Førebuing til intervju



Like dokumenter
Rekruttering av nye medarbeidarar til Møre og Romsdal fylkeskommune

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Arbeidsgrupper rekruttering har i perioden juni 2012 og fram til 18. februar 2013 arbeidd fram Handlingsplan for rekruttering

Attraktiv arbeidsgivar?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Ein tydeleg medspelar i heile rekrutteringsprosessen

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Samferdsel i Møre og Romsdal fylkeskommune = regional utvikling

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI


Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Til deg som bur i fosterheim år

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Rettleiar for medarbeidar-/ utviklingssamtalen

Rettleiar for medarbeidar-/ utviklingssamtalen

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Strategiplan for Apoteka Vest HF

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Bakgrunn Sentral opplæringsplan blir med dette lagt fram for hovudsamarbeidsutvalet, og gjeld forslag til opplæringstiltak for året 2008.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Frå novelle til teikneserie

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Fagdag om rusmiddelførebygging og rusoppfølging 26. november 2014

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Møre og Romsdal fylkeskommune regional utviklar og ein tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Ny strategiplan for Høgskulen

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Nytt HFK Intranett

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Med god informasjon i bagasjen

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Brukarrettleiing. epolitiker

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Informasjon til pasientar og pårørande

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID:

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

Metodiske verktøy ved kursleiing

Kommunikasjonsplan for NAV Sandøy

Å byggje utviklingskompetanse for framtidas barnehage. Erfaringar frå prosjektet «barnehagen som lærande organisasjon» Aud Marie Stundal 12.

Brukarrettleiing E-post lesar

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Tilgangskontroll i arbeidslivet

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Typiske intervjuspørsmål

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

11 Eg i arbeidslivet

Forsand kommune Rådmannen

Transkript:

Rekruttering av nye medarbeidarar til Møre og Romsdal fylkeskommune Overordna mål I konkurranse om arbeidskraft vil Møre og Romsdal fylkeskommune bli oppfatta som ein tydeleg medspelar til samfunnsutviklinga i regionen og ein attraktiv arbeidsgivar for høgt utdanna og godt kvalifiserte søkjarar. Møre og Romsdal fylkeskommune har høg kvalitet og profesjonalitet i rekrutteringsarbeidet Førebuing til intervju Vi byggjer omdøme i alt vi gjer Det er venta at tilsettingsutval og alle andre som tek del i rekrutteringsprosess er medviten vår felles visjon EIN TYDELEG MEDSPELAR og våre felles verdiar RESPEKT, LIKEVERD, OPENHEIT, MEDRÅDERETT, FELLESSKAPSANSVAR som grunnlag for førebuing, gjennomføring, vurderingar og haldningar i rekrutteringsarbeidet. I rekrutteringsprosessen får vi vist oss fram som attraktiv arbeidsgivar. Alle intervju har sitt grunnlag i dei behova vi har sett i organisasjonen. Stillings- og behovsanalyse er eit godt egna verkty for å kartlegge behova. 1

Stillings- og behovsanalyse Ref. tilsettingsreglementet kap. 1, pkt. 5.1 https://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar-hr/lov-avtale- Reglement/Reglement/Tilsettingsreglement2/Tilsetjingsreglemen Før ei stilling blir kunngjort ledig, skal administrasjonen i samråd med tillitsvalde vurdere: om dei noverande arbeidsoppgåvene framleis er aktuelle om arbeidsoppgåvene kan takast over av andre arbeidstakarar framtidige arbeidsoppgåver stillinga si plass i organisasjonen forventa organisasjonsendringar og endringar i rammevilkår krav om utdanning/kompetanse og personlege eigenskapar. Det skal i tillegg vurderast: om det er tilsette i organisasjonen som har fortrinnsrett til stillinga, jfr. AML 15-7 og 14-2. om det er tilsette i organisasjonen som skal omplasserast til andre arbeidsoppgåver som følgje av bedriftsintern attføring om det er tilsette som kan krevje utvida arbeidstilhøve inntil heil stilling, jfr. AML 14-3 og HTA 2.3 om det bør rekrutterast nyutdanna til stillinga. om ein skal oppmode underrepresenterte grupper til å søkje, til dømes kvinner eller etniske minoritetar, til leiarstillingar. Status pr. dato Rekrutteringsbehov Type stilling: Ref. oppdatert organisasjonsplan Leiar Mellomleiar Rådgivar Assistent Prosjektleiar Reinhaldar Pedagog Tannlege Anna 2

Mål for arbeidsfeltet / stillinga Møre og Romsdal fylkeskommune er ein tydeleg medspelar til regional utvikling. Vårt verdigrunnlag er: respekt, likeverd, medråderett, open organisasjon, fellesskapsansvar Konkrete mål for stillinga: Plassering av stillinga i organisasjon: Verksemd Avdeling Team Arbeidsgruppe Næraste leiar Struktur: Samhandling: internt eksternt Fag- nettverk Organisering Beslutningsmynde Ansvar: Personalansvar Fagansvar Prosjektansvar Økonomisk ansvar Anna Konkret ansvar /oppgåver: Oppgåve 1 Oppgåve 2 Oppgåve 3 Oppgåve 4 Leiar for x medarbeidarar Fagansvarleg for fagområde x Prosjektleiar for prosjekt x 3

Økonomisk ansvar for prosjekt x Tilgjengeleg kompetanse i organisasjonen på aktuelle område: Særlege utfordringar for området/stillinga: Omstilling- kjent eller venta Ny lov / forskrift Kompetanse Brukargrupper Teknologi Økonomi Marknad anna Arbeidsmiljø: Stor/liten arbeidstokk Mange /få faggrupper Organisasjonskultur /trekk i kulturen Samarbeidsklima Konfliktnivå anna Utviklingsmulegheiter i verksemda Møre og Romsdal fylkeskommune skal utvikle lærande kulturar, og refleksjon over eigen praksis https://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar- HR/Arbeidsgivarpolitikk/Leiar-ogmedarbeidarutvikling/Kompetanse 4

Fadder Mentor Introduksjonsprogram lokalt(verksemd /avdeling) Lokale fagprogram Introduksjonsdag Leiarutvikling Hospitering Andre forhold Særlege krav til ny medarbeidar vurdert opp mot analyse, sjå over: Kompetanse: Formell utdanning (nivå, grad ) Erfaring, arbeidserfaring Relevant erfaring; styreverv, politiske verv, anna Kommunikasjonsevner Konfliktforståing Resultatorientert Gjennomføringsevne Arbeidskapasitet Samhandlingserfaring Prosjekt- utdanning og eller erfaring anna Språk Munnleg / skriftleg anna Andre forhold: Analyse av arbeidsstokken og rekruttering for framtida: Mangfald og likestilling, majoritet / minoritet: Kjønn Alder Kompetanse 5

Marknad: Vurdere marknaden knytt til aktuelle stilling Særlege tiltak for rekruttering virkemidlar / samarbeid med andre verksemder, privat næringsliv, NAV Vilkår for stillinga Lønn Bonus Kompetanseutvikling Pensjon Forsikring Barnehage Bustad Permisjon Stipend til vidareutdanning Flyttegodtgjerdsel https://mrfylke.no/intranett/arbeidsgivar- HR/Lov-Avtale-Reglement/Reglement anna Saka drøfta i tilsettingsutvalet, dato Opne sak i VISMA Annonsetekst for nett-annonse (fulltekstannonse) Annonsetekst til annonsebyrå Førebuing til intervju byggjer på definerte rekrutteringsbehov i stillings- og behovsanalyse 6

Vi gjennomfører intervju og sikrar høg kvalitet Førebuing til intervju: Alle søkjarar som blir inviterte til intervju, skal ta med seg originale dokument: Originale vitnemål Originale attestar Arbeidsgivar tek kopi av dei originale dokumenta, og legg desse ved sakspapira i tilsettingssaka. Når vedtak er fatta, og det blir oppretta personalmappe på ny medarbeidar, blir kopi av originale vitnemål og attestar skanna/lagt i personalmappa til vedkomande. Kvalitetssikring av vitnemål I høve der tilsettingsutvalet har behov for verifisering av vitnemål, vil det vere mogleg å bestille utskrift av vitnemål direkte frå universitet eller høgskule. Utdanning frå utlandet For søkjarar med utdanning frå utlandet, vil NOKUT kunne stadfeste kva for innhald eventuell grad har i det norske systemet. Søkjarar med utdanning frå utlandet, kan få si utdanning bekrefta via NOKUT, då etter søknad. http://www.nokut.no/no/studenter-ogarbeidssokere/nokuts-generelle-godkjenning/ 7

Vidare blir det gitt døme på spørsmålsformer og spørsmål det kan vere nyttig å bruke under intervju. Førebuing til intervju Før intervjuet skal arbeidsgivar arbeide fram ein guide eller mal som blir brukt i alle intervju til same stilling. Under vil du finne informasjon og døme på spørsmålsformer, vanlege typar av spørsmål og døme på vanlege spørsmål til intervju. Stillings- og behovsanalyse vil vere grunnlag for kva for tema det vil vere relevant å spørje om. 1 - Spørsmålsformer: Opne spørsmål starter gjerne med kva, kvifor, når, kor, kven og korleis. Døme: Kvifor starta / valte du aktuelle utdanning? Sonderende og søkjande spørsmål blir gjerne stilt for å få meir informasjon, søkje etter motivasjon eller haldning. Døme: Kan du fortelle meir om årsaken til val av utdanning. Leiande spørsmål bør ikkje nyttast. Hypotetiske spørsmål Kva ville du gjere om? Døme: Kva ville du gjere om du meiner din leiar har tatt feil avgjerd? Spørsmål til refleksjon Døme: Møre og Romsdal fylkeskommune har felles visjon ein tydeleg medspelar. På kva vis trur kandidaten at han eller ho kan vere ein tydeleg medspelar i jobben som er søkt? Døme: Møre og Romsdal fylkeskommune har felles verdiar respekt, likeverd, openheit, medråderett og fellesskapsansvar. Tenkjer kandidaten det er mogleg å legge verdiane til grunn i arbeidet og i møte med brukarar i evt. ny stilling? På kva vis trur kandidaten det vil oppstå verdi- dilemma i arbeidsprosessar eller møte med brukarar? 2- Vanlege typar av spørsmål Personlege spørsmål: Døme: Ja, no har du fortalt om utdanninga di, og kva som førte til valet ditt. Korleis arbeider du; arbeidsform, både under utdanninga og i jobbane du har hatt. Faglige / funksjonelle spørsmål: Spørsmåla varierer frå funksjon / område, men blir stilt for å få fram informasjon om kompetanse, innsats og prestasjonar. 8

Kor oppdatert er søker på området? Døme: Kva er dei største utfordringane for Møre og Romsdal når det gjelder møbelindustrien/fiskerinæringa/oljebransjen dei neste 5 åra? Døme: Norge som fiskerinasjon har mange uløyste oppgåver. Kan du nemne nokre av dei mest aktuelle. Døme: Som pedagoggår eg ut ifrå at du er kjent med kunnskapsløftet eller andre relevante reformer. På kva vis har du integrert tankegodset i reforma inn i ditt pedagogiske opplegg? Døme: Du har søkt jobb som IT-konsulent. Kva for program har du erfaring med? Døme: Kva for utfordringar har du erfaring med frå din siste jobb, og korleis løyste du utfordringane? Situasjonsbestemte spørsmål: Under intervju kan det være nyttig å beskrive ein situasjon som kan oppstå, og spørje kandidaten om korleis han/ho ville handtere situasjonen. Døme. Du har mykje å gjere, og du får ingen signal om korleis du skal prioritere. Sjefen kallar deg inn til samtale og seier det har oppstått ein kritisk situasjon fordi du ikkje er ferdig med det du skulle gjere for han/ho. Kva gjer du då? Eller: Fortel om ein situasjon der du var bevisst deg sjølv som lagspelar. Kva var di rolle? ( tok initiativ, koordinerte, gjennomførte, diplomaten, dempa konflikten, kreativ, tok leiinga, anna.) 3 Døme på vanlige spørsmål i eit intervju: Sjå stillings- og behovsanalyse og det som er definert som behov. Lag spørsmål ut i frå desse. Korleis ser kandidaten på seg sjølv Kva er dine tre viktigaste eigenskaper, og korleis vil dei kome til uttrykk i jobben du har søkt? Korleis har du vært effektiv i jobbar du har hatt? Korleis er du / oppfører du deg i krisesituasjonar / under press? Kva for arbeidskapasitet har du, og korleis kjem dette til uttrykk? Når jobbar du best, under press eller kontinuerlig etter ein plan? På kva vis kommuniserer du med andre? Kva er din stil? Kva er tilbakemelding på din kommunikasjonsstil? Er du van med presentasjonar, foredrag eller innlegg, og korleis taklar du dette? Korleis er din stil,(leiarstil/arbeidsstil/filosofi)gi døme. Fortel om din forhandlingsstil. Gi konkret døme. Kva er suksess for deg? Kva legg du i omgrepet likeverd, og på kva vis kan di tolking kome til uttrykk i samhandling med kollega? Kva legg du i omgrepet respekt? Bevisst om positive sider ved seg sjølv / tidlegere arbeid Kva likte du best i din siste jobb? 9

Gjorde du noko i din siste jobb du er stolt av? Kva er den mest interessante jobben du har hatt? Har du gjort noko som har satt spor etter deg i tidlegare jobbar? Kva ville du gjort meir av i dine tidligare jobbar? Bevisst om negative sider ved seg sjølv Har du sider ved din arbeidsstil som du veit andre kan oppleve frustrerande? Har du opplevd direkte kritikk av arbeid du har gjort? Korleis taklar du eventuell kritikk i arbeidet? Om du skulle starte heilt på nytt, kva ville du gjort? Har du erfaring med konflikt på arbeidsplassen, og eventuelt kva for rolle har du hatt i ein konfliktsituasjon? Kva gir motivasjon Kva er dine langsiktige karrieremål? Kor er du om 2-5 år? Brenn du eller lar du deg sterkt engasjere i oppgåver, og eventuelt kva for oppgåver? Kor viktig er status for deg? Kva er den ideelle jobben for deg? Kva motiverer deg i samanheng med jobb? Kor interessert er du i karriereutvikling og opprykk? Kva er det første du vil gjere om du fekk jobben? Korleis kandidaten ser på og samhandlar med andre Har du nokon gang tatt ein upopulær avgjerd? Og korleis takla du det? Kan du beskrive menneske du synes det er vanskelag å arbeide saman med, og korleis du eventuelt har takla slikt samarbeid. Korleis samarbeider du med kollegar på same nivå? Korleis ser du på arbeid i team? Kva for rolle liker du å ha i eit team? Kva meiner du er ditt bidrag inn i teamet? Har du opplevd krevjande pasientar/brukarar/elevar, kan du gi døme på det? Kva ser du etter i din neste sjef / ditt neste team? Korleis andre ser på kandidaten Kva trur du tidlegare leiar / kollegane / referansen seier om deg? Kva vil du bli huska for? Kva trur du sjefen / kollegane /dine underordna frå siste jobben seier om din evne til å planlegge og organisere? Kva trur du tidlegare leiar seier om din evne til systematikk, kreativitet, struktur, osv? Kva trur du din tidlegare leiar vil seie om deg når du fekk kritikk? Kva trur du din tidlegare leiar vil seie om din evne til omstilling? 10

Kva meiner du om din kompetanse som leiar? Med din bakgrunn som leiar, kva er dine erfaringar som gjer at du er egna i vår organisasjon? Med din erfaring som leiar, kva ser du som dei største utfordringar i den stillinga du har søkt? Leiing tett på : kva legg du i det omgrepet? Kva for konsekvens vil leiing tett på ha for organisering av oppgåver? Leiing kan vere: Styring og kontroll eller delegasjon og samhandling. Kvar er du i dette perspektivet og korleis kjem dette til uttrykk? I krisesituasjonar handlar vi ofte etter instinkt. Har du erfaring med slike situasjonar? Som leiar i Møre og Romsdal fylkeskommune handlar vi på vegne av fellesskapet. Har du kunnskap om det regionale demokratiet? Kva for utfordringar ser du som leiar i det regionale demokratiet? Kva meiner du ligg i arbeidsgivar sin stryringsrett? Kva er organisasjonskultur for deg? På kva vis er det mogleg å drive utvikling i ein organisasjon med mange kulturar? Strukturelle spørsmål Informasjonsflyt og samarbeidstilhøve Visjonen ein tydeleg medspelar legg føringar på leiar. Korleis vil du sikre medråderett? Kva trur du vil møte deg som leiar i denne prosessen? På kva vis kan du sikre god informasjonsflyt i organisasjonen? Er det informasjon du meiner ikkje skal flyte i organisasjonen? På kva vis vil du takle uheldig informasjon i organisasjonen? Korleis ser du på makt i ein organisasjon? Har du tankar om maktfordeling, og eventuelt kva for betydning dette vil ha? Som leiar kan det vere tenleg å vere fremst blant likemenn. Kva tenker du om dette? Som arbeidsgivar ventar vi lojalitet. Korleis vil du definere lojalitet? Spørsmål om avgjerd Avgjerdsåtferd Som leiar må du ta mange avgjerder. Korleis tek du avgjerder? Korleis skal du sikre lojalitet til avgjerder? Har du erfaring med upopulære avgjerder? Kva gjorde dei med deg? Har du erfaring med at dine avgjerder kom fram i media? Kva gjorde det med deg? Har du erfaring med media frå tidlegare jobbar? Utvikling og nytenking Har du erfaring med utviklingsprosessar? Kva rolle har du hatt i slike prosessar? Kva meiner du er flaskehalsar i utviklingsprosessar? Når det er tatt avgjerder i utviklingsarbeid, kva er flaskehalar i vidare prosess? Har du formell kompetanse i utviklings- eller prosjektarbeid? Korleis vil du organisere informasjonsflyten i ein utviklingsprosess/ prsjekt? Kva meiner du om informasjonsflyt i utviklingsprosessar? 11

Forundersøking, kunnskap og tilpassing Kva veit du om verksemda /faget/fylkeskommunen/offentleg verksemd? Kva var det som fekk deg til å søkje? Kva er det ved stillinga som interesserer deg? Kvifor skal vi velje deg/ tilsette deg? Kva får deg til å tro at du vil passe inn? Korleis trur du at du vil tilpasse deg ein annan arbeidskultur? Kva for lønn ventar du? Kva for førebuingar har du gjort før intervjuet? Om du skulle velje ein person til denne jobben, kva ville du sjå etter? Personleg utvikling og fritid Kva for kompetanseutvikling har du tatt det siste året? Kva kan du si om din personlege utvikling siste året? Kva er den beste læringssituasjonen du har hatt? Kva lærte du? Når lærer du best? Kven eller kva har hatt størst påverknad for din karriere / personlege utvikling? Korleis held du deg oppdatert?( interesse/ kurs / leser om faget / abonnerer på tidsskrift del av et fagforum anna. ) Kva gjer du i fritida? Kva gjer deg stressa? Korleis taklar du stress? Kva for haldning har du til rusmidlar? Kva for halding har du til rusmidlar og arbeid og korleis kjem dette til uttrykk? Korleis taklar du endring? Kva har du gjort for å bli meir effektiv i det siste? Om haldningar og veremåte verdigrunnlag Kva er dine haldningar til samarbeid? Kva utfordrar deg i samarbeid? Kva er dine haldningar til risiko? Kva er dine haldningar til en avgjerd? Kva er dine haldningar til sikkerheit på arbeidsplassen? Kva legg du i omgrepet lojalitet? Korleis påverkar du ein avgjerd? Kva er dine haldningar til fellesskap? Er du medviten verdiar som styrer dine handlingar? Er fylkeskommunen sine felles verdiar i motstrid dine eigne verdiar? Informasjon om Arbeidsgivarpolitikk: Lønn og lønsforhandlingar Forsikring Lån via KLP Flyttegodtgjering 12

Permisjon Bolig? Bonus? Familiesituasjon 13