HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200507791-88 Arkivnr. 831 Saksh. Jacobsen, John Martin og Eriksrud, Marte Hagen Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 10.02.2010 18.02.2010 BELØNNINGSORDNINGA FOR BETRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK I BYOMRÅDA SØKNAD FRÅ BERGENSOMRÅDET 2010 SAMANDRAG Fylkesrådmannen legg med dette fram sak om søknad til belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda for 2010. Søknaden er utforma i eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Frist for å sende inn søknad til Samferdselsdepartementet er 15. februar 2010. I samråd med Samferdselsdepartementet vil vedtak i fylkesutvalet difor bli ettersendt. I tillegg til vedlagte søknad vil det bli utarbeidd nødvendig dokumentasjon knytt til alle punkt i søknadsskjemaet frå Samferdselsdepartementet. Hordaland fylkeskommune, søkjer på vegne av Bergensområdet, om ei 4-årig tildeling av midlar frå belønningsordninga. I retningslinene vert det vist til at departementet vil forhandle med fylkeskommunen om ein bindande avtale, dersom søknaden gjev grunnlag for ei 4-årig tildeling. Samferdselsdepartementet set fleire krav til ein slik søknad, og det vert stilt sterkare krav til målformulering og dokumentasjon av ein heilskapleg virkemiddelbruk som kan sikre måloppnåing på kort og lang sikt, enn tilfellet er for ein søknad om eittårig tildeling. I søknaden vert det vist til ei rekke tiltak som allereie er i gang, samt tiltak som er konkrete og som skal gjennomførast i nær framtid. Det er og lagt vekt på dei politiske vedtaka som er gjort knytt til blant anna utgreiing om køprising, og det regionale samarbeidet om ein framtidig Regionpakke Bergen. Den politiske handlekrafta som er vist gjennom strakstiltaka i januar, i høve den akutte luftforureininga, er synleggjort i søknaden. I søknaden er det lagt vekt på fire tiltaksgrupper, som kvar for seg og samla, vil føre til ein redusert vekst i biltrafikken og ein vekst i kollektivtrafikken og andre transportformer (sykkel).
FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet godkjenner med dette søknad til den statlege belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda for 2010, dagsett 03.02.2010. Fylkesutvalet legg til grunn at Samferdselsdepartementet startar forhandlingar med Hordaland fylkeskommune om ei 4-årig avtale om tildeling av belønningsmidlar. 2. Fylkesutvalet vedtek følgjande seks punkt som grunngjeving for ein 4-årig søknad: Bybanen vil, saman med nytt bussystem i Bergen sør, starte ordinær drift i juni 2010. Vidare utbygging og planlegging av bybanen vil halde fram. Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune vil innføre sambruksfelt/kollektivfelt på hovudinnfartsårene til Bergen og arbeide for betre framkomst for kollektivtransporten. Bergen kommune vil føre ein meir restriktiv parkeringspolitikk, samt at Hordaland fylkeskommune og kommunane i Bergensområdet vil utvide talet på p-plassar for innfartsparkering. Hordaland fylkeskommune vil forsterke og etablere eit nytt varig tilbod om ekspressbussar frå bydelssentra til Bergen sentrum om morgonen og i ettermiddagsrushet. I tillegg vil informasjon og marknadsføring av kollektivtilbodet bli vesentleg styrka. Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune vil at minst 60 % av framtidig bustadbygging i Bergensområdet skal skje som fortetting langs bybanestopp, bydelssentra og lokale sentra. Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune vil at investeringane til gang- og sykkelvegar minst skal tredoblast i perioden 201-2019 for å nå eit mål om sykkelandel på 10 % i 2019. Paul M. Nilsen Magnus Vestrheim Vedlegg: Utkast til Belønningssøknad frå Bergensområdet 2010 datert 3. februar 2010 Invitasjonsbrev frå Samferdselsdepartementet av 18.12.2009 Retningsliner for Belønningsordninga av 18.12.2009 Innspel til belønningssøknaden frå Meland kommune Innspel til belønningssøknaden frå Lindås kommune Innspel til belønningssøknaden frå Askøy kommune 2
FYLKESRÅDMANNEN, 29.01.2010: 1. Bakgrunn Hordaland fylkeskommune, er på vegne av Bergensområdet, invitert til å søkje om midlar frå den statlege belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda for 2010. Det vert vist til brev av 18.12.2009 frå Samferdselsdepartementet til Hordaland fylkeskommune med invitasjon til å søkje om belønningsmidlar, kfr. vedlegg. Søknaden er utforma i eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Bergen kommune. Dei 5 omlandskommunane Os, Lindås, Fjell, Meland og Askøy er invitert til å kome med innspel til søknaden. Frist for å kome med innspel er sett til 1. februar. Meland, Lindås og Askøy kommune har kome med innspel til søknaden, kfr. vedlegg. Deler av deira innspel er innarbeida i søknaden. I tillegg til vedlagte søknad vil det bli utarbeida nødvendig dokumentasjon knytt til alle punkt i søknadsskjemaet frå Samferdselsdepartementet. Dette vil vere: Årsrapport for 2009. Vedlegg som er lista opp under kap. 7 i søknaden: Anna dokumentasjon. 2. Tildeling i 2009 Fylkeskommunen søkte i 2009, på vegne av Bergensområdet, om ei 4-årig tildeling av belønningsmidlar for perioden 2009-2012. Samferdselsdepartementet gav derimot berre ei 1-årig tildeling for 2009 på 40 mill. kr. Trondheim og Kristiansand fekk same år tilslag på ei 4-årig tildeling. Tabellen under viser kva midlar dei ulike byområda vil få over belønningsordninga i fire års perioden. Beløp er oppgitt i mill.kr. Trond heim Kristian sand Bergen Oslo Stav anger Tromsø Drammen Sarpsborg/ Fredrikstad Skien/ Porsgrunn 2009 60 80 40 80 22,3 3,4 20 7 9 2010 95 80??????? 2011 105 65??????? 2012 110 60??????? Sum: 370 285??????? 3. Retningslinene og økonomisk rammer for 2010 Formålet med belønningsordninga for betre kollektivtrafikk og mindre bilbruk i byområda er å stimulere til betre framkomst, miljø og helse i storbyområda ved å dempe veksten i behovet for motorisert transport og auke talet på kollektivreiser på bekostning av reiser med privatbil. Ordninga legg opp til at eit byområde kan få 1-årig eller 4-årig tildeling av belønningsmidlar. Ved 4-årig tildeling må byområdet inngå avtale med Samferdselsdepartementet. Dei 4-årige avtalane skal bygge opp under målsettingane i Klimaforliket og føreset at byane er deltakarar i Fremtidens byer, og på anna vis bidrar til å redusere klimagassutslepp frå transportsektoren. Formålet med dei 4-årige avtalane er at ein legg til rette for ein markant endring i transportutviklinga i det aktuelle byområdet. Grunnlaget for å innvilge søknad om tildeling av midlar frå belønningsordninga er avleda av formålet med ordninga. Belønningsordninga skal premiere dokumenterte resultat (tildeling på etterskot) og/eller vilje (dokumentert gjennom lokale vedtak) til å gjennomføre tiltak eller ta i bruk virkemidlar som på kortare eller lengre sikt vil gi resultat i samsvar med formålet med ordninga. Ved vurdering av måloppnåing vil utviklinga i følgjande indikatorar verte lagt til grunn: Ein auke i kollektivtrafikken - Veksten (reduksjonen) i tal på passasjerar i kollektivtransporten i siste kalenderår er større (mindre) enn gjennomsnittleg vekst (reduksjon) for dei 5 føregåande år. Vert berekna ut frå sal av reisebevis og talet på påstigande passasjerar for aktuelle liner og tidsperiodar. Redusert personbiltrafikk Veksten (reduksjonen) i personbiltrafikken for siste kalenderår er mindre (større) enn gjennomsnittleg vekst (reduksjon) for dei 5 føregåande år. Vert berekna ut frå sum årsdøgntrafikk (ÅDT) for aktuelle tellepunkt og tidsperiodar. 3
For 2010 har departementet skjerpa krava i retningslinene for søknad om 4-årig tildeling (avtale), og sett blant anna følgjande krav: Søknaden skal innehalde eit forslag til målsetting for utviklinga i biltrafikken i byområdet. Målsettinga må som eit minimum angi at biltrafikken i det aktuelle byområdet ikkje skal auke, og helst reduserast. Det må ligge føre politiske vedtak om å sette i verk nye, eller skjerpa, eksisterande restriktive tiltak på biltrafikken. Det må dokumenterast forpliktande vedtak, eller initiativ til slike vedtak, knytt til framtidig arealbruk og konsekvensar for transportutviklinga og transportpolitikken innanfor det relevante geografiske området. Det vert lagt vekt på utvikling av samarbeid med fylkeskommunen og relevante omlandskommunar. Søknaden må samsvare med mål og handlingsprogram for byen si deltaking i Fremtidens byer og vere i samsvar med eventuelle vedtekne bypakkar. I byar der det er i gang, eller er i ferd med å verte sett i gang, KVU /KS1 prosessar, må søknaden utformast slik at ein eventuell avtale om 4-årig tildeling skal reflektere resultatet av vedtaka i etterkant av KS1-handsaminga. Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane vart dobla i budsjettet for 2009. På same tid vart det signalisert at ein større del av midlane skal brukast på 4-årige avtalar. Byområder som ønskjer å utprøve vegprising, differensierte bompengesatsar eller andre trafikkregulerande tiltak skal prioriterast. Vegprising er et lokalt virkemiddel. Det vil derfor ikkje bli innført vegprising utan lokal tilslutning. For 2010 er det over statsbudsjettet satt av 333 mill. kr. til ordninga. 4. Oppbygging av søknaden I søknaden vert det vist ei rekke tiltak som er gjennomført eller allereie er i gang, samt tiltak som er konkrete og som skal gjennomførast i nær framtid. Det er lagt vekt på politiske vedtak knytt til mellom anna utgreiing av køprising, og det regionale samarbeidet om ei framtidig Regionpakke Bergen. I tillegg vert det vist til strakstiltaka som vart innført i januar i samband med den dårlige luftkvaliteten i Bergen sentrum. I søknaden er det lagt vekt på fire tiltaksgrupper, som kvar for seg og samla, vil føre til redusert vekst i biltrafikken og ein vekst i kollektivtrafikken og andre transportformer (sykkel). Her følgjer ein summarisk oversikt over dei ulike tiltaksgruppene. Det vert vist til vedlagte søknad for ytterlegare detaljar. Tiltaksgruppe 1: Tiltak for å redusere privatbiltrafikken. Fleire tiltak som skal gjennomførast gjennom Bergensprogrammet er sett opp her, som tiltak for å betre framkomsten for buss, bygging og planlegging av bybanen, og initiativet til ein revidert bompengesøknad. I tillegg er det vist til nyleg utarbeidd rapport om køprising og det pågåande arbeidet med KVU for Bergensområdet. Vidare inkluderar denne tiltaksgruppa kommunen sin parkeringspolitikk, der Bergen i inneverande år legg opp til å utarbeida ny parkeringsnorm, som mellom anna må sjåast i samanheng med bystyret sitt vedtak i handlingsplanen for lokal luftforureining. Bergen kommune sin vilje til å innføre lågutsleppssone i sentrum er også lagt vekt på. Sambruksfelt er inne i tiltaksgruppe 1, med Statens vegvesen som ansvarleg. Både Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune har vist vilje til å innføre sambruksfelt på innfartsårene. Dette vart også utprøvd som eit ekstraordinært tiltak under den akutte forureiningssituasjonen i Bergen sentrum nå i januar. Bergen kommune har i brev til Samferdselsdepartementet, datert 25. januar 2010, bedt om å få vidareført sambruksfelta som eit 1-årig forsøk. Tiltaksgruppe 2: Tiltak for å gjere kollektivtrafikken meir attraktiv. Hordaland fylkeskommune er ansvarleg for kollektivtrafikken, og har hovudansvar for denne tiltaksgruppa. Bergen kommune har likevel ein sentral rolle i Bergensprogrammet, og gjennom dette også medansvar for å få til ein betre og meir framtidsretta kollektivterminal i Bystasjonen, samt å få etablert fleire innfartsparkeringsplassar. Tiltaksgruppa legg vidare vekt på nytt og betre bussmateriell, marknadsføring og informasjon, billetteringssystem og ei styrking av rutetilbodet. 4
Tiltaksgruppe 3: Tiltak for meir berekraftig areal- og transportplanlegging. Bergen kommune er hovudansvarleg for denne tiltaksgruppa. Tiltaksgruppe 3 omfattar tiltak knytt til handlingsplanen for Fremtidens byer, og kommuneplanen sin arealdel, der det er vist til kommunen sin fortettingspolitikk. I søknaden er det lagt opp til at tildelte midlar skal bidra i kommunen si planlegging for fortetting langs bybanekorridoren. Den samla areal- og transportpolitikken i Bergen, med fortetting langs kollektivaksane, vil føre til redusert transportbehov, og til reduserte reiselengder. Det er i tillegg vist til Bergen kommune sin klima- og energihandlingsplan som nå er ute til høyring, og vidare til det regionale samarbeidet som ligg i den framtidige Regionpakke Bergen. Tiltaksgruppe 4: Tiltak for å bidra til meir gange/sykling. Denne tiltaksgruppa er knytt opp mot satsinga på gange/sykling som er planlagd gjennom Bergensprogrammet, med ei tredobling av innsatsen på desse tiltaka. Sykkelstrategien er eit viktig grunnlag, der handlingsplanen skal gi innspel til dei konkrete tiltaka som skal gjennomførast i perioden. Vidare er det peikt på tiltak knytt til dei kombinerte reisene inn mot bybanestoppa og andre kollektivknutepunkt, drift og vedlikehald av gang-/sykkelvegnettet, satsing på sykkelparkering og mobilitetsrådgjeving. I søknaden vert det søkt om belønningsmidlar til arbeidet med sykkeltiltak, både til etablering av parkeringsplassar og til utbygging av sykkeltrasear. 5. Fylkesrådmannen si tilråding Fylkesrådmannen ser søknaden som eit godt grunnlag for ei 4-årig tildeling av belønningsmidlar. Tiltaksplanen vil vere viktig for å løyse utfordringar i Bergensområdet knytt til trafikkutviklinga og problem med luftforureining. Midlar frå belønningsordninga vil til dømes kunne bidra til finansiering av vidare utbygging av bybanen mot Flesland, etablering av eit ekspressbusstilbod frå bydelssentra til sentrum, bidrag til utbygging av hovud- og bydelsruter for sykkel og bidrag til etablering av system for sanntidsinformasjon og informasjonssøylar. Tre omlandskommunar har kome med innspel til arbeidet og deler av deira innspel er innarbeida i søknaden. Søknaden gir ein god dokumentasjon på byen og byområdet si satsing på kollektivtransport, sykkel og vilje til å sette i verk tiltak som dempar veksten i privatbilismen. 5