Reguleringsplan for Storøynå hytteområde, Kvaløy Del av Gnr: 90 Bnr: 3 Vindafjord kommune, Rogaland Vedlegg til tredje gangs handsaming
- 2 - UOrienteringU...- 3 - UBakgrunnU...- 3 - UPlanprosessU...- 4 - UPlanstatus og rammebetingelsaru...- 4 - UPlanområde og intensjonar med planarbeidetu...- 5 - ULandskapU...- 6 - UTrafikktilhøveU...- 6 - UKulturminneU...- 7 - UVatn og avløpu...- 7 - UStraumforsyningU...- 7 - UROS-vurderingarU...- 7 - UOmgrepa risiko og sårbarhet U...- 7 - USamla ROS-vurderingU...- 8 - UVerknader av planforslagetu...- 9 -
- 3-0BOrientering AS er av Kåre Nilsen Invest AS engasjert til å utarbeide forslag til reguleringsplan for eit område på Storøy, del av gnr. 90 bnr. 3 i Vindafjord kommune. Det er i planen lagt opp til hyttetomter omkransa av friluftsområde. Det vert regulert inn eksisterande veg og veg til hyttetomter. Båthamn for hyttområde er lagt inn som avsett i arealdelen til kommuneplanen. Det er avholdt oppstartmøte med Vindafjord kommune 17.03.2011. Namn på plan blei då satt til Storøynå hytteområde. Kommunen har gitt tilbakemelding om at tiltaket ikkje krev konsekvensutredning. 1BBakgrunn AS vart engasjert til å vurdere området og lage innspel til rullering av kommuneplanen for Vindafjord kommune i 2008. Området vart då gjennomgått og vurdert til å kunne ha utviklingspotensiale. Det vart sendt inn innspel til kommuneplanprosessen. Fylkesmannen hadde merknader og motsegn til deler av tiltaket i prosessen, og områda er derfor justerte. Både båthamn og hytteområde ligg nå inne i gjeldande kommuneplan.
- 4-2BPlanprosess Planarbeidet er varsla i tråd med PBL 12.8. Naboar og offentlege høyringsinstansar blei tilskrivne 24.03.2011, og arbeidet blei kunngjort i Haugesund s Avis. Oppstart av planarbeidet er varsla av AS. Det er avholdt oppstartmøte med Vindafjord kommune. Med bakgrunn i kommuneplanen hadde kommunen ikkje merknader til at planarbeidet vart starta. 3BPlanstatus og rammebetingelsar I ny kommuneplan for Vindafjord 2010-2020 er planområdet avsett til byggeområde for fritidsbustader, småbåthavn og LNF-område. Byggeområdet er lagt på høgden med sjøen på begge sider av øya. Det er i kommuneplanen knyta føresegner til nye utbyggingsområder, og dette er brukt som grunnlag ved utarbeidinga av planen. Utsnitt kommuneplan
Tittel: Storøynå hytteområde -5- Planområde og intensjonar med planarbeidet 4B Området ligg på Storøy ved Kvaløy og er på ca 75 daa. Hytteområdet grensar i nord og sør mot sjø. Området er delvis bratt og ulendt terreng med ein del furu som vegetasjon. Det ligg eksisterande hytte, rorbu og kai innanfor området mot sør. Det går ein sti igjennom området, denne er nå regulert til kjøreveg. Planen grensar mot landbruk-, natur- og friluftsområde i aust. Mot vest grensar planen til reguleringsplan for Vågen naturcamping, område regulert til jord- og skogbruk. Området ligg solrikt til på Storøy i Kvaløy. Kvaløyområdet er frå før delvis utbygd med fleire hytter, landhandel og campingområde. Det har under planlegginga vore ei målsetting å utvikle eit område med attraktive tomter for fritidsbustader til nye hyttebyggarar. Eigedomen har vore nytta som fritidseigedom sidan 60-talet. Det er ikkje landbruksdrift på eigedomen idag. Eksisterande hytte Eksisterande kai, anneks/rorbu I samband med innspelet til kommuneplanen vart det utarbeida ei oversikt over kjende registreringar på gnr 90 bnr 3 og nærområdet. Utover ålmenne friluftsomsyn og byggjeavstand mot sjø vart det då ikkje funnet konfliktpunkt som tala mot ei utbygging. Småbåthamn er lagt inn som vist i arealdelen til kommuneplanen. Det er tenkt eit anlegg med både naust, flytebrygger og kaianlegg. Det er regulert inn veg ned til området med snuplass.
Tittel: Storøynå hytteområde -6- Landskap 10B Området ligg i eit delvis småkupert terreng med utsyn over fjorden for tomtene i sør og utsyn mot sjø, eksisterande hytteområde og natur i nord. Tomtene er forsøkt plassert mellom dei brattaste partia i terrenget minst mogleg eksponert. Området kring er delvis skogkledd med furu- og lauvskog, og ligg godt til rette for utbygging av hytter som kan plasserast tilbaketrukket og mindre synlege. Hyttene er plasserte i landskapet frå ca 12 til 35 høgdemeter over fjorden. Området sin formasjon gjer det mogleg å få til ei landskapstilpassa utbygging med gode kvalitetar. Vi har fått konstruert kart med 1 meter koter for området. Utbyggar har intensjonar om å byggje ut området sjølv for vidaresal. Dette vil han gjere for å få ein mest mogleg einsarta og landskapstilpassa stil på dei nye bygningane. Trafikktilhøve 11B Det er frå tidlegare opparbeidd veg over store deler av Kvaløy og Storøy. Det er kjørbar veg fram til arealet som skal utviklast. Tilkomst til område vil vera frå privat veg. Det er regulert inn veg til alle hyttetomtene og til småbåthamn i planen. Utbyggar har vore i kontakt med vegstyret for vegen fram til området, og det er avklara at det er høve til å knyte seg på denne ved at det blir betalt inn tilknytingsavgift. Det er veldig låg ÅDT på vegen og utbygginga vil medføre liten auke. Det er utført ei vurdering av trafikktryggleiken (Ts-vurdering).
- 7-12BKulturminne Det kan vere potensiale for kulturminner i sjøområdene, og Stavanger sjøfartsmuseum vil ta stilling til behovet for eventuelle registreringer når tiltakene i sjø er nærmare avklart. Rogaland fylkeskommune har vore på befaring i området 09.05.2011, og det blei då ikkje påvist automatisk freda kulturminner på land. På grunn av topografien anser dei at det er eit lavt potensiale for busettingsspor frå steinalder i området. I området ved Djupevika er det imidlertid fleire nyare tids kulturminner i form av steingardar og eldre kulturmarker som er i ferd med å gro igjen. I dette området, på nordsida av planområdet, står det også ein liten varde. Rogaland fylkeskommune ber om at ein søkjer å ta omsyn til desse kulturlandskapselementa i den vidare planlegginga. Utover dette har kulturseksjonen på dette stadiet ingen vesentlege merknader i forholdt til landdelen av planområdet. 13BVatn og avløp Det er tenkt å bore etter vatn i området. Det er eit vassanlegg på naboeigedom i vest, men oppdragsgjevar har vore i kontakt med eigarane og fått tilbakemelding om at det har for liten kapasitet. Det skal byggjast eige avløpsanlegg med utslepp til sjø. Sjøresipienten på sørsida av utbyggingsområdet er god. Nærare detaljar for vass-og avløpsanlegg skal planleggast gjennom ein teknisk plan som skal godkjennast av kommunen. 14BStraumforsyning Hytteområdet vert tilkopla eksisterande nett i området. Detaljert løysing vert avklara som del av teknisk plan. 6BVerknader av planforslaget Ei utbygging i området vil sjølvsagt føre med seg inngrep i naturen i området, men viktige områder for friluftsliv er sikra igjennom planen ved at dei er avsette til friluftsformål. For Kvaløyområdet som turistområde vil ei utbygging vere positiv med tanke på meir turisme og handel i området. Dette kan igjen føre til oppretthalding av landhandel i området, som igjen vil ha positive effektar for heile bygdesamfunnet.
- 8 -