HORDALAND FYLKESKOMMUNE Hordaland Fylkeskommune Pb. 7900 5020 BERGEN Statens vegvesen Saknr. j&ct)-(tc>tfj/ Dok.nr. <*> l 1 DES 2007 Arkivar-. 2 J f Saksh. Eksp. U.off. Behandlande eining: Regionvest Sakshandsamar/innvalsnr: Per Steffen Myhren -55516534 Vår referanse: 2005/045942-039 Dykkar referanse: 200700911-4/811/NGRU Vår dato: 20.11.2007 Trafikksikring av rv 544 Tofte - Ranavik. Søknad frå Kvinnherad kommune om forskotering Halsnøysambandet som knyter Halsnøy til fastlandet med ein undersjøisk tunnel vil stå ferdig i februar 2008. Ferjesambandet Sunde - Ranavik - Skjersholmane vil bli korta ned til Ranavik - Skjersholmane. Dette vil m.a. få som konsekvens at det vert ein netto auke i trafikken mellom Tofte og Ranavik. Dette er i dag ein fylkesveg som vil bli omklassifisert til riksveg når Halsnøysambandet opnar for trafikk. Det er ønskjeleg å få rusta opp vegen Tofte - Ranavik på grunn av den venta auken i trafikk til/frå Ranavik ferjekai. Midlar til ei slik opprusting er ikkje innarbeidd i sjølve Halsnøysambandet og det er heller ikkje sett av midlar i Fylkesvegplanen for perioden 2006-09 til denne strekninga. For å sikre ei viss opprusting av denne vegstrekninga har styre den 21. september 2006 gjort følgjande vedtak, sjå vedlegg: "styre søkjer med dette om forskottering av inntil 40,0 mill. kr til trafikksikring og utbetring av Rv. 544 frå Sæbøvik til Halsnøy Kloster. Forskotteringa skal etter planen finansierast med 15,0 mill. kr frå Kvinnherad kommune, 15,0 mill. kr frå Fjelberg kraftlag og inntil 10,0 mill. kr frå deler av næringslivet på Halsnøy." Det vart i 2006 utarbeidd eit reguleringsplanforslag for ei full ombygging av den aktuelle vegstrekninga, men fornminner og ikkje minst naboskapet til Halsnøy Kloster, såman med dei avgrensa midlane som står til rådvelde, har fått som konsekvens at planforslaget vart omarbeidd. Den nye reguleringsplanen er tilpassa dei antikvariske styresmaktene sine merknader til det første planforslaget og er langt på veg også tilpassa den økonomisk ramma på 40,0 mill. kr. Hovudelementa i reguleringsplanen er trafikksikringstiltak. Postadresse Statens vegvesen Region vest Askedalen 4 6863 Leikanger Telefon: 815 44 010 Telefaks: 57 65 59 86 firmapost-vest@vegvesen.no Org. nr: 971032081 Kontoradresse Spelhaugen 12 5845 BERGEN Fakturaadresse Statens vegvesen Regnskap Båtsfjordveien 18 9815 VADSØ Telefon: 7894 15 50 Telefaks: 78 95 33 52
Reguleringsplanforslaget er i følgje opplysningar frå venta vedteke i første kvartal i 2008 og arbeidet vil kunne ta til så snart for sko terings søknaden er godkjent av sentrale styresmakter. Regionvegsjefen vil rå til at fylkeskommunen sluttar seg til forskoteringssøknaden frå på vanlege vilkår. Tidspunktet for refusjon av forskoteringa vil på grunn av dei store forskoteringane som er vedtekne først kunne bli i NTP-perioden 2019-23. Statens vegvesen Region vest Med helsing Signe Eikenes Regionvegsjef
1^3) Kvinnherad komfamne \ 7 \M/ Rådmannen Rosendals vegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 OrgJir: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 st@kvinnherad.kommune.no ww. kvinnherad.kommune.no Statens vegvesen, Region Vest v/per Steflfen Myhren, 6863 Leikanger Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen li r,----. IViGTi ATT 3 OKT 2006 Saksbehandlar Kjell Odd Nygård Tlf.direkte innval 53483245 Vår ref. 2005/4562 Dykkar ref. Dato 03.10.2006 Vegforskottering i Kvinnherad. styre hadde saka føre i møte 21.09.2006, sak 2006/58. Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtaket. Med helsing Mette (S^uddtal møtesekretær -fellesskap og trivsel-utvikling og vekst
Side 2 Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2005/4562 Kjell Odd Nygård Saksgang 1 Saksnr 1 2006/78 i 2006/58 i! Utval! Formannskapet j Kommunestyret i^m&m Møtedato L _. _. Hi^H«BH 07.09.2006 21.09.2006 Vegforskottering i Kvinnherad. Innstilling frå rådmannen: 1. styre søkjer med dette om å få auka forskotteringssummen for utbetring av Rv. 48 i Erslandsmarka frå 1,0 til 3,0 mill. kr. 2. styre søkjer med dette om utviding av forskoteringspakken på Rv. 551 frå 20,0 mill. kr til 25,5 mill. kr. Av dette er 15,5 mill. kr alt brukt, og dermed så vil ein stå att med 10,0 mill. kr til vidare forskottering av vegutbetring mellom Kroka og Sundal, ved Tveitnes bru og frå nye Årsnes ferjekai og vidare mot Lyngstrand. Omsøkt forskottering ut over 20,0 mill. kr blir finansiert med 4,0 mill. kr frå Fusa kommune, Fusa kraftverk og Frank Mohn Fusa AS, samt l,5 mill. kr frå. 3. styre søkjer med dette om forskottering av inntil 40,0 mill. kr til trafikksikring dg utbetring av Rv. 544 frå Sæbøvik til Halsnøy Kloster. Forskotteringa skal etter planen finansierast med 15,0 mill. kr frå, 15,0 mill. kr frå Fjelberg kraftlag og inntil 10,0 mill. kr frå deler av næringslivet på Halsnøy. 4. styre søkjer med dette om refusjon av 1,0 mill. kr frå Hordaland fylkeskommune til delvis dekking av kostnadane med gang- og sykkelveg langs fylkesveg 44 frå Helland bru til Husnes sentrum. Behandling i Formannskapet den 07.09.2006 Innstillinga samrøystes Innstilling frå Formannskapet den 07.09.2006 1. styre søkjer med dette om å få auka forskotteringssummen for utbetring av Rv. 48 i Erslandsmarka frå 1,0 til 3,0 mill. kr. 2. styre søkjer med dette om utviding av forskoteringspakken på Rv. 551 frå 20,0 mill. kr til 25,5 mill. kr. Av dette er 15,5 mill. kr alt brukt, og dermed så vil ein stå att med 10,0 mill. kr til vidare forskottering av vegutbetring mellom Kroka og Sundal, ved Tveitnes bru og frå nye Årsnes ferjekai og vidare mot Lyngstrand. Omsøkt forskottering ut over 20,0 mill. kr blir finansiert med 4,0 mill. kr frå Fusa kommune, Fusa kraftverk og Frank Mohn Fusa AS, samt 1,5 mill. kr frå. 3. styre søkjer med dette om forskottering av inntil 40,0 mill. kr til trafikksikring og utbetring av Rv. 544 frå Sæbøvik til Halsnøy Kloster. Forskotteringa skal etter -fellesskap og trivsel -utvikling og vekst
Side 3 planen fmansierast med 15,0 mill. kr frå, 15,0 mill. kr frå Fjelberg kraftlag og inntil 10,0 mill. kr frå deler av næringslivet på Halsnøy. 4. styre søkjer med dette om refusjon av 1,0 mill. kr frå Hordaland fylkeskommune til delvis dekking av kostnadane med gang- og sykkelveg langs fylkesveg 44 frå Helland bru til Husnes sentrum. Behandling^i-Kommunestyret den 21.09.2006 FRAMSETTE FORSLAG FRÅ: Thorleif J. Hellesøy (US) - endring pkt. 2: frå nye Årsnes ferjekai og til Ænes Øyvind Hardeland / Synnøve Solbakken (Ap) - oversendingsforslag: Forslag til å leggje inn 4 mill. til trafikkskring på Gjennundshamn. Synnøve Handéland (V) - pkt. 3, seta. nr. 2: Forskotteringa skal fmansierast frå kommunen med 15 mill., i tillegg vil ein be om forskottering frå næringslivet i regionen. RØYSTING (43 repr. tilstades under avrøysting) Hellesøy sitt endringsforslag pkt. 2 - samrøystes vedteke Innstillinga pkt. l, 2 ojg.4 - samrøystes vedteke pkt. 3- innstillinga + Handéland sitt forslag fekk 41 røyster, 2 røysta mot. Deretter vart innstillinga vedteken med 40 røyster, 3 røysta for Handéland sitt forslag. Hardeland/Solbakken sitt forslag samrøystes vedteke å oversenda Rådmannen utan realitetshandsaming. Oversendingsforslag: Forslag til å leggje inn 4 mill. til trafikksikring på Gjermundshamn. Vedtak frå Kommunestyret den 21.09.2006 J. styre søkjer med dette om å få aukaforskotteringssummenfor utbetring av Rv. 48 i Erslandsmarkafrå 1,0 til 3,0 mill kr. 2. styre søkjer med dette om utviding av forskoteringspakken på Rv. 551 frå 20,0 mill kr til 25,5 mill kr. Av dette er 15,5 mill kr alt brukt, og dermed så vil ein stå att med 10,0 mill. kr tit vidare forskottering av vegutbétring mellom Kroka og Sundal, ved Tveitnes bru og f rå nye Årsnes ferjekai og til Ænes. Omsøkt forskottering ut over 20,0 mill. kr blir finansiert med 4,0 mill krfrå Fusa kommune, Fusa kraftverk og Frank Mohn Fusa AS, samt 1,5 mill kr frå. 3. styre søkjer med dette om forskottering av inntil 40,0 mill kr til trafikksikring og utbetring av Rv. 544 frå Sæbøvik til Halsnøy Kloster. Forskotteringa skal etter planen fmansierast med 15,0 mill. kr frå, 15,0 mill kr frå Fjelberg kraftlag og inntil 10,0 mill kr frå deler av næringslivet på Halsnøy. 4. styre søkjer med dette om refusjon av 1,0 mill. kr frå Hordaland fylkeskommune til delvis dekking av kostnadane medgang- og sykkelveg langs fylkesveg 44 frå Helland bru til Husnes sentrum. -fellesskap og trivsel -utvikling og vekst
Side 4 Saksutgreiing: Dei siste 10-15 åra har kommunen samarbeidt aktivt med Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune for å få realisert viktige veg- og trafikksikringsprosjekt mellom anna ved hjelp av forskoterte midlar. Mange prosjekt er blitt realisert, men framleis står ein del viktige og prioriterte utbyggingstiltak att. Status for dei ulike vegforskotteringsprosjekta er som følgjer: Gans- og sykkelveg langs Rv. 48 frå Neslia til Rosendal og vidare til Seimsfoss: styre vedtok den 24.06.99 å forskottere 10,0 mill. kr til dette store trafikksikringsprosjektet. Arbeidet vart avslutta i juni 2004, og tilbakebetaling av dei forskotterte midlane forventar ein skal skje tidleg i planperioden 2010-2015. Utbetring av Rv. 48 Ådland- Holmefjord i Fusa kommune: styre vedtok den 24.06.99 å forskottere 6,0 mill. kr til utbetring av dette svært dårlege partiet på Rv. 48. Prosjektet er no gjennomført og er i tillegg blitt forlenga mot sør. No er også Hellandstunnelen vidare mot Eikelandsosen klar for realisering, medan tunnel bak Tysse er med i Norsk vegplan. Dermed så vil vegstandarden frå Fusa til Samnan-ger bli utbetra til fullgod staridar på rellativt få år. Av kommunen sine forskotterte midlar vart 3,0 mill. kr betalt attende i 2005, medan dei siste 3,0 mill. kr vart betalt ut i årsskiftet 05/06. Trafikksikring / tunnelutviding på Rv 48 mellom Hatlestrand og Mundheim i Kvam: styre vedtok den 24.06.99 å forskottere 10,0 mill. kr til utbetring av Rv. 48 frå Gjermundshamn til Mundheimsdalen; Arbeidet er no blitt gjennomført og fullfinansiert av staten. Kommunal fofskottering er difor ikkje lenger aktuelt. I samband med prosjektet vart det lagra stein på kommunalt område like ved Gjermundshamn ferjekai. Massane skal no nyttast til trafikksikring langs Rv. 48 på Hatlestrand, og vegvesenet reknar med at arbeidet er gjennomført innan 2008. Med unntak av kommunal parkeringsplass vil også dette prosjektet bli finansiert av staten. Vegutbetring Rv. 551 Austrepollen - Løfallstrand: Etter søknad vedtok Hordaland fylkesting på møte den 09.06.99 å nytte 10,0 mill. kr av fram-tidige konsesjonskraftsmidlar til utbetring på Rv. 551 mellom Løfallstrand og Austrepollen. Kvinnherad kommunestyre vedtok å forskottere midlane, og dei vart nytta til vegutbetring frå Fureberg til Kroka. Arbeidet vart avslutta i 2002, og dei forskotterte midlane vart betalt attende til kommunen i 2004. styre vedtok på møte den 24.06.99 å forskottere 20,0 mill. kr til vegut-betring på rv. 551 mellom Austrepollen og Løfallstrand. Etter søknad har Jondal og Odda kommune i ettertid godkjent at forskotteringsprosjektet blir overteke av Folgefonntunnelen AS. Selskapet har teke opp eit lån som dei tre kommunane betaler renter på. Så langt er Krokaparsellen, Tveitnes bru og Tveitnesparsellen blitt realisert. Det er betalt ut 15,5 mill. kr, og dermed så står det att 4,5 mill. kr. Dei forskotterte midlane skal betalast attende i 2009. Etter søknad frå har Fusa kommune, Fusa kraftverk og Frank Mohn Fusa AS vedteke å forskottere 4,0 mill. kr på parsellen Årsnes - Austrepollen. Vilkåret er at dei blir prioritert først ved tilbakebetaling. Jfr. vedlegg. Kommunen er vidare i forhansdlingar med vegvesenet om sal av areal på Årsnes til ny ferjekai, og deler av desse midlane bør kunne nyttasl til forskottering på Rv. 551. Med 4,5 frå Folgefonntunnelen AS og 4,0 mill. kr for Fusa, så vil 1,5 mill. kr ekstra frå Kvinnherad gjere at ein har til rådvelde 10,0 mill. kr. Desse midlane bør først og fremst nyttast til utbetring av det -fellesskap og trivsel utvikling og vekst i J
Side 5 dårlegaste vegpartiet mellom Kroka og Sundal. Vidare bør vegføringa på begge sider av den nye Tveitnesbrua bli betre. Til slutt bør ein også vurdre ei vegutviding frå den nye ferjekaien på Årsnes og innover mot Lyngstrand. Dette forskotteringsarbeidet bør gjennomførast samtidig som vegen frå Løfallstrand til Årsnes blir utvida og det blir etablert ny ferjekai på Årsnes. Difor bastår det no med å få sendt søknad om godkjenning dei auka forskotteringsmidlane frå Fusa og Kvinnherad. Utbetrinsav Rv. 48 i Erslandsmarka: gjekk før 1990 inn med 1,0 mill. kr til delforskottering av Hodnaneset ferjekai på Tysnes. Då midlarie vart betalt attende i 2001, var det meininga at dei skulle nyttast til j i utbetring av Rv. 48 i Erslandsmarka. styre vedtok difor den 24.06.99 å forskottere 1,0 mill. kr til utbetring av denne riksvegparsellen. Den 14.06.00 vedtok Fylkestinget å i i godkjenne forskotteringa. Seinare har kommunestyret ved fleire høve vedteke å utvide ; forskotteringssummen til 3,0 mill. kr. Den 22.06.06 vedtok kommunestyret å løyve 1,0 mill. kr til i prosjektet i 2006 og 2,0 mill. kr i 2007. Vegvesenet er klar med planane for prosjektet, og når desse j i er godkjende bør arbeidet med prosjektet kunne ta til. Difor hastar det no med å søkje om j, godkjenning av den auka forskoteringssummen. h j Trafikksikring langs Rv 48 gjennom Sandvoll sentrum: i i styre vedtok den 24.06.99 å forskottere 5,0 mill: kr til trafikksikring gjennom j i Sandvoll sentrum. På møte i fylkestinget den 14.06.00 vart forskotteringssøknaden godkjent. ' Vegvesenet er i ferd med å.utarbeide plan for prosjektet. Det er eit øriskje å få til ei kobling mot ; vegutbetringa i Erslandsmarka, slik at massane kan utnyttast best mogeleg. Kvinnherad i kommunestyre vedtok seinast på møte den 22.06.06 å fullfinansiere forskot-teringsprosjektet med U 2,0 mill. kr i 2007 og 3,0 mill. kr i 2008. i, i : Trafikksikring langs Rv 544fråSæbåvikmot Ranavik: \' styre vedtok den 24.06.99 å forskottere 20,0 mill. kr til trafikksikring og i! vegutbetring langs den framtidige Rv 544 frå Sæbøvik mot Ranavik på Halsnøy. Det var ein j : ; føresetnad at Fjelberg Kraftlag forskotterte 50 % av summen. I ettertid og seinast den 22.06.06 j vedtok styre å auke forskotteringa til 30,6 mill., kr, der kommunen stod j t ansvarlég for halvparten. Fjelberg Kraftlag har handsama saka på fleire møter utan at ein så langt i i har kome fram til endeleg vedtak om å deltai slik forskottering. I mellomtida har andre verksemder på Halsnøy gått såman for å få på plass ein ekstra forskotteringspakke på inntil 10,0 mill. kr. Vegvesenet er i full gang meda utarbeide planar for denne vegutbetringa, og planen er framleis at arbeidet skal vere gjennomført til Halsnøysarhbandet opnar for trafikk våren 2008. Skal dette halde er det viktig at alle formalitetar er på plass, og difor må det no søkjanst om godkjenning av ein forskotteringspakke på inntil 40,0 mill. kr. Utbetrine av fylkesveg 40 frå Omvikdalen til Matre: har inngått avtale med SKL om gratis levering av inntil 70 000 m3 stein. Dette har ein nytta til å få på plass ein finansieringspakke der fylkeskommunen og SKL går inn med 10,0 mill. kr kvar for å få utbetra fylkesveg 40 frå Omvikdalen til Matre. SKL sin midlar er ei forskottering i fem år. I tillegg bidreg kommunen med verdien av dei gratis steinmassane. Kommunen har også akseptert at SKL ventar i fem år med å betale ut ein avtalt sum til det kommunale næringsfondet. Over 50 000 m3 stein til ein vedi av rundt 3,0 mill. kr er no i ferd med å bli brukt til denne vegutbetringa. Arbeidet skal vere avslutta før nyttår. Vegomlegeine av fylkesveg 43 forbi Baroniet: Hordaland fylkesting har tidlegare vedteke å løyve 3,0 mill. kr til omlegging av fylkesveg 43 forbi Baroniet. For å få prosjektet realisert har Baroniet og kommunen inngått avtale om å dele på resten av kostnaden. I tillegg har Baroniet akseptert å forskottere kommunen sin andel i tre år. Arbeidet er -fellesskap og trivsel -utvikling og vekst
Side 6 godt i gang og skal vere avslutta til hausten. Seinast den 22.06.06 vedtok Kvinnherad kommunestyre å settje av 0,75 mill. kr i refusjon til Baroniet i 2009. Gang- og sykkelveg langs fylkesveg 44 frå Helland bru til Husnes sentrum: I samband med vassverkutbygging vart det i 2000 vedteke å etablere gang- og sykkelveg langs fylkesveg 44 frå Helland bru til rundkøyringa ved Husnes sentrum. For å få prosjektet fullfinansiert vart næringslivet.på Husnes utfordra,.og i.brey datert 02,10.0.0 stadfesta Husnes Vekst at.deler av næringslivet på Husnes ville delta med ei forskottering på 0,5 mill. kr i inntil fem år. Prosjektet vart gjennomført i 2001, og deretter vart det søkt fylkeskommunen om reffusjon av ein del av kommunen sine utgifter med prosjektet. Det er så langt ikkje kome svar på søknaden. Så langt har heller ikkje næringslivet på Husnes betalt inn renter for lånet på 0,5 mill. kr. Kommunen har dermed forskottert utgiftene så vel for næringslivet som for fylkeskommunen. Rådmannen vil no sende brev til Husnes Vekst med oppmoding om å betale inn kommunen sine rentekostnader på vel 150 000,-kr. Uttale frå eldrerådet: Blir eventuelt lagt fram på møte. Økonomisk konsekvens: Går fram av saksutgreiinga Miljømessig konsekvens: Kommunestyret har tidlegare vedteke at manglande trafikksikring er det store miljøproblemet i Kvinniherad. Med forskotterte midlar kan dette miljøproblemet no reduserast kraftig. Vedlegg: Brev frå Fusa kommune datert 02.03.06. -fellesskap og trivsel -utvikling og vekst