AVDELINGSPLAN

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "AVDELINGSPLAN"

Transkript

1 AVDELINGSPLAN AVDELINGSPLAN NYPEROSA Saman får me verdas viktigaste verdiar til å vekse Osterøy kommune

2 VELKOMNE TIL NYPEROSA Nyperosa er ein av seks avdelingar i Lonevåg barnehage, med barn fødde i 2012 og Me heldt til i underetasjen saman med avdeling Lyngtua, som har barn i same aldersgruppe. Hjå oss finn du eit stort rom og eit grupperom som barna kan bruka. Avdelinga er igjen delt inn i krokar. Desse får namn alt etter kva som er inne i kroken. Eit døme er bilkroken, der alle leikebilane er plasserte. Dette er med å hjelpa borna til å finne rett krok når me leikar, er i grupper og ved ryddetid. På Nyperosa er me opptatt av at barna skal gle seg til å komma i barnehagen og at alle barn og foreldre skal føla seg trygge og velkomne kvar dag. Barna skal føla omsorg, tryggleik og at dei blir sett og høyrt. Det er viktig at dei får oppleva meistringskjensle, og at dei blir tatt på alvor. Alle barn er unike og me jobbar med å styrka sjølvkjensla til kvart barn, slik at dei opplever eigenverdi. Me gjev dei passande utfordringar, som fører til meistring. Kvar dag har me ein plan og me prøver å variere aktivitetane slik at dagane vert spanande og lærerike. Me på Nyperosa har og stort fokus på uteliv gjennom heile året, der me går tur, lagar mat på bål eller brukar barnehagen sitt uteområde. Naturen gjev utfordringar og innbyr til leik til ei kvar årstid, og me ynskjer at barna skal få oppleve meistring og glede samt få ei positiv haldning til naturen. Dei skal og få allsidige fysiske utfordringar som stimulerer deira grovmotoriske utvikling. Me vaksne må vera bevisst våre eigne haldningar til å vera ute og gjere nytte av naturen slik at barna får ei god oppleving av naturen. Tema me vil ha ekstra fokus på dette året er vatn og fargar, som er tett knyta til naturen. «Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vêr» (Rammplan s. 44). Leik og læring står veldig sentralt i barnehagekvardagen. Det same gjer vennskap. Alle barn treng ein venn, og gjennom året skal alle ha minst ein venn i barnehagen! Ein ring av gull. Ein riktig stor. Med plass til alle hender. Der ingen er størst. Der ingen er minst. Der ingen er først. Der ingen er sist. Vi holder fast så alle Kjenner At ringen er smidd av GODE VENNER! Side 2

3 Barnegruppa På Nyperosa har me dette året 24 barn. Gruppa består av 11 barn fødd 2012 og 13 barn fødd Me har ti barn som allereie har gått eit år på Nyperosa. Frå småbarnsavdelingane Hassel, Selja og Furustubben kjem det 12 barn, og me får to heilt nye barn. Dei tilsette på Nyperosa Vekedagar Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Sandra Kallekleiv, pedagogisk leiar. 100% Ingrid Solbrekken, pedagogisk leiar. 100% Linda Hugnastad, barne- og ungdomsarbeidar. 100% Bergliot Hannisdal, assistent. 100% x x x x x x x x x x x x x x x x x x x x Dagsrytmen Dagsrytmen er faste gjeremål kvar dag. Mykje av læring, omsorg og danning som skjer i barnehagen, er gjennom faste daglege aktivitetar og kvardagsrutinar : Barnehagen opnar : Frukost for dei som ynskjer : Frileik : Inndeling i grupper- Oppstart av aktivitet eller tur : Ryddetid og samlingsstund : Dobesøk og handvask : Lunsj med skiver eller varm mat : Uteleik : Handvask og frukt Livet er å læra. Fyrst lærer me å krabba, So lærer me å stabba, So lærer me å gå. So lærer me å snakka, Eta fint og takka, Og alt me ikkje må. Olav H. Hauge Side 3

4 14.45 : Leik ute eller inne : Barnehagen stenger. Me er opptekne av gode rutinar på avdelinga. Dette for å skapa ein trygg og forutsigbar barnehagedag. Me samlar barna i garderoben og på grupperom til dømes etter ryddetid, før me går ut og før samlingsstund eller ulike aktivitetar. Her forbereder me barna på kva som skal skje og lar tre barn om gangen, gå vidare til neste aktivitet. Det for å skapa gode og rolege overgangssituasjonar. Me har og gode rutinar for rydding, inne som ute. Før me samlar oss ringer dagens hjelpar med bjella for å markera ryddetid. Inne markerar me ryddetid med «ryddemusikk». Barna skal øva på å leggja ting og leikar attende der dei høyrer heime, slik at det er klart til neste gong dei tas i bruk. Barna får etter tur vera dagens hjelpar på avdelinga. Me har to dagens hjelpar kvar dag som deler på oppgåvene. Når det er bursdag har me ein hjelpar slik at barnet får ei kjensle av at det kun er deira dag. Oppgåvene til dagens hjelpar kan vera å telja kor mange barn som er komen, hjelpa til med å trekkja kalendar for dagen, dekka på bordet før måltidet, velgja song til måltidene og setja på ryddemusikk. Gruppedeling Barna på Nyperosa vert delt i to grupper med 12 barn og to vaksne. Gruppene heiter «Marihøna» og «Humla». I byrjinga og mot slutten av dagen er me alle samla, men i kjernetida frå 9.30 til 14 er me delt inn i dei to gruppene. Alle barna får ein primærkontakt gjennom året som tar seg litt ekstra av «sine» barn. Alle skal oppleva å verta sett og høyrt og gjennom primærkontakten kvalitetssikrar me at alle får dekka sine behov. Dei to gruppene kan igjen verta delt inn i sine primærgrupper t.d ved måltidet, i leik og ulike aktivitetar samt på tur. Desse små gruppene har ein form og farge; gul firkant, blå trekant, raud sirkel og grøn rektangel. Det er naudsynt å dele ei stor barnegruppe inn i mindre grupper for å få meir tid, tryggleik og ro rundt dei ulike aktivitetane og leiken. Ved ulike fellesaktivitetar i barnehagen er me gjerne delt i grupper på tvers av avdelingane. Måltid Alle barnehagar skal følgje Helsedirektoratets retningslinjer for mat og måltid i barnehagen. På Nyperosa er det tre faste måltid kvar dag: frukost, lunsj og fruktmåltid. Måltidet er ein god pedagogisk aktivitet, der barna er aktive både i tillaging og i gjennomføringa av måltidet, som dagens hjelpar. I samband med måltidet skal dei få kunnskap om kosthald, god bordskikk, utvida erfaring i høve til smakar, og utvide omgrep innan matvarer. Me prøver òg å få barna til å lære seg å smørje på og forsyne seg sjølv. Dagens hjelpar har fleire oppgåver knytt til måltidet. Han/ho er med å laga til maten, dekker bordet og namngjev eit og eit barn som får gå frå samlinga og til bordet. Side 4

5 To dagar i månaden har me varm mat eller bakverk til lunsj. Barna er då aktivt deltakande i matlaginga. Ein del av fokuset vårt vert òg at barna skal føla glede, trivsel og samhald i gruppa. Me pratar om daglegdagse ting, øver oss på turtaking, lytting, og å halda i gang ein enkel samtale ved matbordet. Me vektlegg god hygiene (håndvask/ sprit) før og etter måltid, og etter toalettbesøk. Me vil og oppfordra til å vaska eller sprita hendene når de kjem i barnehagen og når de går heim for å redusera risiko for smitte ved sjukdom. Turar Nyperosa er på tur minst ein dag per veke. Det vil variera kva dag akkurat ditt barn er på tur då me i hovudsak går på tur i dei to gruppene eller i vår primærgruppe. Turgåing stimulerer den grovmotoriske utviklinga til barna, samt haldningar til og kjensler rundt naturopplevingar og fysisk aktivitet to svært viktige verdiar/interesser som me ynskjer at barna skal få positive relasjonar til. Me vil bevisstgjera barna korleis naturen endrar seg i dei ulike årstidene. Me legg opp til mykje spontane her og nå situasjonar på turane, der barna aktivt brukar sansane sine. Nærmiljøet vert aktivt brukt, der me lærer barna å ferdast i naturen, verta glad i naturen og korleis me kan ta vare på den. Aktuelle områder me brukar er naturleikeplassen ved Husavatnet, Rullebakken og Åsdalen, samt Kråkedalen. Rullebakken er vårt faste område i fyrste halvdel av barnehageåret. Barna får utvikla eit forhold og ein trygghet til plassen, og me har god tid her oppe. Me har bygd gruve og har steikepanne til matlaging. Området byr på motoriske utfordringar og innbyr til variert leik. Leik «Eit leikefellesskap legg grunnlaget for vennskap» ( Rammeplan s. 32). Leik er hovudaktiviteten i barnehagen. Her lærer barna kvarandre å kjenna og venskap dannes. I den frie leiken skjer god læring om sosial kompetanse. Barna utviklar blant anna strategiar for korleis dei skal lykkas i relasjonar med andre, dei forhandlar og kjem til einighet, fantasien får utvikla seg og ikkje minst er leiken lystbetont, spontan og frivillig. På nyperosa legg me til rette for leik gjennom leikegrupper, frileik minst ein gong i veka, samt uteleik kvar dag. På leikegruppene deler me barna inn i «Humla» og «Marihøna» eller primærgruppene. Etter kvart vil me fordele barna slik at dei gjerne får leike saman med barn dei ikkje er så mykje med elles i kvardagen. Ofte dannas det vennskap på tvers av gruppene og det er viktig å ivareta dei. På gruppene får barna sume gonger vera med å påvirka kva og kven dei vil leika med, og andre gongar organiserer me vaksne leiken. Togbane, legobygging, spel, lesing, rolleleik, tur, matlaging, forming osv, er ulike aktivitetar me har på gruppene. Me vaksne skal vera aktivt til stades i leiken og leggja til rette for variert leik. Me vekslar mellom å vera aktivt deltakande, tilretteleggjarar og observatørar. Barna må få plass og uforstyrra tid sånn at den gode leiken kan utvikla seg og det er viktig at barna får ha sin eigen leik, utan vaksne si innblanding, Side 5

6 når dei har behov for det. Mange barn slepp seg meir laus dersom det ikkje er aktivt deltakande vaksne i leiken. Korleis me vil arbeida med leik på Nyperosa: Me brukar samlingsstund som metode og inspirasjon der me tar i bruk songar, rim og regler, eventyr og forteljingar for å formidle vennskap og leik. Tilretteleggja for gode leikesituasjonar gjennom mindre grupper. Dei vaksne hjelper barna til og halde fokus i leiken, gjennom å skjerme barnas leik. Organisere det fysiske miljøet slik at det oppstår best mulig leik (både fysisk og roleg rolleleik). Me gjev barna ulike fellesopplevelsar som utgangspunkt for leik og vennskap. Støtte barna når konfliktar oppstår og skal løysas. Barn som eventuelt slit med og koma inn i leik, får hjelp av personalet. Samlingsstund Samlingsstundene er viktige for at barna sin personlegdom, fantasi og kreativitet skal bli ivaretatt. Her har ein godt høve til å sjå og møta kvart enkelt barn i grupper. Me lar dei få sosial trening og tilnærma seg kunnskap. Målet er òg å gje dei inspirerande opplevingar. Humor og glede er og viktige innslag i samlingsstundene. Det skal vera ei kjekk stund for barna med positive opplevingar i fellesskap med andre. Barna er delt i dei to gruppene Humla og Marihøna, og me brukar åtskilde rom, for å skapa meir ro og betre kontakt med kvart enkelt barn. Me syng mykje saman med barna, les, fortel historier og eventyr og flettar inn tema og prosjekt. Kvar dag syng me om dagen i dag, kva månad me er i, vêret for dagen og kva årstid det er. Det vert òg gjeve rom for at kvart enkelt barn kan få fortelje litt om det dei er opptekne av. Dette er viktig for sjølvkjensla til barna. Me ynskjer at alle barna skal fortelje litt av og til, så det hender me pusher litt forsiktig på. Samarbeid med andre avdelingar I Lonevåg barnehage samarbeider me mykje på tvers av avdelingane. Me hjelper kvarandre blant anna på møter, ved sjukdom og elles ved behov. Barna vert då godt kjende med andre vaksne i barnehagen. På møtedagane, som er kvar tysdag, kan det vera andre faste vaksne på huset som tar imot borna dykkar dersom barnet vert levert etter kl.9. På Nyperosa kjem me til å ha mest samarbeid med Lyngtua og Rognebær fordi dei har barn i tilsvarande aldersgruppe. Side 6

7 Kvalitetssikring og dokumentasjon Kvart år har alle avdelingane eit område som skal kvalitetssikrast. I år vil me på Nyperosa ha ekstra fokus og merksemd på leiken inne. Kvar veke skal me ha fokustid der me vaksne har fullt fokus på å vere i leik med barna. Det vil i hovudsak vera to vaksne som er i leik med barna medan dei to andre har fokus på å ta imot dei barna som kjem om morgonen, hjelpa barn på do, gå på møter og liknande slik at leiken ikkje vert forstyrra eller brutt opp. Me vil dokumentera vårt arbeid ved å skriva om det på månadsbrevet, vise gjennom bilete og rammeplan for barnehagar. Me vil òg evaluere kvarandre og vårt arbeid på avdelingsmøte og personalmøte. Fokus på avdelinga I løpet av året har me nokre felles tema i barnehagen som me arbeidar med, nokre tema og prosjekter som er særleg for Nyperosa og nokre tema som føl årstider og høgtider. På månedsplan og brev får de ein meir detaljert plan for tema og mål for den aktuelle månaden. Her får de ei oversikt over ulike tema som er i fokus, i tillegg til uteliv: Haust: Fagområde Tema/ målsetjing Kva kan me gjera? Nærmiljø og samfunn «Barna skal få erfare at alle menneske, uavhengig av alder og føresetnadar, inngår i og bidreg til barnehagefellesskapen» (Rpl.s 41). Oppstart/ tilvenning og vennskap Bruke god tid på å verta kjende, gjera barna trygge og skapa ei trygg og harmonisk barnegruppe. Verta kjende i både primærgruppene og humle/marihøne gruppa. Nærmiljø og samfunn Brannvernveke Verta kjende med brannalarmen og gode rutinar for brannvern. Brannbilen kjem på besøk. Side 7

8 Natur, miljø og teknikk Kunst, kultur og kreativitet Kropp, bevegelse og helse Natur, fargar og vatn Få kjennskap til vatn som livsviktig for menneske og planteriket Ulike eksperiment med vatn og fargar Få kjennskap til primærfargane Følgje med på korleis fargane i naturen endrar seg Kunst, kultur og kreativitet Advent Adventsamling Etikk, religion og filosofi Me markerar høgtida jul der me er opptatt av stemning og ro i ei elles hektisk adventstid. Tenne lys Syngja julesongar Lesa historiar Markera Lucia Fellesbaking Nissefest Vinter/ vår: Fagområde Tema/ målsetjing Kva kan me gjera? Kunst, kultur og kreativitet Fargar fram mot temafest Fargefest Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og kreativitet får barna mange høve til blant anna sansing, eksperimentering og skapande verksemd. Rpl.s 36 Kvart år har me temafest i barnehagen der me samlas på tvers av avdelingane. Eksperiment med fargar Primærfargar og sekundærfargar Fargar i naturen Kunst, kultur og kreativitet Natur, miljø og teknikk «Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk» Rpl.s.38 Natur og vatn Få glede ved å ferdast i naturen Eksperiment med vatn Tal, rom og form Side 8

9 Etikk, religion og filosofi Solidaritetsarbeid Besteforeldrecafè solsikkeloven «utviklar forståing for andre tradisjonar og levesett» (Rpl.49) Me ynskjer å gi borna innsikt i korleis born lever i andre land. Me ser både på skilnader og likskaper. Slik kan me lære dei om toleranse, likeverd og respekt og la dei få vise omsorg for born som bur ein annan stad på jorda. Sos barnebyar har også fokus på borna sin rettar slik dei står i Fn sin barnekonvensjon. Etikk, religion og filosofi Påske Påskevandring «Får kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar» (Rpl.s. 47). Barna skal få kjennskap til tradisjonar knyta til påskehøgtida. Påskefrukost Påskeforming Pynta til høgtida Nærmiljø og samfunn Markera 17. mai Det norske flagg Kjennskap til kvifor me feirar 17. mai Nærmiljø og samfunn Kommunikasjon, språk, tekst Kropp, rørsle og helse Overgang til nye avdelingar. Få besøk av/ og gå på besøk med barn som skal skifta avdeling, ein dag i veka. Felles aktivitetsdag Side 9

10 Informasjon til heimen Me er her for å gjera det beste for DITT barn, og det er då viktig at me har ein god dialog. Er det noko de lurar på så ikkje nøl med å spørja! Eit nært samarbeid og gjensidig tillit mellom barnehagen og heimen er viktig for at borna skal få eit best mogeleg utbyte av barnehagen. Månadsplan og brev får de på mail kvar månad. Det hender at aktivitetar vert flytta på, utsett eller avlyst. Her speler faktorar som bemanning, vær og vind, sjukdom osv inn. Me ber om forståing for dette. Det heng ei tavle i yttergarderoben, der me skriv ned aktivitetane for veka, og eventuelle endringar frå månadsplan. Her heng det og vaktliste for personalet på Nyperosa. Me har telefon på kvar avdeling i barnehagen, nummeret til oss på Nyperosa er: og Dersom de ikkje får svar der så prøv styrarkontoret: Helsing Linda, Bergliot, Ingrid og Sandra Din fantastiske verden med gode venner. Vi skal ingen steder, men veien dit skal brolegges med gode opplevelser. Ukjent Side 10

AVDELINGSPLAN

AVDELINGSPLAN AVDELINGSPLAN 2016-2017 AVDELINGSPLAN 2016 2017 Lyngtua Saman får me verdas viktigaste verdiar til å vekse Osterøy kommune LYNGTUA AVDELINGSPLAN 2015 2016 Lyngtua er ein av seks avdelingar i Lonevåg barnehage.

Detaljer

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder: Språk og språkmiljø Vi har språk og språkmiljø som satsingsområde. Det er eit mål å gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, saman med konkret sanse- og førstehandserfaring, i naturlege

Detaljer

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

AVDELINGSPLAN

AVDELINGSPLAN AVDELINGSPLAN 2016-2017 Osterøy kommune Hassel Saman får vi verdas viktigaste verdiar til å vekse AVDELING HASSEL AVDELIGSSPLAN 2016 2017 Her kjem litt informasjon om avdelinga vår, om kva me prioriterer

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Kommunikasjon, språk, tekst: «Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke

Detaljer

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017 Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017 TEMA: «Fysisk aktivitet, psykisk helse og kosthald» «Være sammen» Askeladden Kristoffer, pedagogisk leder Britt Karin, pedagogisk leder Linda, pedagogisk

Detaljer

Tilbakeblikk på mars:

Tilbakeblikk på mars: MÅNEDSPLAN FOR NØTTELITEN Tilbakeblikk på mars: Tema for mars var «ballaktivitet og påskeførebuing». Me har leika med ballar og ballongar på avdelinga, i gymsalen og i uteleiken. Me har og byrja med påskesamlingar

Detaljer

Månadsbrev Januar 2017

Månadsbrev Januar 2017 Månadsbrev Januar 2017 Godt nytt år alle saman! Endeleg er me komen godt i gong att etter flytting, jule- og nyttårs-feiring. Veke 2 kom me endeleg i gong med tilrettelagte aktivitetar. Ting tek litt tid

Detaljer

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Halvårsrapport lyseblå haust 2017 Halvårsrapport lyseblå haust 2017 Det har vore eit flott halvår på lyseblå gruppe med eitt og toåringane. I gruppa har me 8 toåringar og 5 eittåringar. Me har to pedagogar, ein fagarbeidarar, ein assistent

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre.

Detaljer

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda Årsplan for Straume barnehage 2017-2018 Del 2 Arbeid med fagområda 0-2 år Gje barna kjennskap til ord omgrep støtte til språkutvikling Samtale med barnet på deira nivå.»lesesnakke «bøker, synge sangar,

Detaljer

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda Årsplan for Straume barnehage 2016-2017 Del 2 Arbeid med fagområda 0-2 år Gje barna kjennskap til ord omgrep støtte til språkutvikling Samtale med barnet på deira nivå.»lesesnakke «bøker, synge sangar,

Detaljer

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019 haust og leik MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019 Mål: Vi vert kjende med Nanah og livet hennar i Sierra Leone. Vi forberedar oss til aksjon, og jobbar med tema solidaritet og barn hjelper barn. Vi går tur

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PROGRESJONSPLAN FOR FAGOMRÅDA I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Progresjonsplan for fagområdene i Rammeplanen I tillegg til

Detaljer

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen. BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen. Ein vaksen møter barn og foreldre. Personalet opprettar kontakt med barnet. Utveksling av

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8

Detaljer

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018 ÅRSPLAN Jostedal barnehage 2017 / 2018 2Innleiing: I denne årsplanen finn de informasjon om barnehagen sine satsingar og konkrete tiltak innafor ulike område, og i planen er det teke omsyn til idear og

Detaljer

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODENS FAGOMRÅDER: NÆRMILJØ OG SAMFUNN: - Bli trygge på seg sjølv, vaksne og barn i barnehagen - Bli kjent

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse aktivitetane. Revidert haust 2015 BRINGING OG HENTING Kva er

Detaljer

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir

Detaljer

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar 07.15 Ankomst Gi barnet ein god start på dagen Skape gjensidig kontakt mellom bhg og foreldre. Vise merksemd og annerkjenne barnet 08.00 Frokost Ete seg mett

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 1. kommunikasjon, språk, tekst Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle sin språkforståelse, språkkompetanse og et

Detaljer

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016 Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016 Litt om Familiebarnehagen: Familiebarnehagen ble startet i 1989 og drives av Klara Magnetun Brotnow. Den ligger sentralt til i nærheten av skogsområde, stadion, Hallingmo,

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Hei hå, no er det jul igjen! Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Me har no avslutta prosjektet «Familien min» og vil oppsummera litt.

Detaljer

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema Del 2 Ågotnes barnehage årstema 2017-2018 Visjonen til barnehagen er «Leikande, glade barn og natur hand i hand» og dette skal prege kvardagen. Dei seinare åra har vi hatt fokusområde språk og sosialkompetanse.

Detaljer

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE AVDELINGSPLAN TRIOLA Kontaktinformasjon: Triola: 59192749 Barnehagemobil: 94508709 E-post: daniel.monstad.windt@osterøy.kommune.no TRIOLA Triola er den største av dei

Detaljer

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. Osterøy kommune VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. F Innhald FORORD... 2 VISJON OG VERDIAR... 3 SATSNINGSOMRÅDAR... 4 UTELEIK:... 4 TIDLEG INNSASTS:... 4 BORNS TRIVSEL

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 1. Kommunikasjon, språk, tekst: Gjennom arbeid med dette fagområdet skal barnehagen bidra til at barnet blir kjent med bøker, sanger, bilder m.m. (Rammeplanen).

Detaljer

07.00 BARNEHAGEN ÅPNER De voksne tar imot barna i garderoben RYDDETID Vi rydder avdelinga/uteområdet

07.00 BARNEHAGEN ÅPNER De voksne tar imot barna i garderoben RYDDETID Vi rydder avdelinga/uteområdet SOLSTRÅLE Småbarnsavdeling Ukerytme og dagsrytme på Solstråle: Vi er ute hver dag. Vi prøver ikke å la klokken styre oss for mye. Klokkeslettene og dagsrytmen er derfor ca. tider. Det kan også bli endringer

Detaljer

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne UTVIKLINGSPLAN 2015 Pedagogiske rom Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne Tiltak og arbeidsmetodar: Mål; Skape rom - som inspirerer

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring. ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

Periodeplan for avdeling Glede, august desember 2013

Periodeplan for avdeling Glede, august desember 2013 Periodeplan for avdeling Glede, august desember 2013 Barnehage året 2013 2014 er vi 12 barn på avdeling Glede. Personalet på avdelingen vil være fordelt slik: Personalet på Glede: Pedagogisk leder: Anette

Detaljer

ANSVAR OMSORG - GLEDE

ANSVAR OMSORG - GLEDE PEDAGOGISK PERIODEPLAN SKOGTROLLA Januar-Februar-Mars ANSVAR OMSORG - GLEDE Side 1 av 6 Innhald Viktige datoar / sangar og eventyr på avdelinga...3 Evaluering...4 1:0 Tema «kven er eg?»...4 1:1 hovudmål

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017

Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017 Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017 Visjon: «Lek, vennskap og naturglede med inspirerende voksne til stede» Innledning Velkommen til et nytt barnehageår. I denne planen finner

Detaljer

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER: MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER: HEI, HEI! No er me komne godt i gong med kvardagen på Bikuben med rutinar, friluftsdagar, smøremat, kvilestund og små grupper. Me ser at gode daglege rutinar er med på å skape

Detaljer

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv. Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv. Innhald Innleiing s. 2 Verdigrunnlag s. 3 Resultatleiing Sjumilssteget

Detaljer

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Månedsbrev Bikuben oktober 2016 Månedsbrev Bikuben oktober 2016 SEPTEMBER MÅNED: Barnegruppa på Bikuben er no kome godt i gang, dei nye barna har funne seg godt til rette, me ser mykje glede, latter og smil. Barna viser tillit og trygghet

Detaljer

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd, Desember månedsbrev I desember har me fått gjort masse kjekt med barna. 1. desember byrja vi med lyssamlinga i amfiet der me skulle synge julesongar foran alle barna i barnehagen. Deretter byrja vi med

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Utviklingsplan Gamlestova barnehage Utviklingsplan Gamlestova barnehage 2017-19 UTVIKLINGSPLAN GAMLESTOVA BARNEHAGE 2017-2019 Utviklingsområder 2017-19 Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Leikekompetanse / Sosial kompetanse Sosial kompetanse

Detaljer

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Utviklingsplan Gamlestova barnehage Utviklingsplan Gamlestova barnehage 2016-18 UTVIKLINGSPLAN GAMLESTOVA BARNEHAGE 2016-2018 Utviklingsområder 2016-18 Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Leikekompetanse / Sosial kompetanse Sosial kompetanse

Detaljer

Der lek og læring går hånd i hånd

Der lek og læring går hånd i hånd Der lek og læring går hånd i hånd GLEDE OMSORG - KUNNSKAP Halvårsplan for Maurtua Høsten 2017 Innhold 1. Innledning s.3 2. Maurtua høsten 2017 s.4 Personalet og barnegruppa Uka på Maurtua s.5 3. Temaer

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

ÅPEN BARNEHAGE ÅRSPLAN

ÅPEN BARNEHAGE ÅRSPLAN ÅPEN BARNEHAGE ÅRSPLAN 2010 2011 1 Innhold 1. Hva er åpen barnehage?... 3 2. Barnehagens åpningstider, lokaliteter og beliggenhet... 3 3. Målsetting for Knøttetreff åpen barnehage... 3 4. Omsorg og oppdragelse...

Detaljer

ÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014

ÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014 ÅRSPLAN FOR KREKLING 2013-2014 Godkjent i samarbeidsutvalget 30. oktober 2013 VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR 2013-2014 Vi er kommet godt i gang med nytt barnehageår. Dette barnehageåret vil vi ha ekstra

Detaljer

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER Med progresjon meiner ein framgang, framsteg, utvikling. Vår oppgåve er å gje barna oppgåver dei meistrar samtidig som vi gjer dei utfordringar slik at dei

Detaljer

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE Overordna mål for samarbeidsrutinane - Born og foreldre skal oppleve overgangen frå heim til barnehage som trygg og god - Borna skal oppleve

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE 2015 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE Wenche Fagerbakk Tysnesbarnehagane 09.11.2015 Hovudmål: Barnehagane har nulltoleranse mot mobbing. Delmål: Alle tilsett skal jobbe aktivt for å oppretthalde

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Årsplan 2007 2008 ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19 Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19 SAMAN SET ME SPOR - Fleksibilitet respekt omsorg glede Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som kan være grei for deg når du skal

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,

Detaljer

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015 Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015 Velkommen til høsten og våren på Trollebo Vi er godt i gang med et nytt barnehageår på Trollebo. For noen av dere er det deres første møte med Sørholtet barnehage.

Detaljer

Nesodden Frivilligsentral, Hilda Magnussens vei 1, 1450 Nesoddtangen Tlf: 66 91 66 50/47 45 02 99, E-post: post@frivillig.nesodden.

Nesodden Frivilligsentral, Hilda Magnussens vei 1, 1450 Nesoddtangen Tlf: 66 91 66 50/47 45 02 99, E-post: post@frivillig.nesodden. Innholdsfortegnelse 1. Åpen Barnehage Berger 2. Årstider 3. Lek og læring 4. De syv fagområdene 4.1 Kommunikasjon, språk og tekst 4.2 Kropp, bevegelse og helse 4.3 Kunst, kultur og kreativitet 4.4 Natur,

Detaljer

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 ÅRSPLAN 1 1. Opplæringslova om skulefritidsordning (SFO) 13-7.Skolefritidsordninga Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for

Detaljer

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER Fotograf: Ragnhild Kvålseth5 år ÅRSPLAN FOR BARNEHAGEN 2015-2016 Barnehagen jobbar ut ifrå barnehagelova og forskrifta Rammeplan for barnehagens innhald

Detaljer

Halvtårsplan for førskulegruppa. Valestrand barnehage våren Osterøy kommune

Halvtårsplan for førskulegruppa. Valestrand barnehage våren Osterøy kommune Halvtårsplan for førskulegruppa Valestrand barnehage våren 2016 Osterøy kommune Førskulegruppa barnehageåret 2015-2016 består av 7 born. Agata Daleki Marie Evensen Reigstad Tim Ferdinand Holter Vatle Sara

Detaljer

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage. Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage. Tema: Inkluderande barnehagemiljø Leiar for kultur og oppvekst Gjermund Flage hadde eit innlegg om inkluderande barnehagemiljø og samarbeidet

Detaljer

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur. Halvtårsplan for Enge barnehage hausten 2016 Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur. Satsingsområde: Språk og Være saman. Gjeld heile hausten 2016 Kva (aktivitet) Språk Være saman Korleis (arbeidsmåte)

Detaljer

Periodeplan for Kardemommeby og Lønneberget høst/vinter 2013.

Periodeplan for Kardemommeby og Lønneberget høst/vinter 2013. Periodeplan for Kardemommeby og Lønneberget høst/vinter 2013. Dette barnehageåret skal vi ha ett fellestema for hele barnehagen. Det er DU OG JEG, VI OG VERDEN. I vår barnehagen har vi barn med familierøtter

Detaljer

JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN

JEG KAN!  Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN MÅL: sette enkeltbarnet i fokus! Klypen er en barnehage som hele tiden ønsker å gjøre sitt beste for at alle

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Åmotsdal barnehage Seljord kommune Adresse: Åmotsdalsvegen 1253, 3844 Åmotsdal Tlf: 35 05 13 75 E-post: amotsdal.barnehage@seljord.kommune Styrar: Ann-Christin Freberg Høgetveit. Opningstid:

Detaljer

AUGUST Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag. Ingen kan alt - alle kan noe! Små ting er ikke småting!

AUGUST Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag. Ingen kan alt - alle kan noe! Små ting er ikke småting! AUGUST LITJKROKEN: Tilvenning. Denne måneden skal vi ha et overordnet fokus på å bli kjent med hverandre og miljøet i barnehagen. Det er veldig individuelt hvordan et barn venner seg til sine nye omgivelser,

Detaljer

AVDELINGSPLAN

AVDELINGSPLAN AVDELINGSPLAN 2016-2017 Osterøy kommune Selja Saman får vi verdas viktigaste verdiar til å veksa SELJA I denne planen finst det informasjon om småbarnsavdelinga Selja, ei av dei tre småbarnsavdelingane

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Definisjon og formål. Målsetjing

Definisjon og formål. Målsetjing Definisjon og formål Overordna mål for verksemda finn vi i Opplæringslova 13-7: «Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE Gjeldande frå 1. august Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. oktober 2017 Innhald Kva er hensikta med ein rammeplan? Litt historikk

Detaljer

Halvtårsrapport grøn gruppe haust 2017

Halvtårsrapport grøn gruppe haust 2017 Halvtårsrapport grøn gruppe haust 2017 Grøn gruppe har hausten 2017 bestått av 15 barn og 4 vaksne. Pedagogisk leiar; Ragnhild Omvik Bratseth, barne og ungdomsarbeider Elisabeth.A. Olsen, Assistent Signy

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei også litt tilvenning. Derfor har me fokusert på sosialisering

Detaljer

PROGRESJON betyr å avansere. Det betyr det du ikke får til nå, får du kanskje til om 1 time, 1 dag eller 1 år! Alle ønsker vi å komme.

PROGRESJON betyr å avansere. Det betyr det du ikke får til nå, får du kanskje til om 1 time, 1 dag eller 1 år! Alle ønsker vi å komme. PROGRESJON betyr å avansere. Det betyr det du ikke får til nå, får du kanskje til om 1 time, 1 dag eller 1 år! Alle ønsker vi å komme. Vi ønsker at barna i løpet av barnehageårene skal få ulike opplevelser

Detaljer

Lyngen har 9 barn. 1 pedagogisk leder som heter Hege Moe, og to barneveiledere, Mette Fredriksen og Tine Hauge.

Lyngen har 9 barn. 1 pedagogisk leder som heter Hege Moe, og to barneveiledere, Mette Fredriksen og Tine Hauge. Småbarnsavdeling: Småbarnsavdelingen ved Lunderhaugen Barnehage heter Lyngen Lyngen har 9 barn. 1 pedagogisk leder som heter Hege Moe, og to barneveiledere, Mette Fredriksen og Tine Hauge. Barna vil også

Detaljer

Kva er nytt i rammeplanen?

Kva er nytt i rammeplanen? Kva er nytt i rammeplanen? «På ramme alvor» Molde 14.09.17 Bodil Grindvik Uri 1 Overordna mål for ny rammeplan Samfunnsutvikling og ny kunnskap om barn og barnehagar tilseier fornying; rammeplanen skal

Detaljer

Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi:

Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi: 1 Å støtte barn si språklege utvikling er ei av kjerneoppgåvene i barnehagen. Kommunikasjons- og språkkompetanse er viktig for barnet både her og no, men og for dei moglegheitene barnet har i framtida

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Hei alle saman. No i september har me starta med å gå tur heim til nokon av barna, for å sjå kor dei bur. Det er stas å visa fram heimen sin, og kjekt for dei andre

Detaljer

- Mars 2016 på Nøtteliten

- Mars 2016 på Nøtteliten - Mars 2016 på Nøtteliten Kva skjedde i februar? Leiken utviklast vidare. Me legg til rette i kvardagen for den «gode leiken» i smågrupper slik at barna får utvikle vidare språket og øve på sosialt samspel.

Detaljer

Månadsplan for juni -Nøtteliten-

Månadsplan for juni -Nøtteliten- Månadsplan for juni -Nøtteliten- Tilbakeblikk på mai: I mai øva me på fargane i det norske flaget. I samlingane fekk barna smake på rød, kvit og blå mat. Me har marsjert i tog, mala og teikna med maifargar.

Detaljer

PERIODE: SEPTEMBER, OKTOBER OG NOVEMBER 2012

PERIODE: SEPTEMBER, OKTOBER OG NOVEMBER 2012 PERIODE: SEPTEMBER, OKTOBER OG NOVEMBER 2012 MÅL: Med skogen som læringsarena Klypen er en barnehage som hele tiden ønsker å gjøre sitt beste for at alle barn og foreldre skal ha det bra. Her skal barna

Detaljer

PERIODEPLAN FOR AVDELING LEK, AUGUST DESEMBER 2012

PERIODEPLAN FOR AVDELING LEK, AUGUST DESEMBER 2012 PERIODEPLAN FOR AVDELING LEK, AUGUST DESEMBER 2012 Da er det nye barnehageåret kommet godt i gang og vi har hatt mange spennende aktiviteter på avdeling Lek. Mye av tiden i august har vi brukt på å snakke

Detaljer

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 Vi kan tilby: * Frå 13 oktober: Ope kvar tysdag, onsdag og torsdag, frå Kl 10 14. * Fri leik * Formingsaktivitetar * Lunsj med kaffi, te, mjølk og frukt. * Spleiselunsj

Detaljer

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015 En trygg start ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015 Litt om Familiebarnehagen: Familiebarnehagen ble startet i 1989 og er en privat barnehage drevet av Klara Magnetun Brotnow. Den ligger sentralt

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

Du må tru det for å sjå det

Du må tru det for å sjå det Du må tru det for å sjå det Opplysnings- og meldeplikta Assistent Barnehageeiga til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Familie Pedagogisk leiar Fylkesmannen Barnekonvensjonen Diskrimineringsforbodet,

Detaljer

GROVPLAN - HAUST 16 (Side 1)

GROVPLAN - HAUST 16 (Side 1) 3.0 Pedagogisk plan GVPLAN - HAU 16 (ide 1) nd A U G U / P Fagområde ema Nærmiljø og samfunn. Historie: Kjerringa som blir så lita som ei teskje. eskjekjerringa på blåbærtur. ong: låbærturen Kva og korleis

Detaljer