret sine nettsider: www.nynorsksenteret.no/nyn/ressursbase-for-skulen Ein del artiklar, rapportar og filmar med utgangspunkt i tiltaksplanen er samla her: www.nynorsksenteret.no/nyn/forsking-og-utvikling Oversikt over samarbeidsprosjekt 2009-2013: www.nynorsksenteret.no/nyn/forsking-og-utvikling/samarbeidsprosjekt 5

Vidare satsing Konklusjonane etter arbeidet med tiltaksplanen er i godt samsvar med erfaringane frå tidlegare utprøving av ulike typar nynorskundervising. Mange av prosjekta har dessutan vore tufta på prinsipp i Kunnskapsløftet og som har blitt forsterka i den siste revisjonen av læreplanen for norskfaget. Denne planen er eit godt grunnlag for moderne nynorskundervisning både for elevar med nynorsk som opplæringsmål og for dei som har bokmål. Nokre utvalde poeng: Norsk = nynorsk + bokmål Framtidas nynorskundervising må ta utgangspunkt i eit fleirspråksperspektiv. Nynorsk er ein sentral del av den fleirspråklege kulturen i Noreg og er ein sjølvsagd del av skulefaget norsk. Nynorsk er formelt likestilt med bokmål, bruken er regulert i lover og forskrifter og det er førstespråket til mange hundre tusen nordmenn. Alle som har ein eller annan variant av norsk som morsmål forstår skriftleg nynorsk og nynorsknær tale. Nynorsk må difor ikkje skiljast ut som eit eige «fag» og undervisast i som eit framandspråk, slik det blir gjort i nokre bokmålsområde. Mengdetrening og avmystifisering Det er eit problem for mindretalsspråket nynorsk at bokmålet dominerer så totalt på dei fleste offentlege arenaer. Dette gjeld både i nynorsk- og bokmålsområde. Det må difor leggast til rette for at born og ungdom får sjå og høyre mest mogleg nynorsk tekst og tale så tidleg som råd i så mange ulike samanhengar som råd. Nynorske fagtekstar og nynorske læringsressursar bør brukast bevisst heilt frå småskulen. For elevar med bokmål som opplæringsmål kan det også skje ved å bruke lærebøker på nynorsk i eitt eller fleire fag. Dette gir elevane gode førebilete og naudsynt mengdetrening. Det er også med på å vise at nynorsk er eit funksjonelt bruksspråk. Bevisstgjering og metakunnskap I skulen og barnehagen må det skapast rom for språkleg refleksjon der den norske språksituasjonen med mange dialektar og to offisielle variantar av norsk skriftspråk blir tematisert og diskutert. Lærarar og elevar i nynorskområde må kjenne til dei spesielle utfordringane dei møter som ein (skrift)språkleg minoritet. Dette krev bevisstheit og ein eigen nynorsktilpassa metodikk i arbeidet med tekstar i alle sjangrar. Lærarar og barnehagetilsette må også vere kritiske i val av bøker og andre læremiddel. For den som veit kvar ein skal leite, finst det gode nynorske alternativ for alle målgrupper. Men utvalet er totalt sett for lite og for vanskeleg tilgjengeleg. Det bør difor vere eit mål å få til ordningar som stimulerer til eit større utval av nynorskbøker i alle sjangrar. Tidleg start og skrive sjølv Tidleg start er smart. Det gjeld mange emne i skulen, ikkje minst språk. Dei yngste er nysgjerrige og fordomsfrie, og dei har stor språkkompetanse. Mange born har t.d. foreldre, slektningar, klassekameratar eller grannar som snakkar ulike dialektar eller andre språk. Tidleg start med nynorsk i bokmålsområde gir metakunnskap og bevisstheit om eige språk, og det gir godt grunnlag for seinare formell sidemålsundervisning. Erfaringane frå «tidleg start»-prosjekta i tiltaksplanen støttar 6

tidlegare forsking om språklæring: For å få effektiv læring må elevane skrive sjølve. Berre munnleg tilnærming er ikkje nok. Lærarkompetanse Til slutt ein naudsynt føresetnad for å få til god nynorskundervisning: Kompetente lærarar. Mange av dagens lærarar i Noreg på alle nivå - har truleg altfor dårleg kompetanse både i å skrive nynorsk sjølve og i å gi moderne og motiverande undervising. Vi veit for lite om kva slag nynorskundervising som faktisk blir praktisert rundt om i norske klasserom. Det verserer mange påstandar og mytar, men seriøse, landsdekkande oversyn manglar. Dette bør ein få. Vi veit også lite om nynorskperspektiva i dagens norske lærarutdanning både for etterog vidareutdanningstilboda og i grunnutdanningane. Status for dei om lag 25 utdanningsinstitusjonane er ikkje kartlagt, men det er etter alt å døme store skilnader mellom lærestadane. Også eit slikt oversyn bør lagast som grunnlag for eit systematisk, landsdekkande løft. Volda, 6.9.2013 Torgeir Dimmen Leiar, Nynorsksenteret 7