Kontrollutvalet i Sogndal kommune Sak 11/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Sogndal kommune Sakshandsamar Møtedato Saknr Richard Nesheim 17.04.2012 11/2012 KONTROLLUTVALSSEKRETARIATET SI INNSTILLING: Kontrollutvalet vedtek fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Sogndal kommune slik den ligg føre. Fråsegna vert oversendt kommunestyret, med kopi til formannskapet. VEDLEGG: Nr. Dok. Dato Avsendar Tittel 1 17.04.12 Kontrollutvalet Uttale frå kontrollutvalet, rekneskap, årsmelding og revisjonsmelding (utkast). 2 Sogndal kommune Årsrekneskap 3 Sogndal kommune Årsmelding 4 SF Revisjon IKS Melding frå revisor BAKGRUNN I samsvar med kommunelova og forskrift om kontrollutval kap. 4, 7 skal kontrollutvalet gje ein uttale til kommunerekneskapen. Uttalen skal sendast til kommunestyret, med kopi til formannsskapet. Uttalen skal vere formannskapet i hende tidsnok til at formannskapet kan ta omsyn til den før formannsskapet gjer innstilling til kommunerekneskapet. Sogndal kommune har lagt opp til at årsrekneskapen skal handsamast i formannskapet den 19. april og i kommunestyret den 26 april. AKTUELLE LOVER, FORSKRIFTER, AVTALER MV. Kommunelova Forskrift om kontrollutval Forskrift om revisjon SAKSUTGREIING Sekretariatet mottok urevidert årsrekneskap måndag 02 april. Endeleg årsmelding og revisjonsmelding vart motteke 11.04.2012. Kontrollutvalet sin uttale til årsrekneskapen for Sogndal kommune i 2011 er basert på årsrekneskapen 2011, årsmelding 2011 frå rådmann og revisor si revisjonsmelding.
I uttalen er det teke omsyn til følgjande punkt: Netto driftsresultat Netto driftsresultat viser kva kommunen sit igjen med av løpande inntekter etter at alle løpande utgifter er trekt i frå. I tillegg til inntekter og utgifter vedrørande den ordinære drifta, det vil seie til administrasjon og tenestetilbod, inngår også finansinntekter (renteinntekter, mottatt utbytte og eventuelle kursgevinstar på finansielle omløpsmidlar) og finansutgifter (renteutgifter, avdrag på lån og eventuelle kurstap på finansielle omløpsmidlar) i resultatomgrepet. I tillegg er indikatoren korrigert for avskrivingar slik at desse ikkje gjev resultateffekt. Netto driftsresultat vert og brukt som samanlikningsgrunnlag mellom kommunar. Netto driftsresultat kan nyttast til finansiering av investeringar eller avsettast til seinare bruk, og gir dermed ein indikasjon på kommunen sin økonomiske handlefridom. For Sogndal kommune var netto driftsresultat for 2011 positivt med kr 14 277 747 medan talet for 2010 var kr 3 649 425. Rekneskapsmessig mindreforbruk i 2011 var på kr 6 020 840, mot kr 0 i 2010. KS og Kommunal- og regionaldepartementet har sett opp eit mål på 3 % for nøkkeltalet netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene. Skal kommunen ha økonomisk handlingsrom og kunne avsetje til investeringar, tiltak som kjem utanom planane og ivareta formuesbevaringsprinsippet i kommunelova, bør netto driftsresultat opp på 3 % av driftsinntektene over tid. I Sogndal kommune var netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene på 2,96% mot 0,8% i 2010, 1,8% i 2009, 0,56 % i 2008, 4,02 % i 2007 og 7,7% i 2006. Den langsiktig nedadgåande trenden (med unntak for 2009) har ein såleis snudd i 2011. Ein er no så solid i pluss i høve til netto driftsresultat og resultatet er om lag på det nivået som er anbefalt av KS og KRD. Rekneskapen sett mot revidert budsjett Drifta på tenesteområda viser samla sett eit rekneskapsmessig meirforbruk på 3,5 mill kr. Dette er eit større meirforbruk enn i 2010 då det var på 2,5 mill kr, men dette er etter at ein på fleire tenesteeiningar har fått løyve til å avsette mindreforbruk til fond. Denne avsetninga er samla på nær 2,4 mill kr og viss vi justerer for denne rekneskapsmessige avsetninga er det reelle meirforbruket på 1,2 mill kr. I 2010 var det reelle meirforbruket på 2,5 mill kr, så samla sett er meirforbruket betydeleg lågare enn i 2010. Samanliknar ein mot 2009 då meirforbruket var på 4,3 mill kr er betringa endå større. Eininga med størst meirforbruk i høve til budsjett er pleie og omsorg. På andre inntekter har ein eit mindreforbruk (les auka inntekter i høve til budsjettet) med nær 9,6 mill kr. Dei viktigaste forklaringsfaktorane er: 1. Høgare inntekt på skatt og rammetilskot med 3,34 mill kr. Dette skuldast i hovudsak betydeleg høgare skatteinntekter nasjonalt enn det som har vore pårekna i nasjonalbudsjettet og revidert najonalbudsjett. Vidare har ein fått positiv effekt av auken i folketalet i kommunen, som slær både i høve til skatteinntektene og i høve til rammetilskotet 2. Netto lågare rentekostnader enn budsjettert 1,38 mill kr I budsjettet låg ein føresetnad om gjennomsnittleg rentesats på 3,25% i tråd med forventninga som var i marknaden om renteoppgang i 2011. Denne renteoppgangen vart stadig utsett og
renta var gjennom heile året lågare enn 3,25%. 3. Lågare avdrag enn budsjettert, 0,6 mill kr Årsaka til dette er at låneopptaket i 2011 kom så seint på året at første avdragsbetaling først kom på nyåret 2012. 4. Tap på verdipapirfond, minus 1,35 mill kr Tap på kommunen sine fond som følgje av generell nedgang i aksjemarknaden 5. Meirinntekter mva-kompensasjon 0,88 mill kr Det er gjennomført meir investeringar i 2011 enn budsjettert. Det medfører att kommunen får refundert meir til gode meirverdiavgift. 6. Meirinntekter på andre tilskot og overføringar, 2,3 mill kr Hovudgrunnen til meirinntektene er flyktningetilskot på kr 2,4 mill kr som fylgje av at det vart på slutten av året vart busett fleire flyktningar enn planlagt. Desse inntektene er avsett på fond for å dekke framtidige kostnader knytt til flyktningemottaket. 7. Mindre lønsvekst enn budsjettert 0,36 mill kr 8. Premieavvik pensjon, 2,0 mill kr Pensjon har vist seg vanskeleg å budsjettere. Pensjonspremien er avhengig av mange variablar. I 2011 viser det seg at pensjonssatsane som kommunen har brukt i budsjettet har vore for høge. Samla sett vart det betydeleg meirinntekter i 2011 som vog opp for meirforbruket på tenesteeiningane. Rekneskapsmessig mindreforbruk på 6,02 mill kr kan avsetjast til disposisjonsfond Betring av arbeidskapitalen i arbeidskapital, men framleis god likviditet Arbeidskapitalen gir uttrykk for likviditeten i kommunen, dvs deira evne til å betale gjeld ved forfall. Arbeidskapitalen omfattar bankinnskot, verdipapir og fordringar etter frådrag for kortsiktig gjeld. Arbeidskapitalen er auka frå kr 78 845 000 til kr 94 308 000 (avrunda tal) frå 2010 til 2011. Dette skuldast dels reduksjon i kortsiktig gjeld og dels auke i omløpsmidlar. Arbeidskapitalen er god etter måltala likviditetsgrad 1 og 2. Langsiktig gjeld (låneutvikling og pensjonsforpliktingar) Låneutvikling Langsiktig lånegjeld har gått opp med om lag 7,5 mill kr. Sjølv om lånegjelda har auka noko, så har lånegjelda sett i høve til driftsinntektene gått litt ned. Langsiktig lånegjeld utgjer i 2011 63,9 % av driftsinntektene, mot 67,6% i 2010. Dette er godt under landsnittet på 78% og gjennomsnittet i Sogn og Fjordane på 88,6%.
Pensjonsforpliktingar Pensjonsforpliktingane til kommunen held fram å auke, og utgjer no 438,4 mill kr, mot 397,7 mill kr i 2010. Samla langsiktig gjeld som inkluderer pensjonsforpliktingane utgjorde per 31.12.11 154,9 % av driftsinntektene, mot 157,1% i 2010. Nedgangen skuldast at andelen langsiktig lånegjeld har minka. Auken i pensjonsforpliktingane gir isolert sett ein auke. At auken ikkje blir større skuldast at driftsinntektene også aukar mykje. Til samanlikning var gjennomsnittet for kommunane i fylket på 199,9 % for 2011 og 185,7 % for landsgjennomsnittet (førebelse Kostratal). Samla sett viser gjennomgangen over at Sogndal kommune har stram styring og kontroll på utviklinga av lånegjelda og at kommunen har klart å halde låneopptaket på eit lågare nivå enn gjennomsnittet. Nærare om pensjonsforpliktingane: I balansen står både pensjonsmidlar og pensjonsforpliktingar. Netto pensjonsforplikting kan uttrykkast som pensjonsmidlar fråtrekt pensjonsforpliktingar. Dette forholdstalet har utvikla seg i negativ lei gjennom 2011. Per 31.12.2010 var netto pensjonsforplikting i rekneskapen på 38,6 mill kr. Per 31.12.2011 var netto pensjonsforplikting i rekneskapen på 102,8 mill kr. Ein auke på 64,2 mill kr. Dette illustrerer at pensjonsforpliktingane kan bli ei tung belastning for kommunesektoren i åra framover. Budsjettoverskridingar Som i fjor har dei fleste tenesteeiningane halde seg innanfor sitt budsjett for 2011. Nokre einingar har meirforbruk, men som nemnt over vert dette meirforbruket dekka inn av større inntekter enn pårekna. Dei einingane som har hatt størst meirforbruk er: Tenesteeining Meirforbruk Forklaring: Plan og næring 0,47 mill kr Hovudårsaka til meirforbruket ligg på ansvarsområdet 290 brann. Ansvarsområdet har eit meirforbruk på 1.008.000 som skuldast lågare budsjett enn faktisk utgiftsnivå over tid og auka kostnader etter oppretting av Sogn brann og redning IKS. Meirforbruket på ansvar 290 vert motverka av meirinntekter på gebyr på kr 781.000 på ansvar 220. Elles er det større og mindre meirforbruk på dei andre ansvarsområda. Pleie og omsorg 2,9 mill kr Forklaringa på meirforbruket er i hovudsak større aktivitet enn budsjettert. Det vert rapportert om at det vert fleire brukarar og fleire svært ressurskrevjande brukarar. Samstundes er terskelen for å
få tildelt tenester heva, både for institusjonsplassar og heimetenesta. Vidare har endring av system for lønsutbetaling ført til at ein i 2011 har utbetalt variabel løn for tre veker meir enn i 2010 (mindre etterslep). Denne endringa i periodiseringa forklarar isolert sett 0,6 mill kr av meirforbruket. Kommunalteknikk 0,3 mill kr Meirforbruket skuldast i hovudsak større kostnader til brøyting og vegvedlikehald vinteren 2010, samt høgare straumkostnader enn budsjettert. Sjå årsmeldinga for nærare detaljar om den enkelte teneste-eininga. Revisjonsmeldinga Revisor har ingen merknader til årsrekneskapen for 2011 for Sogndal kommune. Konklusjon: Med bakgrunn i denne saksutgreiinga, årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding er det utarbeidd ein uttale til Sogndal kommune sin årsrekneskap for 2011.