AVDELINGSPLAN 2016-2017 Osterøy kommune Hassel Saman får vi verdas viktigaste verdiar til å vekse
AVDELING HASSEL AVDELIGSSPLAN 2016 2017 Her kjem litt informasjon om avdelinga vår, om kva me prioriterer i det daglege arbeidet med borna, om innhaldet i borna sin kvardag, og om tema og aktivitetar me har tenkt å arbeida med barnehageåret 2016/2017. Hassel er ei av dei tre småbarnsavdelingane i Lonevåg barnehage. Me har 14 fulle plassar for barn frå 1-3 år. Inngang og garderobe delar me med Selja, som er ein av dei to andre småbarnsavdelingane i barnehagen. Avdelinga vår består av to store leikerom og gangen mellom desse, som også vert brukt til leik. I tillegg har me eit stellerom og eit toalett. Avdelinga er innreia med tanke på at borna skal ha ein spanande og utfordrande læringsarena. Me bruker og kjøkkenområdet til måltid og lesestunder. Borna har m.a.: lett tilgjengeleg leikeutstyr, slik at dei sjølv kan velje kva dei vil leike med gjennomtenkt utval av bøker, spel, og musikk god tumleplass på golvet til fysisk leik og rørsle foto og bilete på veggane som utgangspunkt for språkstimulering formingsutstyr tilpassa deira alder Me vaksne skal vera aktive og deltakande i leik og aktivitet med barna. Me skal setja fornuftige og gjennomtenkte grenser for dei. Alle barna skal bli møtt på ein positiv måte, og alle skal oppleva at me er glade for å sjå dei. Me vektlegg å gje positiv respons på ønska handling i langt større grad enn å fokusera på det barnet gjer galt. Me fortel heller barna kva dei kan gjera, enn kva dei ikkje kan gjera. Me ønskjer å omgi barna med omsorg, glede og humor. Me har dei på fanget, og gir kos og trøyst ved behov. Me samarbeider med Selja og Furustubben på ulike områder, både fysiske tilhøve og om innhaldet i kvardagen. Me kjem etter kvart til å prøve å ha tur- og leikegrupper på tvers av dei tre småbarnsavdelingane. Hassel avdeling tlf.: 56 19 27 08 Hassel sin mobiltelefon: 40 91 20 74 Storkjøkkenet: 56 19 27 10 Styrarkontor tlf.: 56 19 27 00 Side 1
BARNEGRUPPA Barnehageåret 2016/2017 er det 13 born på Hassel. Dette er 13 heilt nye born, som me gler oss til å verte kjende med. Saman utgjer desse ei fantastisk flott Hasselgruppe! Gruppa vil bestå av 6 born som er født i 2014 og 7 born født i 2015. DEI TILSETTE PÅ HASSEL Namn Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Kristine R. Daltveit - pedagogisk leiar Cecilie Mathisen - pedagogisk leiar Gina Nordpoll - barne ogungdomsarbeider Kari Lovise Kvamme - barnepleiar Bente Solberg - assistent x x x x x x x x x x x x x x x x x x x x Side 2
DAGSRYTME AVDELIGSSPLAN 2016 2017 Me legg stor vekt på at både born og foreldre skal føla seg trygge. For å oppnå dette tek me individuelle omsyn og gjev mykje omsorg. Det å vera trygg er grunnleggjande for all vidare utvikling. På Hassel er dagane prega av leik, stell, soving og måltid. Me prøver å få dagsrytmen vår til å passa best mogleg med mat- og soverytmen til borna dykkar. Ein fast dagsrytme skapar faste rammer og gjer dagen forutsigbar og trygg for borna. DAGSPLAN 07.00: Barnehagen opnar 07.30-8.30: Frukost på Hassel 8.30: Frileik 9.00: Samlingsstund 9.30: Organisert aktivitet, frileik ute 10.30: Bleieskift og handvask 11.00: Lunsj 11.45: Kviletid/sovestund Lesestund for borna som ikkje kvilar. Frileik inne eller ute 14.00: Bleieskift og handvask 14.20 Ryddetid Ein ring av gull. Ein riktig stor. Med plass til alle hender. Der ingen er størst. Der ingen er minst. Der ingen er først. Der ingen er sist. Vi holder fast så alle kjenner At ringen er smidd av GODE VENNER! 14.30: Frukt, skiver/knekkebrød Frileik ute eller inne 16.30: Barnehagen stengjer Side 3
MÅLTIDA AVDELIGSSPLAN 2016 2017 I løpet av dagen har med tre måltid på Hassel, frukost, lunsj og fruktmåltid. Me serverer som regel skjevemat, med sundt, godt pålegg. Til drikke har me mjølk og vatn. Fleire gonger i månaden har me varmmat, med stor vekt på sunn og næringsrik mat. Måltidet i seg sjølv er ein god arena for læring og utvikling. Me lærer borna om ulike matrettar og oppfordrer borna til å prøve å smake nye ting. I tillegg er måltidet ein fin arena til sosial trening; borna må vente på tur, me spør fint når det er noko me vil ha, me sit fint på stolen vår og borna vert godt kjende med «nye» born som dei ikkje pratar så mykje med elles. Det er og mange gode samtalar i løpet av eit måltid og det er viktig og verdifullt for ei god språkutvikling. LEIK Dette barnhageåret skal leiken vere satsningsområdet til Lonevåg barnehage, og då med vakserolla i serleg fokus. Me ynskjer å fremje den gode leiken ved å vere gode rollmodellar. Leiken til 0-3-åringane består mykje av kroppsleg utfalding. Dei yngste barna leikar ofte ved sida av kvarandre (parallell leik). Dei eldste i barnegruppa har late som om -leik, og byrjande rolleleik i sitt leikereportoar. Dei yngste barna ser på seg sjølv som midtpunktet i verda, og kan difor virka egosentriske og sjølvsentrerte. Dette er ein naturleg del av utviklinga deira. Samstundes har både dei yngste og dei eldre barna evne til empati og medkjensle. Dette er viktige eigenskapar som me vaksne byggjer opp under og bekreftar i leiken. I barnegruppa kan det vera store skilnadar både når det gjeld leikekompetanse og modning. Me vaksne må vera til stades for å sjå kvart einskild barn, og leggja til rette for at alle skal få leika utifrå sine behov og evner. Barnegruppa vert ofte delt i mindre leikegrupper for å legga til rette for det ovafor nemnde. I mindre grupper auker sjansane for at barna møter kvarandre, og at vennskap kan oppstå. Me ønskjer å bruka uteområdet i barnehagen mest mogeleg. Mykje uteaktivitet tilfredsstiller oppdagargleda hjå borna, og gjev rom for aktiv livsutfalding. Me skal difor leggja like mykje vekt på å ta vare på og vidareutvikla borna sin leik ute som inne. I Eplehagen og ved Sjørøvarskuta ligg det til rette for kjempegod motorisk stimulering. På framsida har me syklar, disser og sandkasse. Me prøver å bruka tid på alle dei tre områda. Side 4
Me vaksne skal vere til stades og deltakande i leiken, for å rettleie og hjelpe borna til å få ein god leik. Me skal vere tilgjengelige for borna i leiken og sjå ting frå barnet sit perspektiv. Det er og vår oppgåve å sjå til at alle borna vert innkludert i leiken og har ei god leikeutvikling. KVALITETSSIKRE TURANE VÅRE På Hassel går me på tur kvar månad. Dette gir ein fin variasjon i kvardagen, og mogelegheit for å bli kjende med det nærmiljøet har å by på. Me ynskjer å stimulera gleda over å ferdast i naturen. Vidare vil me gi barna kroppslege utfordringar, og gjennom dette stimulera grovmotikk og kroppsbehersking. Iblant deler me oss i grupper etter alder eller nivå, for å tilpassa utfordringar og målet med turen. Dei eldste har behov for større utfordringar, med fokus på å vidareutvikla motoriske ferdigheitar, medan dei yngste gjerne har behov for kortare turar i nærområdet, med fokus på tryggleik og kroppsbehersking. Turane skal òg vera ein arena for meistring, og glede over å ferdast ute uansett årstid og vær. Me ynskjer å synleggjera mål og innhald for turane våre gjennom dokumentasjon og bilete. I år ynskjer me å jobbe ekstra med turane våre, me vil ha meir fokus på gode opplevingar undervegs på turane, det vert ikkje nødvendigvis turen i seg sjølv som vert målet. Borna skal i større grad få velje turane og målet frå turane. Me ynskjer å gje meir rom for å stoppe undervegs og heller leggje opp turen meir som den kjem. Me kjem til å velje oss ein fast stad å gå til, ein stad me kan følgje gjennom fleire årstider. GODE STUNDER FOR LÆRING Mykje av dagen i barnehagen bruker me til å dekka bornas grunnleggjande behov for mat, kvile og stell. I desse stundene er det rom for mykje direkte vaksenkontakt, både fysisk nærleik og samtale med enkeltborn. Me ynskjer at dette skal vera trivelige stunder for borna, og arbeider for å utvikla gjensidig tillitt i Side 5
denne nære kontakten. Omsorga for barnet, og samspelet mellom den vaksne og barnet i omsorgsituasjonar er eit viktig område der barnet kan læra gjennom sanseopplevingar og erfaringar. Fordi desse situasjonane gjentek seg og er trygge, gjev dei spesielt godt utgangspunkt for læring på ulike område t.d.: - språktrening - overgangssituasjonar - læring og trening mtp å bli sjølvhjelpen «Barnehagen skal sjå omsorg og oppseding, leik, læring og sosial og språkleg kompetanse i samanheng.» (Rammeplanen) Når tida er inne for å slutte med bleie, motiverer me barna til å gå på do. Me vektlegg ellers hygiene (håndvask/sprit) før og etter måltid, og etter toalettbesøk. Me vil at barna etter kvart deltar i rydding på avdelinga. Dette inneber å legga ting der dei høyrer heime til neste gong me brukar dei. Dette gjeld inne- som uteleleikar. Ein dag i barnehagen er prega av mykje humor og glede. Dette viser seg i mange ulike samanhengar: i leik, i samlingsstund, under måltid, og elles i alle samanhengar der barna er samla. Ved at me vaksne viser at me verdset borna sin humor og glede, og let borna ta del i vår, kan barna utvikla sitt sjølvbilete, og få tru på at dei kan gjera noko morosamt som andre òg har glede av. Livet er å læra. Fyrst lærer me å krabba, So lærer me å stabba, So lærer me å gå. So lærer me å snakka, Eta fint og takka, Og alt me ikkje må. Olav H Hauge SAMLINGSSTUNDA I samlingsstunda syng me mykje, les enkle bøker, ser på bilete, fortel eventyr, rim og regler. Ein viktig del av samlingsstunda er å sjå kven som er på Hassel og synga om dei. Barna likar godt å ha Side 6
samlingsstund, og den er ein viktig del av dagen der barna er ivrig deltakande i det me heldt på med. Me ynskjer at den skal verte ei fin stund, der borna opplever glede, meistring og at det vert ein arena for god språkutvikling. Samlingsstunda er også ein aktivitet der borna etterkvart lærer seg å sitta i ro, venta på tur, få fokus på seg sjølv, og lytta til andre. I tillegg skaper det tryggleik for barna med faste aktivitetar som vert gjennomførte dagleg på same tidspunkt. Me kjem og til å bruke samlingsstunda som ein måte å utvikle leiken; utvikla leikereportoraret til borna. Til dømes vil me bruke konkreter til å dramatisere eit eventyr. Med jamne mellomrom har me fellessamling for dei små avdelingane og nokre gonger i året med heile barnehagen. Innhaldet kan t.d. vera song, skodespel, eventyr, forteljingar, og er gjerne knytt opp mot månadens tema. Me ynskjer at borna skal få øva seg i å halda merksemda oppe i større grupper og me håpar at barna får ei styrka kjensle av fellesskap gjennom desse samlingane. Fleire gongar i året vil alle avdelingane læra den same songen på same tid, for så å ha allsang på fellesen. Det er veldig kjekt! SAMARBEID MED ANDRE AVDELINGAR I Lonevåg barnehage samarbeider me mykje på tvers av avdelingane, me hjelper kvarandre på møter, ved sjukdom og elles ved behov. Me har og ein del felles opplegg i løpet av året, sjå årsplanen til barnehagen. Me på Hassel samarbeider mest med Selja og Furustubben, noko som er naturleg sidan me har same aldersgruppa, felles garderobe og kjøkken. Me kjem etter kvart til å ha ein del leikegrupper og turgrupper saman med dei, på tvers av alder. Dette vert både organisert, det står på månadsplanen, og uorganisert ved at me opnar portane og lar borna bevege seg fritt i mellom avdelingane. FOKUS PÅ AVDELINGA I løpet av året har me ein del felles temaarbeid i heile barnehagen og nokre tema som føl årstider og høgtider. «Innhaldet i barnehagen skal vere allsidig og variert, og det skal utformast slik at kvart enkelt barn får opplevingar og erfaringar som støttar utviklinga av kunnskap, evner og haldningar. Samstundes skal innhaldet støtte språkleg og sosial kompetanse gjennom felles opplevingar og samvær.» (Rammeplanen) Side 7
August/ September: - Oppstart/ny i barnehagen og vennskap. Dei første månadane i barnehageåret bruker me mykje tid på tilvenning. Me er den første tida opptekne av å bruke tid på å gjere alle borna trygge, kjende med dei andre borna og skape ei trygg og harmonisk barnegruppe. Me vil innarbeide gode rutiner som igjen skapar trygghet hjå borna. - Brannvernveke, denne er felles for heile barnehagen og fokus er brannvern med brannøvingar og liknande. Oktober/ November: - «Meg og familien min». - Kroppen min. Me skal verte kjende med dei ulike kroppsdelane. November/Desember: - Jul. Me har adventskalender på avdelinga, pynter til jul, syng julesanger og gjer oss kjende med ulike juletradisjonar. Januar/ Februar - Felles tema for heile barnehagen i år vert fargar. Me heldt fokus på primærfargane, raud, gul og blå. - Temafest i heile barnehagen med farge som tema. Mars/ April - Påske. Barna skal få kjennskap til tradisjonar knytta høgtida. Me skal ha påskefrukost der alle foreldra er velkomne til å eta saman med oss. - Solidaritetsarbeid Lonevåg barnehage vil jobbe med Solidaritetsarbeid i april / Mai. Me brukar sos-barnebyer sitt barnehagemateriell, sosikkebarna, og me vil ha ein sosikkeaksjon i april / mai. Me ynskjer å gi borna innsikt i korleis born lever i andre land. Me ser både på skilnader og likskaper. Slik kan me lære dei om toleranse, likeverd og respekt og la dei få vise omsorg for born som bur ein annan stad på jorda. Sos barnebyar har også fokus på borna sin rettar slik dei står i Fn sin barnekonvensjon. «Barn kan bruke sine evner der de er og hvor de bor til å hjelpe andre barn på denne jord.» Solsikkeloven Side 8
April/ Mai/ juni - Våren. Kva skjer i naturen om våren? Me vil gå mykje turar og sjå på livet i naturen, plante frø og synge songar om våren o «Lille larven aldri mett» Me fordjuper oss i forteljinga. o «Det spirer og gror» - Overgang til stor avdeling. Mange skal over på stor avdeling, og me ynskjer å førebu borna godt på det. Me skal ha besøksdagar der borna får besøkje sine nye avdelingar. Me er og mykje i saman med dei store både inne og ute. Side 9